Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. For meg som allerede har fått tinitus i ung alder var poeng meir behageleg våpen og skyte med og VISS eg ikkje har fått hørselverna på etc så gjer det mindre skade for ørene Skaut ein i år uten hørselvern og då er eg sjeleglad for at eg har dempar.
  2. Kjøpte meg grs til eine rifla som eg har brukt i høst, heilt vanvittig god stokk og skyte med etter mi meinig☺fantastisk grep, god kinnstøtte med justering og utruleg god balanse i stokken. Tar opp rekylen perfekt☺ Blir nok grs på den andre rifla og no etterkvert☺vel verdt pengane etter mi meining. Eg syns dei er kule og men det er jo alt etter ka ein liker.
  3. Gratulerer med hjortefall Ruger #1 Eg har eindel bilder eg tenkte legge ut men photobucket er stort sett nede heile tida?Fekk lasta inn noken ein dag men har ikkje komt meg innpå igjen sida det.
  4. volvobrage

    Brno zkk-601

    Boyds stokkane er vertfall god kvalitet for lite pengar Men må vel bestille ein unfinished no for og komme under 100 dollar grensa. Ikkje skrot rifla vertfall Kjempe gode rifler av god kvalitet
  5. Har du observert storbukken i brunsten?? Kan være den er i området men trekker ut når brunsten startar
  6. Stilig rifle mojo Ka veger den sånn som den er på bildet med dempar? Bruker du rifla i skogen på jakt?
  7. Okei skjønner Hadde eg vært deg hadde eg ikkje kjøpt fast forstørring, er veldig greit på hjortejakt og ha mulighet for og zoome litt og studere dyr osv og. 3-12 burde passe deg bra?
  8. Når du skriver hjortejakt er det eit vidt begrep Snikjakt, drivjakt, bøjakt?? Eg driver med bøjakt og drivjakt. Har to rifler til kvert sitt bruk Bruker ofte x6 på post på drivjakt men mange postar krever rett og slett x3, riktignok med 42mm opning. Samme når eg jagar, då kjem hjorten veldig ofte tett på og x3 er ein fordel.
  9. Har styrt litt på gevira eg har liggande for og få dei på plate Kjøpte to heimelaga plater av ein kar i bygda. Veldig fine, men dei var for korte når eg har med heile nåsa på skallen. Så brukte dei som mal for og lage mine eigne Har rett og slett berre forlenga nasepartiet litt. Skjærte først ut ein som eg brukte til mal og testa litt fresing på. Eg har kjøpt håndoverfres og fresar på biltema. Veldig fornøgd med begge deler til no!Her er andre plata som blei heilt ferdigstilt Før pussing med pussepapir. I dag har eg skjært ut alt eg hadde plass til og frest ei plate til Ga vekk ei plate til ein kompis som skaut ein fin bukk her i helga som han skulle koke og få på veggen
  10. volvobrage

    M67

    Skjønner godt ka alle snakkar om her, eg drømmer ofte om sauer og blaser Men eg har skutt eindel hjortar etterkvert, tre med gammal mauser og resten med Brnoen. Ingen tvil om at dei funkar Og ingen tvil om at det er ein eigen sjarm med sånne våpen på jakt Kjem vertfall aldri til og selge noken av mine våpen sjølv om eg kansje kjøpe eit nyare seinare. Mauseren er kraftig påkosta og Brnoen blir det til neste sesong visst alt går etter planen Men ka gjer vel det?Folk kjøper nybil og selger med 100 000+++ i tap noken år etterpå. Ka gjer vel 15k på eit våpen ein får mykje glede av og kan gi videre til ungar seinare i livet med god samvittighet? Det er tross alt ein hobby vi driver med Det skal være gøy og summen skal ein ikkje tenke på.
  11. volvobrage

    M67

    Ein kar i jaktlaget har ein M98 han brukar. Den har orginal stokk som er letta og korta inn framme, fluta løp med ganske normal profil og lengde, aluminiums underbeslag og aimpoint Han visste ikkje vekta, men skal eg tippe så er den rett over 3kg. Den er utruleg lett og hendig!!
  12. Brøler heime enda og Det starta tidlig også dabba det totalt av i ein varm regnperiode. Så når finværet kom i oktober begynte det for fult. Litt seinare ein vanleg men bedre seint ein aldri. Har aldri lokka inn bukk men har hatt fleire brølebukkar på nært hold då eg har plassert meg i trekket deira. Dei springer mykje att og fram i brunsten.
  13. Den er litt tung, men eg har 50cm løp med atec Maxim dempar på. Den demparen er tung så hadde nok spart litt vekt på kortare løp og lettare dempar. Sjølve stokken er ikkje mykje tyngre ein orginalt Kan vege den i helga viss eg husker det. Absolutt ingen problem og ta ladegrep Tenker ikkje over det i det heile tatt, og på jakt går det fort. Det er så god plass i og rundt tommelhola at ein finner vegen tilbake naturlig.
