Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Junell

  1. Eller bygg deg ei enkel esse, det 'ække so veldig vanskeleg, men veldig gøy.
  2. Dette er eit innlegg eg sett pris på, haretex. Det er eit godt eksempel på at øvelse gjer mester. Utan å meine noko stygt om den første kan eg likevel spore ei viss forbetring i både estetikk og handtverk mellom den og den siste. Sjølv har eg lite erfaring med knivmaking, men eg tenkte å prøve meg på eit par i nær framtid. Stålet er ferdig smidd, men resten gjenstår. Dette er ein god påminnelse om at ein kan få til gode ting, sjølv om det ikkje blir perfekt på første forsøk - det gjeld berre å få litt øving.
  3. Både Biltema og Clas har lakk med forskjellig struktur. Eit lag med slik under nokre lag farge og litt klarlakk har som regel funka for meg. Eg brukar det eg har for handa, uproff som eg er. At det tåler ein støyt er greit, men plastbørsa mi brukas uansett so hardt at den må shines opp med jevne mellomrom.
  4. Eg antek at underbeslaget lukkar som vanleg før du sett det på plass i skjeftet? Om du drar spenn i underbeslaget etter kvart som du strammar tyder det jo på at kontaktflatene på skjeftet der underbeslaget skal ligge an ikkje er heilt plane. Om dette er tilfellet kan det lett løyses ved å bedde underbeslaget, ev. rette opp flatene. Men det er litt vanskeleg å vite kva som skjer utan å site med børsa i fanget sjølv.
  5. Det er ikkje all verden å maskinere ei ny tønne til ein smithrevolver, men billig blir det heilt sikkert ikkje. Tønnekrans/ekstraktor frå ein .22 kan vel muligens brukes med litt tilpassing. Løp kan maskineres frå eit passende løpsemne. Dette høyres igrunn ut som eit prosjekt eg kan like.
  6. Eg har alltid kniv og lommelykter i bilen. Klok av skade. Dette er forøvrig noko alle burde ha. At eg ikkje skal sette kniven i ein elg er notert, men eg håpar det er eit råd eg slepp å ta stilling til.
  7. Kipp har haugevis av forskjellige variantar. Rot litt rundt i lista til venstre so finn du nok ein variant som passar. Hvistendahl og Tveter A/S er norsk forhandler. Det skadar ikkje å ringe for å sjekke pris. Dei har vore svært behjelpeleg når eg skulle hatt slikt småpjask, både privat og gjennnom jobb.
  8. Sjølvsagt har de heilt rett. Eg hadde ein hjernefjert og las innlegget før mitt på ein litt snodig måte. Keep up den gode skrivinga karer, ikkje bry dykk om meg.
  9. Kvifor kan ein ikkje bytte kikkert som ein vil dersom ein velger hake? Eg ser ikkje heilt problemet med å tilpasse fleire sett ringer til basene.
  10. I denne situasjonen er det eine rette å sitere
  11. Det finnes nokre TXT og ein del aristocratskinner i skytterkretsen din. So det burde sikkert la seg gjere å sjå, tafse och prøve på eit stevne. Eg stemmer veldig for Bowen! For det kunne EG tenkt meg å sjå litt nærare på ved ei passende anledning..
  12. Junell

