Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. La oss ta ei litt anna vinkling på det. La oss seie ein støyper kuler på litt over smeltepunktet til bly, som dei fleste erfarne kan bekrefte er det vanlege og kanskje beste. OM det skulle bli danna blydamp, vil denne bli så raskt avkjølt og dette ned til underlaget lenge før den er målbar i det luftrommet ein normalt pustar i. Om ein ikkje likar å halde ansiktet 2 cm over smelten då. Eg vil at folket her gjerne tar en prat med Veral Smith, som kjennarane veit står bak LBT. Han er kanskje den framste eksperten på nettopp dette med kulestøyping, og sit på informasjon som dei mest erfarne her på forumet aldri kunne tenke seg til.
  2. Hmm jeg vet ikke om det er sagt at blydamp ikke er skadelig. Men det er en utrolig interesant tråd likevel ,utrolig for oppfinnsomhet det finnes her inne. Eg seier alldeles ikkje at blydamp ikkje er skadelig. Det eg seier er at det ikkje blir danna blydamp, iallfall ikkje målbart, ved normal støypetemperatur. Det må vel vere nokon som har tilgang til utstyr for å kunne sjekke dette?
  3. Men ein må ikkje blande saman blydamp og blystøv. Blydamp er damp, som dannast av at bly oppnår høg temperatur, som ja, er svært helseskadeleg. Støv/småpartiklar som blir danna ved skyting, lading, i det heile teke handtering av bly, er noko heilt anna, men ikkje mindre skadeleg. Virkar som at folk har problem å skille desse. Eg vil gjerne sjå konkrete fakta på at blydamp (les; ikkje blystøv) blir danna over ei støypegryte, og ikkje berre påstandar om at slik er det, basta.
  4. Spør enhver realfaglærer. Du vet sikkert at vanndamp avgis fra is, kaldt vann og fra varmt vann. Det er ingen grunnleggende, prinsipiell forskjell på vann og bly i så henseende. Selv fast bly avgir i prinsipp en ørliten mengde blydamp, men den mengden er så lav at den ikke er målbar med noe normalt instrument. Hvis du finleser tabellverk over fysikk- og kjemidata, vil det sikkert gå an å finne konkrete tall for blyets damptrykk ved ulike temperaturer, men slik litteratur har jeg ikke hjemme i stua. Det at enhver væske har et visst damptrykk som øker med økende temperatur er så velkjent at de færreste lærebøker tar seg bryet med å nevne det. Nå hevder Oxford University at faren er liten så lenge smelta er under 500 grader, og det ser jeg ingen grunn til å betvile, men som sagt: Å påstå at det ikke oppstår blydamp under 500 grader er feil. Det er en grunnleggende forskjell på "ingenting" og "så lite at det ikke har noe å si", selv om det for praktiske formål er ett fett. Personlig ville jeg uansett ikke smeltet bly uten god utlufting, for du skal ha pokker så godt utstyr for å garantere at ikke deler av blyet, i deler av tida, får en temp nær eller over kritisk grense. Skal ein gå utifrå lærebokdefinisjonane kan vel ikkje bly definerast som ei væske heller, sjølv i flytande form. Ein kan bli eksponert for bly gjennom kulestøyping ja, gjennom støv, håndtering og deretter røyking, pilling i nasa, matinntak etc. Blydamp derimot, er slik eg har forstått det, nesten umulig å bli utsett for ved så låge temperaturar som 350-400 grader. Bly er trass alt bly, og har veldig vanskelig for å holde seg luftbåren. Nærmar ein seg kokepunktet, som ligg på langt over det vanlege blygryter klarar å oppnå, kan ein snakke. Bly kan takast opp transdermisk, altså gjennom huda, gjennom luftvegane om partiklane er små nok, og gjennom fordøyingssystemet. Folk har en dendens til å gløyme to av dei, og bere konsentrere seg om å unngå blydamp, som i bunn og grunn ikkje er på langt nær like risikofyllt som anna eksponering ved støyping av kuler.
  5. Dette er feil, en viss mengde blydamp vill alltid avgis. At mengden blydamp som avgis kan øke kraftig når man når over en gitt temperatur er sikkert riktig, men det er feil å påstå at det ikke avgis blydamp i det hele tatt. Jeg kan strekke meg til å gå med på at det avgis "lite" eller "veldig lite". En væske har alltid et visst damptrykk. Det er elementær kjemi EDIT: Jeg sjekket lenkene dine. Her er fra en av dem: Legg merke til at det står "ikke sannsynlig med signifikant eksponering", ikke "ingen eksponering" Ein blir også eksponert for bly på mange andre måtar, som f.eks handtering. Utifrå kjeldene eg har erfaring med, er det større sjanse for å bli eksponert gjennom berøring etc. enn det er ved støyping på låge temperaturar. Eg seier ikkje at folk skal stå rett over gryta og ta magadrag, men eg meiner at dette med blyeksponering gjennom støyping er litt for masse oppblese.
  6. Dette er feil, en viss mengde blydamp vill alltid avgis. At mengden blydamp som avgis kan øke kraftig når man når over en gitt temperatur er sikkert riktig, men det er feil å påstå at det ikke avgis blydamp i det hele tatt. Jeg kan strekke meg til å gå med på at det avgis "lite" eller "veldig lite". En væske har alltid et visst damptrykk. Det er elementær kjemi Har du kjelder som evt. kan understøtte dette?