  14. Eg har ein boyds thumbhole Stock på Brnoen min Veldig fornøgd med den stokken. Har lagt på litt material i grepet då eg syns det var for langt bak i forhold til avtrekkaren, og bytta til tjukkare kolbekappa. Har kolbeforhøgar som er festa med borrelås. Funkar veldig bra Eg hadde ein mauser stokk som var tilpassa med epoxy osv på først. Den hadde to grove sprekker fra eg overtok den frå pappa. Begge to vokste noken mm i året og tilslutt valgte eg og bytte stokk. Kjøpte då ein orginal stokk som eg fekk bedda osv. Første sesongen sprakk den og rekk bak låsekassa og ned mot grepet. Var då eg bestemte meg for og kjøpe Boyds stokk og har ikkje angra på det Det at den er lakkert og dermed vedlikeholdsfri er eit veldig pluss for meg då eg bruker rifla i allslags vær og i bratte lier heile høsten. Greit og sleppe og holde stokken vedlike Spørs litt ka stil du tenker med rifla. Eg har tenkt på ofte at eg skulle fått laga ein klassisk trestokk til rifla sida den betyr mykje for meg. Men ser liksom for meg at den blir ståande i våpenskapet då sida den er veldig god og skyte med sånn den er no. Eit fantastisk våpen eg har skutt mange hjortar med Einaste eg savnar er lettare tilgang på dill til den. For eksempel avtrekket er slarkete. Men vanskeleg og få tak i nye delar så må nok fiske det som står på. Kunne og tenkt meg nytt underbeslag i aluminium f.eks for og spare litt vekt.
  15. Var framme i dalen ein kveld og kikka litt når eg såg ein bukk som låg og slappa av. Låg heilt i ro og såg på meg sikkert 15 minutt, hunden bjeffa litt på den og eg gjekk att og fram og surra. Var ikkje antydning til at han reiste seg. For fram dagen etterpå for og sjekke at han ikkje var skada og låg der enda. Bukken var vekke men fann ein død kalv på bøen. Var ei enorm ørn der og mykje ravn og kråker som forsynte seg av den. Den var ikkje blitt heilt stiv enda sjølv om den var kald så har nok dødd iløpet av natta. Fant eit hol rett bak bogen som minna veldig om stanging. Fann ein bukk for noken år sida med akkurat samme hol og plassering berre at han hadde tre hol. Det var ikkje utgangshol så trur ikkje det er kulehol. Lungene var heller ikkje skada på samme måte som etter skudd. Ser for meg innpåsliten/i vegen kalv som får ein dytt frå ein bukk som vil ha kolla for seg sjølv. Bukken eg skaut forrige helg er ferdig kokt, tenkte dele to bilder av resultatet Manglar bleiking, trur det blir veldig bra til slutt Her er bukken eg skaut i fjor til venstre, den er klar til kapping og bleiking og Har nasebeina, dei skal limast på. Mistenker at noken har trakka på den mens den har låge på løa og knekt dei av... Lørdag som var fekk vi 6 hjortar totalt! God fangst på 13 mann. Eg skaut ingeting men såg totalt 6 stk så veldig spennande dag på fjellet Ein av to spissbukkar som naboposten min skaut Litt til venstre for tjønna der var neste post, han skaut ein 2,5 åring og to spissbukkar Spissbukkane kom ilag etter at jaget var så godt som slutt, eg sto der eg tok bilde og følgte med på heile seansen. Utsikt over "fossedalen"! Spissbukken eg, pappa og brodern slakta og bærte heim igjen
  16. Det har blitt meir hjort i høst! Skaut denna bukken etter at den var blitt skadeskutt ein lørdag på fellesjakta. Første skyttar ville ikkje ha geviret så det tok eg med meg heim Sida det var eg som hadde dødelig skudd på den førte eg den opp i protokollen og det var min hjort nr.70! Har skrivd meir detaljerte historier i hjortejakt tråden Det blei ein kalv og 4. Oktober Flådde skallen på bukken for og koke den. Har alltid latt naturen gå sin gang med bukkane eg har skutt før så var litt spennande og prøve koking for første gang Gjorde ganske mangen feil i denna prosessen Burde fjerne underkjeve og kappa skallen med ein gang. Så burde eg hatt ein mindre kjele. Fekk vatnet rett og slett ikkje til og koke. Det var nok heilt på grensen sida det småbobla litt, men ikkje full koking dessverre. Hadde eg kappa skallen først hadde eg kunne tatt ut hjernen på forhånd og spart meg mykje arbeid der og. Sånn såg skallen ut etter at underkjeven var vekke og eg hadde hatt den i panna 3 timar x 2... Etter ein god rensking av det eg fekk vekk og kapping så blei den noke lunde. Her er ferdig resultat etter nok ei koking og mykje renskin/spyling renskin/spyling, osv. Blei vertfall veldig bra til slutt! Manglar kun bleiking no. Her ilag med fjorårets bukk som er klar til kapping Slenger med tre bilder frå helgas jakttur. Vi fekk 6 hjortar totalt! Eg skaut ingen men såg mykje dyr så det var ein spennande tur