    Skytebriller

    Dei du har frå 3M funker kjempebra, det er samme modell som Zekler 30. Dessuten har Clas Ohlson akkurat samme brilla til nokre få tikroninger. Sjølv bruker eg Zekler 50 (trur eg) med strikk til skyting. Eg veit ikkje om den modellen leveres med strikk om du skal kjøpe den. Eg fekk dei med ein representant frå eit-eller-anna firma som ville selge inn slikt hos oss som var verneombud på arbeidsplassen.
  13. Det ryktes om ein nyoppstarta på Øyer. Børsemaker Nordby. Kontaktinfo har eg desverre ikkje.
  14. Så-så.. Dei grepsplatene må du ikkje skryte av, om pistolen høyrer dette får den sikkert primadonnanykker og blir sær i matvegen. Det var forresten eit salongbordbein som ble offer for saga. Eg er usikker på kva tresort det er, men det emigrerte sikkert frå amazonas ein gang på søttitallet. Om prisen har steget til over 6500,- begynner den å bevege seg inn i ein prisklasse der ein får veldig gode bruktvåpen. Eg betalte 5k då eg kjøpte min ny, og det er vel strengt tatt meir enn nok det òg.
  15. Avtrekket var perverst dårleg på den eg fekk, men eg burde vel kanskje nevnt at eg kjenner andre som ikkje har hatt det samme problemet med sine 87er, sjølv om deira avtrekk heller ikkje kan kallast direkte deilig. Vi er fleire som er sære, nettopp derfor valgte eg å ikkje sende den attende. Ei kvar anledning til å sette brynet i eit våpen er ei lita lykkestund - i alle fall til problema dukkar opp, eg ikkje skjønnar nokon ting, eg begynner å armast og får lyst til å kaste heile sjiten! Grepet er òg relativt kort, so om du har ein brei neve kan det likevel bli litt problem. Men dette merkar du raskt sjølv når du tafsar litt på ein. Det kan jo hende at den passar som hand i hanske. Prøv! Dette er eit godt poeng. Våpenet er jo relativt billig, og om du finn ein brukt vil du helt sikkert få igjen akkurat like mykje/lite som du ga for den om du velger å bytte den ut ein gong i framtida. (Om du kjøper brukt kan det jo tenkes at du finn ein der avtrekket har gått seg til òg, kven veit). For å ikkje verke alt for negativ kan eg jo utbrodere litt om funksjoneringa. I klubben der eg er medlem har vi Ruger MkII som klubbvåpen, desse drar litt på åra og fleire av dei er plaga med mykje forkilingar. Som regel fører dette til at det skavas av litt bly på den eine sida av kula og/eller at kula presses litt skjeiv i hylsa, desse "skrotpatronene" er det som regel umulig å avfyre i klubbvåpena - so då bruker eg å samle dei opp og "destruere" dei i berettaen min etter endt trening, dei matar oftast greit frå magasinet og avfyras som regel heilt utan problem. (Eg anbefaler ikkje å gjere dette. Destruer all shady ammo på vanleg måte. Gjer som eg seier, ikkje som eg gjer).
  16. Eg kjøpte ein 87 Target for nokre år sidan som min første pistol. Eg hadde tafsa litt på ein 89 nokre år tidlegare og eg hugsa at eg hadde eit godt inntrykk av denne. Då 87en dukka opp ga denne alldeles ikkje det samme gode inntrykket. Dei to største ankepunkta er grepet og avtrekket. Grepet er lite, både i omkrets og høgd. Dersom du har små hender er nødvendigvis ikkje so ille, men for mine lange, smale kleptomanklør funka det relativt dårleg. Grepet kom seg dog litt etter at eg spikka meg eit par nye grepsplater. Avtrekket var tåpeleg tungt og ufatteleg ureint frå fabrikk. Eg målte det aldri, men eg ville gjette på at det var 3-4 kg. Ein del omgangar med bryne og 15-20.000 skudd har gjort at avtrekket pr.d.d. er heilt akseptabelt. (Det nevnes at dette ikkje er det enklaste våpenet å demontere/montere for å pusse på avtrekket) Rørtangvennene mine grin dog fortsatt på nasen når dei kjenner på avtrekket. To gode ting med pistolen er sikta og funksjoneringa. Sikta minner veldig om LPA og gir eit ryddig og fint siktebilde. Funksjoneringa er upåklageleg og pistolen et i seg alt den får servert. Eg har liksom aldri blitt glad i 87en min og hadde bestemt meg for å selge den då eg begynte å skyte relativt bra med den, og det la ein liten demper på salgsplana. Eg rakk å fylle ei feltløype og å være nokre poeng unna ein del ganger før det dukka opp studier med tilhøyrende pistolpause. Om eg skulle valgt pistol i .22 på nytt hadde eg nok valgt noko anna enn targetutgava av 87en. Det finnes mange gode argument for å heller kjøpe noko anna, men for min del er det tyngste argumentet at eg ikkje likar den so veldig godt. Dette er ikkje udelt kritikk av pistolen, eg skyt (skaut?) jo tross alt godt med den. Men for all del: Prøv ein før du kjøper! Om du ikkje får prøve i egen klubb, sjekk om det finnes slik i naboklubbane. Lykke til med pistolkjøpet.
