Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Super XX: Takk for det! Var vanvittig gøy og treffe på den i skogen Har hatt lyst og skyte ein fin bukk lenge no. Var ekstremt nære i fjor, men som vanlig så skjønte han ka som var på ferde i siste sekund OIH: Ja må nok kjøpe inn ei lita gardintrapp Hehe, satser på det blir bra viss eg finner noken perfekte montasjar og har liten klaring til siktet framme :)Er 34mm mellomrør på den så må uansett ha nye montasjar. Er vel eindel justering og gå på på GRS stokken og uten at eg har fått testa det enda Trur nok den blir bedre ein Redfield kikkerten om kveldane og så kan nok sitte noken minuttar lengre med Zeissen Viss ikkje blir eg veldig skuffa Og ikkje minst er det fint og ha litt zoom på. Redfield kikkerten blir uklar viss eg zoomer inn på meir ein 7, det syns eg kan være litt lite av og til på bøjakt.
  2. Lenge sida sist her no. Har stort sett gått i hjortejakt i høst Ventar på at rifla skal komme tilbake med GRS stokk, bestemte meg for og la dei bedde den i samme slengen. Dumt og bruke den stokken som første test for meg Bilder av stokken som forhåpentlegvis snart dukkar opp Lita oppsummering frå hjortejakta så langt La ut bilde av ei fjorkolle, kolle og kalv som eg skaut tidlegare. Har fått 5 hjortar til etter det 2 kalvar eg skaut ein kveld på bøen. Den største var 30kg. Ei fjorkolle Ei fjorkolle til Og sist, men ikkje minst, ein flott 12 taggar eg skaut på jag! Vanvittig spennande opplevelse, heilt klart eit minne for livet Geviret henger eg opp inne på den gamle løa vår ilag med dei andre eg har. Også kom det ein fin pakke i posten i dag. Solgte Meoptaen til fordel for ei "lita" oppgradering Zeiss victory 6-24x72 Blir spennande og teste den ut hjort og revejakt når eg får i hop rifla
  3. Veldig spent på fortsettelsen her!! Når setter du i gang igjen?
  4. Fins det salongrifler ein får GRS stokk på? Det ultimate treningsvåpenet må jo være ei salongrifle med samme stokk som rifla/ene.
  5. Kom tidleg heim på fredag og tok ein tur på bøjakt Snartur fram i dalen for og sjå om det var dyr der. Gjekk på kolle og kalv når eg gjekk langs vegen. Var ikkje redde i det heile tatt!Eg sto der bildet er tatt i sikkert 15 min og dei beita der og såg ned på meg i ny og ne Vurderte og skyte kalven men hadde meir lyst og følge planen og sette meg ut der eg hadde tenkt. I tillegg var dei vanvittig kosete med kvarandre, tok snutane mot kvarandre, klødde kvarandre og nærmaste klemte heile tida. Blei så koslig at eg la fra meg tanken på og skyte Hoda stikker opp midt i bildet. På lørdagen var det ein fantastisk fin dag på jakt værmessig, ikkje jaktmessig 100% stilt uten vind og ein kunne høyre kvert einaste lauv som datt av trea. Då er ikkje hjorten lett og lure Litt terreng bilder sida vi kun fekk ein kalv den dagen. På veg til post, sto ein bukk på andre sida og brølte lenge. Her er posten eg hadde, veldig fin plass På veg heim med liten fangst, fantastisk utsikt Fin myr med mykje trakk og ei brunstgrop, detta er ein post på eit anna jag vi har. Fant denna på veg heim igjen, fin 12 taggar. Mest truleg skutt og forlatt der, kan hende eg veit kem det er Han har i så fall leita etter geviret men ikkje funne det igjen. Skal