Jump to content

QuickLaunch

Members
  • Posts

    52
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by QuickLaunch

  1. Dei som eg posta bilde av over, er 13mm lange, og ca 61,5 grain. Mantelen set gul ut på bilde, men den er blank og magnetisk. Kom på at det også var eit slags embalasje, som dessverre er mista. Meiner å hugse at det stod: "Norma ØVELSE" Prøvde eit par ladingar, skral presisjon, N.
  2. Har sett ei patron med slik stor, flat, blyspiss, men der var meir av (blank) mantel synlig. Men desse ? Fek ein gong nokre slike frå eit dødsbu. Avdøde var aktiv tidleg på 1900 talet. Dei er ca (varierer!) 61,5 gr. NP mere i botn, og magnetisk mantel. N. (Eit stykke unna 12,7 mm, -unnskyld TS)
  3. Kanskje litt OT, men Lee trimmeren er enklest, raskest, billigst, og best, -etter mitt syn. Men som andre har sagt, ikkje for hylser med hette. (Eller Berdan:-) Så burde Lee laga eit trekanta verktøy med skjer i kvart hjørne, for innvendig, utvendig og lengde. Ja, og så litt større diameter for betre grep på hylseholderen, N
  4. Spalte av lokalavis. (Tidleg 1950 tal ?) N.
  5. Hmm, var det Svendsen han heitte? Han sponsa meg med ein cap, og ein blå genser med logo, på slutten av 1980 talet. (Duverden, -hadde eg fått reklameverdi ?) N. (ex influenser)
  6. Hmm, Den boltmuffa ser meir ut som M96, -med nedslipt originalsikring ! ?? N
  7. Låner tråden.... Kan det vere skummelt å bruke LP-Magnum hetter i "normale" rifleladninger? N
  8. Dette kan eg (desverre) "altfor mykje" om. På 1970 og 80 tallet, var dette hard realitet, på trangt budjett. Dei fleste kombinasjonar av hylse/hette funka dårleg. Hettelommane var litt for romme, (hetta datt ut) og/eller altfor grunne. Da gikk ikkje hetta heilt inn, eller måtte klemmast så hardt at den "klinte" seg utover. Ikkje bra! 9mm plukkhylser med Boxerhette var sjeldne til heilt ut på 1990 tallet. Ikkje alt var betre før, heldigvis. N. (Som har på lager 1.300 stk. 5mm (=uvanleg) Berdanhetter til FFV hylser.)
  9. Skal ikkje påstå å ha greie på dette, og mine formuleinger og skisse var kanskje egna til å misforstå. Tenkte i _denne_ samanhengen, ikkje på forspenning av _ gjengene_, -eller eventuelle radielle krefter. Det eg meinte, var aksiellt strekk i låskasseveggen mellom den indre flata og bakerste gjenge. Dette er greitt å forstå, -men det er vel slik, piper i dei vanligste sylinderlås mekanismer er montert. Det er mulig eg overser det åpenbare, men dette finner eg det vanskelig å forstå. For meg virker det som at langsgåande strekkraft i låskasseveggen frå avfyring, kjem i tillegg til eventuell forspenning. Til TS: Ja, ein Mauser er rett så brukbar til vanlig jakt. N. (Som lenge har jakta med svenskemauser, det går fint det og.)
  10. Det er eit særtrekk ved M98 som eg alltid har lurt på: (Dette hadde kanskje passa betre i den generelle Mausertråden) Har forstått det slik at på ei Mauserpipe, skal den utvendige flensen få kontakt mot fronten av kassen. Og så stramme, til pipeenden kontakter den innvendige. Men dersom pipeenden er skrudd _hardt_ imot den innvendige flensen, (rette ordet?) så blir det vel statisk strekk i låskassen, -før påkjenninga av kammertrykket? Er det bra for stivheit/presisjon? På undersida er rekylklakken(?) omtent der. Ved pipeskift er det somme som velger å rette av fronten av kassen, og bryste pipa mot den. Slik som er vanlig på andre sylinderlåser. Men dersom det blir klaring mellom pipeenden og flensen, så må det vel bli eit formidabelt trykkareal for lekkasjegass å virke mot? Dette prinsippet blir jo brukt i .22 versoner av 1911 pistol, for å få nok kraft bakover mot den altfor tunge sleida. På sivile M98 kasser går sporet for venstre låsknast, (kvifor heiter det "klakk"?) fram gjennom den innvendige ringen så der blir fritt utløp bakover. Det kan vera bra. Håper skjerminga lenger bak er bra nok -utan tommelhakket. På militære kasser bør den kraftige utdrageren gi etter tidsnok. 1: "Stempelradius" for gasstrykk inni hylsa. Normalt 3: Trykkareal ved gasslekkasje. Det er nokså tett mellom sluttstykke og innvendig ring. (Utanom venstre side (utdrager)) 2: Dersom det er spalte mellom pipeende og innvendig ring. N.
