Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Det er liten tvil om at NSF må bruke ISSF sitt regelverk, og ikkje minst er det viktig når det gjeld dei som er kandidatar til OL/VM/WC. Dei vil uansett ha utstyr som må passe i ein internasjonal utstyrskontroll. Det eg ikkje kan forstå er at det ikkje kan lempast på utstyrsreglementet for t.d. ungdomsklassa. Realiteten for NSF er at det er ein annan organisasjon (DFS) som har langt fleire aktive og dei aller fleste rifleskyttarane i NSF har bakgrunn frå DFS. DFS er altså den viktigaste rekrutteringsarenaen for NSF-rifle, men med rigid tolkning av utstyrsreglementet vil det bety at denne rekrutteringskjelda tørkar inn. I Landsstevnet for rekrutter som vart arrangert på Hvaler to veker etter NM var det berre våpenkontroll og ikkje kontroll av klede. Det burde kunne gå an i NM òg. Det er altså ikkje noko negativt for NSF å lempe på reglementet, men derimot svært positivt for rekrutteringa - om ein meiner det er interessant...
  2. Det er så godt som aldri råd å seie noko sikkert om presisjon med ei bestemt kule i ei børse ein aldri har prøvd, men Nosler Accubond gir vanlegvis fin presisjon. No er det ikkje sikkert Norma 19(URP) er det ideelle kruttet til denne ladninga - det kruttet gir veldig ofte fine resultat til 130 grs DL og GT frå Norma, men til 140 grs kuler ville eg brukt litt tregare krutt - viss målet er høg hastighet. VV N160 er nemnd, og da er Norma 4(204) i same gata. Eventuelt kan du prøve Norma 15(MRP). Dette er "skyttarlagskrutt" - sivil versjon i parantes.
  3. Eg likar best å skyte "der blinken er størst", altså omtrent rett opp for frambeina og litt over midten. Da har ein størst marginar i tilfelle Murphy er ute - og det hender... Sauer150 har eit godt poeng her - tenk tredimensjonalt! Ikkje sikt "utanpå" dyret, men sikt etter det punktet du vil kula skal passere inne i dyret!
  4. Det hadde ikkje vore marknad for slike debattfora viss alle var einge Eg har heller ingen grenser for kva som er "for stor og for rask", men eg har ofte ein tanke om kva som er "stor/rask/presis nok". I min verden er skilnaden mellom desse to tilsvarande skilnaden mellom 308 og 30-06, og dei har eg aldri sett eller merka skilnad på i vanleg praktisk bruk. Ikkje minst fordi minst 90 % av representantane for Ola Jeger ikkje kjenner andre kuletypar enn "mantel og blyspiss". Men at 270-en ladd med rett kule er eit veldig godt alternativ til det bruksområdet trådstartar skisserar er eg ikkje ueinig i - tvert om Det er ikkje praktiske eigenskapar, men lett tilgang på ammo som gjer at eg rangerar 6,5x55 fremst av desse - om eg var i same situasjon som trådstartar.
  5. No var jo trådstartar ute etter eit kaliber hovudsakeleg til reinsjakt, og det er nok ein viss fare for at du får oppsynet på nakken lenge før du tøyer skothaldet så langt at 270-en gir fordelar framfor 6,5x55...
  6. Fordi eg hadde VihtaVuori ladetabell liggande, og der var det ingen 140-grainer, samt at det er ei langt meir vanleg kulevekt for kaliberet.
  7. Begge kaliber er svært gode! Men skilnaden er marginal... Eg sjekka for moro skuld ladetabellane til VihtaVuori - dei er ganske edruelege vanlegvis. Ei 150 grs kule i 270 gir 870 m/s og ei 140 grs kule i 6,5 gir 844 i maksladning. Det viltet som ramlar vesentleg fortare etter 270'en er neppe oppfunne. Det tilsvarar omtrent skilnaden mellom 308 og 30-06. Den kjenner skyttaren betre enn viltet. Eg er 6,5-fan - det må eg tilstå, og eg ser berre to grunnar til å velje ein 270 framfor 6,5. Den eine er eit eventuelt behov for å skyte homogene kuler over 9 gram. Det fungerar ikkje optimalt i 6,5. Den andre er at eg forelskar meg i eit bestemt våpen, og at det berre finst i 270, eller at eg får eit kanontilbud på eit våpen i det kaliberet. I all praktisk bruk kan dei jamstellast, og pga tilgangen på ammo her i landet er valet lett for min del. Litt mindre rekyl er heller ikkje å forakte.
