Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by bosnes

  1. Det har kome nytt våpenkompendium frå POD. Det siste er 2022/008. Link: https://www.skyting.no/wp-content/uploads/2022/12/rundskriv-2022-008.pdf
  2. På siste forbundsting vart det vedteke nytt regelverk for Sivilpistol. Referatet frå forbundstinget inneheld ei rad enkeltvedtak, men er nytt gyldig reglement publisert nokon stad? Eg kan i alle fall ikke finne det. Men har fått med meg at det er slutt på bruk av hylster i Sivilpistol.
  3. Har følgt denne prosessen med ny våpenlov ganske tett i eit par år. Ja , eg innrømmer tvert at eg har fora enkelte stortingsrepresentanter med informasjon, det gjeld Senterpartiet og Jenny Klinge. Når eg skal vurdere prosessen i ettertid, så er eg veldig imponert over Senterpartiet. Er også veldig skuffa over Høgre. Frp var bra informert og på hugget med Ulf Lerstein som leiar i justiskomiteen, men han måtte no stikke, og etterfølgeren hadde ikkje peiling.. Konklusjonen mi!n pr. d.d. er at det er kun Senterpartiet som bryr seg om oss! Du får gjere dine eigne tankar.
  4. Om du ser heile innlegget, så må du bli imponert over Jenny Klinge og Senterpartiet!
  5. Eg konstanterer at Jenny Klinge frå Senterpartiet er den einaste som har sett seg skikkeleg inn i saka, og som støttar lovlydige jegerar og skyttarar. Ho har gjort ein skikkeleg jobb i denne saka. Håper at jegerar og skyttarar hugsar kva parti dei skal stemme på neste gong! Høyr Jenny Klinge sitt innlegg ca. 22.40 ut i denne videoen: https://stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Videoarkiv/Arkiv-TV-sendinger/?mbid=/2018/H264-full/Storting/03/08/Stortinget-20180308-095517.mp4&msid=283&meid=10103 Må i all beskjedenhet innrømme at ho har fått god informasjon frå informert hold...
  6. Det er ingen parti i justiskomiteen som har kjempa så hardt for jegere og skytteres interesser som SP og Jenny Klinge.
  7. Reknar med at kammerfolket har lagt merke til den gode jobben Senterpartiet og Jenny Klinge har gjort i arbeidet med våpenlova. Stem Senterpartiet!
  8. SP, og Jenny Klinge er på saka fortsatt: -- Senterpartiet inviterer til seminar om EUs våpendirektiv på Stortinget 14. juni Senterpartiet inviterer til eit kort, tverrpolitisk seminar om dei føreslåtte endringane i EUs våpendirektiv. Vi får besøk av Det Frivillige Skyttervesen, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norges Skytterforbund og Dynamisk Sportsskyting Norge. Organisasjonane vil fortelje om aktiviteten sin og korleis dei vil kunne påverkast av endringane i våpendirektivet slik forslaget føreligg i dag. I tillegg er temaet kva som må til for at Noreg eventuelt skal kunne akseptere direktivet, og kva slags endringar som vil kunne forbetre den eksisterande norske våpenlova. Dette er en fin sjanse for å lære meir om temaet og få svar på spørsmål du måtte ha frå eit utval organisasjonar som er engasjert i saka. Media er velkomne, og får høve til å intervjue innleiarane etter seminaret. Tid: Tysdag 14. juni kl. 13.30 - 15.15 Stad: Stortinget, N303, inngang Løvebakken Påmelding: Inger-Karin.Arntzen@stortinget.no, innen fredag 10. juni. (OBS: Det er ikkje ubegrensa med plass for tilhøyrarar.) Program Velkommen Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen Det Frivillige Skyttervesen Jarle Tvinnereim, generalsekretær Norges Skytterforbund Arild Groven, generalsekretær Norges Jeger- og Fiskerforbund Siri Parmann, fagleder, og Vidar Nilsen, jaktskytekonsulent Dynamisk Sportsskyting Norge Morten Kløv, president Spørsmålsrunde Vel møtt! Venleg helsing Jenny Klinge
  9. Nokon som veit om tid og stad er bestemt?
  10. bosnes

