Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fenrir

  1. Jau, det er rett. Difor lyt ein lese kva som står i hundelova kapittel 5. "Personers rettigheter og plikter i nøds- og faresituasjoner" Desse vilkåra lyt vere tilstades for å kunne hevde denne retten, er dei ikkje det kan ein ikkje hevde nokon naudrett heller.
  2. I beste fall vil eg sei du les lover og føresegner svært kreativt. Med mitt kjennskap til dyrevernlova, som var gjeldande lov på det tidspunkt hunden vart avliva, er ikkje den ei lov for vern av sjuke/gamle individ, heller ikkje den føresegna eg viser til. Saka var meld til politiet og difor var både hundelova, straffelova og dyrevernlova aktuelle lover i samband med denne saka. Hundelova er klar på kva som lyt til for å hevde naudrett. Etter kva eg kjenner til var ikkje nokon av sauene fysisk angripne og bonden skaut hunden i strid med dyrevernlova. Det er så forbanna enkelt at politiet ynskjer å akseptere slike nedrige handlingar, verre er det ikkje. Det er eg godt kjent med. http://www.njff.no/portal/page/portal/s ... ypage=TRUE
  3. Ut frå dei bileta eg har sett av den avliva hunden så var dette ei avliving klårt i strid med dyrevernlova og skulle, uansett bondens rett til å verne sine sauer, vert påtala etter dyrevernlovas §31. I føresegna ”Avliving av hund og katt” heiter det i §2 fyljande, sitat: "Avlivning kan bare foretas med skudd mot dyrets hjerne .... og mens dyret er i ro". Det alle desse meiningslause hundedrapa dei siste åra viser er at politiet ikkje ynskjer å handheve gjeldande lover og føresegne på dette området.
  4. Ikkje noko ukjent problem dette når det gjeld "små hunderasar" ... problemet ligg sjeldan mellom øyro til hunden, men hjå eigaren og dei som omgår hunden. Slike "små hundar" er mentalt like store som andre større raser og dei er ikkje små søte skapningar. Det er lett å late seg sjarmere av triks og kunststykke hunden utfører, men innøving av slikt fører ikkje nødvendigvis til klargjering av rang i flokken. Rang handlar om å vise kven som bestemmer/er sjefen, ikkje berre kvar gong hunden utfordrar til duell om plassering (det gjer den fordi den ser ei mogelegheit til å klatre i hierarkiet ... oppfattar nokon svakare enn seg sjølv.), men heile tida. Døme; hunden får mat etter at de har spist, "tigging" vert IKKJE akseptert i nokon samanheng, aldri gje kommando som du tillet at hunden overser, som til dømes at den skal gå på "plassen sin", tillate at den snaldrar når det ringer på døra etc. etc.. "It takes one to know one" - så vakt dine eigne steg og lær av det, framfor å halde fokus på uønska åtferd hjå hunden. Tenk heller etter kva de gjer, som får hunden til å ”tru” at her er ledige domene. Vonar du får behalde både kjærasten og hunden utan bruk av kuler
  5. Sitter her og undrar meg litt over det som vert skreve i denne tråden ... deretter kor mange av dykk, som skriv her, har erfaring med å jakte bjørn. Vel, sjølv har eg halde på med dette nokre år og har hundar som er trent til ei slik oppgåve. Mitt spørsmål til alle dykk som meinar at det er så inn i hampen svært å nytte løs på drev halsende hund til jakt etter bjørn i noreg er: Kva slags fordelar er det å nytte slike hundar og kva slags erfaringar har de? Eg er ikkje kategorisk motstander av å nytte slike hundar, men ser ikkje at dei har fordelar framfor bruk av til dømes karelar, NEG eller hjemt ... heller stikk motsatt. Når ein viser til Sverige - ja, så er det og den erfaring dei har hausta. Bjørn, som vert "jaga" av hund eller kjenner seg pressa av andre årsaker, stikk oftast inn i tett kjerr. På betryggande avstand er eg villeg til å vere med ein av dykk entusiastar for løs på drev halsande hund når de skal take dykk fram til ein slik bamse og rette eit fellande skot mot den. Eg lovar å ha mobilen klar slik at lege og anna helsepersonale kan tilkallast snøgt. Når eg får tid skal eg komme att og skrive litt meir om kvifor eg er betenkt med omsyn til å opne for jakt etter bjørn i Noreg med slike hundar.
