Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Om ein Sonic 45 er det du ønskar deg og pipa er for tjukk er det vel berre å dreie ned litt samtidig som du kappar og gjengar?
  2. Stor skilnad på aluminium og aluminium... Tunge sikter og ditto rekyl er jo det som utfordrar montasjane mest. Ein liten Leupold 1-4 gir ikkje dei verste problema i så måte. Eg ville testa litt med av- og påmontering og nokre hagleskot mellom kvart rifleskot. Funkar det på banen vil det sannsynlegvis funke i skogen.
  3. Nr 2 er truleg 8x57 IRS, og 5 er 8x54 (oppnecka 6,5x55).
  4. Hadde det enda vært så vel. Forslaget var spesifikt for kaliber 6,5x55... OK. Trudde forslaget var spesifisert til minimum kulediameter 6,5mm, og ikkje ei spesifikk hylse bakom...
  5. I tillegg er han fantastisk til å skyte og ein utruleg triveleg kar
  6. Det er generelt strengare og meir detaljerte krav til klær og utstyr i ISSF enn i DFS.
  7. Eller ei ditto boltrifle Begge to håplaust umoderne, men langt meir sjarmerande enn nymotens dusinvare.
  8. Eg har ikkje studert desse nyproduserte mauserane, men i fall kassa er lik den gamle M98 er det lite tvil om at dette er relativt arbeidskrevjande kasser å produsera. I utviklingsarbeidet med nye våpen er produksjoneffektive løysingar minst like viktig som funksjonelle løysingar. Ikkje dermed sagt at gamle børser er betre i bruk, men da brørne Mauser utvikla M98 var materialkostnaden ein langt større faktor enn i dag, og arbeidskostnaden ditto lågare. Ein liten digresjon som seier litt om utviklinga i material- og arbeidskostnad: I 1950 kunne ein ha ein snikkar i tre dagar for verdien av ein kubikkmeter sagtømmer - i dag reiser han etter vel ein time...
  9. Jepp - såg det og endra mitt innlegg òg
  10. Kan ikkje forstå all negativiteten her... Ei heller at ein "automatisk" skal tenke "sliten krigsbørse og opphakka treverk" når ein les "ombygd M98" - her var jo det meste av utstyr nemnd i første post... (ved nærare ettersyn ser eg at første innlegg er endra, så det kan hende det var det som gjorde negativititen ) Nei, kjøp gjerne denne børsa om du ønskar deg M98, KKC-stokk, A-TEC-demparen, Leupold-kikkerten, enkelt løpsbytte, M70-sikring, Timney-avtrekk, Leupold kikkertmontasje og dei aktuelle patronalternativa. Dette er nok under halv pris av byggekost og dermed eit godt kjøp. Og eg må innrømme dette bygget stimulerte mi "må-ha-nerve" Viss du derimot reknar med å bytte ut diverse før du er fornøgd blir det eit anna reknestykke. Men det er det berre du som veit. Når det gjeld løpsbytte og treffpunktsendring er det ein god regel å aldri dra på jakt utan å ha prøveskote etter løpsbytte - uansett kva rifla heiter (no blir eg sikkert nagla av Blaser-gjengen, men det får så si prøve ).
  11. Med å godkjenne 7,4 g kulevekt vil jo 25-06 bli godkjent.
  12. Ikkje for å vera ufin, men det er gode grunnar til at jemt og grå er dei soleklart dominerande rasene til rein laushundjakt etter elg (og hjort).
  13. Hans Kristian Wear i Steinsholt. Har ikkje tid til å få nettsida si ferdig ser det ut til, men kontaktinfo er det her: http://www.bmwear.no/?page_id=2" target="_blank
  14. Viss 35VRM har rett i at det er ein HWZ21 er det sannsynlegvis mellomkrigstida som er aktuell. Weirauch slutta å bruke Z i modellnamnet etter at Zella-Mehlis vart østtysk like etter krigen, og Herman Weirauch flytta til vest.