    Våpenjournalen

    No har eg sendt til mange, men har framleis mykje igjen. (Ikkje komplette årgangar av dei første åra). Har du manko, send e-post til bo@hivolda.no. Mvh Bjørnar Osnes
  11. Og det er berre eitt parti i Norge som virkelig er mot EU: Og det er Senterpartiet! Dei støttar norske jegerar og konkurranseskyttarar, dei jobbar for distrikta og set nasjonalstaten, norske ressursar, norsk eigarskap og Norge i førsterekke. Er det mogleg for ein norsk jeger og konkurranseskyttar å stemme på eit anna parti?
  12. FrP og SP er på vår side. Oppfordrer folk med kontakter til å jobbe mot AP og H, det er der nøkkelen ligg. Og eg føler meg ikkje trygg på nokon av dei..
  13. [quote Spennende. Vet vi SPs posisjon på forslaget til den nye våpenloven og hysteriet i kjølvannet av 22. juli? Lovframlegget let vente på seg, så dette har nok enno ikkje vore diskutert i SP sin stortingsgruppe. Så her har vi gode høve til påvirkning. Jenny Klinge sit også i justiskomiteen, så ho vil få førstehands kunnskapar om denne prosessen. Eg kjem til å gi innspel der. Noko spesielt du tenkjer på? Mvh Bjørnar Osnes
  14. Eg har brukt all mi tid og energi siste dagane for å jobbe opp mot mine politikarar. Eg har fått god kontakt og dialog med Jenny Klinge i SP. Og det har resultert i dette standpunktet ( og denne pressemeldinga) frå SP. Klinge er også klar på at ho kan vere talsperson i politikken for norske jegerar og konkurranseskyttarar i framtida. Eg vil oppmode alle her inne på kammeret, som føler dei har tid og ressursar til det osv., til å ta kontakt med sine politikarar og overbevise dei om saka! Dette går litt på kryss og tvers av partigrenser, så det er viktig å overbevise kvar enkelt stortingsrepresentant. Foreløbig trur eg det er SP som støttar vår sak best. Har også hatt litt tru på FRF og Amundsen, men no ser det ut til at han gjerne legg seg flat frå EU sine direktiv. Stå på folkens! Eg kan sjølvsagt også oppmode alle om å stemme SP ved neste val, men det får no kvar og ein finne ut av sjølv!
  15. Senterpartiet sender ut denne pressemeldinga i kveld/natt (ja eg har vore delaktig..): "Senterpartiet avviser forslag til endringer i EUs våpendirektiv - Det er forståelig at norske jegere og skyttere reagerer med vantro på de foreslåtte endringene i EUs våpendirektiv. Dersom forslaget blir vedtatt i sin nåværende form, vil det ramme lovlydige jeger- og skyttermiljø i Norge hardt. Dette er ikke aktuelt å godta for oss i Senterpartiet, sier justispolitisk talskvinne Jenny Klinge. - I en urolig tid med terrorhandlinger i flere europeiske land, er det fornuftig å gjøre tiltak som forebygger terrorhandlinger. Men foreslåtte innstrammingene vil ikke være målrettede innstramminger som rammer potensielle terrorister og kriminelle. I stedet vil de ramme lovlydige jegere og skyttere. - Vi må huske at de aller, aller fleste våpeneiere i Norge har fått løyve av politiet og driver med jakt eller konkurranseskyting. Dette er aktiviteter som har lange og gode tradisjoner, og skyttermiljøet er et fint miljø både for voksne og ungdom. Vi kan ikke godta endringer som i praksis vil innebære et forbud mot nesten alle typer halvautomatiske våpen, sier Klinge. – Dette vil for eksempel sette en stopper for all pistolskyting i Norge, fordi en pistol per definisjon er et halvautomatisk våpen. - Senterpartiet er og vil alltid være en sterk støttespiller til norske jegere og skyttere. Dersom våpenlovgivningen skal endres, må dette avgjøres av norske politikere som kjenner til norske forhold. Hvis forslagene til endringer i EUs våpendirektiv blir vedtatt i tråd med Kommisjonens forslag, mener jeg bestemt at må Norge må legge ned veto. Vi kan ikke sitte stille og se at lovlydige våpeneiere blir rammet slik det nå kan ligge an til, sier Klinge." STEM SP! Mvh Bjørnar Osnes
  16. Senterpartiet, er i alle fall på vår side: -- Hei Bjørnar Senterpartiet tar avstand fra de foreslåtte direktivendringene slik de foreligger i dag, og Senterpartiet vil kjempe imot forslaget dersom blir vedtatt i sin nåværende form. Det er forståelig å ville innføre lover og regler som forebygger terrorhandlinger, men de foreslåtte innstrammingene vil ramme lovlydige norske jeger- og skyttermiljø. Her er Sp på lag med norske jegere og skyttere. Eventuelle innstramminger i våpenlovgivningen må avgjøres av norske politikere som kjenner til norske forhold. Hvis direktivendringene blir vedtatt i tråd med Kommisjonens forslag, må Norge legge ned veto. Mvh Ragnar Kvåle, inforådgiver Sp --
  17. Mykje bra her. Men kan vi samle oss om gode konsise setningar som ein norsk politikar kan bruke i debatten? Tek gjerne imot slike argument, som eg sender vidare til Jenny Klinge (SP), medlem i Justiskomiteen. Ho kan tale vår sak, men treng gode argument! Eg kan samanfatte dette. Send argumenta til bo@hivolda.no Mvh Bjørnar Osnes (PS: Så må alle stemme SP ved neste stortingsval!)
  18. EU har snart til handsaming eit direktiv som er svært skadeleg for norske konkurranseskyttarar og heimeladdarar. I den samanheng har eg god kontakt med ein av medlemmene i Justiskomiteen på Stortinget; Jenny Klinge (SP). Ho kan tale vår sak, men i den samanheng vil ho gjerne ha samanfatta nokre gode argument, i kort versjon. Så kan de bidra med dette? Korte gode setningar, som ein kan ta med seg i debatten i internasjonale fora? Send til meg, så skal eg formidle vidare til Klinge (og så må alle stemme SP ved neste val...). Mvh Bjørnar Osnes, bo@hivolda.no
  19. Har jobba litt med saken. Jenny Klinge (SP), stortingsrepresentant for Møre og Romsdal er interessert i saken og vil jobbe for vår sak. Kan de sende meg korte presise setningar om kvifor vi skal stemme i mot dette direktivet? Send dei til: bo@hivolda.no Husk: korte saklege argument! Eg samanfattar, og sender vidare. Her har vi faktisk ein stortingsrepresentant på vår side!!!! Mvh Bjørnar Osnes
  20. bosnes

