Jump to content

Mauser M98 til overhaling/oppussing


Recommended Posts

Hei alle saman!

 

Nytt medlem og fyste post.

 

Eg har vore mykje innom forumet og tatt inn både tips, triks og gode råd. Eg tenkte no at eg skulle kaste meg ut i det med eit prosjekt sjølv. I utgangspunktet er det nok av trådar her eg kunne jobba ut i frå, men eg har kome over eit problem eg treng litt hjelp med.

 

Litt bakgrunnsinfo:

 

I sommar arva eg ein Mauser M98 6,5x55 av min svigerfar. Det eg har tenkt å gjere med den er å heve kolben (då denne er for lav), og lakke om stokken (Duracoat?). Ynskjer å ferdigstille prosjeket ila august, då eg har tenkt å bruke denne rifla på jakta no i haust.

 

2qdq2rr.jpg

 

Til oppskyting ordna eg ei provisorisk løysing på kolben med sundolitt og maskeringstape, men eg ynskjer å ha ei meir permanent løysing. Aannerud si løysing vist i denne posten: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=55792url er nok det eg tenke å gjere sjølv.

 

jakzzq.jpg

 

Det eg stussar over er at trevirket lekk noko so ser ut som kvae/sevje. Eg har byrja å pusse ned stokken, men ser at det kan kanskje bli eit problem å lakke den om trevirket støtt og stadig lekk. Koss får eg dette til å stoppe?

 

ztw6io.jpg

 

 

Utover det ser at det er mange so legg sjela si i å lakke stokken, eg skulle gjerne gjort det sjølv på denne, men tenke at sidan dette er fyste rifla i stallen, so får det heller bli ei prøve/feile-rifle. Er det noko som tilsei at Duracoat ikkje er vegen å gå på denne?

 

 

På førehand takk for svar!

 

 

 

 

(Då eg er noko fersk so er det ikkje alt av fagspråk so sit, er eg på bærtur so sei gjerne i frå).

Link to comment
Share on other sites

Må nesten si meg enig med razumny , bruk tida fram mot jakta til å planlegge og skyt MYE !! , bruk vinteren til å bygge

Mauser prosjekter har en tendens til å bygge litt på seg , Duracot var overaskende enkelt og annbefales

 

Mr Raudnakke har noen gode tråder om tre arbeide , les men advarer deg : før jeg las trådene hans hadde jeg bare syntetiske stokker . nå er alle uten om en byttet ut med nydelig tre , noen er pusset opp og noen venter på en lang vinter med pussing og olje

 

Nå før jakta ville jeg tatt en forsvaret spesial , skumgummi og gaffateip . bygg opp kolben . stykt som fy men du mister ikke en dag på bana .

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

 

Min erfaring med sånne prosjekt er at det har lett for å balle på seg.

Tar du den så tar du den.

Jeg begynte et slik prosjekt med ambisjon om at det skulle bli billig. :winke1:

Vil helst ikke regne sammen hvor mye det ble. Kan ikke det. :overrasket:

Men du kan få et unikt våpen, annerledes enn andre har.

 

Link to comment
Share on other sites

Takk for svar.

 

Eg er einig i at ein ikkje bør gape for høgt, i alle fall no rett før jakta. Veit so altfor godt at ting ballar på seg, so minst mogleg arbeid akkurat no er sjølvsagt å foretrekke.

 

Kolba eg linka til var då ei av Annerud si, og skulle gjerne sett at mi eiga var i orden før jakta. So får eg heller ta vinteren til hjelp med stokken og lakk.

 

Hadde likevel vore greit å vite kvifor trevirket "blør" slik, og kva ein kan gjer (når den tida kjem) for å få bukt med det..?

 

Eg ser fordelen med å kjøpe ein ferdig stokk, feks KKC, og spare seg for arbeid på den måten.. men der igjen er eg av typen so syns litt arbeid er heilt greit.

Link to comment
Share on other sites

Hallo

 

 

Mauser prosjekt har jeg sansen for:) Gøy og se du vil bruke samme patent som meg på skinnstøtta, den er forholdsvis enkel! ift. og risikere noe før jakta kan du gjøre så mye som mulig ferdig før du skjærer i stokken. Lag festeplata som sitter på undersiden av skinnstøtta, dette er en aluminiums plate med 3 (M6) gjenge hull og 2 fritthull for treskruer. Når dette er i boks burde du klare resten iløpet av noen dager og da har du ganske kontroll på om det lar seg gjøre før jakta:)

 

 

 

Mvh

Aannerud

Link to comment
Share on other sites

Raudnakke: Det var noko slikt eg såg for meg, men ikkje godt å vite kva den hadde blitt dynka i. Takk for tips!

 

Aannerud: Håpe eg ikkje bryt nokon copyright ved å kopiere patenten!

Bør eg gjere eit tilsvarande snitt, eller bør eg følge forma på kolben so er der frå før? Den er jo allereie bygd opp litt originalt, men eg treng i underkant av 2cm til for at den skal passe. Tek i alle fall i mot rådet ditt med å ordne delane før eg byrjar på sjølve kolben!

 

Tenkjer uansett å sette i gong i neste veke.

Link to comment
Share on other sites

En god gammeldags metode, som virker like godt i dag, for å trekke gammel olje ut av et skjefte er å bruke ”whiting” eller kalsiumkarbonat. Bland pulveret til en tynn pasta med metanol, aceton, toluene eller lignende. Stryk pastaen på skjeftet. Litt forsiktig oppvarming hjelper. Pastaen vil trekke til seg oljen omtrent som et trekkpapir. Gjenta til pastaen ikke blir brun av oljen.

Link to comment
Share on other sites

Eg endte opp med å bestille eit emne på nett, då eg fann ut at eg vil at kolba skal vere justerbar.

