Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Ja spørs det, har gått eindel tusen skudd etterkvert. Blir nok ny til høsten
  2. Det er ein Atec maxim dempar. Min mangla bitar på den ytterste modulen også annakver innover. Ganske rart egentlig
  3. Var og skaut inn mauseren i forrige veke Når eg kom heim gjekk det ein flokk med kråker på bøen heime. På tide og sjekke innskytinga Sneik meg opp rundt hjørnet på den gamle løa vår. Blei sett akkurat når eg hadde lagt meg til med annlegg og alle kråkene for untatt ei. Skaut og traff Kråka ligger rett til høgre for telefonstolpen som viser midt i bildet Andre vegen, ser akkurat ein opning på venstre hjørne av den gamle løa der eg låg Den uheldig kråka. Var lita så sikkert fra fjorårets kull. Når mauseren var innskutt kunne eg demontere Brnoen og pusse den skikkeleg. Tenkte og prøve demparen med 2-3 modular mindre for og sjå korleis forskjellen var. Men fekk ein overaskelse når eg opna den. Tre av modulane hadde mista bitar av stålet. Noken som har meining om ka det kan ha skyldast? Sikkert ingen problem og bruke den men trur eg kasserer den for og være heilt på den sikre sida. Blir nok Hausken denna gangen på Brnoen og.
  4. Han har tråd på robsoft forumet Utruleg kul stokk syns eg!
  5. Ulven i Naustdal for noken år sida tok over hundre sauer på ganske kort tid. Trur du det er motiverande og fortsette då? Dei fleste bønder bryr seg om dyra sine og tar ett sånt tap veldig tungt.
  6. Blir overaska over dei som meiner at bøndene bør passe beite dyra heile sommaren. Skulle likt og sjå noken andre dedikere seg sånn i jobben med den lønna bøndene har. Motargumentet "då får dei finne noke Anna og jobbe med" er like gale, vi skal være vanvittig glad at det fortsatt er noken som held ut landbruket så lite lønnsomt og vanskeleg det har blitt etterkvert.
  7. Sett det fleire gangar på gammalt slakt Så sikkert det som er forklaringa.
  8. Det er faktisk bevist at kråke gjenkjenner ansikt Leste ein reportasje om det i illustrert vitenskap. Sjølv etter lang tid gjenkjente dei ansiktet på ein person som hadde plaga dei i ein park.
  9. Det er godt jobba super xx!!Utruleg at dei ikkje tok skrekken før Dei er ekstremt vanskelege og snike seg innpå og. Når ein begynner og nærme seg og trur ein ligger bra an kjem det eit "kraa" frå ein heilt anna plass og det sitter ei vaktkråke og gjømmer seg der ein ikkje har sett Det beste hadde nok vært og kunne skyte på lengre hold. 300meter elns. for og sleppe og komme så nær dei.
  10. Eg har skutt ei kråke på åte ein gang:)Bur på gård så er ein fast kråkeflokk som held seg i dalen her. Har totalt skutt tre stk heime. Når eg først har skutt ei kan det gå 6-12 månar før dei setter seg på samme plass igjen Utruleg smarte fuglar. Eg er og heilt overbevist om at dei kjente igjen den røde Volvoen eg hadde før. Berre eg kjørte forbi ein bø der dei satt på 300 meters hold så letta dei og for. Åte funkar nok veldig bra, men bør sikkert ha litt plassar og bytte mellom i så fall. Har du først skutt ei blir dei vare.
  11. Takk for tips, skal sjekke ut Recknagel Utifra skissa di Aannerud har eg ikkje justerbart avtrekk, har ikkje alle skruane du har merka vertfall. Egentlig samme for meg om det er trykkpunkt eller ikkje. Så lenge det er eit godt avtrekk! Skal sjå på timney og, men vil ikkje ha det med sikring på sida. 17.11 skaut eg ein spissbukk, det var siste løyve vårt Hjort nr.50 i år og min hjort nr.9 for året Veldig fornøgd med det! Skuddet satt akkurat der eg ville ha det, fint og avslutte sesongen med eit godt skudd Rett igjennom begge lungene. Ferdig slakta hos slaktaren Fekk ein kompis til og lage noken fester til trofeplatene Lagde rikeleg for framtidig fangst Slipte dei og forsenka skruehola. Så freste eg ut første plata Ferdig montert
  12. Noken som har tips til eit godt avtrekk til mauser? Eg har kv avtrekk med trykkpunkt men trur ikkje det er det justerbare Syns det er litt tungt og kunne tenkt meg eit lettare avtrekk.