  17. Eg skjønnar kvar du vil Tiurjeger. Ei børse tiltenkt små magasin vil kunne lagas mykje slankare enn om ein skal ha fleire skot i magasinet. Ein vil altså spare meir vekt enn halve magasinbrønnen og håra på hendene sidan skjeftet ikkje treng å være like høgt over låsekasse/magasin. Det kunne kanskje gå å bygge ein Rem.700 for formålet. Dersom du får tak i eit "lavprofil" avtrekk beregna for XP-100 kunne magasinet og skjeftet lages for å matche. Då burde ein kunne krype ned mot den vekta du pratar om.
  18. Ein fordel med litt kortere siktelinje er jo at forsiktet virkar litt roligare, og det kan jo ha ein fin effekt på sjølvtillit/konsentrasjon/mentale ting och tang.
  19. I teorien kan ei skinne stive av litt, men i praksis er vel heller dette marginalt. Då må den i alle fall være godt tilpassa kassa. Problemer med plassering av kikkert har vel like mykje med fabrikat av sikte/montasje å gjere som skinne kontra todelt. Eg har ei standard leupoldskinne på ei kort rem 700 og der er problemet at eg ikkje får montert kikkertsiktet langt nok fram.
  20. Som fleire nevner må slikt sveises på av det du so fint kallar dertil egnet personell. Ein beverhale har dog ein bakdel (Høhø) og det er at den begrensar kor høgt du kan halde på revolveren. Sjølv synest eg at sikta blir rolegare, at det er enklare å dra gode DA-avtrekk og at grepet blir "bedre" om eg held høgt. Med ein påsveisa beverhale kunne eg ikkje holdt handa riktig so høgt som eg likar å gjere. Men det kan tenkas at beverhalen gjer det lettare å finne eit likt grep frå gong til gong.
  21. Mævseren krever ofte litt tilpasning av basene for at dei skal passe skikkeleg. Defor ville eg valgt todelte baser sidan desse er lettare å tilpasse og at det er lettare å sjå når dei faktisk sit som dei skal.. Du kan jo være heldig å finne både skinne og baser som passar perfekt rett frå fabrikk, men oddsa er ganske små. Vanguarden har eg ikkje erfering med, so der har eg ingenting å melde. Eit naturleg oppfølgingsspørsmål vil nok være om det er heilt nødvendig med godt tilpassa baser til mauseren. Dårleg tilpasning kan føre til at du drar spenn i kikkertsikte, kassa eller eventuelt skinna. Dette er sjeldan heldig for presisjonen eller helsetilstanden til kikkertsiktet.
  22. Eg hadde ein demper som var relativt trang i tuten på minien min ei stund, der måtte eg justere ned gassporten til rundt 1mm for at den skulle funke som eg ville. (AKA funksjonssikker utan å kaste tomhylsene lengre enn eg orka å gå). Meiner det minste holet som ville funke med demper var 0,6 eller 0,7mm mens det gode kompromisset som fungerte bra både med og utan demper var 1,2mm. Dette er jo heilt unyttig info egentleg, sidan eg ikkje hugsar kva ladning eg brukte, og heller ikkje er bombesikker på diameterane. Uansett, med orginal port blåste den ut både hylser og tennhetter som bare det, dog det nevnes igjen at demperen var langt trangere enn vanleg hyllevare.
  23. Eg vil bare komme med ein liten ubetydeleg kommentar: Eg ville sjølvsagt ønska desse velkommen til skytebana eg brukar, dog med forbehold om at dei ter seg på ein sikker måte, i likheit med alle andre. Heva augebryn og ein streng/syrleg/hånete/irettesettende kommentar om at tjuvjakt ikkje er kosher er absolutt på sin plass når dei dukkar opp, men straff utover det rettslege har eg ingenting med. Tjuvjakt er alldeles ikkje bra, men når ei slik sak er avgjort og karane har fått si tilmålte straff, då bør saka være ute av verden når dei igjen dukkar opp på skytebana - forhåpentlegvis som "nyfrelste" lovlydige jegere.
  24. Eg vurderar å kjøpe tang for denne kula, men eg ar alt for lat til å plundre med å sette gas check på kulene. Er ladedataene her med eller utan GC mon tru? Kva hastigheit bør eg kunne oppnå uten for mykje blying dersom eg droppar GC og brukar bly frå hjulvekter?
  25. Junell

    Pimp My Mini!

    Er det nødvendig å hamstre so mykje tactistæsj då? Sjølv om min er so godt som orginal og kun utstyrt med husholdningsartikler synest eg den er meir enn tacticLOL nok. Ps. Sorry for at eg ikkje bidrar med svar på spørsmålet ditt. Eg posta sjølvsagt kun for å få vise fram den nye jallakikkerten eg har montert på børsa.
×
×
  • Create New...