Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by bosnes

  1. Har brukt 10 mm auto i Mag 1 i fleire år, men fabrikkammo..? Det er sjelden du vil sjå i norske våpenbutikkar!
  2. Så du trur det er bra for skyttersaka og ikkje betale kontingent til eit av skytterforbunda?
  3. Minste kulevekt i .308 frå Lapua er 100 grain.
  4. Nei, den er nok for "tjukk". Maks 40 mm. Tønna på N-ramma er vel ca. 43 mm (?).
  5. Fin: Morini CM22 RF Grov: Pardini HP Mil: Pardini GT45 (9mm) Rev: S&W mod 14 - noko ombygd.. SP: Glock 26 SR: S&W mod 16 - noko ombygd (ny). Har brukt ein S&W 317 fram til no. Mag1: STI pistol i 10 mm auto Mag2: S&W 629 5" løp (dette er nok for kort...)
  6. Må dessverre på familieselskap, men til neste år stiller eg også i m16 klassa.. Lykke til med stemnet!
  7. Og det er feltstemne i Sollidalen i Volda søndag 21.8. kl. 10.00. Endra: stemnet avlyst pga nasjonal minnemarkering.
  8. Har god erfaring med Ballistol. Brukar det bl.a. på svartkruttvåpena mine. Først vask i varmt vatn så total nedspraying med Balistol. Ligg eit døgn så tørkar eg av overflødig olje og rett i våpenskapet. Ser ut som det er bra rustbeskyttelse, og lukta er jo berre snadder!
  9. Basert på generell idrettsforskning så veit vi nok svaret: masse generell styrketrening + spesifikk trening på toppen av dette; løft og holdetrening. Men ikkje gløym at den generelle styrketreninga er viktigaste av alt. Utan den endar du med skader. Det handlar om å investere tid i dette, om du vil bli veldig god...
  10. Innmari vant til å skyte felt, eller innmari vant til å skyte feil?.. Sorry, kunne ikkje dy meg...
  11. Dyktige arrangørar. Alt har gått straumlinjeforma i dag (kanskje med unntak av skytinga mi, og ein del andre...). Og at resultata allereie er på nett viser at vi har ein arrangør som veit at det er 2011. Godt jobba MPL med medhjelparar!
  12. Til nhd: Trudde du meinte at ammoen skulle vere nedpakka fram til kommando "Fyll tønne..". Det var det eg kommenterte. Tenkte ikkje spesielt på speedloader.
  13. Det er våpen og magasin som skal vere nedpakka fram til kommando "Fyll tønne...". Ammoen kan du gjerne ha framme heile tida. Jfr. 8.25.2.7. og 8.25.2.10.
  14. Gjennomsnittet på deltakarar er langt lavare enn 100! Difor vert det for komplisert/dyrt å ha 10 standplassar a 3 skot på eit vanleg stevne for eit lite lag/alminneleg stevne. På våre kantar er det 20-40 deltakarar. Elles synes eg det ikkje er så smart å ha eigne lokale reglar. Det gjer det for komplisert. NJFF er einaste forbundet som har jaktfelt på programmet, kvifor då ikkje bruke desse reglane? Og NJFF sine reglar opnar for å bruke 3 skot pr. figur (reglane pkt 17.2.: MINST 6 standplassar). Då ser eg ikkje noko poeng i å ha spesielle lokale reglar!
  15. Dette er heilt feil Georg! kaliber .22 lr. kan brukast av alle på jaktfelt. Sjå regelverket pkt. 17.6.
  16. Ja, ein skal skyte på tildelt skive, men arrangøren bør ikkje legge opp til slike problem. I alle fall bør standplassleiar gjere merksam på at det er 6 skiver og at skyttar nr. 5 ikkje skal skyte på siste skiva.. Så neste gang gjer dokke det sikkert annleis.. Det er mykje arbeid å lage til eit stemne, og alt vert ikkje like perfekt kvar gong, så vi skal ikkje kritisere arrangørane for alle moglege feil og manglar, men vi som arrangørar bør alltid prøve å gjere ting bra og rettferdig for alle. Samstundes som vi som skyttarar også må vere litt fleksible - og i alle fall gjere ting rett som deltakarar før vi kritiserer arrangøren. Å telle frå 1 til 5 er ikkje så vanskeleg, men står ein sist på ein standplass er det veldig lett å skyte på siste skiva!
  17. På iPad/iPhone er Ballistic av J. Zdziarski meeeget bra. (Finst det betre ballistikkprogram?) I tillegg finst det mange gode timer app, spesielt for IPSC. Og kva gjer du på skytebana med ein PC som du ikkje kan gjere på iPad? (ser bort frå reine stemnestyrings/resultatprogram). Batterilevetida og brukarvennligheta på iPad/iPhone betyr i alle fall mykje for meg. Har bl.a. alle laddedata på appen Evernote som alltid er like oppdatert på iPad/iPhone/Mac/Pc.
  18. Kvalitet er betre enn kvantitet...
  19. Skot i feil skive er bom ja, men kvifor hadde du 6 skiver når det skulle vere berre 5 skyttarar på laget? Står du sist på standplass er det naturlig å skyte på siste skiva! (Been there, done that..) Å sette opp halve løypa med 5 skiver og resten med 6, er jo å be om slike problem.
  20. Apple sin iPad. Der held batteriet i mange dagar. Tek 1 sekund å slå den av/på. Finst gode ballistikkprogram til den også.
  21. Lykke til med stemnet! Eg må "dessverre" ein liten tur til Dubrovnik på mandag...
  22. Mitt aller, aller beste tips er å starte med ein .22 pistol (forutsatt at det er NSF vi snakkar om). Bruk denne eit år eller to for å lære deg det grunnleggande. Seinare kan du utvide med ein 9mm eller .38 revolvar for å skyte militærfelt/revolvarfelt etc. Har sett så alt for mange nybegynnarar starte med 9 mm eller grovare, og som ikkje treff noko særleg, og vips vekk er dei... Ein .22 pistol er alfa og omega både i starten og i fortsettelsen... Legg gjerne litt pengar i det heilt frå begynnelsen å få deg ein skikkeleg konkurranespistol. Mykje bra brukt å få kjøpe, Walther GSP, Pardini SP etc... Lykke til!
  23. Han må melde seg inn i skytterlaget og så ordnar det seg nok. 6 mnd aktivitet gjeld for pistolklubb.
  24. bosnes

    Våpenlåven

    Kenneth Aspestrand er registrert som firma (enkeltmannsforetak). Orgnr. 985657661.
  25. Har nettopp fått eit Nill grep frå produsenten i Tyskland. Tok ca. 1 mnd frå bestilling til eg fekk det. Høyrde ingenting om eksporttillatelse, men det vart postoppkrav på toll og mva.
×
×
  • Create New...