Jump to content

QuickLaunch

Members
  • Posts

    53
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by QuickLaunch

  1. Ingen av dei brilleokular som eg har sett, (ikkje så voldsomt mange) fungerer brukbart. Og nesten alle er best når dei er skrudd heilt inn, også utan briller. Mange "blir med" heilt ut, når ein røsker av okulardekslet fort. Mistenker også at det begrensar synsfeltet ? Vil heller ha synsfelt. Dette har eg aldri tenkt på. Vi er sikkert mange som kunne ha nytte av forklaring. Ser absolutt poenget, men her ville det vel ikkje lønne seg.
  2. Har minimal erfaring med dyr optikk. Men har lang erfaring, og ganske omfattande bruk, av kikkert. TS. spør om "beste alternativet" med realistisk, etter min meining romslig, budsjett. Du ser _ingenting_ i den kikkerten du enda ikkje har kjøpt. Du ser heller ingenting i den som ligg att heime fordi den er for diger, eller som er pakka ned, fordi den er for kostbar. Men viktigse av alt, du ser best i den du er vant til. (Trening, erfaring.) Kikkert som blir brukt. Kosta ca 2.500,- for 5-10 år sidan. Merk innkorta reim ! Kikkert som er oppbrukt. Skulle likt å visst timetallet. Timar sett gjennom, og timar hengande rundt halsen. N. (Som ønsker utvalg i kikkerter med porroprismer, og sikter med fast forstørring.)
  3. Trengs ikkje spesialbrotsj heller..... Tidleg i min ladekarriere, (45år sidan) etter å lese om Ackley osv. ville eg prøva dette for moro. Dengongen hadde 98% av plukkhylser i 6,5x55 Berdanhetter, medan det var plenty av fine .308 boxerhylser i bøtta etter skyteprøven. Ja, eg visste at .308 hylsa har litt mindre diameter bak, så det kunne bli ein stygg trykkring. Men med fersk, 1 gongs hylse, og svak lading, (men nok til å tetta) burde det gå bra. Snudde fjeset vekk når eg trakk av, -men ingen dramatikk. Mildt trykk gav som venta ikkje heilt perfekt utfylling, men trykkbulken vart snill. Eventuell neste pressing, i x55 verktøy, Hadde ikkje klemt denne bulken særleg lenger inn att, så det hadde kanskje gått bra å lade til Kragtrykk eit par gonger ? Seinare har eg forstått det slik at amerikanske fabrikkhylser i 6,5x55 var laga i samme prosess som dei fleste andre. Med moderate ladningar går det sikkert fint, 1. gongen. Det er interresant å sjå korleis messingen flytter seg. Ved nedstryping blir det til overs. Etter pressing er hylsa 51,5 mm. Men til utblåsing trengs meir metall, og noko av halsen blir dradd inn att. Så etter avfyring er hylsa 50,9 mm N
  4. Men, i dette tilfellet må den jo aktiverast _manuellt_, - og då gjer den ikkje jobben sin, "å varsle" "Manuell sleidestopper" gir meining.
  5. Litt seint, men kom over nokre utklipp frå Gresvig og Røgeberg katalogar frå 1974. Det var på den tida ein måtte sjå seg om etter ny jaktrifle, sidan det vart slutt med Kragen. Fann også eit par patroner, og ei kule som er plukka ut av eit grisehovud. Blykula er 165 grain, har ingen tegn til riflespor, og meiner å hugse at somme slaktemasker hadde glatt løp. Svak-Middels-Sterk, var merka med stjerner på hylsa. Patronene i det fyste innlegget over her, er tydeligvis den Ekstra Sterke typen, som hadde kule av sink. Tipper at dei er produsert på ein annan fabrikk (tysk ?) blank hette, og med sterkare hylse ? Kaliber 9,6 er litt rart, for _hylsa_ har diameter 9,6mm, men kula har ikkje hælbase, og er berre 9,0 mm. Og det er hylsa, 16,5mm lang, som er litt uvanlig. Finns det eit godt norsk ord for "balloon head" ? (Altså om patronhylser, -ikkje folk.) Den er altså forma som randtenningshylser, der randa er klemt heilt flat, og så er det pressa innover ein hettelomme i midten. Midt i lommen er det ein bulk utover, til ambolt for berdanhetta. To grove tennhol er punktert innover, så fliker av messing er bretta inn i hylsa. Vanskeleg å få til gode bilder. N
