Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fenrir

  1. Fint å vite at eg ikkje var aleine om den kjensla ... difor sletta eg mitt svar før eg sendte det.
  2. Vel, om så er stiller det seg noko verre; dersom desse karane ikkje har avlagt jegerprøve frå Norge har dei heller ikkje lov til å jakte noko som helst på New Zealand. Kan så vere, men det held ikkje korkje rettsleg eller moralskt ... ikkje her heime og heller ikkje på ferietur til New Zealand.
  3. @Puzzaque Eigentleg synes eg, i dette tilfellet, at det er heilt uinteressant kva ein gjer på NZ for å begrense/få kontroll med ein uønska art.. Desse folka var på vitjing i NZ, ikkje innhyra for å hjelpe til med å redusere Wallaby eller andre artar for den saks skuld. Dette handlar om å vise ein smule respekt ovanfor dei som "husar deg" når ein er på vitjing - ja, rett og slett om å oppføre seg nokon lunde sivilisert. Slik åtferd, som desse tåpane framviser, er skammeleg og fortenar ingen som helst respekt, etter mi meining.
  4. Ja, der er mykje som er vanleg rundt omkring, spørsmålet er om det er så lurt å delta på alt som er "vanleg" og i tillegg legge det ut til allmenn beskuelse. Kanskje er det ikkje det? Nei, der er ingen grunn til å hyperventilere, men eg synes der er god grunn til å sei klårt frå om kva ein meinar om slik framferd. Skulle likt å høyre korleis ein ville reagert dersom det kom 3 - 4 frå New Zealand hit opp og gjekk bananas ute i jaktterrenget for elg, hjort eller rådyr i juli/august, som tilfeldigvis bomma på jaktsesongen og ikkje hadde naudsynte papirar i orden. Synes eg høyrer sindige jaktrettshavarar seie noko i nærleiken: "Nææei, me pusta roleg .... De bomma på jaktsessongen og på kva slags tillatelser de skulle ha; så heilt gode e de ikkje." Er nok redd pipa hadde hatt ein noko annan lyd.
  5. Gode vener. Der er ingen grunn til at slike skal få øydelegge for oss. Det som er viktig når slikt skjer er at vi er blant dei fyrste til å fordømme og tek avstand frå slike handlingar, at vi gjer kva vi kan for å fremme både god jaktetikk og moral ut til kommande jegerar. Slike personar har ingen ting i vår omgangskrets å gjere. Ja, eg er forbanna, men langt frå apatisk!
  6. @Skaubjønn. Tja … eg veit no ikkje heilt om slike oppfører seg noko særleg betre her heime enn kvad dei gjer andre stadar. For knapt to år sidan fann vi fleire hjortar her hjå oss, som var skutt med finkaliber våpen, nokre i hals/nakkeregion andre med fleire skot rundt om på dyret … både drektige koller og koller som nyst hadde fødd. Ein lyt stå saman og få luka ut slikt ugras, dei høyrer ikkje til blant jegerstanden – korkje her heime eller andre stadar.
  7. Eg synes det er like greit at den usladda versjonen vert tilgjengeleg. Er der noko som gjer meg forbanna - ja, så er slik åtferd eit døme på det http://www.3news.co.nz/Norwegian-touris ... fault.aspx
  8. Sorry ... ... desse sitatknappane herjar stundom med meg Feilen er retta.
  9. Det er din rett å meine det. Eg meinar eit slikt utsagn er tåpeleg og øydeleggande for ein konstruktiv debatt om ei viktig sak. Sjølv har eg ikkje noko som helst til overs for FrP, det fråtek meg likevel ikkje retten til å kunne vere samd med leiaren i justiskomiteen sine utsegne i denne konkrete saka, like lite som at fleirtalet i komiteen lyt melde overgang til FrP for at vi skal kunne vinne fram med vårt syn.
  10. +1 I motsetnad til kva Per Sandberg gjorde synes eg det er synd at einskilde her freistar å slå politisk mynt på ei for oss prinsippiel viktig sak. Hald fokus på kva dette handlar om og ikkje la det bli ei sak om kva slags parti på stortinget som snakkar oss mest etter kjeften - til det er denne saka for viktig. Sjølv sender eg ein sakleg mail til samtlege i justiskomiteen og samtlege parlamentariske leiarar.
  11. All honør til TV2 for dette innslaget! Slik framferd frå politiet er ikkje anna enn forkasteleg og kan ikkje karakteriserast som anna enn kunnskapslaust ... flaut og pokker så provoserande!
  12. Fenrir

    Blaser R93 OFFROAD

    Hmmm ... har du freista å vente når du endeleg har bestemt deg for å handle Nei, eg har tid til å vente. Denne børsa er ei eg vil ha til ordinær jakt og det er ei stund til storviltjakta tek til.
  13. Fenrir