  13. Bilder av ferdig montert QD sling bak på rifla Ikkje det finaste eg har gjort i mitt liv Men tenkte få tak i noke svart masse og ha på fint rundt festet for og få vekk gliset der Prøvde meg og på bedømming av bukken eg skaut i høst før eg leverte den til skikkeleg bedømming Kom til 169,5 poeng med knekt tagg, altså 0,5 poeng fra gull No er nok bedømminga mi neppe heilt nøyaktig men har rekna ut at visst den knekte taggen hadde vært 30cm så taper eg 3,3 poeng på det. Så bra surt at den er knekt viss eg er i nærheten med bedømminga mi Blir spennande og sjå resultatet frå gevirdommar!
  14. Fekk montert den nye skinna på GRS stokken Det blei veldig bra! Litt vinkel oppover men utifrå erfaringane til KitchenAid her på forumet bør det gå bra Blir det problem kan eg sveise om skinna men det er siste utveg. Eg valgte og ikkje bruke midterste bolten sida det kom midt på nedfresinga inni stokken, rett det kan bli knotene og få den på plass.
  15. Takk for bilder KitchenAid! Skinna er no montert og det blei veldig bra Einaste som var litt dumt var at eg brukte to hol som var der fra før. Dermed fekk eg ikkje brukt midterste holet, havna mitt i kanten på ei utfresing. Har trua på at det funker fint, ser bra ut på bildene dine vertfall Blir det problem er eg utdanna sveiser så då sveiser eg berre om pinnen litt Takk for hjelpa
  16. Nei tvert imot så trekker det fleire dyr hit iløpet av brunsten Terrenget blir fylt opp med bukkar spesielt. Vi skyter 10-15 dyr på bøen og resten av kvota på 50 dyr i skogen på jag. Det har vi gjort i 7 år no og for meg så virkar det som sjølve jakta har liten innvirkning på dyra. Noken springer nok ut av terrenget men dei fleste kjem tilbake trur eg Noken rømmer nok frå jag på den måten at dei blir i dalen og. Vi har ein heil dal + fjellterreng så det er eit stort terreng totalt sett. Det vil jo virke inn positivt på dyra som springer frå jag, at dei kan rømme frå jaget men samtidig blir dei i terrenget vårt. Har opplevd fleire gangar at det f.eks kjem dyr ut på bøen om kvelden på plassar vi har jakta på dagen. Trur dei generelt blir lite skremt at sjølve jaget og at dei roer seg ganske fort når dei har komt forbi postane/sprunge ut av jaget Men det er no berre mi meining og eg har kun erfaring frå vårt terreng.
  17. Lørdag 29.10 skaut eg ein liten 2,5 åring på jag Min hjort nummer 8 for året Poster meir tekst i hjortejakt tråden for dei som som er interisert Stolt skyttar med fangsten Kjøpte kirsebær rød beis til trofeplatene, trur det kan bli kult mot dei kvite skallane Ei plate er ferdig beisa med to strøk Utruleg vanskeleg og få fram fargen på bilde men den blei akkurat som eg hadde tenkt. "Blodrød" Fekk tak i bilderamme i tre til slutt og som eg beiser i samme fargen, planen er og ha bedømmings diplomet i ramme under dei bukkane eg har bedømt Har kjøpt meg eit 10 skudds magasin til mauseren Kun fordi det er kult sjølvsagt Ser ut som det opprinneleg er eit ruger magasin? Så kjøpte eg ein fin ammoboks på biltema til og ha jaktammo i Var ikkje klar over at dei hadde sånt der, begynt og få eindel lure jakt ting der etterkvert.