  6. Har ingen teoretisk eller fagleg utdanning, men R93 er ein så intrikat konstruksjon, at den utfordrer bondevettet. Kan difor ikkje bidra med autorative svar, men kanskje med alternative synsvinkler og relevante spørsmål. Har nettopp lest på nytt gjennom alle 14 sider i "Gardena-lås" tåden, synd at den (som alle R93 tråder) blei stengt. Uheldig tittel, men stort sett var den konstruktiv. Er det litt feil å sei at R93 ryker ? Kanskje den "glipper", -som fører til at deler ryker? Blaser er presisjonsmekanikk og høg kvalitet. Men _litt_ klaringer må det vel vere for at det skal funke så glatt ? Må sprekker rundt støytbotn komme av massivt overtrykk så messingen flyter utover ? Kan det tenkast at desse delene blir røska av framover, når bolten blir blåst bakover ? Om td. fragmenter av låsefingrane kiler seg i sporet til utdragerfjøra. Eller om utdrageren er pressa utover av gasstrykk, kan da bakkanten stange mot låsesporet i pipa ? R93 låsinga påstås å vere symmetrisk og sjølvsentrande, det er bra for presisjonen. DEVA har vist at to av låsefingrane ryker fyst. Da blir det vel meir plass, mindre inngrep, og endra vinkel, for dei andre dersom bolten finner nytt senter ? Og når ting fyst flytter på seg.... -Blaser presiserer også at de heile er ein dynamisk prosess. Vil ein enkel modell av skråflate/friksjon, gi rett svar på radielle/aksielle krefter mot låseflata i pipa ? Kraft-motkraft står ikkje på linje. Bolten _er_ jo mindre enn pipeåpningen, det trengs ein "vippearm" imellom. Kan låsefingrene "svinge" littegrann, og virke som skohorn/brekkjern som bidrar til å tvinge pipeenden utover ? Dette får vere nok så langt, Australia tilfellet får vente. Kommentarer ? N
  7. Det skal ikkje vera enkelt, så tid for litt flisespikking... I skyting måler vi prestasjonene på ein litt snodig måte. Periferien av kula kan tangera poengsirkelen. Tenk deg eit ekstremt grovt kaliber, (snøball?) da kan du treffe ute i det kvite, og likevel score blink. Trivia#1: Prøv å skyte .45 kaliber på ei luftrifleskive... Så når vi skal rekne på dette, er det greiare å forholde seg til senter av kuleholet, og vi _må_ ta omsyn til kulediameter. Trivia#2: Korleis takler programvaren for elektroniske skiver, grov og fin i samme lag ? Så med .22 kaliber, så "er" blinken på normalskiva 55,5mm. På Coltskiva "er" den 30,5mm. Teoretisk avstand for Coltskiva blir 13,7m for .22LR, 14,5 for grov, og 14.7m for kal .45. Skyteavstanden er bestemt av fotlista. Munning/framsikte blir litt nærmare. Bruk samme 15 meter standplass som DFS, også pga. lys/avsug. Trivia#3: 15 meter er vel eit særnorsk fenomen, -kvifor heiter det "Coltskive"? Ei kortholdskive bør gjerne vera litt vanskelegare, for å gje realistisk trening. Coltskiva burde stått på 27,5 meter for å simulera "ekte" fripistol. Men for at svarten skal få samme forhold til kornbreidden, så burde det svarte gått litt ut forbi 7-ringen. NL
  8. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=84029&start=0
  9. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=14&t=12029&start=0&hilit=erfaringer+med+v%C3%A5deskudd
  10. Litt usikker på om om punkt for punkt fakta er beste metode i dette tilfellet. Hugs at vi adresserer eit åpent partilandsmøte, ikkje ein fagkonsulent i POD. Skal vi gå særleg mykje inn på våpenteknikk, og/eller politisk taktikk ? ---- Fyst; Eg har ingen personleg tilknytting til Arbeiderpartiet, eller noko anna parti, og har aldri stemt på AP. Det er i programarbeid, samt nominasjon av kandidatar, at dei praktiske politiske/demokratiske prosessane foregår. Det er ganske passivt å berre syte over "Forb** politikere", og "Stem på !?partiet for fan!!" Det Norske Arbeiderparti er ikkje noko marginal ekstremistgruppe vi demonstrativt kan snu ryggen til. Dei er ein stor del av "oss", og har hatt stor påvirking av vårt samfunn over veldig lang tid, og vil framleis ha det også i mindretall etter valget. La dei ikkje no få rett i påstanden om "aggresive verbale