Jump to content

volvobrage

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by volvobrage

  1. Har faktisk lest det du skriver her fleire plassar på nettet. Så kan jo være det stemmer Blir spennande og prøve rifla og sjå om den går skikkeleg vertfall. Har lest at det er to typar avtrekk på desse mauserane. Mitt ser vertfall sånn ut Trur ikkje den rifla stokken har stått på har hatt samme avtrekk, for det tok i stokken. Der det er filt litt skrått her tok det i. Brukte håndholdt bandslipar og slipte det flatt. Slipte og litt i bakkant då avtrekket to i der og. Avtrekk på plass Kappa ut ei stripe for skinna på overtre ringen, så no går den på og. Hadde eg tenkt meg litt om kunne eg berre slipt ett spor så skinna gjekk inni, no er det ein heil bit som er vekke. Sånn går det når ein ikkje tenker seg om... Fått på litt camoteip på Brnoen, sikkert mange som syns sånt er harry Det har blitt mykje tørrtrening med mauseren. Var og skaut på søndag med Brnoen og merka at stokken er litt kort til meg, har ikkje tenkt over det før då eg kun har skutt med denna rifla så har liksom blitt vant med det. Når eg legger stokken inni armkroken kjem hånda mi langt fram. Så kjem til og bestille samme justerbare kolbekappe som på mauseren, den bygger eindel ut og syns den virkar veldig bra. Billig er den og, det er alltid ett pluss
  2. Takk for det! Spente opp løpet med senterspissen i og sjekka med måleur. Då var det veldig bra:)Sjekka etter eg tok ut senterspissen og då hadde det ikkje flytta seg så kjørte på. Benken er faktisk veldig bra sjølv om den er gammal og har gått mangen timar. Usikker på om holet er midt i pipa?Det har eg ikkje tenkt på og sjekke eingang Først testskyte sånn som løpet er no og sjå kordan det går før eg gjer noke meir. Er ikkje individuelle bakkar i denna choksen, men har ein 4 bakka choks med individuelle bakkar som kan brukast til framtidig arbeid.
  3. Kjekt og høyre Joakim! Sjølanvisaren er ferdig bortsett frå dei som anviser treff. Testskaut den med brodern forrige helg Den funka veldig bra, god bevegelse i både inner og yttertreff. Eit problem som kom etter 100 skudd på den var at hovedtreff plata som er 4mm rustfri plate rett og slett bøgde seg som ein tallerk etter mange treff. Så planen er og lage til ei tjukkare plate og sjå om det held, prøver med 6mm rustfritt. Fekk kjøpt ein "ny" stokk til Mauseren sida min var monsterbedda. Den hadde justerbar kolbekam og rekylplate. Fekk den for 300 så veldig fornøgd med det kjøpet Reiste ned på jobb i dag for og kappe løpet. Tenkte kappe det på 55cm i første omgang. Då har eg mykje og gå på viss eg gjer feil når eg skal gjenge til lyddempar. Planen er og kjøpe ett gjengeskjær for gjenging så eg har til seinare. Då kan eg gjenge den andre Mauseren vi har og fleire rifler seinare:) Spent løpet opp i benken og klar for og kappe. Ingen veg tilbake Ferdig kappa og krona på nytt Litt grov overflate på ytterste flata, men prøvde med forskjellig fart og mating og fekk det uansett ikkje bedre. Slipte ned overtreet så det gjekk klar kikkerten. Har 2 - 3mm klaring heile vegen no. Testmontert etter kapping av løp Slenger med bilde av den andre Mauseren vi har Det er gamle rifla til bestefar som han brukte både til jakt og konkuranse. Står ein anna kikkert på den for øyeblikket. Skaut min første hjort(med mauseren) på bøjakt i fjor, det var litt stas Litt usmakeleg bilde, men var for mørkt og ta bilde ute når eg skaut den.
  4. Vi har hatt jamn, planlagt nedgang dei site 5-6 åra. Men i år var det faktisk ein del meir dyr ein i fjor på tellingane, sjølv om vi hadde høg kvote i fjor! Veit dei har hatt rekordtellingar i valda litt innafor her.
  5. Skjærte ut bunnplata til sjølanvisaren etter jobb idag Monterte på festet til vuggene og sveiste dei. Måtte kappe opp eine bøyen for og få den 90 grader sida den tok i knekka når eg skulle knekke siste knekken. Dreia siste hylsa og så når eg får skjært ut dei siste festearmane er den omtrent klar bortsett frå anvisarane.