  6. Litt lesestoff til dykk som synes det er av interesse å vite litt om nasjonal strategi for hjorteviltforvalting. http://www.svanoy.com/ny_norsk_hjortese ... -2009_nett[1].pdf
  7. Hmmm ... kan ikkje minnast å ha jakta saman med deg, men resten av det du skriv stemmer
  8. Jeg har ved flere annledninger lest og hørt om funn av mangen døde hjortekalver. Er kalvene mer utsatt for å sulte ihjel en voksene dyr Jeg lurer på om dette kan dreie seg om kalver som har mistet mora under jakta, i store hjortekommuner er det vel sansynlig at det går en del enslig kalv igjen etter jakta Enig med nes ang hjortejakt om vinteren, la dyra få være i fred. Til ditt fyrste spørsmål: Ja, dei er nok det. Eit problem som lett oppstår når stammen vert for stor (les mattilgangen for dårleg) er at kollene ofte tar fyrste kalven etter at dei er blitt 2,5år gamle og får kalven relativt seint på året, noko som igjen fører til forholdsvis små kalvar før vinteren setter inn. Når hjorten går inn i "vintermodus" sparar den energi ved mellom at beingrinda ikkje utviklar seg i løpet av vinteren. Denne stoppen i veksten får dyret aldri tatt att. Du vil ved å studere kjevane på hjorten kunne sei omlag når tid på året dyret er født. Hjort med forholdsvis lang kjeve er født tidleg på året, medan dyr med korte kjevar er født seint på sumaren eller tidleg haust. Små kalvar har mindre energilager å ta av i løpet av vinteren og slik sett er dei meir utsett. Til ditt andre spørsmål: Om dei 8 kalvane vi fann var morlause har vi ikkje grunnlag for å kunne hevde. Eg jaktar ikkje på denne staden så det vert berre spekulasjonar. Vi utførde leitinga på vegne av grunneigar og kommunen, etter at det vart funnen død kalv på innmark med blod rennande ut or nasen. Alle dyra vi fann hadde teikn på at dei hadde dødd på tilsvarande måte. Vi sendte difor to av kalvane til veterinærinstituttet for obduksjon og det viste seg at lungene deira var fulle av lungeorm, ein parasitt vi fekk vite rammar dyr som er underernærte.
  9. Er nok redd svaret på dette spørsmålet vert tja Kvar vil vi? Kan berre svare for meg sjølv. Eg vil ha ein levedyktig hjortestamme i god kondisjon, som produserar eit overskot eg kan hauste av. Denne stamma må ikkje verte så stor at den øydelegg for eit økologisk mangfald, utøvar eit så stort beitetrykk at det går utover dyras kondisjon. Eg vil ha hodyr som er i stand til å kunne reprodusere seg når dei er 1,5 år gamle, dvs at eg vil dei fleste kalvane vert født seinast i mai mnd. Berre for å nemne noko. Eg vonar verkeleg "dei nye hjortekommunana" vil take lærdom av alle dei feila vi gjorde og vert meir medvitne enn vi var i høve til å forvalte denne resursen på ein god måte. Eit mål om å få mest mogeleg hjort vert korkje til glede for jegarar eller anna folk. Vi har opplevd å finne død hjort og hjortekalvar pga svolt, for tre år sidan fann eg 8 slike døde hjortekalvar innanfor eit område på under 0,5kvadrat km. Eg har opplevd å skyte firegreinar (åttetagger) på 44kg og ynskjer meg ikkje attende til slike tilhøve.
  10. Det er ikkje enkelt å svare på, særleg når eg ikkje veit noko meir om avskytinga dykkar enn det du her skriv. Likevel, noko meir tolmod enn to år lyt de nok meistre å ha. Her hjå meg har vi hatt målretta avskyting dei fem siste åra og i år kan vi med stor grad av sikkerheit sei at det har gjeve resultat. Dvs omlag 8kg høgare snitt vekt på kalv og omlag 12kg for fjordyr. Eit anna gledeleg resultat er at vi på nytt kan begynne å hauste av ein fin stamme eldre bukk, dvs 6 - 8 greiner (vi er noko meir smålåtne her på mine kantar, så vi tel berre greinene på eine sida av geviret) Forstod deg og slik, difor rimar det dårleg. Dersom snittvekta for kalv ligg så høgt som det du er fortel skulle snittvekta på mordyra og vore tilsvarande god. Det handlar for det meste om tilgang på mat og når tid på året kalven er født.