  18. Kjekt og høyre! Vi har ett vanvittig bra terreng ja!!Og det beste med det er stemningen i jaktlaget. Postering/jaging annakver gang, trekking av postar/jageplassar, trekking av kjøtt, osv. Alt blir gjort rettferdig og då er alle fornøgd og Her kjem rapport frå Lørdag 29.10 Eg jagde då og trekte plass som nest øverste jagar. Hadde ikkje gått lenge før eg såg det eg trudde var ein spissbukk som for fram og opp. Ga beskjed på radioen til jagaren over meg som posterar i begynnelsen av jaget. Gjekk 50-60 meter til så ser eg samme dyret står 40 meter framfor meg bakom buskas med breisida til. Legger an på eit tre og venter på at han skal begynne og gå. Ide han stiger ut av buskaset plystrar eg, bukken stoppar og eg skyter Den spretter avgårde 10-15 meter før den begynner og sjangle att og fram. Så begynner den og gå sakte skrått opp og heimover. Begynte og bli skeptisk når den hadde gått litt sjølv om eg følte skuddet var bra så sikta på hode for og avlive, men såg med ein gang at eg bomma med det skuddet. For og gjere ei lang historie kort fant eg ikkje 2,5 års bukken igjen. Og vi som ikkje skulle skyte bukk Såg det rett og slett ikkje før etter eg hadde skutt. Bukken var under 60kg så størrelsemessig kunne den lett vært ein spissbukk. Leita lenge og jagaren over meg kom ned og hjelpte meg. Fann tydelege blodspor der eg hadde bukken i synet men så forsvant det. Gjekk litt nedover lia og såg men fant ingenting. Til slutt blei eg og jaktledar einig om at vi måtte ringe til hund. Gjekk fram og opp på ein liten "topp" for og få dekning. Ringte ettersøksmann og avtalte med han, og ide eg la på og snur meg ser eg bukken ligger nedafor meg Den låg rett under ein 2 meter høg hammar så både eg og han andre som leita har stått 2-3 meter ifrå den og ikkje sett den. Utruleg lettelse og vite at den var død og ikkje hadde sprunge langt. Målet mitt om 100 dyr uten ettersøk er fortsatt innen rekkevidde Når eg kom fram til bukken såg eg hol på inngangs sida rett framfor låret der det hang ut litt fett og diverse Kunne ikkje skjønne at eg hadde treft så langt bak, heller ikkje at det var komt greier UT i inngangsholet. Vomba den i full fart og gjorde ferdig jaget. Det blei skutt to koller på postane, pappa skaut den eine Her er kolla han skaut, låg 20 meter frå skuddplassen Deretter for eg, broderen og ein til ned igjen og tilbake for og hente bukken eg skaut Her har vi funne igjen bukken "Spissbukken" Under "obduksjon" oppdaga vi noke merkeleg. Inngangsholet var ikkje gale, ca 3cm bak bogen. Så hadde kule treft andre sida UTEN og gå igjennom Tydeleg "treff" der men ikkje hol. Så har den sprutte tilbake og laga det holet eg trudde var inngangsholet når eg fant bukken. Og deretter har kula lagt seg inn på sida av indrefileten, heldigvis uten og øydelegge noke. Fant igjen kula og då såg den sånn ut: Heilt tydeleg at den ikkje har ekspandert skikkeleg. Plastikk tuppen er vekke. Brukar federal Premium thropy bounded og har funne mange kuler som har vært perfekt soppforma, seinast helga før på fjorkolla eg skaut. Så veldig overaska over denna kula. Har lurt lenge på og prøve blyfri ammunisjon så kansje detta var tegnet på og begynne
  19. Kjempe flott rifle KitchenAid Eg har samme skinne eg skal montere på grs stokken min. Var inne på samme problemstilling med retting av skinna som du nevnte her. Du syns det fungerer bra sjølv om den peikar oppover i forhold til løpet? Har du bilder frå sida korleis tofoten står når den er montert på?Og nærbilde av skinna montert?