angrep". AP bruker gjerne omgrepet "fellesskapet", -også på ein utvida inkluderande måte, "folk flest" osv. Vi kan godt låne dette, men bruke det på fornuftig, og framleis inkluderande måte. Jeger og skytter fellesskapet er ei ganske stor gruppe av lovlydige -folk flest. Natulig nok er det difor mange med tilknytting til AP også i denne gruppa. AP sportskyttarar spesiellt, vil nok oppleve Bøsei sin ordbruk som aggressiv. Og slite med å bli stempla derifrå, for å tilhøyra ein suspekt lobby utan aktverdigheit. Dømer på ros; Statsministeren sine utsagn den fyste tida etter 22/7 (Merk Kaaredump sin påminning om aldri naivitet.) Terroristen skal ikke få innflytelse. -Rakrygga i andre saker. Td. -For fornuftig, bærekraftig hausting, -Mot massiv emosjonell agitasjon. (Sel/kvalfangst ) -Terrorismen sitt grunnleggande mål: Frykt. -Kongen sin nyttårstale "Forbud er fryktens våpen" -Framand(våpen)frykt > Demon,Fiende > Ridder,Korstog > =Simpel populisme. Bytt ut "velorganisert våpenlobby, & aggressiv" med "multikulturalisme" (*) Då ser ein kvar tankegodset kjem ifrå. (Men slik argumentering er veldig "sterk medisin" på AP landsmøtet, det må formidlast på ein klok og skånsom, men klar måte. -For i enden av dette skaftet, så _er_ det faktisk ein spade.) Klassisk tilfelle av sjølv å bli til det som ein ønsker å kjempe imot. Ikkje la terroristen plante sin modus i offeret sitt sinn. -Hevntanker, -baker for smed; At hevn over den skyteinteresserte delen av det lovlydige felleskapet, skulle bidra til tryggare samfunn og handtering av kriser. =Naivitet. Til framlegget frå Sverre Bøsei: Merk at Hr. Bøsei ikkje har sendt sitt innspel gjennom den ordinære programkomiteen. Det vil bli tatt opp direkte i eit valgkamp inspirert landsmøte. Dette kan bli veldig emosjonellt, og direkte fatalt for vår sport, trivsel og rekreasjon. Sjølv frå mindretallsposisjon kan AP få støtte av altfor mange frå andre parti. ......nok stikkord, uredigert rot så langt- ......kanskje meir seinare.... Skog: -Fornuftig tilnærming, men ei formidabel oppgave, lykke til ! NL
  11. Hadde (for veldig lenge sidan) planer om å lage eit sekundært nødsikte som kunne stå permanent montert. Det står godt skjerma så lenge kikkerten er på. Men det blei aldri noko meir enn ein tidleg prototype. Holet er i utgangspunktet altfor lite, for å kunna utvidast. Bruk store stoppskiver. (eller helst heil plate m. 2 hol) Då kan hola rundt skruane i underplata vera så romme at den kan flyttast litt. Alt 2: Dersom basen/skinna stikk littegrann bakom ringen, -skru ein løkkeskrue rett ned i den. NL
  12. Ja, svenskemauser har i utgangspunktet skrekkelig lang vandring, men det er enkelt å ta inn heile 8mm. Kan og ta ørlite (=neppe vits i) på avtrekkhaken, men der går det fort unnabakke. Hugs at du må laga nytt hakk for originalsikringen tilsvarande langt bak. Dersom ein samtidig kapper vekk den tunge tommel-knotten, blir det noko lettare/raskare, -omtrent som M98. Men NB! hugs at det må stå att littegrann gods bakom det andre hakket, ellers vil sikringen kunna dreie rundt og ramle ut når mekanismen er nedspent. Når spennstykket har slått fram, så sprett avtrekkhaken oppatt bakom. Den må då pressast ned att i ladegrepet. Originalavtrekk har slakk skråflate, og lar seg greitt pressa ned, men på ettermarked avtrekk som Timney, DT osv. må avtrekkhaken fyst dyttast bakover. (Den er hengsla i eit avlangt hol.) Dette gjev "lugging" i ladegrepet. Ved å lage ei heil skinne bakover frå spennroa, vil avtrekkhaken holdast nede, og ladegrepet blir mykje glattare, spesiellt på svenskemauser. Men med originalavtrekk, vil ei slik skinne føra til at avtrekkaren skrangler laust når mekanismen er nedspent. NL
  13. "Man tager" -ein varmluftblåser -og ein stump kloakkrøyr eller takrenne. Snobber kan kalle det Kydex. Dette er ein god løysing for allslags holdere, også i mange andre samanhenger. N.