  11. Legende/merkevare -tankegang. Kan tenke meg at den kundegruppa _forlanger_ M98 N
  12. Det var ein tråd, (som eg ikkje kan finna att) om destruktiv svikt i ein Sako 85. Der er greitt forklart om at vi må skille mellom "vanleg" hyseavriving, litt inne i kammeret. Det er vanlegvis er heilt problemfritt i alle våpen, fordi hylsa tettar bakanfor sprekken. Det er kanskje større risiko ved ladningar som er for svake til å få den stive nedre hylseveggen til å tetta. Ved større gasslekkasje frå svikt i hylsehovudet, vil trykket kunne virke mot vesentleg sørre areal. (=kraft) Då må trykket enten holdast inne til kula er ute, eller ventilerast ut i trygg retning. Slike illustrasjoner finns i alle ladebøker, kanskje det kan vera nyttig her også. N
  13. Kva er årsaken til at det kan vere farlig ? Pleide å stanse ut Berdanhetter, og ambolten, frå Geco hylser i 9mm, dengong 9mm Boxerhylser var sjeldne. Det blir ein raggete hol, pluss restene av Berdanhola. Men hadde ingen problem ved tidlege ekperiment med Majorladninger. Ei anna sak er at hettelommene i somme Berdanhylser er for grunne, eller for romme, for Boxerhetter. Men Vhitavuori #42 går littegrann trangare, og funka feilfritt i Geco hylser. N
  14. Dersom hylsehalsen er maksimalt lang, vil da kontakten mellom hylsemunning og kammerkant (som pistolpatroner) vere "stivt" nok til å holde imot krafta frå hetta ? -Eller kan vi risikere at krafta frå hetta fører til krymping rundt kula ? N
  15. Dei fleste her på forumet er vel omtrent enige, så vi "messer til salmelkoret". Men mange her er vel og i posisjon for opplæring av andre, og utforming av pensum og kursmateriell. Og då bør vi vurdera: Mål - Midler, Form - Innhold. DFS sin plakat for skytebaner, er grei bruksanvining for DFS sine baner og skyteprogram. DFS sine mange punkter i skytterboka, om generell våpentryggleik, er derimot rotete og overlessa. Formen skader innholdet, og det blir eit redusert middel, til å oppnå målet om våpentryggleik. Få og enkle reglar er nok! -Altså best. Så kan det godt vera utfyllande undertekster, til hjelp for å forså, og praktisera regelen. "Alltid behandle som om ladd." -Denne regelen finns i fleire nesten like utgaver. Eg trur at "som om", liksom impliserer eit "men---", -og ignorere. Det må forklarast, at mentalt sett, så ER alle våpen ladde, ALLTID. For det er jo slik vi må handtera dei. Det betyr også at du må gå ut frå at andre sine våpen er ladd, og at andre har samme grunn til å tru at dine er ladd. Såfremt ein får folk til å forstå dette, så sjønner og dei fleste at å peike med våpen, er meir enn litt dumt. Eg pleier bruka en paradoksal setning som får folk til å stussa(tenka) litt. "Du må støtt ta ut den patrona som ikkje er i kammeret." (For blott en dag, så ER det forsynemeg ei paton der.) Altså sidan våpen alltid er ladd, så krevs det alltid ein aktiv handling for å "bli tryggt". Slik sett har kammerflagg ein misjon. Det tvinger fram ein aktiv handling, og flagget er ein grei visuell kvittering. Den sørgelig vanlge setningen: "Trodde ikke den var ladd," skal vera meiningslaus. N.