  20. Tusen takk for det Aannerud! Stor takk til deg for god hjelp med fleire ting undervegs Greit og kunne spør fagfolk når ein har lite greie på det sjølv Prøver og oppdatere i ny og ne men fort gjort at det blir glømt. Har skjedd litt på hjortejakta Bilder frå ein god post eg fekk Lørdag 22.10 Fekk skutt kolle og fjorkolle! Kolla var stor og fin Hadde ikkje antydning til jur så har nok ikkje hatt kalv i år. Fjorkolla var stor og, så er nok fjorårskalven til kolla Skaut den rett inn i fronten, ser inngangsholet på bilde Så heiv eg meg rundt ein dag og freste ferdig alle platene eg har skjært ut Har fått på litt beis og, skal få lagt ut fleire bilder etterkvert
  21. Så til lørdag 22.10 Då skulle eg på post. Sist gang eg låg på post i detta jaget var i 2012, då hadde eg samme post og skaut 3stk Så hadde gode forventningar til dagen Sjølv om ein aldri veit med jakt! Her er bilder frå posten. Det blei ein fantastisk dag denna gangen Kom kolle og fjorkolle rett på meg fra skogen rett fram på første bildet. Skaut først fjorkolla sida eg var usikker på om det var kalv eller ikkje. Den datt i smellen Trur ikkje kolla oppfatta kor lyden kom frå så den kom springande mot meg og snudde nedover når den var komt ganske nærmt. Fekk stoppa den opp og skutt den og Den sprang noken meter før den datt. Etter noken sekund tok den hove opp og låg og stirra så skaut den i hode for og avlive den. Her låg eg oppå steinen, med knea i bakken. God skytestilling med sekken som annlegg Kolla var veldig stor! Ingen jur på den så trur ikkje den har hatt kalv i år. Fjorkolla var og stor, er nok fjorårets kalv til kolla Skaut den rett inn i fronten, ser inngangsholet på bilde. Litt etterpå hørte eg tydelege lydar nedaifra og låg klar for at det skulle komme hjort opp skaret på bilde to. Lyden kom nærmare og nærmare og plutseleg seier naboposten på radioen at det kjem ei kolle bak meg Det er minuset med elektroniske hørselvern, sliter med og plasser lyden heilt nøyaktig. Den kom cirka 10 meter ifrå meg men sprang så fort så hadde ikkje sjangs og skyte. Heilt på slutten av jaget kom det kolle og kalv over kanten framfor meg og sprang ein runde før dei for tilbake. Alt i alt ein fantastisk dag! Det blei og skutt to bukkar heilt fremst i jaget så det var tungt og få alt ned igjen. Den eine hadde spesielt gevir, legger ved to bilde av dei Lurte på og prøve og få tak i noken tenner frå denna og, hadde vært artig og visst alderen på den!
  22. Då er photobucket tilbake igjen, enn så lenge vertfall Begynner med bilder frå 15.10. Ein slektning frå stavanger som jaktar hos oss var med for andre gang Han skaut først denna fine bukken på veg til post. Lurer på om det kan være ein gammal bukk?Store, grove rosenkransar og bukken var vanvittig kraftig og kort i skallen. Tatt ut noken tenner som skal inn på analyse eingang eg sender inn Bukken hadde ti taggar, mangla issetaggane Fornøgd skyttar på slutten av dagen Eg jagde og på veg fram mot postane gjekk eg forbi denna bukken som nederste posten hadde skutt Ein fin bukk det og! Når vi var nesten framme på jaget fortsatte noken fram til fremste postane mens eg kryssa elva og gjekk over på andre sida. Plutseleg kom det kolle og kalv springane 50 meter bak meg. Dei sprang rett på slektningen vår som var på post og han fekk skutt begge to Her er bilde frå posten hans, kolla ligger i elva Kalven var ikkje like lett og sjå Fornøgd skyttar nok ein gang
×
×
  • Create New...