    Blaser R93 OFFROAD

    "brutus-75SS" har nok fått meg til å vurdere Proffesional ... så kanskje lyt eg til å be om å få betale kikkerten for seg, slik at kortet kan dragast to gonger ... elles kan eg freiste å påta meg all oppvasken, samtlege frukostar, lage samtlege middagar etc. i heile påska og slik sett oppnå stor kreditt på heimefronten @MPS Det vert nok ein Zeiss på meg, men 9,3x62 pipe vert det nok
  14. Fenrir

    Blaser R93 OFFROAD

    Takk! Eg fekk opplyst at den ikkje kunne leverast frå Blaser med slik løysing. Lyt nok ta ein prat med dei om dette. Takk nok ein gong!
  15. Fenrir

    Blaser R93 OFFROAD

    Takkar, MPS! Ja, det er som hundeførar denne rifla lyt vere til å stole på ... vi som traskar rundt med hund og våpen lyt ta omsyn til meir enn berre det estetiske @Mauser M03 Den står på lista ... men problemet vedrørande stokken er det same. Eg likar ikkje å måtte bruke tid på å justere hovudet i høve til kolben for å finne siktepunktet i kikkerten. Punktet skal ligge der i det eg hiv opp rifle og kolben møter kinnbeinet.
  16. Så treng eg hjelp frå dykk på kammeret med langt betre kunnskap om ulike rifler og mekanismar enn kva eg har. Eg har no endeleg bestemt meg for å gå til innkjøp av nok ei rifle, men valet er ikkje enkelt … skal eg satse på rett trekk eller bolt action? Blaser R93 OFFROAD med rett trekker er den som nett no står øvst på lista mi, men eg treng litt fakta erfaring med denne mekanismen, sidan eg sjølv har null erfaring med rett trekk. Kor ”følsam” er den med omsyn til skit, rusk og rask frå einer, gran, furu etc., etc, - ja, slik skit som alltid finn vegen til børsa, når ein luskar rundt i typisk jaktvær på vestlandet? Er ein slik mekanisme like driftssikker som bolt action under slike tilhøve? Mitt andre dilemma i høve til denne rifla er den rette stokken, som ikkje let seg justere og vanskeleg let seg bygge om. Eg er blitt fortalt at der finnast eit kitt å få kjøpt til denne, slik at ein får justert kolbehøgde inn mot kinnbeinet, men som ikkje er produsert av Blaser. Er nokon her på kammeret kjent med dette, og i så fall; kvar kan eg finne info. om dette kittet samt kjøpe eit slikt?
  17. Vel, eg kan anbefale deg denne staden, det er seriøse folk og du får raskt svar om de får plass. http://ex-ad.se/ Lykke til!
  18. Vel å ta opp eit par problemstillingar frå ein annan tråd vedrørande opplæring og kompetanse hjå ettersøksekvipasjar, som utfører oppdrag for kommunale og offentlege myndigheiter. Desse problemstillingane, som dessverre drukna litt, var: a) Spørsmål kring ”arbeidsgjevaransvaret” ansvar for ettersøksjegeren og dertil naudsynte forsikringsordningar. b) Kven er best skikka til å legge til rette opplæring av ettersøksjegerar/-ekvipasjar; NJFF eller dei ulike jakthundklubbane. a) Pr i dag er der nok høgst ulike ordningar rundt omkring, men eg tvilar på om nokon har ei god nok forsikring, som dekkar alle dei eventualitetar slik aktivitet kan medføre. Stundom kan nok aktiviteten nærmast samanliknast med ein risikosport, der ein tek seg fram i bratt, sleipt/glatt og ulent terreng, gjennom plantefelt og viekratt, med risiko for ei mengd skader frå beinbrot til ikkje minst augeskade, om ein ikkje er overvaken nok. Sjølvsagt er all slik aktivitet frivillig, men det same valet har ikkje myndigheitene, som gjennom lov og føresegne er forplikta til å syte føre at slike ettersøk vert gjennomført. Då er det, etter mitt syn, ikkje meir enn rett og rimeleg at desse myndigheiutene syter føre at frivillige, som tek på seg slike oppgåve, vert forsikra i høve til den risiko oppdraget medfører. b) Personleg synes eg det er på høg tid at ein legg sine ulike kjepphestar til sides, som forutan om at slike er dårlege framkomstmiddel tenar dei ingen annan nytte enn å vere til barnsleg glede. Det er på høg tid å freistar og finne fram til konstruktive samarbeidsformer til beste for alle. Eg vil tru at dei fleste ettersøksjegerar, i tillegg til å vere medlem av ein eller annan jakthundklubb tilknytt NKK, er medlem av NJFF. For meg er det knekkande likegyldig kvar slike instruktørar kjem frå, kva slags hund vedkommande har etc. etc.; poenget må