  6. Spennande tråd med mykje bra arbeid!!! Likte god gjengeutstyret ditt, har du fleire bilder av det?? Har hatt lyst til og kappe og gjenge løpet på mauseren min sjølv, men sliter med at vi ikkje har skikkeleg utstyr til og dreie gjenger. Korleis er demparen og skru innpå gjengane, fast og fin?
  7. Begynte på ein sjølanvisar for salong til meg og brodern for ei stund sida. Hadde ett rykk på den i dag for og få den ferdig. Begynner og nærme seg no!Tenkte eg kunne dele litt bilder av den og Delane eg hadde laga til. Alt er laga i 316 rustfritt. Kappa opp ein 16mm rustfri aksling og bora to hol i den. Sveisa deretter på den lille ringen av 10mm plate. Dreia litt hylser i POM Skrudde sjølve blinken fast i staget eg har sveist i hop. POM hylsene test montert Og montert heile greia som test Planen er at den skal vise innertreff på ringen i midten og at den store ringen skal være yttertreff. Mangler dei fire staga for og montere bakre del, ei POM hylse og bunnplata alt skal stå på. Når eg har fått fiksa det er det kun anvisarane som skal vise treff igjen, så er den klar Blir spennande og sjå om den funker som planlagt til slutt
  8. Fått testa bolten på rifla Veldig fornøgd med den!Var god og lade med og god plass til kikkert. Var veldig lett og gå frå avtrekk til ladegrep fort og Var usikker på om den burde være større, men syns den var heilt perfekt no.
  9. Har ein Boyds tommelhol stokk til Brnoen min Veldig fornøgd med den!Einaste eg har og utsette på den er at grepet burde vært tjukkare, er tynt grep på den. Stokken dukka opp ca. tre veker etter eg bestilte, super service frå Boyds Kvaliteten er veldig bra vil eg sei!!Har vertfall ikkje noke og utsette på den. Pappa har Boyds stokk på mauseren sin og, den enklaste stokken dei har. Har brukt den eindel år på hjortejakt og den og funker veldig bra!
  10. Testa bolten på rifla torsdag for og sjekke om den passa. Såg ut som det skal bli bra med kule på Så fekk eg dreia kula i dag i lunsje. Blei laga i POM. Tomhylsa som er festa i enden er frå Brnoen, skaut ein spissbukk med den forrige haust. Den det er bilde av i første post med Brnoen oppå hjorten Det kvite rundt kanten er papir eg greide klemme inni når eg satt fast tomhylsa. Skal gå fint og få det ut med tapetkniv satsar eg på Har ikkje fått testa om den er grei og ta ladegrep med enda. Brukte ca. 30 minutt på den så går fint og lage nye utgaver etterkvert
  11. Dreier kule sjølv, det er halve morroa Men takk for tips! Det veit eg ikkje. Brun masse som var lett og pusse på med pussepapir vertfall. Ikkje forrige eigar, men eigaren før det som har gjort det.
  12. Noken som har ein orginal M67 stokk i grei stand til salgs?? Den enorme beddinga bak på min flassar store bitar no Vil gjerne ha ein orginalstokk eg kan bruke så eg får testa rifla i sommar.
  13. Okei, skjønner Takk for det, kjekt og høyre!! Kappa bolten i dag og vrei den så den fekk ein litt bedre vinkel Kom skummelt nært siktet med den orginale svingen. Slipte ned kula i bandsliparen. Og gjenga opp med M10 Planen er og lage ei eiga kule og skru innpå. Har ikkje bestemt meg for material enda, står mellom svart POM og aluminium. Gjenstår litt filing og pussing etter sveisinga fortsatt.
