Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Er du sikker på at den kjettingpatenten fungerar på ei turretpresse der heile toppen roterar? Det er ein slik patent på autodisk pro-målet som står på pro 1000, men dette tvilar eg på vil fungere på ei turret i og med kjettingen er forankra i pressa.Og når kruttmålet roterar rundt og rundt kan jo fort kjettingen bli for kort
  2. Er dette snakk om den nye turretpressa i støpejern eller den vanlige typen i aluminium?
  3. Må ikkje dette betjenast manuelt for kvar ladning?
  4. Har grubla over lengre tid på å kjøpe meg den nye turretpressa i støpejern då denne ser ut for å vere laga for bruk (les:solid). Eg har liten erfaring med automatiserte presser bortsett frå mi Pro 1000. Det eg lurer på er kva ein har å velge mellom når det kjem til kruttmål til lading av riflepatroner. Til pistol og mindre riflekaliber er jo autodisk-målet ok. Eg vil ha eit kruttmål som automatisk avgir ein dose av riflestørrelse gjennom ei fylledie når hylsa vert ført opp i denne omtrent slik autodisk-målet virkar. Vil f.eks Dillon sine kruttmål kunne brukast på Lee-pressa?
  5. Remington 700 må vere eit av dei tryggaste kjøp ein kan gjere i prisklassen under 10000,- Eg har enda til gode å sjå ei Remington 700 som går dårlig. Eg syntes i alle fal det var moro å teste ei børse som kostar 4990,- og som satte fine treskudds-samlingar på 8-12mm på 100 meter
  6. Da har du vell strengt tatt ikke lov til å "file litt" på mekanismen heller da............... Kan du fortelle meg kvar dette står nedfelt i lov eller forskrift?Hadde vore meget kjekt å vite
  7. På bakgrunn av nærmare 30 hjort felt med Hornady Interlock 140grs vil eg anbefale denne. Som oftast god presisjon og held bra saman om ein ikkje treff for grove bein, men ikkje mitt førstevalg til elg. Om ikkje kravet om om minimum 140grs kule hadde vore ville eg sagt 130 grs Accubond, ei kule med fantastisk presisjonspotensiale i dei våpen eg har testa i og ein pris som gjer at den kan brukast til alt.
  8. Eg jobbar ikkje direkte offshore, men dei av dykk som jobbar på AHT og PSV (+ein og anna trålar) kan komme ut for meg ved nybygg og service då eg jobbar med store (og små) hydrauliske fiskesneller av fabrikat med samme navn som eksklusivt britisk bilmerke
  9. På bakgrunn av praktisk bruk av mange ulike rifler (tett på 100 felte storvilt). Har eg komme fram til at det for meg er kun ei rifle som kunne blitt brukt til "alt", og det er Blaser R93. Det mest "perfekte" bruksvåpen eg har brukt er Blaser R93+Zeiss 3-12x56+Hausken. Kaliber alt etter kva vilt ein jaktar på, men ville ha valgt 30-06 som eit universalkaliber, mest på grunn av tilgang på god fabrikkammo over alt på kloden
  10. Eg har god erfaring med presisjonen i CCI Minimag. Denne ammoen samlar 10-15mm på 60 meter i min CZ452 varmint
  11. § 11a. (saksbehandlingstid, foreløpig svar). Forvaltningsorganet skal forberede og avgjøre saken uten ugrunnet opphold. Dersom det må ventes at det vil ta uforholdsmessig lang tid før en henvendelse kan besvares, skal det forvaltningsorganet som mottok henvendelsen, snarest mulig gi et foreløpig svar. I svaret skal det gjøres rede for grunnen til at henvendelsen ikke kan behandles tidligere, og såvidt mulig angis når svar kan ventes. Foreløpig svar kan unnlates dersom det må anses som åpenbart unødvendig. I saker som gjelder enkeltvedtak, skal det gis foreløpig svar etter annet ledd dersom en henvendelse ikke kan besvares i løpet av en måned etter at den er mottatt. Tilføyd ved lov 27 mai 1977 nr. 40 (tidligere § 22), endret ved lov 12 jan 1995 nr. 4 (i kraft 1 april 1995).