vere at vedkommande har ein kunnskaps- og erfaringsbase å hauste frå, tilstrekkeleg med pedagogiske ferdigheiter og gode nok sosiale antenner til å kunne formidle godt frå denne basen. Dessutan synes eg det kunne vert fint dersom DN hadde utarbeida retningsliner for minimum tematikk for slike kurs, samt krav til godkjenning av instruktørar. Deretter kan eg ikkje sjå at det skulle vere noko i vegen for at både jakthundklubbar og NJFF foreiningar stod som arrangør av slike kurs, likevel; dei fleste miljøa er så pass små, at vi alle har nok noko å tene på samarbeide og då kan det vere fornuftig å finne ein felles arena … pr. i dag meinar at den arenaen, som samla flest under ein paraply, er NJFF.
  19. Vil og tru at der er gode mogelegheiter til å få tak i blod om ein kontakte personar som driv ettersøk og felling av trafikkskadd hjortevilt. Sjølv driv eg med dette og tek vare på alt blodet eg kan få tak i, frys det ned og delar ut til trengande av det eg sjølv ikkje bruker. Det same gjer eg med viltdelar, som til dømes skankar etc..
  20. Samd med deg i dette. I tillegg kan svært mykje gjerast rundt om for å auke fortilgangen for hjorten i utmarka, dersom ein setter inn rette tiltak, og etter mitt syn er det i utmarka hjorten fyrst og fremat høyrer heime. På våre trakter gror det opp med einer, rørslyng og anna kratt med liten eller ingen forverdi for hjorten. Plantar, som er av langt større verdi for hjorten, melllom anna blåbærlyng, får mest ikkje vekstvilkår i det heile og vert liggande utan å spire. På dei få plassane slike plantar får vekstvilkår, i hogstflater o.l. ser ein blåbærlyng så hardt nedbeita at det mest ikkje er til å tru - ja, ein skal leite lenge for å finne plantar som er høgre enn 10 - 15cm. Veit det einskilde stader kan vere vanskeleg, men langt fleire enn grunneigar og då ikkje minst jegerar, som har eit ynskje om å kunne hauste av viltproduksjonen, lyt ta eit ansvar for å halde utmarka i hevd. Kanskje lyt der eit nytt regime på plass, men skal ein få til å oppretthalde ein stor stamme av hjort, med sunne friske og livskraftige dyr, som gjev ei avkasting det er interessant å hauste av - ja, så kjem ikkje det av seg sjølv; den lyt forvaltast langt betre. Sjølvsagt kan ein drive med kultivering av nedlagte beiter og innmark, legge ut for i den hardaste tida for dyra, men det vert berre eit lite tilskot.
  21. Der er vel fleire som kan få vatten i munnen, enn berre villsvina, men takne på all den gode maten Eg talde 42 villsvin og eit rådyr (?) lengst oppe i kameravinkelen på veg bort, litt av eit syn!
  22. Enig med det meste av det du skriv, jmonsen, men har nokre kommentarar til dette: Skal ein kunne få til noko slikt krevast det at ein har eit tilsettingsforhold i kommunen ... og sjølv då er det ikkje heilt så enkelt. Vi hadde ei slik avtale med kommunen, men så ville ikkje forsikringsselskapet lenger akseptere at vi vart ommfatta av kommunens forsikringsordning. Skal ein få til noko slikt, som det du meinar, lyt det nok på plass nye retningsliner/føresegne frå det departementet/direktoratet er eg redd. ... men kanskje skjer der noko på denne fronten og snart: http://www.namsskogan.kommune.no/nordtr ... &cat=m1_34
  23. Nei, eg synes slett ikkje det. Likar du ikkje å få slike tilbakemeldingar rår eg deg til å gjere noko med årsaken til dei, noko du utan større anstrengelsar nok vil kunne meistre.
  24. Kanskje er det ikkje meg du spør, men eg svarar likevel. Pr. i dag finnast der ikkje nokon offentleg godkjenningsinnstans for slike kurs. NJFF kan, ut frå eigne kriterier, stille krav til innhald, kvalifikasjonar hjå instruktørar etc. til slike kurs og slik sett sette sitt eige godkjenningsstempel på kurset. Det same kan NEKF, NSHK og andre særforbund innan NKK gjere for sine opplegg. Personleg er av den formeining at det ville vert ein fordel om rasehundklubbane samarbeider med NJFF om eit felles opplegg, samt godkjenningskriterier for instruktørar for slike kurs. Svaret på spørsmålet ditt er så enkelt at det er ikkje ei presis nemning å nytte formuleringa "godkjent" om desse trinn II kursa, utan å nemne kvar godkjenninga kjem frå.
×
×
  • Create New...