  8. Vart plutseleg usikker, men denne linken var ganske instruktiv, sjølv om eg ikkje er særleg stiv i spansk...
  9. To sider av samme sak i dette tilfellet.
  10. Haglpatron til salongrifle. Brukt til å avlive skadedyr (mus, rotter, småfugl) på ekstremt kort hold. Ladd med hagl litt grøvre enn støv.
  11. Tenkte helst på ein ny og uslipa variant, ja
  12. Er det heilpressa, eller er det ein Lee Collet Die? I fall det er Collet er nok saka grei
  13. Steyr http://www.steyr-sportwaffen.at/index.php/en
  14. Om den dyre ammoen er verdt prisen er det berre brukaren som kan definere... Saueren til dottera mi er ganske sær i matvegen, og eg har testa mykje forskjellig. Det som den børsa likar best er RWS R50/Norma 1. Eg hugsar ikkje i farten kor mange sentrum ho har hatt på 35 skot, men ho hadde i alle fall 14 på 15-skoten første gong ho skaut 350.
  15. Det er nok eit spørsmål som har fleire svar... For det første: det finst børser som går godt med Stinger, og kanskje vel så godt som med matchammo. For det andre: Stinger er nok først og fremst konstruert for heimemarknaden. Den jamne USA-nar er relativt patriotisk og vil helst skyte med amerikansk ammo, og samanlikna med mykje av den andre 22 LR-ammoen frå den kanten går Stinger heilt OK. For det tredje: reklamens makt er sterk, og sjølv om du har forstått at flat kulebane er lite verdt utan tilhøyrande presisjon er eg ikkje sikker på at alle har den same forståinga av den samanhengen...
  16. Påske er eit helvete Uansett vågar eg påstanden at Eley Club ville vinne ein vanleg finfelt minst 19 av 20 gonger mot CCI Stinger!
  17. Eventuelt avvik frå 100 meter skal opplysast om på standplass. 5 meter opp eller ned tilsvarar ca 3,5 cm for vanleg standardammo i 22 LR.
  18. Her hadde det gjort seg med fullstendig oppsett på patronlengde, hylsetype, type die, heil- eller halspressing. Noko me har gløymt? Trur som andre her at det er snakk om litt svak ladning, evt forsterka av hard hylse og/eller dårleg kulehald. Kruttvalet er vel heller ikkje ideelt. Med 123 grs kule ville eg heller brukt N 150 eller Norma 19 (URP).
  19. Øyvind: Kan hende har det vore for mykje usakleg kritikk i denne tråden, men det har ikkje vore intensjonen frå mi side. Sakleg kritikk - både ris og ros - bør ein arrangør tåle, og kan gjerne presisere litt meir det eg har prøvd å formidle. Eg har aldri arrangert luft-NM, men ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt ein dag Eg har vore med å arrangere ulike idrettsarrangement dei siste 25 åra, for det meste innan skyting, men òg andre idrettar. Eg veit at god planlegging er alfa og omega for å få eit stemne i land, særleg når uventa hendingar dukkar opp. Når eg trass manglande NM-arrangørrøynsle er frekk nok til å ta opp det eg ikkje synest er bra nok er det ut frå eit ærleg ønske om at sporten skal vekse, og fordi eg ser at det er element ved arrangementet som kunne vore mykje betre med litt betre planlegging. Som sagt av fleire: arrangøren skal ha ros for å påta seg eit stemne det neppe er lett å finne arrangør til. Dei gjorde ein veldig god jobb på det standplass/skivetekniske, og gjennomføring av skytinga gikk prikkfritt så langt eg såg. God gjennomføring av eitt arrangementselement fritar likevel ikkje for tilnærma fråver av andre. Resultatservicen var for dårleg! Det er ikkje sikkert arrangøren er den som skal ha all kritikk. Eg veit ikkje i kor stor grad forbundet set krav til NM-arrangørar? Kan hende administrasjonen og/eller fagkomiteane er for lite engasjert i planlegginga? Det er ikkje å vente at ein NM-arrangør