 

Det blir då i fyste omgang å få kappa kolba og få montert dette når det er mottatt. Har snust litt på ei kontursag for å gjere den jobben, då bandsag ikkje er noko eg har lett tilgjengeleg.

 

Nokon so har brukt ei kontursag til kolbekapping? Eller skal eg kaste meg ut i det med stikksag? Minuset med stikksag er at bladet kan fort bli for kort. Tips?

Link to comment
Share on other sites

Du får kjøpt ekstra lange blader til stikksag!

 

Faren er at du kan risikere å sage skjevt!

Båndsag er nok Kongen her!

 

Å litt usikker på kontursag å hva i huleste det er?

Hvis det er det som i min oppvekst het Løvsag, da går det nok

Hvis du tar tiden til hjelp, og forbereder deg på litt pussing i etterkant!

 

Joda

Link to comment
Share on other sites

Eg fann noko trevirke og prøvde med stikksag for å sjå korleis det gjekk. Resultatet var ikkje so aller verst, men eg ser at eg vil gjerne ha litt meir kontroll når ein fyst skal gjere det på sjølve kolba.

 

Raudnakke har eit poeng med at ei kontursag mest truleg ikkje har høgt nok gap til ein kolbe, so då blir det å ta tida til hjelp og bruke den gode gamle løvsaga.

 

Angåande å senke kikkerten. Eg har vurdert det, då det er omlag 1 cm klaring frå løp til kikkert, men minuset er at eg trur det blir for knapt for hevarma då. Eg må likevel opp 1 cm på kolben..

 

2a8n9mv.png

Link to comment
Share on other sites

På bildet ser det da ut som du har den centimeteren og vel så det mellom hevarm og okular hvis du senker siktet.. Absolutt det første jeg ville ha gjort, siden det tiltaket også reduserer vinkelfeil på treffpunktet hvis en ikke klarer å holde børsa i eksakt samme vater som den er skutt inn med fra skudd til skudd..

 

Det finnes en teknikk der en laminerer en kolbforhøyer direte på kolben med 1lags finer på 1-2mm..sal se om jeg finner den svense prosjekttråden der det er gjort. medmindre du stadig bytter sikter, ser jeg ikke helt vitsen i en justeringsmekanisme som i tillegg til kostnader også tilfører børsa vekt.

 

En meget kjapp og effektiv hurtigløsning er en sånn elastisk patronholder til å tre over kolben. under denne bygger du opp høyden med remser av sitte/liggeunderlag slik at ting passer. Dobbeltsidig teip mellom disse lagenesamt mellom oppbyggingen av kolben og selve kolben hindrer dette i å skli. når patronholderen så er tredd over, ser dette ut som hel ved :wink:

 

Bonus: Utrolig deilig varmt å legge kinnet mot ved skyting på kalde vinterdager..

Link to comment
Share on other sites

Kva er absolutt minimum avstand frå hevarm til kikkert? Den kan jo ikkje kome for nær av praktisk årsak.

 

Eg ser dog gjerne på den lamineringsprosessen om du finn den att. Ein av grunnane til at eg ville enten heve kolben permanent, eller montere ein justerbar mekanisme, er prosjektet i seg sjølv. Eg trur ikkje vekta blir nevneverdig mykje høgare med den mekanismen eg har bestilt. Får sjå når den dukkar opp i posten.

 

Edit: Justerbar mekanisme motteke, kolbe kappa og montert. Bilete kjem.

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

140ywl5.jpg

Bestilte denne på Ebay..

 

1zwdtns.jpg

.. og slik vart det sjåandes ut ferdig montert.

 

oaqkig.jpg

Den er lagt opp til å kunne justeres sidevegs, men eg synes plata i topp vart litt for tjukk og valde heller å felle den litt inn.

 

Elles har eg slått frå meg å køyre Duracoat på akkurat den her, i alle fall på stokken. Eg tenker det heller blir eit lite oljeprosjekt når sesongen er over. :smile:

Link to comment
Share on other sites

Har ikkje link her og no, men søkeord var "adjustable comb raiser" og loppa meg for 350,-. Kunne sjølvsagt ha laga ein sjølv, men mangel på utstyr her og no gjor det her til beste løysing.

 

Takk for all tilbakemelding so langt. Eg får oppdatere tråden når eg byrja å olje stokken :)

Link to comment
Share on other sites

Det var den, ja. Eg fekk ingen fortollingsgebyr, og selgar betalte frakt, so ca. 350,- var totalen på den.

 

Eg vurderte den hjå justerbar.no, men når eg fekk det levert frå Irland kjappare enn lokalt, pluss at eg sparte litt på det, so var det ikkje mykje om og men..

 

Eg lurte òg på om det kom til å bli eit problem med at den er glatt, men so langt sit den godt når ein tightar ordentleg til. Einaste er at eg kjem til å bytte ut skruane med nokon so eg kan skru med fingrane.

Link to comment
Share on other sites

@SofaBamse: Foreløpig er det ikkje behov for det. Den sit faktisk godt utan å gjere noko inngrep.

 

@razumny: Eg hadde jo tenkt i utgangspunktet å køyre fast heving på kolba, men angrar ikkje på at eg gjorde den justerbar. Du får slenge opp ein tråd om du vel å gjere det same :winke1:

 

@Jeger'n: Justerbar.no sin Model 1 er klart meir forseggjort i utsjånaden, og er kanskje litt lettare å montere med tanke på at det berre er eit emne og ikkje to uavhengige som skal monterast. Eg er likevel nøgd med den eg kjøpte og nøgd med resultatet òg. Eg brukar no to litt for lange skruar eg fann i verktøykassa, tenker eg kappar dei til ønska lengd og benyttar meg av dei i staden for dei originale.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...