  12. Eg kjøpte for eit par år sidan partizan fmj ammo på Jaktdepotet
  13. Ein av mine M98 har for det meste tilbrakt tida i våpenskapet dei siste åra og tankane om å gje den eit meir verdig liv vert stadig sterkare. No er sluttstykkegangen slett ikkje so verst på denne Oberndorf-Mauseren, men kunne tenkt meg å gjere det som kan gjerast for å få denne so glatt som mogleg. Nokre gode tips til korleis eg bør gå fram for å gjere dette? Dette er noko eg kan tenke meg å gjere sjølv før låskasse og løp blir sendt til glassblåsing og blånering. Har sett eit verktøy hjå Midway trur eg det var som ein brukte til å pusse dei områda låsklakkane glider i med sandpapir. Eg har igjen høyrt andre som smører inn sluttstykket i slipepasta og tar ørten repeteringar for at delene skal "slipe seg til" i kontaktflatene. Tar imot alle gode tips
  14. Eksisterar det M98 som har blitt ombygd til 458 Socom? Ikkje det at det høyrest sannsynleg ut at det skal fungere, er bere det at eg har ei M98 kasse som kunne komme til meir nytte og morro enn å stå i skapet med utskote løp Grunnen til at eg i det heile tatt spør er at eg betvilar meget om eg får innvilga tillatelse på ny kasse av meir egna fabrikat.
  15. I kva "kvalitetsområde" ligg BFR? Eg tenker på korleis kvalitet på materiale, passningar osv er i forhold til Ruger SBH og FA
  16. Har ikkje so mykje erfaring med kulene på vilt, men har testa eindel presisjon i 260 rem og 6,5x55 med meget bra resultat. Testa ekspansjon i våte aviser og konkluderte med at desse kulene trenger høg hastighet for å "eksplodere". Hadde ei meget presis ladning som gav 870 m/sek i min 260 rem, men i denne hastigheiten fungerte kulene omtrent som "vanlig" blyspiss.
  17. For dei som vil ta seg ein tur til denne delen av Afrika vil eg sterkt anbefale å trene på lange hold og ta med ei flattskytande børse. Her er det store opne områder med lite vegetasjon som kan gje deg skjul når du skal snike deg inn på dyra
  18. Tenkte eg kunne legge ved litt bilder frå jakta eg hadde i Namibia i midten av Desember. Som sagt var eg i Walvis Bay nokre veker, ein kystby omtrent rett vest for hovedstaden Windhoek. Det var i tankane mine heilt frå begynnelsen å kanske jakte litt før eg skulle ta fatt på turen heim igjen. Det er jo ikkje kvar dag ein får mulighet til å jakte i Afrika med gratis businessklassebillett tur/retur Tilfeldighetene ville det slik at ein samarbeidspartnar hjå eit lokalt firma kom frå ein farm der det var mulighet for jakt. Broren til denne karen jobba som PH i RSA, men var no heime på familiefarmen på sommarferie. Broren ville meir enn gjerne vere behjelpelig med jaktfeberen min og dermed var det duka for jakt. Etter ein kjøretur på 900km var eg endelig framme på farmen der eg vart motteken av Johan Jenkins som skulle vere min vert dei neste dagane. På denne farmen er det sau som er hovedgeskjeften og alle område er derfor inngjerda med vanlig netting for tamfe. Dette medfører at større antiloper som Kudu i prinsippet er frittlevande. Denne farmen var på 160000mål, og husa 6000 sau.Ganske bra dimensjonar etter norsk standard. Store vidder for ein norsk småbrukar: Første dag byrja med jakt på Springbuck. På ettermiddagen føreslo Johan at vi tok ein tur til nabofarmen å såg etter Kudu. Vi var heldige, etter ein times tid oppdaga vi ein flokk på 10-12 dyr med blant anna eit par yngre hanndyr. Vi lukkast å komme inn på ca 100 meters hold og eg fekk løyst skot på det dyret som såg ut til å ha størst horn. Eg var trygg på skuddet, so vi fulgte etter flokken og klarte å komme på skothold eit stykke unda. Her fekk eg igjen sjangsen på eit hanndyr som vart skoten på omlag 150 meters hold. Det var eit godt treff bak bogen, kanskje litt lavt. Etter nervepirrande snik gjennom busker å kratt fekk vi auge på bukken på ca 40 meters hold. Vi såg kun horna og toppen av hodet som stakk opp av sivet. Men eg såg tydelig at dyret såg rett mot oss og la korset på siktet slik at eg ville treffe nakken. Men dyret hadde tydeligvis ikkje lagt heilt rett mot oss so bukken var raskt på beina. Men etter 2 gode treff med 30-06`en i maskinrommet måtte den legge inn årane. Ikkje noko stort trofedyr, men ein spennande jaktopplevelse. Den neste dagen vart det jakta etter meir Springbuck. Vi prøvde og å finne nokre store kuduoksar som var observert nokre dagar tidlegare,utan hell. Den siste dagen gjekk med til å jakte Oryx. Dette var også på ein av nabofarmane. Før vi reiste ut i felten gav eigaren av farmen beskjed om at han ville ha 2 springbuck, og som vanlig her nede er det kun hode eller nakkeskudd som er tolerert so lenge det er "matdyr". Som sagt så gjort, etter postering og driv med ein svart bondegutt til hest vart første dyr skote på omlag 100 meter, og som ønsket var i nakken. Her brukte eg cull-rifla til Johan, ei Remington 700 i 223 rem lada med Sierre Blitzking. Serdeles effektivt verktøy for hovudskot. Neste dyr fekk og ei 223 kule i nakken. Vi hadde ikkje avstandsmålar, men vi var einige om at avstanden var ca 300 meter. Vi lukkast etter ein heil dag å komme på skothold av ein flokk med Oryx, og eg skaut ein yngre bukk. Desverre hadde kameraet mitt lagt på røret og var out of order. Alt i alt masse moro på 3 dagar i Afrika som resulterte i 1 Oryx, 2 Kudu og 9 springbuck:D
