Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fenrir

  1. Reknar med du har dei beste intensjonar med å reise denne problemstillinga, men du bommar nok ein del er eg redd. Ta til dømes ein Springer Spaniel, glimrande jakthund, bomnehund, narkohund etc. etc. Eller kva med labrador nytta både som jakthund, førerhund, lavinehund etc.. Svært mange av jakthundrasane kan nyttast til meir enn berre som jakthundar. Strihåret vorsteh f.eks. glimrande trekkhund når ikkje kulda vert for stri. Likevel, eg er samd i at det er ein fordel at nokre blodsliner vert haldne innanfor eit jaktmiljø og seriøse oppdrettarar er seg nettopp dette bevist.
  2. Nei Sjur, eg tek ikkje ytringane dine personleg. Saka er så enkel at eg ikkje likar at ein reisar tvil om andre organisasjonars sitt opplegg for å fremje eigen ”forretningside”. Eg har ingen tilknyting til NSHK, men eg veit at du valte å arrangere eit påstått godkjent trinn II ettersøkskurs, utarbeida av deg sjølv, i konkurranse med den organisasjonen du sitt i ettersøksutvalet i. Kven har godkjent dette kurset ditt Sjur? Du kan vel svare på det, kan du ikkje?
  3. Utanfor. Hjå oss er det dei andre rovdyra som gjer mest av seg. Sjølv jaktar eg for det meste med laushund og har ikkje problem med å forstå kva de plagast med innanfor sona.
  4. Eg nyttar boltrifle 3006, held i massevis. Bjørnejakt handlar i dei fleste tilfeller om korte hald.
  5. Nei på ingen måte og har vel heller ikkje gjeve uttrykk for noko i den retning. Sjølv om der ikkje var påvist yngling av ulv i denne perioden vil vel ikkje det sei det same som at her ikkje var streifdyr? Kva "by folk" trur og ikkje trur er ikkje eg den rette til å svare på, sidan eg mest heile mitt liv har budd andre stadar og dei siste 30 åra i eit hus langt frå nærmaste tettstad omgitt av skog på dei fleste kantar og med hundegarden som nærmaste nabo. Det er slik eg trivast, jaktmarka startar i det eg let opp utgangsdøra. Nett dette er som om eg skulle sagt det sjølv.
  6. Har ingen problemer med at du, og heilt sikkert mange med deg, meinar det. Vi har eit ulikt syn på dette og det er heilt OK for meg. Personleg er eg av den oppfatning, utan at eg skal freiste å tvinge den på nokon som helst, at det er vel vert å take vare på alle rovdyrartane rundt om på vår planet. Difor synes eg det berre er rett og rimeleg at vi tek vårt ansvar for dei artane som har ein naturleg biotop hjå oss. Dersom det ikkje skulle vere slik, kven skal då gjere det og kvifor?
  7. Sjå der ja, du fekk lagt inn tekst på bilda.
  8. Nei, sjølvsagt ikkje og det har eg då aldri korkje gjeve uttrykk for eller meint. Sjølv jaktar eg rovvilt, ikkje fordi eg har slik stor glede av å sende ei kule inn i skrotten på eit slikt dyr, men fordi eg synes det er viktig at desse artane vert forvalta i høve til dei nasjonale mål ein har. Eg er på langt nær samd i alle desse måla, men det er eit politisk spørsmål som ikkje vert avgjort i høve til kva du og eg vert samde om eller ikkje. Eg kjenner godt rovdyrdebatten i Sverige og deltek på jakt der borte kvart år, fyrst og fremst for å gje hundane mine naudsynt trening og erfaring i møte med bjørn. Synes det ville vere fint om du ikkje tilla meg meiningar og synspunkt eg ikkje har.