  14. 1986 var vel det aller fyste MS EM ? Artig å tenke på at ein blei "historiens fyste". NRK TV var til stades med stort team, og samla masse stoff. Og sidan dette var i fotballferien, og gererell agurktid for sport, så blei det plass til ein ganske lang, og positivt vinkla, reportasje i programmet "Sommersporten". NL.
  15. Veldig interessant ! Det har altid forundra meg at ikkje alle match versjonar av tenestepistolar bygger på dette prinsippet, med å lagra opp fronten av pipa i det faste rammeforlenginga. -Samt montere baksiktet på fast bru over den flate bakenden av) sleida. (Sjå High Standard .22) Baksite-basen kan ha Weaver profil, så det også fungerer som optikkfeste. Prinsippet med ramma utanpå sleida, (CZ m.fl) er åpenbart betre egna. Dersom det er ein "klump" (lodd, komp, el.) på løpet. så kan den enkelt lagrast opp i sleidespora. For nesten 20 år sidan sysla eg litt med ein eksperimentiell ombygging av ein CZ. (Men trur ikkje eg torer visa bilde av det.) NL
  16. All ros for ditt åpne sinn, og kritiske innstilling til Basta & Amen. Vi kan ikkje heilt utelukka at det også innan pistolskyting kan komma ein Boklöv eller Forsbery og innføra revolusjonerande teknikk. Det er mulig at tida er overmoden, men dogmer har også stadigvekk blitt testa før, og det er altid nyttig å læra av andre sine feil. Tanken om offensiv holdning, og ønske om mål, har noko for seg, -men eg konkluderer omvendt. Når målet er vanskeleg så må du ta i bruk dei beste (av mulige) middel for å nå det. Kvifor så få når toppen, og mange blir listefyll, har "Domino" svart grundig på. Ein av mine læresetningar er: "Sjå det du treng å sjå" (Jerry Barnhart) Du treng berre sjå skiva i den forstand at du må vita kvar den er, og sidan den er rund, så kan den godt vera ein uskarp lodden dott. Fast skive krever lite oppmerksomheit, siktene derimot, er urolige, må passast på, og på pistol står dei tett, så som "skjef" seier, må du vera nøye. Ser du midt på skiva, så vil sikta dukka opp (skeivt?) på rett plass, men når kula omsider er ute, er dei forlengst på veg vekk. Altså er du på "baksida av kurven" = defensiv, på etterskot. Har du oppmerksomheita mot dei vinglande sikta, så kan du registrera når dei er på rett veg, og din offensive holding har sjans for å lukkast med å få skotet til å "gå inn". Så, -ikkje fordi ein "oberst" har proklamert det, -men etter analytisk vurdering, -har eg komme til det samme som dei fleste før meg, at det (nest)beste er å fokusere på framsiktet. I alle fall når du "trenger" å treffa dei høgaste poengsonene på presisjonskiver, -med den størrelse/avstand som slike pleier å ha. (Det beste ? -Ikkje trenge sikter i det heile. -men det er nok jækla vanskeleg, sa ikkje umulig) NL (Som synest tråden bør vera i skyte(handling) -kammeret, og ikkje om våpen(ting)) (Edit=tastefeil)
  17. Ei side ved dette konseptet er at det er begrensa kor langt du kan få kinnet ned mot kassen. Det betyr at siktemontasjen må vera høg, og eg lurte mykje på korleis en skulle få festa dette godt nok framme på det tynne runde løpet. Dersom du bruker teleskopisk dempar av stål som er godt festa, så kan du kanskje montera siktet på den. For demparen bør nok stå på altid. Sjølv om løpet har vanlig lengde, så blir munningen nær fjeset, og utan dempar kan det vera plagsomt med ei 60+ grain saktekrutt-patron som .270 Fordelen med låg kjenelinje er jo rekyl rett bak, og lite munningsvipp. Sitat Tolvsju: >eg ser for meg å bruke denne uten pistolgrep. Da blir det noe a lá Engelsk skjefte, og den er ok å holde i. Nettopp, sidan (det som før var for)-skjeftet ligg så langt nede, skulle dette funke fint, eventuellt med ein liten diskret hump bak avtrekkarbøylen. Ser og at du har hengsla avtrekkaren for å dra litt oppover. På det viset kan du heilt unngå utstikkande pistolgrep, og gå klar av eventuelle byråkratiske rynker, og ormebolet omkring (militær?) "karakter og beskaffenhet". Det er sikkert også ein god ide å lima tre-imitasjon utanpå det blanke stålet, og unngå camo & diverse andre fjortisfakter. Den vil sikkert vekka nok oppsikt likevel. Vil forresten det rustfrie stålet gi _meir_ problem med rust på det svarte ? Du må vel også ha noko meir å holde i med venstrehånda ? -og hindre at den av vanvare kjem for nær munningen. NL. (Som funderer på om dette er tida for å annonsere ei god Rem 760 tilsalgs ?)