    Våpenjournalen

    Har kjøpt Våpen/Våpenjournalen komplett. Hadde ganske mange frå før, så no har eg mange dublettar. Om du manglar årgangar eller enkeltnummer, så kan eg kanskje hjelpe. Send e-post til bo@hivolda.no. Rekk ikkje heilt å sortere på eit par veker, så det kan gå litt tid før du får svar...
  21. Sandnes PK har laga eit program som funkar fint på feltstemne. Kanskje same utviklarane kan lage eit som også funkar på bane? Og som kan linkast til eit sentralt publiseringssystem?
  22. Razummy har dette klart for seg, men han har kanskje ikkje så lang erfaring som dommar i NSF? Det har eg, og synes regelen er vanskeleg og forstå, og vanskeleg å bruke i praksis.
  23. Regelen sier: - Med ”tilnærmet like skjefteplater, uten håndstøtte” menes at det er en jevn utblokking rundt hele magasinbrønnen. Hvis denne utblokkingen har en kurve med radius på 25 mm eller mer, er dette ikke å betrakte som håndstøtte." - Razummy synes dette er enkelt å tolke og geometri på barneskolenivå. Ja, ja eg synes det er vanskelig å tolke. Kva meinast med: - "jevvn utblokking rundt hele magasinbrønnen" - " har en kurve med radius på 25 mm"... kva kurve, kvar startar du å måle den kurven? Eit regelverk må vere enkelt å forstå, og det må vere nøyaktig spesifisert korleis måla skal takast, og med kva slags måleinstrument. (Ikkje 5-aren eller 20-aren til razummy..)
×
×
  • Create New...