  11. Dersom de har hatt eit hardt uttak av eldre koller er eg redd svaret på endringa fyrst og fremst ligg der. Det er dei eldre kollene som er "flokk leder", tek ein ut desse vil lett heile trekkmønsteret til stammen endre seg. Dersom ein tidlegare har opplevd å ha nærmast "bufaste" dyr i sitt område, vil ein kunne oppleve noko heilt anna om slike dyr vert tekne ut. Dette finnast det mykje erfaring og kunnskap, i høve til hjortens åtferd. Kunnskap ein og har fått stadfesta gjennom merkeprosjekta. Når det gjeld gaupe og/eller jerv ... ja så kan eg ikkje sei anna enn at eg lurer svært på kvar i sunnfjord du jaktar Reknar med å kunne få lese kjeveresultata frå desse monster kalvane dykkar i hjorteregisteret, dersom eg kan få vite kvar du jaktar, så skal eg heller komme attende til dette når resultata føreligg ... trur neppe slike kalvar er født dette året, når mattilgangen er så låg at snittvekta på resten av dyra ligg under 50kg
  12. Tja, kva skal ein svare til slikt ...? Ser at eg skreiv feil i mitt innlegg i høve til avskyting. Det skulle sjølvsakt vere 40% kalv, 30% vaksne hodyr og 30% vaksne hanndyr. Dersom ein tek ut dyr etter ei normalfordeling med 20% kalv, 40% vaksne hodyr og 40% vaksne hanndyr meistrar ein i beste fall at mengda produksjonsdyr (koller som kan ta kalv) ikkje aukar. Dersom ein ikkje tek ut kalv i det heile teke vil ein oppleve at mengda produksjonsdyr har auka til omlag det doble berre etter omlag 5 år. Dersom ein tek ut like mange dyr, men med ei fordeling på 40% kalv, 30% vaksne hodyr og 30% vaksne hanndyr vil ein oppnå å ha redusert bestanden av produksjonsdyr i løpet av same tidsperiode. Eg seier ikkje at dette er tiltak som passar alle stader, men få andre tiltak nyttar om ein vil take ned bestanden. Jegerar som ikkje vil skyte kalv bør helst henge børsa si på veggen og for ettertida slutte å jakte.
  13. Her var det mykje underleg synsing å lese. No har vi i Sogn og Fjordane gjennomført to merkeprosjekt av hjort, eit som er avslutta i Nordfjord og eit som er i gang i Sunnfjord, for å kunne skaffe oss meir og betre kunnskap om hjortens åtferd, beite og vandremønster, samt meir kunnskap om hjortens leveområde. I tillegg til dette har det vert gjennomført ein god del forsking, mellom anna i regi av Nors Hjortesenter, NTNU og UiO, for mellom anna å få betre kunnskap om hjortens reproduksjon. Kanskje ville det vere ein ide å take noko av denne kunnskapen til seg, framfor å basere forvaltinga på kva ein observerar som medlem i eit jaktlag innanfor eit heller nokså lite areal. Eg er samd med dykk som gjev uttrykk for at hjortebestanden på Vestlandet er blitt for stor og treng reduserast. Nok ein gong vel eg å feste lit til dei forskingsresultat som ligg føre, i høve til korleis slik reduksjon best kan gjennomførast, utan å øydelegge kondisjonen i stamma. Dessverre har det synt seg vanskeleg å få jegerar og jaktrettshavarar til å vere med på større uttak av kalv og eg vil våge meg til å påstå at dersom ein i eit område opplev ikkje å ha kalv eit år – ja, så skuldast det mest sannsynleg at dei har skote for lite kalv og ungdyr tidlegare år og for mykje kolle. Skulle likt å få sett kjeveresultata frå dei tre føregåande jaktsesongane frå desse områda … er nok redd dei kan finne svar på manglande kalvar, men likevel svært mykje dyr i området, ved å studere desse. No er ikkje eg redd for at dei skal verte utan kalvar i åra som kjem, heller stikk motsatt. Svært mykje tilseier at dei vil få mykje hjort i dårleg kondisjon i åra som kjem, om ein ikkje vert betre forvaltar. Sanninga er enkel: Vil ein redusere hjortebestanden på Vestlandet lyt ein take ut betydeleg meir kalv enn vaksne dyr og vil ein ha betre kondisjon hjå dei dyra som går att, etter at jakta er omme og i åra som kjem, lyt ein vere