  9. OK, ser at du meinar det, eg er av ei anna oppfatning. Til liks med deg er for jakt og ynskjer på ingen måte at rovdyrstamma skal verte så stor at vi ikkje lenger kan hauste av den rikdomen matviltet er. Eg er heller ikkje så trangsynt at eg ikkje ser at ulv og laushund er ein dårleg kombinasjon. Likevel, det er eit faktum at der finnast menneske som ynskjer mellom anna jerven "langt fanden i vold" ... på sett og vis gjer den stundom større innhogg, som haustar, enn kva ein streifande ulveflokk gjer ... Det er desse vanskelege interessemotsetnadane som gjer denne rovdyrdebatten så inn i hampen fastlåst. Dersom du vel ei linje for kampen din, som går ut på å verte kvitt ulven, er eg redd du øyer krefter ut på ein, på førehand, tapt kamp. Sjølv trur eg ein oppnår langt meir ved å delta i drøftinga, på ein sakleg måte, i høve til kva som skal vere nasjonale mål i høve til utbreiing og omfang av rovvilt.
  10. Nå ja, det stemmer vel ikkje heilt, eller kva? Trur der finnast eit og anna vilt att å jakte på i land med vesentleg større ulvetettheit enn kva dei har i Sverige. Elles kan eg ikkje sei anna enn at eg delar fullt ut høggern sine synspunkt her. Vi vert jaggu ein fattig nasjon den dagen vi ikkje lenger kan akseptere levedyktige stammar av våre fire store rovdyrartar. Få, om nokon, er tente med ein rovdyrdebatt som legg opp til ja eller nei til ulv, jerv, gaupe eller bjørn. Jau da, eg synes det er ille for den som mistar hunden sin for ein ulv, men å lage skrekkscenario om kva desse ulvane kan komme til å forvalde av skade mot mengder av anna vilt og menneske synes eg er å dra debatten i nærleiken av det usaklege.
  11. Ein skal ikkje tru alt ein les, heller ikkje hjå NRK Sogn og Fj. Dei faktiske tala for felte dyr i Bremanger kommune ser slik ut: 2006: 596 2007: 679 2008: 677 2009: 717 Når ein så veit at felte dyr i 2006 var det beste resultatet nokon sinne i kommunen på det tidspunkt, vert det noko underleg å nemne 2008 som eit dårleg år. Likevel, dette er ingen enkel debatt og eg trur ein skal vere varsam med å konkludere for kjapt. Dessutan har nok den snørike vinteren langs kysten og teke ut ein del dyr, er eg redd. Her hjå oss kjem vi difor til å gjennomsøke dei mest dyre tette vinterbeiteområda, når snøen har trekt seg attende, for å freiste registrere kor mange dyr som har gått med i løpet av vinteren. Etter kva vi har observert så langt har ein god del kalvar alt strye med. Trur det kan vere fornuftig å innhente slike data før tildeling av kvote for 2010.
  12. Eg kjenner ikkje programmet til canon 450D, men eit godt alternativ til Adobe er eit gratis program som heiter Gimp, som du kan laste ned her: http://www.gimp.org/ Ynsker deg lykke til med fleire fine bilete på bloggen din
  13. Det gjer du ved å laste bilete inn i eit bilderedigeringsprogram, som til dømes Adobe Photoshop, og skriv inn den teksten du ynskjer på bilete.
  14. Ingen såre kjensler frå mi side, tvert om; eg synes vingemutteren stundom argumenterar godt og har bringa mange gode poeng fram i denne og andre debattar. Likevel, eg synes ikkje det har så mykje for seg å tyne denne debatten noko lenger.
  15. Nei, der er ikkje noko offentleg krav om det. Likevel har vi det som eit krav for våre medlemmar, nettopp for å kunne ivareta sikkerheiten. Dersom du og andre, som driv denne gesjeften, ikkje syter for at dette ligg inne i dykkar opplæringstilbod på heilt grunnleggande nivå - ja, så vil eg be dykk om å finne på noko betre å fordrive tida med. Hjå oss er det slik, heilt frå jegeropplæring til grunnleggande opplæring for ettersøksekvipasjar. Vi driv ikkje med slik meiningslaus samlebandsproduksjon, ikkje ser eg nokon meining i å gjere det heller. Vel, du om den. Vi hjå oss har ein annan definisjon, som setter oss i stand til å ivareta sikkerheiten for oss sjølve og andre. Elles synes eg du fyrst og fremst skal stille deg eit spørsmål om kva slags "kvalitetskontroll" du har gjeve det trinn II kurset du tilbyr i marknaden, før du går høgt på bana i høve til andre. Etter kva eg kjenner til har vel neppe andre enn du sjølv teke den vurderinga. Så til dine konkrete spørsmål til meg. Ja, alle har vi ordinær jegerforsikring og i tillegg er alle våre hundar forsikra med NJFF si jakthundforsikring.