nevne det for han neste helg. Søndags morning for eg fram i dalen og gjekk framover. Gjekk først på ein flott 12 taggar som eg sikta lenge på. Sida vi kun skyter bukk på fellesjakta på lørdagane så var det kun for morro Når den sprang tok den med seg kolle og kalv som eg ikkje hadde sett. Gjekk lenger fram i dalen og satt meg der eg har tatt dessa to bilda. Talte totalt 7 bukkar som sto og brølte der, 4 av dei nett oppi skogkanten Vanvittig spennande og sitte der!! Til slutt gjekk eg ned igjen mot den opningen som viser på det nest forrige bildet eg la ut. Gjekk først på ei kolle der som kryssa vegen. Det gjekk ein bukk og brølte der og grynta veldig rart, trudde det var ein liten bukk. La meg i skogkanten og venta. Plutseleg kom ei kolle ut på beite og jogga fint avgårde og stoppa litt opp i ny og ne. Stor, flott kolle som eg ikkje ville skyte. Rett etterpå kom bukken eg venta på etter kolla i samme sporet, ein liten 8 taggar Venta lenge men han var alt for treig. Kolla passerte meg på 30 meter og når den hadde gått eit stykke forbi meg blei den oppmerksom på noke og for tilbake. Tok med seg bukken i samme slengen før den kom så langt at eg fekk klar skuddbane. Bestemte meg for og vente litt til så blei liggande der ca.20 min. Så kom det ei fjorkolle frå andre sida med nasa i sporet der kolla hadde gått og jogga avgårde etter den Måtte røyse meg opp og småjogge på andre sida av noken granar for og komme framfor den igjen. Greidde akkurat komme meg i god skuddposisjon i ein opning før den dukka opp. Plystra, den stoppa og eg skaut den Eit godt treff midt i bogen som gjekk ut på baksida av bogen, sprang ca 15 meter før den datt om Utruleg kjekk opplevse frå den første kolla som kom til eg fekk skutt!Atpå til med brøling overalt rundt meg Utgang på bildet Kald morning, såg litt artig ut når eg kom og henta den Fått den i traktorskuffa og for rett heim for og slakte Den vog 45kg.
  6. Takk for det! Trur som sagt eg var rusa på adrenalin, var litt sjokkert sjølv når eg var komt ned med den Vi har hatt 50 løyver siste tre åra, men har ikkje skutt alle dei to forrige åra. Men ser ut som vi kansje kjem til og gjere det i år, vanvittig mykje dyr her no. Brøler overalt Har skutt 29 til no. Vi er 17 grunneigarar som deler jakta, men er stort sett 13-14 som går. To av åra vi jakta hadde vi 72 løyver, vi har jobba mot og få ned stammen dei siste 5-6 åra sida det har vært så mykje hjort. Sida pappa og brodern og jakter går eg fast for ein grunneigar som ikkje jaktar sjølv Slenger med noken viltkamera bilder frå helga sida det er bilder som er kjekkast Går ein flott bukk ein anna plass i dalen. Denna passerte meg på 20 meter på bøjakta tidligare, sto leenge med breisida til på 80 - 90 meters hold. Fekk filma det og, vanvittig kjekk opplevelse Får det andre viltkamera mitt. Det viser ikkje på bilde, men på filmen ser eg tydeleg at den har tre i kvar krone, men manglar eine issetaggen.
  7. Takk for det!! Takker for link, skal måle litt etter linken i helga. Er einig, det var heilt utruleg at han har gått så lenge. Kula hadde ekspandert fint, den hang igjen i skinnet. Hadde vært i kjøttet under ryggrada og, men ikkje i sjølve beinet. Så den har gjort mykje skade.