  17. Til tidligare diskusjon kan eg dele at mi erfaring med fusion 308 er elendig!Brukte det ein sesong og hadde blant anna tre dyr samme morning på bøen med gode inn og utgangshol der det var hol i vomba. I eine dyret var heile ribbene fulle i kutt etter kule som splintra seg. Gjekk då over til federal Premium og har brukt det sida Utruleg fornøgd med dei skudda! På lørdag var det ny jaktdag Eg jagde etter og ha postert helga før. Såg ingenting på jaget dessverre. Brodern gjekk over meg og såg hjort i slutten av jaget. Fant spor på aktivitet i skogen på veg mot postane Nesten på slutten gjekk det to skudd inne på postane. Og deretter to til. Det var skutt to bukkar Den siste var rimelig stor meinte skyttar, han hadde trefft litt dårleg på første skudd følte og skutt ett til etterpå. Då datt den ned og blei liggande. Når vi jagarane kom fram og vi skulle finne bukken var den vekke Gjekk roleg på linje videre frå der bukken datt. Etter 60-70 meter såg eg bukken på mi venstre side, den låg og rista litt så tenkte den var ferdig. Ga beskjed til dei andre og tok på meg hørselvern når bukken plutseleg snudde seg og såg på meg før den raste avgårde i full fart! Det blei total kaving der eg fekk tatt ladegrep og reiv av meg igjen hørselverna idet eg heiv opp rifla Fekk skutt eit skudd høgt i bogen på den i fart så den datt. Sprang deretter opp til den og ga den eit skudd rett ned i nakken sida den fortsatt låg og heiv på hovet. Når heile opplegget var over viste det seg og være utruleg flott gevir på den!!Dessverre hadde den knekt eine midt taggen. Bukken var rimeleg stor og, den var nok ganske nært 120kg Det viste seg at første skyttar hadde rett følelse om første skudd, var treft for langt bak og kun gått i vomba. Andre skudd som gjekk av i fart hadde berre sneia framfoten, sikkert litt sjokk osv som gjorde at bukken datt. Når han såg den datt og blei liggande antok han sjølvsagt at andre skudd traff og. Fort gjort og være uheldig Men det gjekk heldigvis bra! Sida eg var siste skyttar på bukken med dødelig skudd fører eg den opp i protokollen min Første skyttar hadde null lyst på gevir så det fekk eg med meg heim! Min hjort nr.70 så litt stas og kunne henge den på veggen Eit bilde til av bukken Her er den andre bukken han skaut, lite gevir men 13 taggar på det. Tirsdag var eg ute på bøjakt, vi hadde eit dyr igjen på "bøjaktkvoten". Låg lenge her og hørte på brøling frå 4-5 bukkar. Bestemte meg då for og prøve og få dei i siktet istedenfor og gå for fangst Vi skyter ikkje store bukkar på bøjakt så det var kun for moro skyld. Såg først kolle og ein bra bukk som sprang over vegen 300 meter lenger framme når eg sneik meg framover. Så kom det ein flott bukk ut på eit opent beite ca 300 meter fra meg. Gjekk rett mot meg og brølte og busta seg, vanvittig tøft! Når den var på ca. 80 meters hold bestemte eg meg for og kapitulere Sneik meg heimover mot bilen. Ca. 100 meter frå bilen sto det kolle og kalv på eit beite. Sikta lenge på kalven som sto framfor kolla før den til slutt stega fram og stilte seg med breisida til Zeissen med opplyst retikkel er heilt fantastisk i skumringa, null problem og skyte Kula gjekk inn rett bak bogen der eg sikta men skeia mest truleg litt oppover og tok ryggen på kalven. Datt rett ned i smellen Hjort nr.5 for meg i år Godt lungetreff Ferdig slakta Bukkekalv som vegde 27kg. Så ett stemningsbilde frå suppekoking igår