  15. Norges Skiskytterforbund vart stifta 10. desember 1983. Før dette var skiskytinga underlagt DFS.
  16. Du har nok bytta to tal i stiftelsesåret til DFS, det skal vera 1893.
  17. I bokverket "Norske skyttere" som kom ut på 1950-talet er det ein artikkel av Willy Røgeberg. Han beskriv dei estiske riflene som noko av det beste som var å få på 1940-talet. Det er også bilde av nokre av børsene hans, og der er det ei som er nemnd som "sveitsisk miniatyrrifle" som er den einaste fallblokkrifla hans (av dei som er avbilda). Det som derimot er litt uvanleg på den børsa trådstartar spør om er at ho ser ut til å ha fallblokkmekanisme, men ikkje delt stokk. Dei fleste av fallblokkbørsene har todelt stokk som på ei hagle eller ein Sauer 202. Denne børsa har jo heil stokk som ei boltrifle. Det er heller ikkje sikkert det er lett å finne eksakt modell for denne børsa. Dette er jo våpen med eit temmeleg fritt reglement for utforming, og individuelle tilpasningar både var og er vanleg.
  18. Finst det nokon form for stempel eller graverte namn/nummer på børsa? Det er fleire fabrikat som kan likne...
  19. Det kan hende, men eg er overbevist om at sjansen for å få ein god laushund er større om det er avla på laushundeigenskapar i alle ledd. Det er stor skilnad på arbeidsoppgavene til ein laushund kontra ein bandhund, både i søket og ikkje minst når hunden nærmar seg elgen. Eg seier ikkje at ein kvalp etter to bandhundar eller ein av kvar ikkje kan bli laushund, men eg har sett litt for mange døme på det motsette. Seinast på gruppa "Norsk elghund grå" på facebook. Der er det ein som spør etter råd når han skal ha seg laushundkvalp. Ein av svararane kallar det "gammal overtru" å sjå etter kva jaktform forfedrane har utmerka seg i. I neste tråd/spørsmål er det ein som er fortvila over at hunden hans ikkje oppfører seg som laushund, men derimot fungerar fint som bandhund. Den er resultat av ei blandingsparing...
  20. Gokstadhaugen har levert mange pene gråhundar, men blandar dessverre inn ein del bandhundblod. Om du skal ha rein laushund er nok Losnabakken sikrare. Men det er mange gode oppdrettarar der ute - bruk litt tid på å lesa stamtavler og prøvekritikkar på foreldre og bakover.
  21. Mange gode poeng i denne tråden Eg trur ikkje trådstartar skal vera veldig bekymra om 1-åringen er noko ujamn i prestasjonane. Det er heilt normalt at det svingar - han er jo "lærling" enno! Det er heller ingen garanti for at dei som er tidleg jaktmodne er dei som blir best i fire-fem års alder. Bekymringa for "mykje rart" i avlen deler eg. Det er etter mi meining litt for mange som blandar laus-og bandhundblod og trur dette skal bli suverene kombinasjonar. Det er såpass forskjellige eigenskapar som er attraktive til dei to disiplinane at eg trur mest på spesialisering. Å tru at to bandhundchampionar skal avle topp laushundar er som å tru at ei paring mellom Marit Bjørgen og Petter Northug skal føre til den nye Magnus Carlsen...
  22. Det hadde vel vore lurt av meg å sjå smileyen etter siste setning der ja
  23. Oslo Østre MSL skyt på Trosterud skole. Sjekk her: http://oslomsl.no/" target="_blank
  24. Viss du har tenkt å bruke henne som bandhund er det vel fint at ho ikkje gneldrar og pip? Er det mangel på sporinteresse og evne til å spore du er bekymra over? Ho er jo tydelegvis god på overvær.
  25. Det kunne vore interessant å høyre litt om avstamning etc? Er det reine laushundlinjer bakover i stamtavla?
×
×
  • Create New...