villeg til å late dei beste kollene og bukkane gå att. Ser slett ikkje bort frå at det fleire stadar vil vere svært fornuftig å take ut 40% kalv, 20% vaksne hodyr og 20% vaksne hanndyr. Dersom ein verkeleg vil lykkast lyt ein og vere villeg til å innsjå at hjorten ikkje kjenner til grunneigargrense, kommunegrense og heller ikkje fylkesgrenser. Det eg freistar å sei er at vi treng langt betre forvaltning og langt større forvaltningsområde … kjempefint med storvald og bestandsplanar, men eg er redd altfor mange av desse såkalla storvalda er altfor små i høve til hjortens leveområde mange stadar og at bestandsplanane i realiteten er ein avskytingsplan og ikkje ein plan for korleis ein faktisk vil gjere tiltak for å betre kondisjonen i hjortestamma og take i vare eit biologisk mangfald etc … eg har delteke for lenge til å late meg lure
  14. Det er du som skal trivast med hunden du skaffar deg, det er du som skal jakte med den og det er i stor grad du som gjer den til den hunden den blir. Sjølv har eg ulike rasar til ulike typer jakt, men ein rase kjem eg aldri til å vere utan så lenge eg driv med jakt og det er Petit Basset. Kvifor? Vel, for meg ein glimrande hund til allsidig jakt frå rev, rådyr, hjort og pokker ta meg skaut eg ikkje ein storfuggel for den og i haust. Det er den eg nyttar når eg lyt gjennomføre svært krevande ettersøk ... det lengste ettersøket eg har hatt saman med denne hunden gjekk over 9 timar samanhengande etter ein kronhjort med avskutt framfot! Det var og denne hunden vi nytta til å finne bjørnen som sumaren 2008 vart skutt i Fjærland. Når eg skriv dette gjer eg ikkje krav på å vere objektiv - det handla meir om ei forelsking, ei livslang forelsking til denne hunderasa, som eg på ingen måte vil kalle vakker. Den er berre kort og godt ein hund etter min smak, som eg ikkje kan forestille meg å vere utan. Ynskjer deg lykke til same kva rase du skaffar deg!
  15. Du er ikkje aleine om å synes slikt er snålt, men vi blei mest oppgitt og forbanna. Dei gav ikkje anna grunngjeving enn at kikkerten ikkje var kjøpt gjennom dei og at dei difor meinte å ikkje ha noko garantiansvar. No skal det seiast at eg er svært tilfreds med min Zeiss!
  16. Ja, det kan eg, september 2008. Min gode venn kjøpte sin Zeiss hjå Arms & Ammo, Børsemaker, våpenbygger og autorisert våpenhandler i Eikefjorden. Grunnen til at vi kontakta Våpenloftet var at sjappa, der han kjøpte kikkerten, var stengt nokre dagar i den perioden.
  17. Zeiss Norge sin manglande vilje til å yte garantiservice gjeld ikkje berre for Conquest. Eg og ein god jaktkompis av meg kjøpte kvar vår Zeiss Victory, produsert i Tyskland. Eg kjøpte min gjennom Våpenloftet, som får sine frå Zeiss Norge, han kjøpte sin frå ein som sjølv importerte kikkerten og fekk den 60,- kroner billegare enn meg. Så svikta elektronikken i kikkerten hans og vi gjekk saman til Våpenloftet for å få hjelp med å få den reparert som garantisak. Dei ringer så Zeiss Norge med forespørsel om dei kan gje han ein ny kikkert, sidan den då berre var tre veker gammal. Alt tyda på at dette skulle gå i orden like til serienr./prodnr. blei opplest ... då gjekk Zeiss Norge i svart. Svaret ble at dei kunne take imot kikkerten og få den reparert for hans regning, men var ikkje villeg til å ta den som nokon garantisak. Kikkerten vart sendt til Tyskland, av vedkommande som hadde importert den, der vart den reparert utan kostnader for eigaren, men han var utan kikkert i over ein månad! Slike saker talar ikkje til Zeiss Norge si ære og dei bør f.... døtte meg få høyre det!
  18. Takk for hyggelege og hjelpsame svar! Skal legge ut bilete så snart eg har fått tak i dei delane eg manglar og startar prosjektet - bilete av slik Kragen er i dag, deretter demontert og til slutt slik den etter kvart har blitt.