  8. Ja den er rett og slett rå Men veldig synd den ikkje hadde like stor krone på begge sider. Både og vil eg sei. Har berre skutt ein hjort på jakt i skogen, 6 dyr på bøen. Liker veldig godt bøjakt sida det er ei heilt anna jaktform ein jag/postering Men merker det no etter og ha skutt mange dyr at eg setter mykje meir pris på opplevelsane eg får i skogen. Apropo opplevelse Her kjem samandrag frå jakta på lørdag. Eg skulle jage. Trekte ytterste plass der ein går litt for seg sjølv, høyrer ikkje og ser ikkje dei andre jagarane før heilt på slutten. Så då var det ingen grunn til og rope heller. Sneik meg fint oppover skogen i jamn fart for og komme likt med dei andre. Pause av og til for og nye utsikta Rett etter eg tok detta bilde går eg 50 meter opp i open fin skog. Står der ei stund og snakker i radio og venter litt. Når eg begynner og gå igjen og har tatt 10 skritt springer det kolle og kalv skrått vekk frå meg, ca 30 meter unna. Ser ein bukk og, ser ikkje størrelsen men skimtar litt gevir. Hiver meg ned på ein stubbe med perfekt annlegg og brøler på bukken. Den stoppar, står litt og begynner og gå. Grynter på den og den stoppar igjen. Så begynner den og gå, eg gryntar, osv. Til slutt ser eg i kikkerten at stellet begynner og jobbe på den og han begynner og bli litt lei av meg Snur seg, kjem 10 meter mot meg og stiller seg med breisida til. Måtte sikte på den 4-5 sekund før eg greide og skyte, sliter med hjertebank når eg feller hjort og i detta tilfelle blei det ekstremt Føler skuddet sitter perfekt og den reagerer akkurat sånn den skal. Går og leiter etter den men finner den ikkje. Gir beskjed på radioen så dei stopper jaget mens eg leiter. Tenkte kansje den hadde rulla utfor ein plass, veldig bratt ned. Etter 5 - 6 minutt går eg på bukken, den står enda Hiver opp rifla for og fyre vilt, men ser perfekt inngang midt i bogen. Den hostar og harkar og eg ser at den sliter. Den legger seg inntil to tre så eg sprang bort og skaut den i nakken for og avlive den. Her ligger den der eg avliva den. Skuddet var heilt perfekt, inn midt i bogen og ut rett bak bogen på andre sida. Lungene var mos, heilt utruleg at han har holdt ut så lenge. Utgangen. Blei utruleg glad når eg såg geviret Det er ikkje noke kjempe gevir, men veldig jamnt og fint. Og det viste seg og være ny rekord for meg då det var litt større ein ein anna bukk eg har hengande. Har snakka noken år om at eg har lyst og skyte bukk igjen og endeleg gjekk det Vi skyter ikkje store bukkar på bøen, har hatt mange mulighetar der. Men i skogen er dei som oftast for lure Eg blei avskrivd frå jaget sida det kom til og ta litt tid for meg og vombe og gå tilbake dit. Etter at eg vomba hjorten begynte eg og dra litt på den. Rusa på adrenalin og ein flott jaktopplevelse drog eg den heilt ned igjen aleine Var gåen i armar og rygg dagen etterpå. Godt på veg ned lia Endeleg komt fram. Venta ei stund til dei andre kom ned frå fjellet. Dei fekk 6 dyr der og var 12 mann så det blei tungt for dei og. Brodern skaut ei fjorkolle på post der Henta og klar til flåing. Ferdig flådd Vi veger vanlegvis ikkje dyra, men gjorde det denna gangen for morro Den var 116kg etter at vi har skjært vekk eindel fett, ny vektrekord for meg og Den gamle var 100kg. Noken som har formeining om geviret holder til sølv?Stengene er 75cm + lange. Lengste taggane i krona er over 20cm.