  18. Her er ein bukk som blei skutt på Lørdag Broderen skaut og ein 2,5 åring på post Skyttar og bukk Han endte sine dagar rett atmed brunstgropa han mest truleg hadde begynt og bruke no Skaut som sagt ein spissbukk på mandag Satt her og venta, beite lengst framme i dalen. Brølte tre, kansje fire bukkar lenger framme og ein oppi lia litt heimafor meg. Den kom nærmare og nærmar uten at eg såg den. For og unngå overaskelsar fant eg ut at eg skulle gå heimover i skumringa Når eg kom opp i vegen kom det ein bukk med stort gevir travande heimover vegen!!Skvatt litt til når den såg meg, kom litt nærmare og svinga av vegen og opp i skogen. Kom på kolle og spissbukken når eg sneik meg heimover til bilen. Her er eg komt fram igjen med traktor for og hente spissbukken
  19. Her var det lenge sida sist! Har vært eindel på revejakt i sommar, både lokking og åte. Ikkje hatt suksess med det sjølv om vi veit det er mykje rev i området. Det kom ein stor, kolsvart rev på åte når brodern var der, men han fekk ikkje klart sikte på den dessverre. Slenger ut litt bilder Her er frå revelokking. Storfornøgd med mauseren og Zeissen, siktet er rett og slett heilt fantastisk i mørket. Og ikkje minst er det spennande med så høg zoom for og studere vilt, osv. Bilde tatt på lokking kvelden etterpå, 24x zoom på 300 meter + Her er rifla pussa og klar til hjortejakta! Og fangst blei det! Skaut ei fjorkolle første kvelden eg var på bøjakt, 8. september Det var ganske seint på kvelden og Zeissen gjorde verkeleg jobben sin! Lørdag 10. september var første jaktdag for jaktlaget Då skulle eg på post og trakk ein veldig god post nest øverst i terrenget som eg har skutt hjort på fleire gangar før. Men sida ein uærfaren trakk øverste posten bytta eg med han sida det er vanskeleg og finne fram der. Og det gjekk veldig bra!Kom ein fin bukk til meg heilt på slutten av jaget Dessverre hadde den knekt eine geviret heilt nede ved rota. Hadde vært ein fin 12 taggar ellers Ein plass mellom 100 og 108kg. Skaut den først litt skrått rett i fronten og avliva den med nakkeskudd pga posten er sånn at hjorten forsvinner ut av synet over deg viss dei fortsetter eit stykke. Bilde frå posten, bukken ligger rett over kikkertsiktet mitt Stolt skyttar med bukken Så fekk eg meg aadmount linsebeskyttara i posten etter tips frå Aannerud her inne Virkar til og være veldig god kvalitet, er tross alt livstids kvalitet på dei og. Passa perfekt Blei veldig lyse med blits på, er svarte med struktur overflate. Dei går laust innpå også skrur ein til ein umbrakoskrue for og stramme dei på kikkerten Genialt!! Så har eg kjøpt meg ei picatinny skinne frå Vertebrae. Planen er og bytte ut den skinna eg har frampå no og lage ein eigen tofot med versapod innfestning som eg bruker beina frå Atlasen på Syns ikkje Atlasen fungerer så bra til jakt så vil prøve og lage ein eigen. Rps tofoten er blitt så dyr at eg rett og slett ikkje gidder og kjøpe den Den fremste og bakerste skruen passar i dei hola eg allerede har i stokken Pinnen kjem litt langt bak då, men syns det er for gale og lage nye hol i stokken. Får heller justere innfestninga eg skal lage til tofoten så det passar ihop På mandag var eg på bøjakt igjen Blitt lite tid til det i år grunna mykje jobbing osv. Så veldig kjekt at det blei uttelling Skaut ein spissbukk som vegde 47kg
  20. Skaut ein spissbukk i kveld! Skal oppdatere med historie og bilde ein dag eg har meir tid
  21. Bilder!!ekstremt spennande med store gevir gevir personlig gir eg ein blanke i tullinger som kommenterar alt mulig til folk som skyter store bukkar.
  22. Ja det er veldig synd. Spesielt så tidlig i jakta!Har ein 12 taggar til som er knekt av nesten heile stanga på, men det var etter brunsten så den hadde nok fått gjennomgå skikkeleg. Uansett skal eg ta vare på geviret :)Det er eit kjekt minne! Det ligger framme i dalen til rensking, så varmt som det er no burde det være klart om ein månad ca.
  23. Følger denna tråden så eg kan gå igjennom den seinare
  24. Eg er relativt ung men har allerede fått litt for kraftig tinitus etter skyting på jakt. No brukar eg elektroniske hørselvern som er kobla til radio heile tida. Det funkar bra! Ikkje så behagelige og gå med då det blir rimeleg klamt, men ein gang i veka iløpet av høsten med klamme hørselvern er bedre ein piping kver dag resten av livet Er for øvrig peltor sine hørselvern eg brukar, veldig fornøgd med dei!!
×
×
  • Create New...