  16. Baikal IJ35, har tennsift med stor diameter, der det er ei stor flate som stikk littegrann lenger fram enn den tuppen som slår mot patronkragen/kammerkanten. Heile delen er ein: Stutt-Tjukk-Ting, som aldri får bøy eller strekkbelastning. Dette skulle tåla ein god del banking, -godt klar av kammerkanten. Kvifor er ikkje alle randtenningstifter konstruert slik ? Her er det godt med skit rundt kammerenden, så avtrykk etter klikk er tydeleg. Liker å ta eit tørravtrekk etter serien, det hjelper litt mot sisteskot-syndromet. N.
  17. https://www.jula.no/catalog/hjem-og-husholdning/hjemmeelektronikk/hoyttalere-system/tradlose-hoyttalere/termos-med-innebygd-hoyttaler-012100/
  18. Har så vidt fått prøva dyre takkantkikkerter, men for meg gir det inntrykk av at eg ser _på_ eit stykke "landskap", _gjennom_ eit "apparat". Ein brei porrokikkert, (med bra synsfelt) gir meir inntrykk av at du _er_ der, X ganger nærmare. Og då er det langt enklare å oppfatte topografi, sjå inn imellom trestammane, og få diverse objekt til liksom å "stå fram" frå bakgrunnen. Desse objekta var kanskje vel så skarpe og klare i den dyre (tak)kikkerten, -men eg er søren ikkje sikker på om eg hadde _oppdaga_ dei. Optikk er berre middelet, nyttig persepsjon er målet. N.
  19. Er privatperson, utan formell utdanning, og kan absolutt ikkje ta på meg å mekke på andre sine skytevåpen. Kappe pipa, og lage framsikte, kan dei fleste med litt mekanisk talent klare. Avtrekk på halvauto våpen krever kompetanse ! Denne har ganske vanleg konstruksjon, -alle børsemakere kan. Lyddempergjenger er meir plundrete på denne. Eg hadde ein P-H demper før kapping. Men det virker som at opp"låsing" skjer tidlegare, så mykje av lyden kjem ut med tomhylsa. Med kortare løp er det neppe vits i. N.
  20. Denne tråden skulle vera lågterskel OK ? Kammerflagg vart brått tema her i fjor ein gong. Eg var ikkje så entusiastisk til dette før. Fordi det rettar fokus mot ein _ting_ du kan kjøpa, heller enn innsikt du må læra. (Sidan dette er "vise-fram, duppeditt", så vil det vel oppstå eit marked for ekstremt dyre merkevarer.) Nytt feltreglement i år, krever også kammerflagg, sjøv om du bruker bag eller hylster. N. Knuste brøytestikk, er stygt plastsøppel om våren.
  21. Det er lenge sidan eg har sett på ein MCM, men eg trur det blir problem både med vekt og høgde. Hugs at tomt magasin må vere innsett. Star FR Sport, er av dei som egnar seg best for ombygging til spesialpistol. Det fanns og kortare versjoner, F, FR, FR Sport. I fjor saga eg av pipa, filte rett, og krona den forsiktig. Pipa har ei integrert "skinne" på toppen, så det går fint å bore (forsiktig) og gjenge. Det står og att littegrann av rampen til originalkornet. Framsiktet på min er rett og slett ein M4 skrue som er filt i fasong. Den må vere ganske høg. En måtte og få vekk nokre få gram, og bora eit par små hol i skjefteramma. Kanskje fordi det er ein unødig stor klatt epoxy under venstre skjefteplate. Reglementet krev "tilnærmet like" sjefteplater. så tommelhylla må fjernast. Tommelhylla passa dårleg for meg, så eg hadde fjena den for 45år sidan. N.
  22. Takk for linken. Hadde lest noko slikt for mange år sidan, og hadde tenkt å leita etter det no. Dette viser seg, dessverre, å vera grunnen til at kikkerten min er blitt meir plagsom. Den er, bokstavelig talt, "medtatt". Metoden viser tydelig konsekvensene av feilen. Men eigen kompetanse til å retta den, er tvilsom. N.
  23. Ingen av dei brilleokular som eg har sett, (ikkje så voldsomt mange) fungerer brukbart. Og nesten alle er best når dei er skrudd heilt inn, også utan briller. Mange "blir med" heilt ut, når ein røsker av okulardekslet fort. Mistenker også at det begrensar synsfeltet ? Vil heller ha synsfelt. Dette har eg aldri tenkt på. Vi er sikkert mange som kunne ha nytte av forklaring. Ser absolutt poenget, men her ville det vel ikkje lønne seg.
×
×
  • Create New...