Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Ein ting er i alle fal sikkert. Eg likar tanken bak denne jakta då det desverre er slik mange plassar at du må enten vere grunneigar eller villig til å betale (altfor masse). Denne typen jakt vil opne for at ferske jegerar kan komme seg på storviltjakt for ein rimelig penge. Merkelig at ikkje fleire har tenkt på dette, som oftast det jo leige av terreng i minimum 1 veke osv
  2. De fleste terrenger på vestlandet har hjort nokk til å fylle opp et kjølerom Hvordan går det med monteringen av kjølerommet ? Hva er brukernavnet til jaktkompisen din fra flekke ? Vel, her nede i Spania får eg ikkje gjort so mykje med det Tenkte å begynne på det når eg kjem heim om 3 veker om kompanjongen får tid innimellom vårarbeidet på garden. Han har nok ikkje noko brukarnavn her på forumet, trur nok internett er mest til pynt der i huset
  3. Har sjølv prøvd bushbuckjakt og eg skal vere so ærlig at eg pumpa har aldri slått so fort på noko anna jakt. Å gå gjennom 1,5 meter høgt buskas å vente på at ein forbanna bushbuck skal hoppe på deg er temmelig nærvepirrande! Trur det gjekk maks 0,5 sek frå dyret tok ut på 7!!meters avstand til den hadde ein 375 Barnes-X i nakken. Har aldri vore so kjapp på avtrekkaren før
  4. No er det vel ikkje mange plassar på vestlandet som kan skryte av å IKKJE ha hjort på terrenget Kunne ikkje dy meg
  5. Eg ville valgt 338 winmag. Eit fantastisk universalkaliber som duger til alt på denne jord som ikkje har snabel eller veg over 1,5tonn. Skulle eg valgt eit kaliber til alt bortsett frå big5 står 338 win meget høgt på lista. Magnumnavnet har egentlig ikkje noko betydning på denne patrona, du kan sjå på den som ein stor 30-06. Med andre ord brukbart på alt, og ikkje minst store dyr der 30-06 blir i tammaste laget. Ein anna fordel synest eg er at du for veldig mykje power i forhold til rekyl i 338`en. På papiret skal 375H&H og denne vere neste like, men eg synest rekylen i 338 er vesentlig mildare. Og ja, eg snakkar av erfaring. Har skote eindel skot (og storvilt) med dette kaliberet
  6. Eg har prøvd ein god del handvåpen og etter mitt syn er det eit våpen som skil seg ut frå mengden når det er snakk om våpen til 3-5000,- og det er Unique Des 69 (og 96). Har skote mange tusen skudd uten ein einaste feilfunksjon eller klikk. Dei virkar kvar gang, og det er eit våpen det er mulig å skyte heilt i toppsjiktet med. Dette våpenet er laga i Frankrike, og for dei som får umiddelbare tankar om fransk bilkvalitet, kan eg trøste dykk med at dette våpenet har ein kvalitet som er heilt topp. Desverre er dette våpenet kun eit alternativ som brukt då fabrikken etter det eg veit er lagt ned. Når det gjeld Baikal og Walter (samme pistol med ulik skjefte og navn) har eg hatt ein slik. Fantastisk bra våpen å skyte med, bere synd at det ALLTID var funksjonsfeil med den. Eg hadde so mykje problem med min Walther at eg ikkje såg anna utveg enn å heve kjøpet hos Stenvåg (importør).
  7. Som sagt benytta eg den gode gamle M77 militærstøvelen med strikkasokkar innvendig. Det var nokon som rista på hovudet av strikkasokkar i afrika, men dei gjer til at det blir meir luftig i fottøyet. Eg blir veldig fort klam på føttene, men med denne kombinasjonen var eg tørr dagen lang. Eg brukte langarma skjorte og bukse som eg stappa ned i støvlane.På denne måten unngår ein at flått og anna faenskap kjem seg under buksa. På ein tur til Namibia brukte eg joggesko, men syntest ikkje det var noko særlig. Mykje lettare å skrape seg opp på busker og kratt. Ellers vil eg anbefale deg å ta med hanskar. Greit i områder med tornekratt, og ikkje minst for å beskytte hendene når desse ligg mellom børsa og steinete underlag ved skudd
  8. 25-26 April er vel den som er mest aktuell i so tilfelle. Eg må sjekke NSF terminlista slik at ein ikkje dobbeltbookar bana
  9. Skal ein til Førde frå østlandsområdet er det etter mi meining bere tull å ta buss eller kjøre hvis ein er aleine når Widerøe har bilettar til 1500,- tur/retur. Er ein fleire som reiser ilag blir selvfølgelig saken ei anna. Det som er greit med å arrangere stevne i Førde er at det ligg ganske "sentralt" til på vestlandet. 2,5 time til Bergen og 3,5 time til Ålesund med bil. Eg er heilt sikker på at vi skal få til dette om nokon er villige til å ta på seg RO-oppgaver osv. Saken er den at vi er ein ganske fersk klubb,med ferske skyttarar som ikkje har skote so altfor mange stevner so assistanse frå nokon som er litt meir drivne i faget er absolutt ingen bakdel!
  10. Våre baneforhold er ganske ok. Vi brukar ei NSF 25/50m bane som er omlag 40 meter i bredde avdelt på midten med ein 2m høg jordvoll. Ein kombinasjon av sivilpistol og eit lite ipsc stevne høyrest veldig innterressant ut. Kor mange deltakarar bør ein ha for at noko slikt skal vere aktuelt?
  11. Eg har ikkje prøvd den, men eg har meget vanskelig for å tru at du kan få meir kikkart for pengane enn med ein Meopta Meostar.