  16. Trur nok "vingemutteren" er blitt noko slarkete og rom i gjengane ... kanskje skulle du gjere noko med dette og verte noko meir presis Vel, eg kjenner ikkje nokon trong til å kommentere innlegget frå deg noko meir, det talar meir enn godt nok for seg sjølv.
  17. Vel Sjur, det må du gjerne kunne meine. Slikt MÅ vere ein obligatorisk del av all grunnleggande jegeropplæring og særleg vektleggast for ettersøksjegarar i den grunnleggande delen. Her hjå oss har vi rutinar for å repetere våre sikkerheitsreglar kvar gong eit ettersøk vert gjennomført der nokon skal delta saman med ekvipasjen. Poenget er at sikkerheits- og gode kommunikasjonsrutinar er grunnleggande i alle samanhengar der våpen er inne i bilete. Når ein ettersøksjeger tek trinn to skal dette vere noko som "ligg i ryggmergen" og slett ikkje vere noko obligatorisk del av dette stadiet i utdanninga. På dette stadiet skal deltakarane framvise ein åtferd som viser at dei kan dette, ikkje lærast det. Dersom ein stiller på trinn II utan slik kunnskap vil eg råda til at vedkommande repeterar grunnleggande ferdigheiter.
  18. Sidan du og lurte på alle desse forkortingane finn du dei fleste rimeleg forklart i dette dokumentet: http://www.nkk.no/nkk/public/getAttachm ... 7756637684
  19. Cert står for certifikat og du treng tre cert for å få championat. Du finn regelverket her: http://www.nkk.no/nkk/public/getAttachm ... 8451387828 Ynskjer deg lykke til med gordonsetteren din når du får den. Eg har hatt slik hund og det gav meg mykje glede
  20. Dine scenario produserer vrangførestillingar ganske enkelt fordi det bles problemet hund kontra sau ut or ein kvar kjent størrelse. Sjansen for at ein eigar av bufe eller tamrein skal finne ein hund, utanfor hundeigar sin kontroll, i nærleiken av dyra sine er, med respekt å melde, temmeleg liten. Det aller meste av hundehaldet her til lands er svært bra og dei fleste hundeigarar er seriøse ansvarsfulle menneske. Likevel, slike situasjonar oppstår ein sjeldan gang og det er difor vi har denne omtalte retten nedfelt i hundelova. Denne lovheimelen er IKKJE meint å vere ei sanksjonsform ovanfor hundeigar, men vere ein rett eigarar av bufe og tamrein kan nytte i desse svært sjeldne tilfella, når situasjonen ikkje kan løysast på annan måte. Dernest har hundelova ”føre var reglar”, som gjev politiet rett til å gripe inn mot hundeigarar, som ikkje driv eit seriøst hundehald. Desse finn vi i hundelovas kapittel 6. og regelen er knytt til politilovas §6, der det mellom anna heiter, sitat: ”Tjenesteoppdragets mål skal søkes nådd gjennom opplysning, råd, pålegg eller advarsel eller ved iverksettelse av regulerende eller forebyggende tiltak.” Dette betyr ganske enkelt at det er politiet, og IKKJE eigarar av bufe og/eller tamrein, som skal sanksjonere uønska åtferd frå den ein måtte meine er ein useriøse hundeigarar. Det er ikkje berre heilt i strid med lovas intensjon å framstille naudretten i hundelovas kapittel 5 ”som eit ris bak speilet” ovanfor hundeigar, slik du tidvis har gjeve uttrykk for, men og straffbart dersom dette er bakgrunnen for avliving av ein hund. Problemet er IKKJE eit for dårleg lovverk, men heller at nokre ikkje evnar å sette seg inn i kva reglar som faktisk finnast, eit politi rundt omkring med for dårleg kompetanse på området og til sist; nokre som finn større glede i å lese dette lovverket svært selektivt, nærmast som fandens auge over bibelens tekst, og handlar deretter. Eg seier ikkje at du er i denne siste kategorien, men du synes å vere til forveksling lik.