  18. Artig tråd som vekker minner. Tidleg på 1980talet (jøye meg, det er snart 30 år sidan!) var eg igang med eit liknande prosjekt ut frå akkurat samme problemstilling og designfilosofi. I mitt tilfelle basert på ein Rem. 760, altså pumpeversjonen av den gamle modellen med mange små låsklakker. Denne rifla var i utganspunktet OK på alle vis, så eg ville helst ikkje gjera irreversible inngrep straks. Så i fyste omgang laga eg ei provisorisk "bolt on" uvendig ramme som var festa i stussen for skjefteskruen bak, i skruen for sentralrøyret framme, og to gjennomgåande skruar der dei to fjørbelasta boltane som vanlegvis held avtrekket på plass. Enaste inngrep var å bora eit ørlite hol i avtrekkaren. Det var til og med wireoverføring til den originale sikringen frå den nye, som også blokkerte den nye avtrekkaren, og måtte holdast nede med tommelen, -sterkt inspirert av Browningtype pistol. Det heile var meint som ein eksperimentell prototype for å prøve ut konseptet, og ville nok ikkje fungert påliteleg undet feltmessige tilhøve. Men jakta nærma seg, og prosjektet vart lagt på hylla, og der har det blitt liggande i det som kallast mannsalder. Dene rifla var som sagt OK i utgangspunktet, og littegrann kortare enn den eg brukte før. Dei få centimetrane var godt merkbare, så tanken om ei meir hendig jaktkarabin var stadig aktuell, men tok etter kvart meir retning av det som Cooper seinare kalla "Speiderrifle". Det skal sannelig bli artig å følga tråden din vidare, og lykke til !
  19. Heldigvis rår fonufta, -stort sett, såfremt det alternative formålet i seg sjølv er lovleg. Ellers kan ein jo få det til å bli "forbode" å skyte meir enn 30 skot på rund blink med ei jaktrifle. Har opptil fleire gonger tatt med, og (desverre) fått bruk for, pistol i samband med (mislykka) redningsaksjonar etter sau i skårfeste. I slike tilfelle kan det vera temmelig problematisk, ja nesten farlig, å drasse på, og handtere eit laaangt gevær. Heilt klart nødverge, du _ønsker_ jo ikkje å måtte skyta, samtidig er risikoen for slikt utfall såpass reell at skytevåpen må vurderast blant alle dei andre (tunge) redskap ein må ta med, i tillegg til tauverk osv. Har heller aldri opplevd at nokon tviler på at det er "aktverdig grunn". Derimot ville det vera kritikkverdig å unnlate å "oppsøke" situasjonen. Rovdyr (1): Den som har måtta slå ihel en sau med det ein kan finne av stokk/stein, skjønner betre kvifor ein tek bryet med å drasse på skytevåpen når det er reell risiko for å komma opp ein slik situasjon. Dyr som er grotesk skada viker unna, så avliving må utførast på nokre meters avstand. Boltmaske eller slag/stikkredskap duger ikkje. Så på ekstraordinære tilsynsturar, har eg av og til hatt pistol godt nedpakka i sekken, Det kan vel kanskje kallast "sjølvforsvar" mot dritt frå dei som påstår at helv*&%# sauebønder utan grunn går med gevær og utrydder dei koselege lodne rovdyra. Situasjonen er vond nok som den er utan denslags. Men så snart fellingløyve er gjeve, så tar eg med rifla. Sjansen for å møta jerven er bitteliten, men ikkje heilt null, og i så fall kunne eg bli kritisert for _ikkje_ å gjera det beste for å passe dyra mine. Rovdyr (2): Enig i at personfare for rovdyr i fastland-Skandinavia er nesten irrelevant for den vanlege turgåar. Men det finns unntak. Sauebønder som får bjørneproblem, får krav om ekstra tilsyn og ferske kadaver for dokumentasjon. Ein blir altså _pålagt_ å "oppsøke" ein aggressiv bjørn som gneg på sitt nyslåtte bytte. Då kan ein ikkje heilt kimse av dei som føler litt frykt. Men pistol ? Har heldigvis ingen 1.hånd erfaring med bjørn, men har brukt .44Mag litt på bane, og klarte av og til å treffa over halvparten av stålbukkane på 200 meter. Men mot ein olm bjørn på klosshold ? .44 revolveren er dessutan såpass tung og klumpete at eg minst like gjerne kunne ta med den hendige jaktkarabina. NL. ("Praktisk" skytter.)