  12. Henger meg på den. Kontakt Shadob og la han ordne tur til deg. Du kjem garantert til å bli fornøgd! Det vart i alle fal eg og dei andre som reiste med han til EC i fjor vår
  13. Når nokon melder seg som kan ta på seg å vere RO skal eg komme med ein dato
  14. Stevne blir holdt i Førde i Sogn og Fjordane. 45min med direktefly frå Gardermoen. Med dagens bilettprisar skulle det vere mulig for dei fleste å ta turen. Når det er sagt er vi ein liten klubb so det begrensar seg kva vi er i stand til å arrangere, men om fleire er interresert i å ta turen burde det jo gå an at andre meir drivne i sporten hjelper til med å vere RO og liknande. Hadde jo vore kjekt med eit stevne med meir enn 6-7 deltakarar
  15. Stevne skal eg arrangere, men då har dåke jaggu meg å møte opp og!
  16. Etter 3 år med tørke i våpenhandlinga var det rett og slett herlig å sitte med innvilga søknad på revolver i 38 special til sivilpistol 4. Eg har frå før ein Smith&Wesson mod 14-6 i 38 special, men denne kan ikkje brukast til sivilpistol 4 då det i denne klassen er begrensing på 80mm løpslengde. Løpslengde er einaste fysiske begrensinga på siv4 (bortsett frå kaliber) so ein står ganske fritt til valg av revolver so lenge løpet ikkje er lenger enn 80mm. Eg var i utgangspunktet veldig lysten på å kjøpe ein av dei nydelige variantane til S&W bygd på J-ramma, men etter å ha tenkt meg om fant eg ut at reint konkurransemessig ville det nok utvilsomt vere ein fordel å gå eit hakk opp, rettare sagt til K-ramma til S&W. K-rammene til S&W er for mange kjent som det mest optimale å bygge gromme felt og PPC-revolvarar på, og det skulle ikkje vere noko i veien for å bygge ein bra siv4 av denne ramma. Det finnast uttallige modellar bygd på K-ramma og dei "grommaste" variantane for mange er mod 14/15 som Smith&Wesson i si tid kalla "Masterpiece", mesterverk på godt norsk. Desse modellane var påkosta meir handverk og var meint som eit konkurransevåpen rett ut av eska. Som sagt så gjort. Markedet vart tråla for S&W og heilt tilfeldig hadde Jakt&Friluft ein nærmast ubrukt S&W mod 14-3 som dei kunne avsjå for 3000,-. Søknad vart sendt, og nokre dagar seinare dukka denne saken opp i posten. Her i lag med ein kamerat. Smith&Wesson mod 14-6 som er den siste versjonen av mod 14 og som har full underlug. Som ein kan sjå av bileta er ikkje revolvaren klar for Sivilpistol enda. Løpet må kortast ned frå 6 tommar til 80mm. Dette burde vere ein enkel sak for ein kompetent børsemakar med baufil. Nokon som har forslag til kven som bør ta seg av å kappe løpet og flytte framsiktet?
  17. er jeg veldig skeprisk til' date=' kammeratene dens kjenner vel de fleste fra Norma forbedret elite. Ypperlig til trening, etter min mening ikke god om man ikke lader noe redusert da til jakt.[/quote'] No skal eg vere forsiktig med å uttale meg då eg ikkje har noko særlig praktisk erfaring med denne kula (kun skutt 30-40 storvilt med den). Men den har alltid virka bra for meg i dei hastigheitene 375 opererar i. Det største problemet med Interlock er prisen. Sidan prisen er lav er dette synonymt med at kula ikkje er brukbar. Det samme problemet vil og Nosler Accubond ha, den kostar jo i enkelte kaliber under 5kr/stk so eg kan ikkje sjå anna enn at denne kun er brukbar til treningsskyting (sjølv om eg har drista meg til å skyte 11 hjort med den..).
  18. Eg har hatt Leupold 3-9x40 på begge mine 375H&H. Når eg hadde 375`en med til Afrika til jakt på plainsgame synest eg 3-9 var heilt perfekt. Litt etter kva hold ein føler seg komfortabel med å skyte på, men eg synest 5x blir litt lite på springbuck på 200 meter og ut.
  19. Den danske var konstruert for å skyte ein kravepatron (8x58RD). Denne patronen har tilnærma samme bunnmål som 45-70/90. Den norske var konstruert for å skyte kraveløs hylse (6,5x55)
  20. Ein kar i nabobygda hadde denne opplevelsen med ei Krag i 22lr for ca 20 år sidan. Han var ikkje so heldig og har måtte nøya seg med å sjå i "mono" dvs glassauge etter denne episoden. Det var vistnok eit fæla oppstyr den gang då skyttarlaget som eigde våpenet vart stilt annsvarlig. Konklusjonen etter var etter det eg huksar skarp kant/feilbearbeiding av utdragar slik at ein fekk bruddanvisning på hylsa.
  21. Eg har brukt 235 grs Barnes TSX og 300 grs Hornady RN. Begge virkar like bra, men for å vere politisk korrekt bør eg vel sei at TSX`en er eit utmerka valg
  22. magnumlars

    BUL M-5.

    Eg er ingen ekspert på M5 men når det vert nevnt slark mellom sleide og ramme kom eg til å tenke på ein test i Vapentidningen for nokre år sidan der 2 ulike versjonar av M5 var testa. Der meinar eg dei kommenterte at våpena hadde eindel slark mellom sleide og ramme, men leverte på tross av dette meget god presisjon
  23. Lee sitt kruttmål er nevnt, men ser ut for at dette ikkje er plankekjøring om eg vil ha automatisk dosering. Dillon er og nevnt. Er der fleire alternativ?
×
×
  • Create New...