  19. Har ikkje hjerte til å øydelegge den ... heller ikkje til å kvitte meg med den. I staden har eg svært god lyst til å få den i brukbar stand slik at eg kan få brukt den på jakt. Svigerfar min har skutt mange hjort, rev og sau i skårfeste med den og den fortenar å komme til heder og verdighet att. No får eg freiste å gjere noko med det. Fant nett ein gammal tråd her som omhandla restaurering, skal lese meg opp på den
  20. For fleire år sidan arva eg ein Krag, orginalutgave frå 1914 med heilstokk og bajonett. Litt stolt over arvegodset fekk eg registrert den inn i våpenkortet, sidan har den berre stått og teke plass både i kortet og i våpenskapet. Hadde eigentleg tenkt å freiste bygge den om med ny stokk, skifte løp, montere kikkert etc. etc. men det har ikkje blitt til noko. No har eg etterkvart blitt så pass inspirert av alle dei fine prosjekta eg har lest om her, samt at dagane vert kortare og kveldane lengre og i tillegg er snart storviltjakta omme, at eg begynner så smått å leike meg med tanken att. Så difor, gode kreative entusiastar her på kammeret, ynskjer eg idehjelp til dette gryande prosjektet. Skal innrømme at eg har vert inne på tanken om å fylle løpet med bly, får den fjerna frå kortet og deretter henge den til pynt på veggen, men det er då pokker ta meg dårleg gjort mot denne gamle travaren. Eg treng og nokre delar, mellom anna er sikringa borte og skruen som held fast hylseuttrekkeren er borte; finnast der stader ein kan få tak i slikt?
  21. Ja, dei norske rasane av elghund omtalast slik: Norsk Elghund Grå og Norsk Elghund Svart.
  22. Ja for ørna eter opp alt på reinen den slår?? Slettet jmonsen.!! At det fins jegere i skogen som deg og Tesla32 gjør meg trist. Jeg trodde hippier stort sett satt med blomster i håret å røyka seg fjerne, men jammen er det ikke en å anna tåsk her inne også Den bonden er en nasjonalhelt i mine øyne Rune Vel, eg synes debattnivået her er lavmål og vitnar ingen til ære. Om de får kvar dykkar ropert kan de finne kvar dykkar holme langt ut i skjærgarden og gaule sarkasme til kvarandre der ... på den måten gjer de dette forumet ei stor teneste. Ja, der finnast tullingar i SNO, men langt frå alle er det og der finnast inkompetente menneske hjå fylkesmennene einskilde stader, men langt frå alle er det ... slike tullingar og inkompetente menneske er mest til skade for rovdyr dei, av ein eller annan grunn, trur dei tek i vare. Det er faktisk mogeleg å ha levedyktige bestandar av alle våre rovdyrartar, og av dei fire største, om ein fovaltar artane på ein skikkeleg måte. Slik forvalting får ein ikkje til ved å gaule idiot og/eller hippi til kvarandre, like lite som å fornekte den skade dei faktisk påfører bufe einskilde stader. Eg har like lite sympati for slikte eg ovanfor har karakterisert, som eg har for påtatt gråtkvalde sauempatiske bønde, når dei viser fram offer etter rovdyrangrep. Større sans har eg for dei som uttrykker sann og rettmessig harme over det økonomiske tap dei reint faktisk er påført! Det er heilt på tryne at denne næringa skal betale for norsk rovdyrpolitikk, det må vere ei statleg oppgave. Faktisk meinar eg at staten skal betale ut med SVÆRT romsleg hand - desse folka gjer ein samfunnsdugnad få verkeleg veit å sette pris på. Utan sau og anna krøter ute i kultur- og naturlandskapet ville det gro heilt over ... kanskje skulle turistnæringa betale dei for denne jobben, dei marknadsfører dette landskapet som ein del av sitt produkt ... ... men, samma pokker; freist å ver noko meir saklege.
  23. Har stor sans for slike prosjekter og vonar de lykkast. Eit lite tips vedrørande hytte, lokalisering etc. kan vere å legge ut ei lita annonse her om prosjektet dykkar: http://www.jagareforbundet.se/annonser/ Dette er ein stad på nettet som vert besøkt ofte, både av folk som ynskjer å leige ut og å leige. Eg har sjølv nytta meg av denne staden med STORT hell! Lykke til!
  24. Du får stikke over til nabofolket i Sveariket då, slik at du opptrer innafor lova. Ynskjer deg lykke til med hunden. Har du planar om å kunne ta bilete, filme eller skyte bjørn for den er du nok avhengig av at den losar medan bjørnen står ... elles vert det nok ein kort filmsnutt, eller dersom du skal ta bilete; syt for kort blenderopning Ein bjørn med ein slik hund i helane spring fort, stygg fort!
  25. Du lyt nok ha ein utførselsdeklarasjon i tillegg frå tollen, samt godkjenning/deklarasjon frå landet du skal til. Kontakt tollvesenet og/eller politiet, samt ambasaden til landet du skal til, så får du nok hjelp.
×
×
  • Create New...