  21. vingemutteren: "...,jeg baserer mine "meninger" på loven og det man har lest om av bruk av nødvergeretten." Er redd dine scenario produserer fleire vrangførestillingar, enn dei klårgjer forståing av kva naudrett inneber. Difor er det nok tryggast, for alle og ein kvar, å halde seg til at naudrett er noko ein tyr til når situasjonen ikkje opnar for andre meir rasjonelle løysingar.
  22. Det er alltid hyggeleg å møte meddebattanter som legg godviljen til, så eg takkar! Ja, det er rett. Likevel er det slik at ein skal komme i hug at vilkåra for å felle freda rovvilt er vesentleg strengare enn å felle ein hund ut frå naudrett. Naturmangfoldlovens §17 er klar på at denne retten er knytt til direkte angrep når det gjeld rovvilt, medan det i hundelovas §15 heiter: "Dersom det ikke lar seg gjøre å oppta hunden eller få politiet til stedet så raskt som situasjonen krever, kan vedkommende om nødvendig avlive hunden på stedet." Dette er ingen uvesentleg skilnad. Mitt poeng er at dersom bonden hadde skutt ein ulv under dei same vilkåra som Ayla – ja, så ville han høgst sannsynleg ha kome noko verre ut. Sjølv om han kunne påvise at ulven hadde drepe sau hjå han, kan han ikkje følje etter ulven for så å avlive den. I slike tilfeller lyt ein ha ei fellingstillating å vise føre seg. Elles er eg samd med deg i at det er ille at ikkje hundeigarar har den same retten som eigarar av bufe og tamrein har i høve til angrep frå ulv.
  23. Alle slike vurderinger av kjøper må ein ha gjennomført før ein lover bort kvalp frå kullet. I dette tilfellet var vedkommande lova kvalp dersom kullet innfridde. Mitt svart til han var ut frå dei opplysningar vedkommande trådstartar gav. Når eg kjøper kvalpar gjev eg alltid opp referanse slik at selger kan ta stilling til meg som hundeigar. Dersom vedkommande selger er tilfreds med min "vandel" og mine referanser ber eg om å få svar på om eg har prioritert plass i høve til kvalpekullet. Får eg ein plass eg er nøgd med avtalar eg eit besøk hjå oppdrettar/selgar når kvalpane er 6 veke gamle. Dette fordi eg vil vurdere både kvalpane og selgaren. Dersom eg er nøgd med det eg ser inngår eg ein intensjonsavtale med vedkommande om å kjøpe kvalp. Får eg ikkje slik avtale ynskjer eg vedkommande lykke til og finn meg ein annan selgar i standen, som eg opplev er seriøs.
  24. Når det gjeld våpen er eg i all hovedsak samd med "vingemutteren". MEN, og det er eit stort MEN her; på nettet finnast der ei røys med meir eller mindre useriøse nettbutikkar, som tilbyr mykje sneks til slike som oss. For omlag eit år sidan bestilte eg ein kamoduk og betalte vara med visa over nettet ... etter utallige mail fram og tilbake og ei mengd med ulike forklaringar om kvifor dei ikkje hadde fått levert den, bad eg i oktober 2009 om å få pengane att. Rett skal vere rett; eg fekk pengane inn på konto att rett før årskifte. Så, 24.november 2009 bestilte eg meg eit MMS Viltkamera, her hadde eg og mogelegheit til å betale kontant over nettet, men klok av skade let eg det vere og bad om å få det i postoppkrav. I dag er eg forbanna glad for det; leverandøren til denne nettbutikken har framleis ikkje fått dette kameraet ut or beddingen ... seier dei. Å be om å få betalt for varer ein ikkje veit om ein er i stand til å kunne levere skapar ikkje særleg mykje tillit mellom forbrukar og leverandør. Mitt poeng er at der finnast begrunna skepsis og frå ein forbrukar sin ståstad.
×
×
  • Create New...