  9. Litt fleire bilder Onkelen til ein kompis av meg skaut denna bukken tidlegare i jakta, veldig flott gevir på den!Spesielt kraftige kroner på den. Faren til ein kompis av meg i nabovaldet fann ein død bukk i helga. Berre beinrestar igjen av den så mest truleg død i vinter/vår. Det var eit vanvittig gevir på den, naboen min har faktisk fallgevira frå den då han slo der ute noken år og fann dei når han gjødsla om våren:) Her er bilder av fallgevira. Trudde først at dei to ikkje høyrer i hop sida det eine er så mykje tynnare og har mindre krone ein det andre, men begge to er nesten identiske med dei bukken har no. Bortsett frå at den har jamnare tjukkelse på gevira. Her er bilder av bukken Vanvittig krone på eine sida!Og begge gevira er kraftige, den eine litt kraftigare ein det andre dessverre. Hadde den vært lik på begge sider hadde den vært heilt rå. Enorm skalle på den og så bukken var nok stor i kroppen og Vekta med ukappa skalle er 6,5kg. Lurer veldig på kor gammal bukken er, fallgevira naboen min fann er frå 2012 og hadde omtrent samme størrelse og form. For dei som husker geviret med 12 taggar på ei stang frå jeger så blei denna bukken funne død noken hundre meter frå der det fallgeviret blei funne i 2010. Spørs om det er samme bukken kansje?Eller er 5 år med denna gevirstørrelsen for lenge til og være realistisk?
  10. Eg ser ikkje bildene desverre
  11. Startar eit stemningsbilde frå Lørdag, tre helger sida Deilig og komme opp på fjellet etter klatring gjennom tett skog!Hadde ein veldig fin post så hadde god tru på fangst. Det kom kolle og kalv til meg, men dessverre før eg var klar. Rifla låg på bakken, hadde akkurat gitt beskjed om at jaget kunne starte når dei kom rett på meg. Og sprang avgårde. Men ein fin tur fordi om, vi fekk 5 dyr det jaget Mandagen etter det var eg ute på bøjakt:)Mens det fortsatt var greit med lys kom det kolle og kalv x 2 ned på bøen. Dessverre ikkje heilt der eg ville at dei skulle komme så måtte snike meg ganske langt på bøen for og komme innpå dei. Skaut begge kalvane Den nærmaste var ein bukkekalv, vegde 30kg. Den andre var kolle og vegde 24 Ikkje no på lørdag men forrige fekk eg og ein fin post. Det var trakk over alt i lia og vi såg vanvittig mykje hjort. Dekkar ein grov sti som kjem over elva her + bakken over meg. Eine jagaren som posterer før jaget startar skaut ei kolle der I tillegg skaut ein slektning av meg frå stavanger som hadde sin første tur for i år 4 dyr!!Han var veldig fornøgd den dagen To småbukkar på veg opp til posten og kolle og kalv på post. Dessverre måtte jaget avbrytast etter 25min då vi fekk ett ettersøk. Etter at ettersøkar og hund hadde vært der resten av dagen blei det konkludert med at det var bom og dyret blei friskmeldt. Fin brunsthole midt i lia Kolla og kalven slektningen min skaut Kalven klar til flåing, med ein lokal helt Søndagen etterpå var eg i eit heilt nytt jaktterreng. Ein kompis av meg som har kjøpt ein gård med to hjorteløyver. Skal prøve og få skutt dei for han i år, har dessverre berre vært ein tur enda. Posterte her heile ettermiddagen men kom dessverre ingen dyr. Såg 2 dyr på veg opp og 2 på bøen om kvelden. No på fredag skaut eg ei kolle på bøjakt Låg lenge og sikta på den for og være sikker på at den ikkje hadde kalv. Trudde egentleg det var ei fjorkolle, men den vog 56kg så må nesten ha vært ei voksen. Men ingen melk i jura Dessverre sprang den av bøen så eg fann den ikkje igjen. For heim og snakka med ettersøkar, og han meinte eg burde gå tilbake sjølv med lys med tanke på kor mykje blod eg hadde funne osv. Tok med meg pappa og han fann kolla, eg hadde passert den på ca 2-3 meter fleire gangar uten og sjå den Fått den heim og klar til flåing. Ser ut som ei ung kolle i ansiktet syns eg, men trur som sagt den er eldre ein fjordyr.
