Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Junell

  1. Det er alltids nok arbeid, men å få betalt for det er ei heilt anna sak.
  2. Dei første som slår meg er... .... Drumroll .... http://www.performancebullet.no/
  3. Bare for å spikke flis: Vaabenhuset Nygård held so vidt meg bekjent til i Haltdalen, ei byd ikkje so langt unna Røros. I alle fall nærmare Røros enn Trondheim.
  4. Er du sikker på dette? Eg synest det høyres litt vel flatt ut. I følge PCB er kulefallet på ca. 18 cm på 100m. Då med ein BC på 0.3
  5. Av ein eller anna grunn innbillte eg meg at kun arm/hand kunne ha kontakt med leggen, men eg er jo ingen metallsiluettskytter so eg skjemmes ikkje over å ha tatt feil. Kva dag trenar de på Fredø? Eg har ferie fram til august, so du skal ikkje sjå vekk frå at eg tek meg ein tur. Det ha vore kjempeartig å prøve metallsiluett "på rett"
  6. McMillan har jo ei kasse for .50 BMG. http://www.mcmfamily.com/mcmillan-rifles-actions-50.php Ellers kjem eg ikkje på andre sivile kasser på den størrelsen.
  7. Vil dette seie at ein kan støtte løpet mot leggen når ein skyt Creedmore?
  8. Dette har eg ikkje tenkt på før, men eg ser heilt klart at det er eit veldig godt poeng.
  9. Korleis gjer du det når du skyt med rifle, både med tanke på trening og i ein jaktsituasjon? Eg brukar stort sett linser, og det funkar kjempebra å bruke ei linse som er litt for svak på venstre auge. Då blir det med eitt lettare å fokusere. Men sjølv om dette er praktisk når eg står og skyt blir det lett slitsomt når eg går slik heile dagen. Haha! Det hender støtt og stadig at eg tek so dårlege avtrekk at eg knip augene godt sammen, alle tre. Ja, det er anstrengende, men på samme sida so fell det meg heilt naturleg. Eg trena mykje på dette for eit år sidan, men eg greidde aldri å meistre det godt nok. Det kunne gå fint nokre få skot, men so forsvann fokuset totalt. Då var det berre å senke våpenet og begynne heilt på nytt - og det er ikkje særleg praktisk når ein er midt i ein åttesekundsserie. Eg ser absolutt fordelen med å sjå meir av omgivelsane. Dette er ein av dei tinga eg ikkje fordrar når noko blinder auget mitt når eg skyt med rifle. (ein caps, el.) Spesielt i feltskytinga, med fleire skivegrupper kunne det vore kjekt å sjå litt meir enn berre forsiktet. Kan eg gå ut frå at du held begge augene opne når du skyt med rifle òg, OlavM, eller er slikt forbeholdt pistolane?
  10. Vaabenhuset Nygård er i alle fall importør for Sabatti. Lincoln veit eg ikkje. Lykke til uansett.
  11. Som pistolskytter får ein stadig høyre at det er best å halde begge auger opne når ein siktar. So vidt eg har skjønt er dette fordi pupillen på det auget som siktar trekker seg sammen dersom det andre lukkas, og dermed fører til at ein "ser dårlegare" på det det auget som siktar. Men som rifleskytter har eg ein mistanke om at normalen er at det venstre auget lukkes, eller blindes med ein lapp. Kvifor er det slik? Sjølv om eg aldri har skote aktivt med rifle, so starta eg med sporadisk trening og jaktskyting lenge før eg døpte meg sjølv pistolskyttar. Og med rifle har eg, so vidt eg kan hugse, alltid skote med begge auger opne. På jaktriflene mine har eg kikkertsikter som ligg innanfor 3-12x, og alle skot blir sluppet med begge auger opne. Dette er ikkje noko eg har lært eller vent meg til, eg gjer det slik fordi eg synest det er enklast å fokusere og komme i rett modus når eg held begge augene opne. Med pistol er det stikk motsatt. Eg har prøvd å venne meg til å skyte med begge augene opne, men eg maktar ikkje å halde godt nok fokus på kornet dersom venstreauga får være ope. Den har ein tendens til å ville ta over fokuset, og då mistar eg totalt kontroll på kvar kornet ligg i forhold til skur og blink. (Eg har dominant høgreauge, sovidt.) Difor skyt eg alltid med eit auge heilt eller delvis igjen når eg skyt med pistol, slik at eg lettare kan halde fokus på rett plass. Er det fleire som har det slik, eller er eg den einaste som bryt med desse "sannheitene"? Og kvifor skyt de med eit/begge auger opne? Er det ein bevisst tanke eller har det berre blitt slik?
  12. For eksempel: Risengs Birøkt i Sande. Kontaktinfo finn du på heimesida: http://www.honningbier.no/?page_id=2
  13. Eller sjekk hos nærmeste honningprodusent, der har dei garantert massevis. Hobbybirøktere finnes over det ganske land, og er mest truleg langt billigare enn ymse hobbyforretninger. Men det er vel ikkje store mengda du treng so då kan det jo være meir lettvint å bare stikke på buttikken..