  7. Dette er ting eg har lest frå mange pålitelege kjelder, f.eks. http://www.labour.gov.sk.ca/Default.asp ... b7e3655ad7 og http://www.admin.ox.ac.uk/safety/9804.shtml Blydamp oppstår ved rundt 900 grader Fahrenheit, som tilsvarar 482 grader Celcius.
  8. Til alle som er bekymra for blydamp, denne oppstår ikkje før blyet når nærmare 500 grader, som er langt over smeltepunktet. Ved vanleg støypetemperatur (350-420 grader) blir det ikkje avgjeve blydamp. Eg støyper alltid på så låg temperatur som mogleg.
  9. Kven gidd å vente på julafta? Er jaggu over 2 veker til så eg slengte heller inn ei feit bestilling til Midway i går
  10. http://www.midwayusa.com/eproductpage.e ... mid=894708 Endeleg! Prisen var ikkje ille heller.
  11. Ser at prisane raskt flyg til vers på qxl. Nokon som har erfaring med sal der? Har høyrt litt av kvart om folk som har fått fengselsstraff, bøter etc. pga. sal av ammo på qxl, sjølv om dei hadde våpenkort/lisensar i orden.
  12. CED M2 med IR-skjerm. Er iallfall veldig fornøgd med min, men du må regne med litt meir enn 1000 kr då.
  13. Er igrunn ikkje store mengdene, er snakk om 11-12 esker, altså kanskje 600 skudd til saman.
  14. Litt off-topic, eg har litt 9mm NATO liggande, er dette verdt noko? Sidan eg ikkje skyt 9mm så lurte eg på å selge partiet.
  15. For dykk som bur i Osloområdet: http://www.qxl.no/accdb/viewitem.asp?Au ... &PageNum=1 Står at den er defekt, men er vel verdt noko likevel.
  16. Men då er eg godt på veg, takk til begge to!
  17. Hei, er no blitt bitt av må-ha-sjuka igjen, og har no lyst på ein av dei mindre skytarane til Freedom Arms, M97. Dette er eit våpen eg nesten kun skal bruke til rekreasjonsskyting, og kanskje eit og anna stemne som ein 5-skytar i .45 Colt kan duge til. Snusa litt på .41 magnum tidlegare, men sidan eg allereie har våpen i .454 Casull, så er det meir praktisk å gå for .45 Colt istaden. Spørsmålet er, kva bruksområde skal eg skrive på søknaden? Er vel ikkje tilstrekkelig i desse dagar med den grunn at ein berre vil ha? Er det andre her som allereie sit på eit slikt våpen og kan dele erfaringar?
  18. http://www.lbtmoulds.com/books.shtml Prøv óg blokkene til Veral Smith.
  19. Dette er ikkje rart med tanke på den svake krona/strerke dollaren for tida.
  20. Skal du lade mykje .45 ACP så trur eg det er ein del å spare. Hylsene får ein tak i billig, om ikkje gratis, det er ikkje så mykje krut som skal til, og ein kan evt. støype kuler sjølv. Eg har funne ut at mykje av innsparinga ved å lade sjølv kjem av at ein støyper kulene sjølv óg. Eg ladar for det meste revolver, og einaste kostnadane eg har er igrunn kulefett, krut og tennhetter. Det kjem på ca. 10-20% av det fabrikkammoen kostar, alt etter kva kaliber det er snakk om. Har då ikkje tatt kostnadane av ladeutstyret med i reknestykket.
  21. Ehmm.. Hovudet litt under armen i dag ja.
  22. Har sjølv berre opplevd å måtte vise våpenkort ved kjøp av kuler på XXL. Veit at dette er rett prosedyre i følge lova, men eg synest likevel det er rart med ein slik praksis sidan ein f.eks. kan kjøpe kuler fritt frå USA. Tullelov etter mitt syn.
  23. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Takkar for opplysningane jegern79. Det var igrunn positivt at ein kan få tak i .50 kaliber fortsatt, berre grunngjevinga er god nok. Skulle tru det var moglegheiter for f.feks. folk på Svalbard som bjørnestoppar? Sjølv vil eg ha ein som backup/jaktvåpen i Sør-Afrika.
  24. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Tvert imot. Eg er på utkik etter eit handvåpen til jakt i enten eit .475 eller .500 kaliber, så eg er igrunn interessert i om dette i det heile tatt kan la seg gjere. Eg har forstått det sånn at ikkje eingong ihuga samlarar kan få løyve på noko større enn .455. At ein kar no har fått løyve på ein, offiser eller ikkje, vitnar om at der kanskje er moglegheiter. Om det rett og slett ikkje er snakk om saksbehandlingsfeil då.
  25. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Kanskje jegern79 kan opplyse oss om våpenet har vore registrert i Norge tidligare? Eg trudde forbodet mot .50 kaliber handvåpen var totalt. Nokon som evt. kan kome med litt meir konkret informasjon, evt. lovdata å referere til?
×
×
  • Create New...