  12. Ka er vekta på stokken på siste bildet? Fin tråd detta her!Greit med litt oversikt over syntstokkar til mauser
  13. I går blei det endeleg bukk på meg igjen! Min største til no, både vekt og gevir messig. Kjem bilder av den i morra + viltkamera bilder og ein sjøldaua 16 taggar frå nabovaldet
  14. Har skutt mange hjortar på bøen og enda fleire i skogen med ein redfield kikkert til 1000kr, det er ingen problem No har eg ordna meg ei børse til som får ein større kikkert med rødpunkt. Mest for morro, og litt fordi eg ikkje vil ha ein dyr kikkert på rifle som blir dratt opp bratte lier og mishandla heile høsten.
  15. Heilt vanvittig!! Her har sau og geitelaget ein liten skuddpremie, kommunen har ingen. Men det kryr av rev! På mi side syns eg 200kr er greit, då sponsar eg ein ny pakke med skudd etter noken revar
  16. Trekker opp ein gammal tråd med ett bilde til av denna bukken:) Kjenner han ikkje sjølv men han er onkelen til ein eg jobbar med. Vanvittig flott gevir:)Dei har eit veldig bra jakt terreng med god forvaltning over mangen år, då dukkar det opp sånne etterkvert.
  17. Kva slags åte er bra og bruke til mink?
  18. Med ferdigrulla rekner eg med du meiner ferdige skudd ala 20 pakning?Det får ein kjøpt Den er dyr, men absolutt verdt det etter mi meining
  19. Gratulerer Hjortetrekk!! Full klaff for meg i går og, skaut to kalvar i går kveld:)Bukkekalven var 30kg og kollekalven var 26kg. Kjem bilder! Kan verkeleg anbefale Ferderal Premium trophy bounded!Har bortsett frå to dyr berre gode erfaringar med dei Har anbefalt til fleire og veit om mange som har begynt og bruke dei i det siste med gode erfaringar.
  20. Godt skreve Hjortetrekk og hundre prosent einig!! Ein kompis på jobben jaktar eit stykka innafor oss. Der har dei sett mykje dyr på 1000 meter og oppover og veldig lite på bøane. Eg og brodern såg ei radiomerka kolle på revejakt seint i august i fjor. Den har vi fått beskjed om og skyte(i jakttida såklart) sida den har slutta og sende. Samme kolla blei skutt tidlig i jakta i eit vald 50 minutt unna med bil, der vi kjører rundt eit utstikk på sognefjorden for og komme inn. Har vandra langt på kort tid
  21. Utruleg mange rare kommentarar på facebook for tida. Siste eg reagerte på var ein som var bekymra for hjortestanden. Det siste han skreiv var: "Hadde veldig gode tellingar i vår. Er hjortebestanden drastisk på veg nedover?" Trur ikkje akkurat hjorten har sjøldaua i sommar Vi hadde veldig gode tellingar og veit at det var det langt innover fjorden frå oss. Ny rekord fleire plassar. Men det er veldig lite dyr og sjå no. Mest truleg for dei står høgt på fjellet enda sida beita er så gode. Er vertfall ikkje bekymra i det heile tatt sjølv om vi har sett lite dyr til no
  22. Hadde dei beste tellingane på fleire år her i sogn. Virkar som det var samme overalt her i området og i Sunnfjord. Mest truleg fordi det var mykje snø og hjorten sto lavt trur eg Sett lite no i sommar, men alle hjorten vi såg på tellingane er nok i nærheten. Tipper den begynner og dukke opp no når brunsten startar.
  23. Er vel litt som med bil, viss ein har lyst på noke og syns det er gøy så kjøper ein ikkje for og tjene pengar på det
  24. Gratulerer!! Må vel kallast ein positiv overaskelse på kråkejakt!
×
×
  • Create New...