på eiga hand skal tenke ut alle mogelege detaljar og kva som kan vera flaskehalsar - det bør (må) forbundet hjelpe til med. Det er òg viktig at framtidige NM-arrangørar bit seg merke i og får innsikt i problema dei hadde i år, slik at ein kan unngå dette til seinare. Det eg reagerar mest på er mangelen på opplegg for resultatpresentasjon, både i hallen og på nettet. Elektroniske skiver og resultatservice på internett har jo gitt oss langt betre kår for å drive reklame for sporten vår, og den må me ta vare på! Og så mykje meir interessant og spennande det er å vera med som forelder/sjåfør/sponsor/støtteapparat når ein kan sitja i kafeteriaen med ein kaffe og ein vaffel og følge skytinga saman med andre likesinna. Det andre eg reagerar på er utstyrskontrollen, og her er kritikken frå mi side todelt. 1: Om det er arrangøren eller forbundet som står bak veit eg ikkje, men her har ein tydelegvis bestemt seg for at NM skal vera eit reint elitearrangement. Sjølv for dei aller ferskaste ungdomsskyttarane var kontrollen av jakker og bukser like streng som for OL-kandidatane. Eg trur NSF i lengda ville stå seg på å lempe litt på utstyrsreglementet for dei fleste, og kanskje gjennomføre full utstyrskontroll etter internasjonale mål for dei som kvalifiserar seg for finale i dei klassane som har det. Eg trur det er mange DFS-skyttarar som kunne tenke seg å prøve litt luftskyting, og NM kunne fungert som rekrutteringsarena om ein kunne bruke den dressen ein brukte til vanleg. Det kan gjerast så enkelt som dette: Får å få skyte finale må ein ha dress som er godkjent etter siste krav frå ISSF, mens ein "buljongskyttar" kan bruke utstyr som ikkje nødvendigvis er heilt etter boka, og får ikkje skyte finale sjølv på ein usannsynleg god dag. 2: Eg reagerte òg på kontrollørar som tydeleg mangla røynsle med skytedressar, og/eller hadde blind tiltru til at måleutstyret dei bruka var korrekt. Skytejakker sydd etter siste ISSF-krav vart avvist som for tjukke, og velbrukte jakker mjuke som vaskefiller vart avvist som for stive. Til slutt måtte me insistere på at kontrolløren sjekka ei jakke som hadde vore i fleire internasjonale mesterskap, og som hadde ISSF-tag som bevis på at jakka var korrekt. Når den mangla mykje på å bli godkjent trur eg lyset gikk opp og dei fann ut at det kanskje var måleutstyret eller bruken av det som var feil. Alle i min klubb kom til slutt gjennom kontrollen med underskrivne kontrollskjema, men ein langvarig diskusjon med trugsmål om diskvalifikasjon er neppe prestasjonsfremmande for ein som skal på standplass like etterpå. Eg trur dessverre dette var med på å øydelegge resultatet for eit par av våre skyttarar. Kanskje forbundet kunne prøve å trekke representantar for utstyrsprodusentane med i opplæring av kontrollørar? Berre ein tanke, og det er gjerne gjort frå før... Eg veit at situasjonen med resultatservicen må ha vore fortvila for arrangøren, og har full forståing for at kritikk "frå sofaen" ikkje er det dei set mest pris på. Likevel trur eg det er viktig at skyttarar, foreldre og publikum seier frå når dei ikkje er tilfredse med eit arrangement. Heller det enn at dei sluttar å delta på NM? PS: Eg tok sjansen på å skrive litt frå rifle i denne tråden sjølv om han ligg på pistolforumet.
  20. Har ein Sonic 45 til 9,3x62 og den funkar etter mitt syn(hørsel) heilt OK. Dempar lyden såpass at det truleg er relativt ufarleg å skyte nokre jaktskot utan hørselvern om høsten, og dempar rekylen betrakteleg. Men om målet var minimal lyd ville eg nok heller skaffa meg ein 6,5 med ein stor dempar.