  20. Er sterkt imot å innføre "propp". Fordi det fokuserer på ein _ting_, -ein skarve plastdings som skal _erstatte_ sunn fornuft, gode rutiner, og regler som faktisk alt finns. (FR § 3.2.1) Utan å bli forumtroll i mitt fyste innlegg, har eg nesten lyst til å spissfomulere det som at framlegget om propp synest smittsomt frå "korka" tankegang. Etablert praksis på NSF feltstemner har altid vore i strid med denne regelen, og det er ikkje rart at dei som har annan erfaring, td. frå NFPS, finn det utriveleg på NSF feltstemner, der mange vifter med ladde våpen over alt. Ladde våpen ?? Javisst ! les regelen, -akkurat ja. (Sitat: v_olden Tråden: Nytt reglement for Feltpistol 08.11.2008) >Slapp av. Det blir ikke påbudt med propp. Bra, "obligatorisk dumskap" blir sørgeleg meir vanlig overalt i samfunnet. >Derimot blir det slik at våpenet skal legges i eske, koffert, hylster e.l. mellom standplassene. Bra. Ein liten bag er uansett best, skrutrekker sotspray, myggolje osv.... >Man kan også bære våpenet åpent men da med godkjent sikkerhetsplugg. Utanom det formelle med konflikt i reglane, så er dette med på å legitimere ukultur som egentlig aldri skulle fått lov å oppstå. Og bortforklare, og rykke teppet unnan, den generelle og gode § i Fellesreglementet. >Finfint kompromiss. Men dette gjeld sikkerheit og regel-oppklaring, ikkje tid/stad for kompromiss. Å klare opp i, =fjerning av "proppar", -tenk prinsippiellt og ryddig. NL. (Som er skeptisk til nymotens webfora, -saknar usenet.
  21. Ein som eg jakta med opplevde det samme som trådstarter her. Han hadde skote sin fyste hjort, gjekk fram og sette rifla (Husqarna 1640) ned i grov lyng/vier. Denne situasjonen gjer det fullt mulig for kvist å skyve sikringen fram, og komme inni avtrekkarbøylen. Skulle klart ha tømt kammer. Deretter geip han rifla etter fortre/reim, -og kula gjekk skummelt nær fjeset. Har høyrt om fleire som har sett geværet ned i snø eller på skrått uderlag og merka eit svakt knepp, eller fått mistanke. Tar forsiktig opp våpnet, -og sikringa er av. Mitt eige eksempel på (altfor ?) fast(grodde) rutiner: Ein fin dag i Feb/Mars skulle ein kamerat & eg skyte ute for fyste gong på lenge. Vi var begge erfarne skyttarar, og hadde tørrtrena ein del gjennom vinteren. Vi hadde nettopp vore framme og lappa, og sat på huk ved kvar vår bag og lada opp att, samtidig som vi var engasjert i ivrig prat om eit tema vi begge var opptatt av. BANG ! -frå min pistol, så torva spruta ved skivene. Fyst skjønte eg ingenting, vart fullstendig overraska og "blank" i minst eit sekund, men heldigvis stod det ganske raskt klart for meg: Eg hadde utført ein "Spenn ned" rutine, men altså etter å ha putta ammo inn i våpenet. Ein slik tabbe som er triviell i andre samanhenger, som å skjenke kaffi i drikkegaset, eller skrive med feil ende av blyanten. Men med skytevåpen blir det ikkje til å flire av. Sjølve rutinen virka fint, eg hadde aktivt retta våpen mot sikker bakgrunn, og klemt bestemt inn avtrekkar. Ikkje rart at det small. Har og opplevd skot som har gått av pga teknisk feil. Men skrue som løsna er egentleg min feil. NL.
×
×
  • Create New...