  14. Evert nevner nokre gode poeng. "Rett" anløpingstemperatur varierar etter kor hardt du vil at resultatet skal bli. Men det kjem òg an på kva stål du brukar. Eg er ingen ekspert på området eg heller, so eg har ingen fasit. Men om du sjekkar karboninnnhaldet til det stålet du smir ved ei "gnistprøve" er det kanskje litt enklare å få ein knagg å henge erfaringa på. Stål med likt karboninnhold oppfører seg relativt likt under herding og anløping. ("Gnistprøve" er å slipe stålbiten i smergelskiva, jo meir gnist og sprut jo høgare er karboninnholdet. Gnistene er gjerne "stjerneforma" ved høgt karbon, men rette lysande strek ved lavt.) Eit lurt triks ved anløping i esse er å ta vare på auska frå smikolet/koksen. Den isolerar kjempegodt, og om du stikk den strågule stålbiten ned i ei bøtte med passe varm auske rett etter at du har varma den vil anløpinga gjerne bli jamnare. Om du skal begynne som hobbysme anbefalar eg deg forresten denne: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=117398 Håvard Berglands "Kunsten å smi". Som sagt, eg er ingen ekspert so eg veit ikkje kor mykje dette hjelp. Men egen erfaring er gull verdt når det gjeld slikt handtverk. So det er berre å sette i gang!
  15. Eg bruker denne: http://www.midwaynorge.com/apps/eproductpage.exe/showproduct?SaleItemID=721153 Anbefale? Tja, det er jo Lee da, på både godt og vondt. Reltivt billig, men det er dei tekniske løysningane òg. Stort sett er eg fornøgd med den bortsett frå at tappekrana lek ein del til tider. Dette er sikkert noko som lett kan fikses, men eg har rett og slett ikkje orka å gjere noko med det.
  16. Siden du er sunnmøring kunne du jo tatt ein titt på denne, her er det mange kronestykker å spare! http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=33&t=19870&start=0&hilit=feltblinkar
  17. Sto det ikkje noko slik som "kan med fordel brukes i opne sår" bakpå denne før?
  18. Eg er på lang veg enig, då hadde kanskje vi som er listefyll fått prøve oss på det òg. Men det blir vel i praksis litt for lang ventetid for mange skyttarar, og so blir det jo litt ekstraarbeid for klubbane. Kanskje begrensa det til omskyting for "medaljeplassane" i kvar klasse?
  19. Låner/løfter denne. Eg ser at Keller + Zimmermann har innstikksløp i 9,3x72r i "standardlista" si. Kan eg då anta at det går an å legge inn ei slik i dei aller fleste hagler? Eg søkte litt rundt på nett for å finne trykkstandarden på patrona utan hell, men det kan vel ikkje være høgare enn at det bør gå? So vidt eg hugsar er står det ladedata og trykk i VV si ladebok, men den har eg sjølvsagt ikkje for handa. RWS ladar den med ei 12,5g kule i 615m/s so det kan ikkje være all verden av trykk. Ein 9,3x74r er etter det eg har forstått i tøffaste laget for mange hagler, men kor trygg er eg med "lillebreoren" 9,3x72r? Eg har lenge hatt lyst på ei enkeltskuddsbørse for bruk på småvilt (og kanskje rådyr). Aller helst skulle det vært ei lita smekker fallblokk i eit litt "koseleg" kaliber - 25-20 eller noko i den gata. Aller helst eit europeisk kaliber, eller kanskje ein villkatt (Høyrte eg 6,5-20? ). Men eg har òg tenkt tanken om at ei billig enkeltløpa hagle dedikert til bruk med innstikksløp vil bli ei utmerka fattigmannskipplauf for ein student med lånekasseøkonomi. Ei slik børse i 9,3x72r vil jo være topp til både rådyr og mindre vilt. @Stykkjunkeren: Har ikkje sett denne tråden før eg søkte den opp no for å sjå om eg fant svar utan å måtte starte ein ny tråd. Har du fått sett noko meir på prosjektet? Eg meinar å ha lest ein artikkel om ei gammel Husquarna i nettopp 9,3x57r, utan at eg har garanti for at eg hugsar rett. Edit: Skrivefeil.
  20. Denne tråden er eit prakteksempel på at smaken er som baken. Mitt drømmevåpen? Tja, det hadde ikkje vore meg imot om eg hadde fått kloa i ein punt, med tilhørende punt-gun. Kva skal eg med det kan de spørre? Well, It's just for good sport, old chaps.
  21. Det går òg fint å nappe ut kula, slik at du han tømme ut kruttet. Dette gjer du enkelt med ei tang (t.d. ein leatherman). Som oftast sit ikkje kulene betre enn at du kan halde i hylsa, knipe om blykula med tanga og dra, eller vri den ut. So fremt du ikkje bankar og slår i bakenden av hylsa skal dette være nokså ufarleg. Men som herr Larson seier: Det som regel å avfyre skotet dersom du følgjer oppskrifta hans..
  22. Det som etterspørs kalles blant anna "spring plunger", det finnes mange produsenter for slikt til industielt bruk, bl.a. Kipp. Eg har dog ikkje sjekka om dei har med rett dimensjon eller fjærkraft. http://www.kipp.com/cms/wm?catId=1884&CmiProdId=c34b69041c65df379b9350d10a08f475&showTables=false&nextFamily=true&titletag=%20Spring%20Plungers
  23. Eg er kanskje ikkje den som er mest aktiv her inne, men om de ikkje ertar meg av den grunn so stiller eg gjerne opp og tek meg ein øl.
  24. Så-så.. Sjølv om vi alle foretrekker å få resultatlister kjapt, so er det vel ikkje krise å måtte vente litt? Om folk er so ivrige at de står å tripper, kan de jo bruke energien på å hjelpe han med å få ferdig resultatlista?
  25. Som maskinarbeider har du vel ikkje noko problem med å lage deg ein slik Vinge?
×
×
  • Create New...