Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by bosnes

  1. Kva er det som er feilkonstruert i Pardinien? Har hatt ein i 2-3 år og det har eg ikkje oppdaga, heller ikkje dette med driftsproblematikken..
  2. Dei fleste 15 m banene til DFS har ikkje fysisk skille mellom standplassane. DFS har ikkje reglar som regulerer dette, anna enn at kvar standplass skal vere minst 100 cm brei. Du finn DFS sin vegleiar for 15 meter baner her: http://www.dfs.no/no/Fagstoff/Anlegg+Sk ... ebaner.pdf" target="_blank
  3. Anatomisk skjefte er lovleg i revolvarfelt, men ikkje i Mag 1.
  4. bosnes

    våpenkort

    Har aldri stressa så mykje med når eg får våpenkortet (Sunnmøre). Men det brukar å dukke opp etter eit par månader. Har ikkje fått våpenkort for ein pistol eg kjøpte i november 2009, skal kanskje tenke på å etterlyse det om eit års tid... Men "blåkopien" tek eg godt vare på!
  5. Det er du nødt til å prøve deg fram til i di rifle. .22 ammo er lunefulle greier. Du må prøve forskjellige typer, og dei varierer også mellom forskjellige lotar av same ammo.
  6. Børselars fører vel Manurhin.
  7. Ungdom og juniorer betalar ikkje forbundskontingent.
  8. bosnes

    ladedata

    Då må du kjøpe den tvert. Alfa og omega for alle som driv med lading! Utruleg masse kunnskap samla mellom to permar. Les den frå start til slutt! Og slå opp titt og ofte etter det!
  9. bosnes

    Sakoklubben

    Jobben er gjort av ein her på Kammeret frå mitt fylke. Han er ikkje børsemakar men ein meget interessert og dyktig "våpensmed". Er du interessert kan eg be han kontakte deg på PM.
  10. Ein sabel "dyssak" frå Tyskland/Østerrike frå ca. 1600?
  11. bosnes

    Kappaiflutinga

    From the album: Rifle

    Løpet er kappa i flutinga. Men dette vart fint løyst synest eg!
  12. bosnes

    Sakoklubben

    Her er min Sako Finnlight i .308. Løp kappa på 47 cm. Hausken standard dempar og siktet er Meopta Meostar 3-12x56 med opplyst retikkel. Børsa er ny av året og enno ikkje vore på jakt. Men eit skikkeleg hendig våpen! Løpet vart kappa i flutinga, men dette vart veldig fint løyst synest eg:
  13. bosnes

    Sako Finnlight 47 cm

    From the album: Rifle

    Min Sako Finnlight i .308. Løp kappa 47 cm. Hausken standard dempar. Meopta meostar 3-12x56 med opplyst retikkel.
  14. Morini 162E med fast sylinder er forresten framleis til sals som nye. www.interprodukter.se sjå prislista.
  15. Sjekk med Børselars AS. Eventuelt den svenske importøren (som har svært gode kunnskaper om Morini): www.interprodukter.se
  16. Takk for det Hveem, men finn ikkje data der for rundkule.
  17. Er på jakt etter ladedata for ladningar i 45 LC med rundkule og røyksvakt krutt. Tanken er å få same utgangshastigheit som eg får med svartkrutt slik at eg kan trene med svartkruttrevolvaren også når eg ikkje har tid til å pusse... Revolvaren er ein Feinwerkbau Rogers & Spencer med konverteringstønne som skal tole svake "cowboyladningar". Med svartkrutt så går rundkula mi 650 fps, kula veg 139 grain. Nokon som har forslag til ladning med røyksvakt krutt som vil gi same hastigheit? Har prøvd desse: 5,0 grain N320 : 340 fps (ujamnt) og masse uforbrent krutt 7,0 grain N320 : 425 fps (ujamt) og framleis mykje uforbrent krutt Er vel noko cowboyar her som brukar rundkule kanskje?
  18. Interessant dette. Trond kan du anbefale tilgjengelig litteratur på dette området?
  19. Eg set stor pris på "nøttene" til Trond, veldig lærerike. Fortsett Trond! Det er mange som les og lærer, sjølv om ikkje svara er så mange. Og eg likar heller ikkje "forsøplinga" av trådar, sjølv om dei ikkje er så gjennomtenkte... Men eg klarer no glatt å oversjå dei..
  20. Har kjøpt hylser der i frå fleire gonger, og er ikkje arrestert enno... Men sjekk først om dei har ting på lager! Sjølv om det ser sånn ut på netthandelen, er det ikkje sikkert dei faktisk har det på lager.. Men dei er raske og greie og handle med.
  21. Det er vanskelig å få tak i hylser til mange kaliber for tida. Har hatt "backorder" på 10 mm auto i 13 mnd! 45lc er også vanskelig. Starline opplyser f.eks. i dag at 10 mm auto framleis er "i backorder" med levering i november. Slik har det vore i over eit år! Er det Afganistan som gjer det? Har fått tak i litt og litt etterkvart, bl.a. her på forumet, men større volum har vore vanskelig det siste året for alle kaliber utanom dei mest vanlege. (Og, ja eg er framleis ute etter hylser i 10 mm auto og 45 LC...)
  22. Ja, den er ikkje lovleg. Moderne konstruksjon då den ikkje har slagstiften på hanen.
  23. Har nokre rifler og nokre kikkertsikte. Alle er montert med forskjellige montasjer, dvs. mykje arbeid å flytte eit sikte til ei anna børse. Har ikkje erfaringar med picatinny, men har eg forstått det rett at dersom ein har picatinny skinne på alle riflene og passande ringar på alle sikta, så kan ein flytte eit sikte til ei anna rifle "på eit øyeblikk"? (Men ny innskyting kjem ein sjølvsagt ikkje utanom). Eg har, Sauer 200 STR, Sako og Tikka. Nokon som kan anbefale passande skinner og ringar til desse?
×
×
  • Create New...