  21. Skilnaden mellom NM luft og LS er sjølvsagt stor når ein samanliknar deltakartalet, men det er likevel ein del ting som må vera på plass uansett om det er 5000 eller 500 deltakarar. Det er òg litt fleire klassar, og både pistol og rifle. Det gjer at det trengst ein ganske stor stab for å handtere eit luft-NM. Arrangøren gjorde det etter mitt syn riktig bra på nokre områder og mindre bra på andre. (Eg var til stades på fredag, og veit ikkje om alt var likt kvar dag, men eg trur det. Sjølv om denne tråden er plassert på pistolforumet tar eg sjansen på nokre riflerelaterte kommentarar i tillegg til dei generelle.) + Standplassar og skiver var ryddig og fint sett opp, og vedlikehaldet av skivene var veldig bra med ettersyn mellom kvart lag. + Standplasspersonellet var ryddige og ordentlege i si framferd. + Dei ok på seg eit stemne det kanskje ikkje var lett å finne arrangørar til. - Utstyrskontrollen (rifle) var eit kapittel for seg... Den var prega av denne underlege blandinga av sjølvsikkerheit og arroganse som kan komma fram hjå folk som ikkje er heilt sikre på om det dei gjer er rett. Måling av riflene gikk greitt da eg var der, men var visstnok verre i første lag fredag. Måling av dressar var vanskeleg heile helga... Jakker som kontrollørane målte til 2,8 mm og forkasta vart kontrollmålt etterpå til 2,4. Jakker stive som vaskeklutar vart målt til å vera for stive. Begge delar pga utstyr som ikkje virka, eller feil bruk av det. I tillegg var det som ein vifta med ein raud klut framfor kontrollørane når DFS vart nemnd - det var visst det reinaste skjellsord. Sjølv om DFS er viktigaste rekrutteringskjelde for rifleskyttarar til NSF... - Resultatservicen har me vel snakka nok om? Summa sumarum bar det preg av ein arrangør som tok vel vare på det tekniske på standplass, skiver etc, men som ikkje hadde fokus på resultatservice og publikum. Eg veit ikkje i kor stor grad arrangøren har snakka med tidlegare arrangørar for å få råd og vink, men eg meiner avstanden mellom Lillestrøm og Kløfta/Alfhallen (Kisen) er såpass liten at det burde la seg gjera med ein lite studietur. NSF burde òg stilt opp og sørga for at det vart gjort. For meg personleg vart NM veldig bra - eg hadde med norgesmester for lag og individuell sølvmedaljør i ungdomsklassa heim frå Lillestrøm
  22. Har lite tru på at det er ML som er problemet her. Kisen arrangerte NM 10m i fjor på ML-skiver og der trur eg alt var bra? Men - der var det tilrettelagt for og planlagt resultatservice. I år var det ingenting! Ikkje i hallen og ikkje på nett. Det var rett nok eit forsøk på live-visning på nettet, men den fungerte ikkje (pga linje/serverkapasitet?). I hallen var det berre publikumsløysing for finaleskivene. Også nettsidene til arrangøren bar preg av improvisasjon - knappen for resultat kom ikkje før langt utpå laurdag.
  23. Lite å finne, må på andre nettsider enn arrangørens for å finne litt. Det ligg nokre avbilda lister hjå Numedal Sportsskyttere, men det er mest rifle og frå dei klassane me hadde deltakarar. Det ser vel òg ut til at opplysninga om at Numedal vann lagskytinga i V55 er feil, da arrangøren skal ha rota bort påmeldinga til Kisen...
  24. Har ikkje forutsetning for å uttale meg om det arrangementsmessige - er debutant som "luft-NM-sjåfør", men resultatservicen er elendig... Både i hallen (fredag) og på nettet. Det blir knapt arrangert klubbmesterskap utan skivevisning via prosjektor no til dags. At utstyrskontrollørane (rifle) ikkje veit korleis dei skal bruke måleutstyret er visstnok ganske vanleg...
  25. Dette er kraftig mangelfullt, ja... At dei har trøbbel med livevisninga er ein ting, men at dei ikkje får ut lister etter endt skyting er ei gåte... Både lagvise lister og rangerte lister for klassane skulle ein tru var obligatorisk. I hallen vart det hengt opp lagvise lister etter skyting, men skivevisning var det berre for finaleskivene (eg var der fredag, og det kan ha vorte betre?).
×
×
  • Create New...