  19. Jo eg er med deg på den, men synest du at det er moralsk riktig å bruke kontroll av våpenoppbevaring som eit "pressmiddel"?. Tanken om du hvis du ikkje gjer som eg/vi vil (sjølv om ein har krav på dette etter loven)so må vi nok sende ein uniformert politibil med innhold på besøk til deg virkar for meg som noko som ikkje burde høyre heime hjå normalt oppegåande norske tenestemenn/kvinner. Mange synest nok at det medfører eit visst "ubehag" med politiet på besøk, og følgande vil nok mange unngå å gjere slik at ein kjem opp i slike situasjonar. Men er det då riktig at eg ikkje skal bry meg med at politiet gir totalt f... i forvaltningsloven pga at eg veit et eg kan rekne med besøk av politiet hvis eg seier noko? Er det slik vi vil at Norge skal fungere?
  20. Eg er ein av dei få som kan skilte med å ha hatt politiet på kontroll av våpen og våpenoppbevaring. Kontrollen gjekk ut på å sjekke serienummer på alle våpen mot deira register, og sjekke at våpena var oppbevart i fastbolta forsikringsgodkjent skap. Eg kan vel ikkje akkurat sei at politiet brøvde å vere diskre med tanke på naboar osv, den uniformerte politibilen vart parkert 4 meter frå vestlandets mest traffikerte veg(huset mitt låg 10 meter frå vegen). Tenestemennene var og fullt uniformerte. Dei opptrådde for so vidt professionelt og gjorde kun det dei kom for og på ein hyggelig måte, men den eine politimannen spurte meg fleire gangar om kvifor eg hadde so mange våpen og kva eg skulle med dei. Eg svarte selvfølgelig heilt ærleg at eg hadde tenkt å skyte med dei. Det som er innteressant etter mitt syn er foranledningen til denne kontrollen. Den direkte årsaken til kontrollen var at eg 6 veker før hadde søkt om ervervstillatelse på 4 våpen. Etter 5 veker hdde eg ikkje hørt noko, og kontakta lensmannen for å kreve at saka vart behandla etter forvaltningslovens §11a. Eg hadde fleire gonger i førveien hatt problem med at forvaltingsavdelinga hjå Sogn og Fjordane politidistrikt og var passe lei at dei ikkje tok hensyn til dei lovene dei var sett å følge. Det tok no ikkje meir enn 2 dagar før eg fekk svar på søknadane. Der stod det at alle mine våpenkort kom til å bli tilbakekalt om eg ikkje kunne dokumentere aktivitet og behov (noko eg selvfølgelig kunne). I tillegg stod det ein del som ville fått håra til å reise seg på einkvar objektiv person med ein viss forståelse for korleis Noregs lover og forskrifter fungerar. Til slutt stod det at det kom til å bli gjennomført kontroll av oppbevaring. I kortform: Den nye saksbehandlaren på forvaltningsavdelinga ville redde verden og såg sin mulighet til å ta frå ein aktiv skyttar og jeger nokre våpen. Desverre meinte vedkommande at måten å gjere dette på var å "skremme" personen slik at han ikkje "turte" å søke på fleire våpen. Denne teorien vart for meg ikkje bere forsterka, men bekrefta det neste året etterkvart som saka om dei 4 våpena pågjekk. Oppførselen til vedkommande saksbehandlar var av ein slik art at ag såg ingen anna utveg enn å kontakte Politidirektoratet. Problemet var rett og slett det at vedkommande saksbehandlar hadde gått opp for idear å nekte meg desse 4 våpena, so løysinga var å begrave papira i ei skuff og nekte å sende avslag (for det kunne eg jo anke på) svar på brev osv. Merkelig nok tok det frøkna mindre enn 7,5 time å gjere ferdig saka(med eit fantastisk velbegrunn avslag) når ho mottok første henvendelse frå POD. Saka enda med at eg fekk medhold i anken frå POD,og saksbehandlar ei innføring frå samme instans om korleis søknadar (og folk) skal behandlast. So for dykk som synest at det er heil ok at onkel kjem på besøk for å sjekke om du har svin på skogen (hmm..har dei egentlig tid til det då?, har ikkje dei stor mangel på ressursar til å bekjempe kriminalitet?) so lykke til. Desverre trur eg ikkje dykk har forstått alvorligheten i dette. Men for dykk som synest dette er kjempegreier er det bere å smøre seg inn med vaselin å ta det med eit stort smil. Min respekt for ordensmakta er i alle fal på eit botnnivå etter dette, eller eg kan vel sei lik null. Og for dei som lurer, ja politiet la ned alle desse ressursane i å halde helvete med ein person som ikkje har so mykje som ein flekk på rullebladet!