  14. Hehe, Volvo er tingen Er du medlem på vccn og? Takk for det! Fekk endeleg montert skinna på mauseren idag Planen var og gjere det i fresen, men sida vi ikkje hadde rett verktøy for og holde så liten bor eg skulle bruke blei det i boremaskina. Tok stikka frå fresen og stilte den inn sida den er veldig god. Boremaskina er veldig nøyaktig og så det gjekk bra Fått fast kassa i stikka beint oppspent. Merka opp, lagde kjørnarmerke og satte senterspiss ned i merket. Så låste eg fast maskina(automatisk på knapp) og satt i boren. Traff perfekt. Ferdig bora og gjenga Montert på rifla for kjapp test Sleit med at eg ikkje fekk justert nok ned på siktet først. Gjekk heilt i bunn på justeringa og var fortsatt for høg på "sjå gjennom løpet og deretter siktet" testen. Men viste seg at det mest sannsynleg var fordi eg tok ett punkt alt for langt vekke og at eg dermed ikkje fekk det nøyaktig nok. På ca 100 meter no ligger eg bra an med ca 30 knepp nedover igjen Satser på det funker bra til slutt!!
  15. Lenge sida sist eg skreiv noke her no Kom på andreplass i konkuransen som er nevnt over her, og det viste seg at både første og andreplass fekk viltkamera! Så det har vært i bruk sida vi fekk det, eg og brodern bytter på og sjekke det og flytte litt rundt på det. Fått eindel fine bilder av hjort Legger ut to bilder, brodern har dei beste på sin data så må få dei av han ein gang eg husker det Legg merke til datoane på bildet, været skifter fort her på vestlandet Har ikkje skjedd så mykje med mauseren. Etter leiting i området etter rett gjengetapp til skruane som følgte med skinna, kjøpte brodern tilslutt tapp og bor på ebay til meg. Så no må eg berre få tid og montere skinna ein dag Ellers begynt og trene fram mot rev og hjortejakta, fått skudd eindel skudd siste månen. Legger ut skrytebilde av ein serie eg var veldig fornøgd med Skutt med Brno'en, kun albogebeskyttara som hjelpemiddel Satser på meir fart her framover!Nærmer seg revejakt no og
  16. Låner tråden litt sida det er relevant til innholdet. Ka skal ein egentleg gjere med gammal ammo som ein vil kaste?
  17. Grom børse Aannerud! Ka type to fot er det?Fester du den med picatinny skinne eller pinne i framkant på stokken?
  18. Hehe, då løyste vi den gåta Er vel ikkje spørsmål om kva art det er, for det er hjort Men ganske interesangt gevir. Lurer på om det alltid har sett sånn ut eller om det har vært større før med samme krone, osv. Men alt det er vel umuleg og svare på For dei som husker det fall geviret som blei funne for noken år sida med 12 taggar i ett gevir så er detta funnet i nabovaldet :)Det er meir normalt i krona, men kan jo være at store kroner ligger i genene i området? Bilder av det:
  19. Kan nok ligne på det ja, men er vel 100% sikkert at det ikkje er det. Bukken er funne på Vestlandet med Sognefjorden og kroppen på den var stor Dåhjorten er vel mindre i størrelse ein hjorten?
  20. Hei! Ein kar i nabovaldet har funne ein død bukk for noken dagar sida. Bukken hadde eit veldig spesielt gevir, var ute i dag og tok litt bilder av det Noken som har sett noke lignande? Har ikkje sett sjølve bukken, men det blei sagt at det var ein veldig stor bukk. Og skallen såg ut til og være bra størrelse på. Geviret er ikkje noke spesielt stort om ein ser bort ifra kronene. Men stilig at sjølv om kronene er veldig spesielle så er dei rimeleg like på begge sider. Synd den kun har dei nederste av dei vanlege taggane. Hadde vært spennande og sendt inn underkjeven til tann analyse og funne ut kor gammal bukken var Bilder av geviret!
  21. Flotte deler!! Detta blir vanvittig tøft når det blir klart!Spennande og sjå korleis den presterer til slutt og Ka er den siste delen til?Justeringshjul til kinnstøtte?
  22. Vanvittig kul farge på Boyds stokken, valgte du ut fargane sjølv og spesialbestilte eller leverer dei den fargen som standard?
  23. Okei, takker for gode innspel. Problemet er at eg per idag ikkje har noken andre kaliber og velge mellom Då er konklusjonen at eg bør holde meg til blyspiss og slå fra meg utstopping?Skaut to revekvalpar i sommar med blyspiss, blir gigantiske hol ut av det Så får 223 rifle stå på ønskelista til neste vinter.
  24. Ka kuler kan eg skyte rev med viss den skal stoppast ut?Kaliber 308. Dreper heilmantel effektivt nok?
×
×
  • Create New...