  21. hjort : 12 springbuck : 11 blesbuck : 8 bushbuck : 1 Impala : 2 blue wildebeest : 2 kudu : 2 Oryx : 1 kanin : 1
  22. Bur du ytterst i Sognefjorden, eller jaktar du kun der?
  23. Det vart til at taxidermering og trofe vart nedprioritert. Til gjengjeld var moro-faktoren høg
  24. No har ikkje eg vore på jakt i Afrika meir enn 2 ganger, men har gjort meg opp nokre meiningar. Å anbefale eit kaliber som skal dekke det meste er ikkje enkelt, spesielt med tanke på at skyteavstandane kan variere ein god del frå område til område. På min förste tur til RSA brukte eg 375 h&h og alle dyr vart skotne på mellom 70-200 meter. I områda eg jakta i her var det stort sett litt busker og kratt som gjorde det mulig å snike seg inn på dyra bere ein tok seg tid. Dei store opne slettene i Namibia var noko heilt anna. Her var det mange plassar ikkje so mykje som ei busk og det var soleis nesten umulig å komme inn på det ein vil kalle normale norske jakthold. Her vil eit flattskytande kaliber komme til sin fulle rett. No er eg i utgangspunktet ikkje nokon tilhengar av kaliber med ekstrem hastighet, då ein treffer like godt om ikkje farten er so hög. Men på eit viktig punkt drar eit flattskytande kaliber det lengste strået og det er hurtigheten. Med det meinar eg tida ein brukar för ein kan löyse skot. Ingen problem å treffe springbucken på 300 meter med 358 win hvis ein er 100% sikker på avstanden (les:brukar avstandsmålar), problemet er det at ofte her ein ikkje tid til å "dille" med slikt, ein må ta sjangsen der og då. Då kan det vere greit med eit kaliber som skyter flatt og som fortsatt kan gje eit godt treff om avstanden vert beregna 30 meter feil. Til denne typen jakt ville eg valgt eit flattskytande kaliber og skote inn börsa på 300 meter. PH'en eg jakta med meinte at det ideelle kaliberet for plainsgame måtte vere ein eller anna 300 magnum. Til culljakt (avskytingsjakt) er 22-250 eit meget populärt kaliber og sikkert ikkje uten grunn. Slik jakt krever at ein skyt kun hovud/nakkeskot, og når holda ofte er på 2-300 meter er det kjekt med eit flattskytande kaliber.
  25. Har du rette kontaktane treng ikkje Afrikaturen bli so dyr! Eg sit no i loungen i Cape Town aa ventar paa flyet nordover. Har vore ein mnd i Namibia paa jobb, og tok meg likegodt 4 dagar paa jakt for eg sette nasen heimover. For dei 4 jaktdagane betalte eg 18000 rand inkludert alt (mat, opphold, tracker etc,). Daa kunne eg skyte det eg ville ( innanfor rimelighetens grenser) av springbuck, stenbock, kudu og oryx. Resultatet vart 9 springbuck, 2 kudu og ein oryx. Her fekk eg sjolv bestemme jaktform, og jakta eindel paa eigenhand. No venter eg paa at det skal dukke opp ein "problemelefant" i Botswana som kan ende sine dagar for 15000,- nok.
×
×
  • Create New...