Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Fenrir's Achievements

Collaborator

Collaborator (7/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Skal lade nokre patroner til 3006 med Sierre MatchKing 150 GR. HPBT med Norma 204 ... Skulle gjerne ha fått vite anbefalt kruttvekt. Hadde tenkt å starte med 54 GR, men er dette noko i minste laget??
  2. Meiningslaust, ufatteleg trist ... har ikkje ord for slikt. Mi største medkjensle.
  3. Bukkebrøl – ja, kommunen har forvaltningsansvaret, det er heilt rett. No trur eg ingen er tente med at ein generaliserer og feiar alle kommunane i same bøtta med bakgrunn i Tico si sak. Det vert på sett og vis noko for enkelt og eg trur det er svært feil. Sanninga er vel meir den at dei kommunane, som har ein relativt stor bestand av hjortevilt å forvalte og som har teke dette forvaltingsansvaret på alvor, har etablert gode og ryddige ordningar. Mange skulle nok, og burde nok, ha sytt føre betre kompetanse innan både utmark- og viltforvaltning. Oftast skuldast dei problem/ konfliktar, som oppstår, manglande kompetanse og innsikt hjå dette forvaltningsleddet og særleg då hjå kommunar med tronge budsjett. Mange stader kunne nok fylkesmannen ha gjort ein betre jobb opp mot slike kommunar, men om det ville hjelpe så mykje er eg slett ikkje så sikker på – sjå deg rundt i ”kommunenoreg”, oftast er det beinhard prioritering opp mot tronge budsjettrammer. Utan å ha tenkt altfor grundig gjennom dette så trur eg DN kunne, ved betre utforma føresegne, i høve til kompetansekrav og opplæring av ettersøks ekvipasjar, som skal utføre ”offentlege ettersøk” på vegne av kommunane, medverka mykje til betre forhold. Kanskje skulle føresegna og sei noko om plikt til forsikringsordning …
  4. Tja, sei det Lista som ligg ute er ei liste over hundar med bestått prøve i 2008.
  5. Så er Fenrir påmeldt 15.juli Til Granleggen: Det vil eg tru, men ikkje påstå det. Ta kontakt med NJFF så får du nok svar på dette.
  6. Dersom du sjølv ynskjer å vere den som dokumenterar dette skal du ta turen til Bremanger i Sogn og Fj., reise til staden Svarstad og take vegen opp til sendaren på Steinfjellet, der legg du deg til med kamera og høveleg linse. Trur ikkje du treng vere der så svært mange dagar før du kan få tatt nokre fine bilete av havørn som freistar ta friske lam. Sjølv var eg vitne til dette: Ei havørn som sirkla over saueflokken ei stund før ho gjer seg klar til å fange sitt offer. Ho greip seg fast attom nakken på lammet og hakka det ned i hovudet/augene. Over ørna var der ein flokk ravn som venta på å få ta del i gilde. Eg sprang til det eg kunne, men lammet var dødt før eg kom fram ... så eg skar berre av eine øyret på det for å kunne levere merket til eigaren. Eg vert stadig like undrande når nokon hevdar at havørn ikkje tek friske lam ...
  7. Til Bukkebrøl: Ordninga de har er kanskje eit eksempel til etterfølgelse for fleire, utan at eg kjenner meir til den enn kva du har gjeve uttrykk for her. Ordninga vi har er vi og svært nøgd med og den fungerar godt. Sjølv om ettersøksordninga er nedfelt i forskrift, så hindrar ikkje denne forskrifta kommunen i å sette bort desse oppgåvene til personar, verksemde eller organisasjonar, som kommunen ikkje har noko arbeidsgjevaransvar for. Med andre ord så pålegg ikkje denne forskrifta kommunen å løyse desse oppgåvene med eigne tilsette, den seier berre at dette er ei kommunal oppgåve. Eg kan til dømes, med heimel i forskrift, bli pålagt å skifte ut illstedet i huset mitt - det betyr ikkje at eg må ta arbeidsgiveransvar for fagmannen som utfører dette arbeidet. Det held at eg sørger for at det vert utført av kvalifisert personell. Slik er det og med den forskrifta du viser til.
  8. Dette er faktisk ikke helt korrekt - I det øyeblikk du går et offentlig ettersøk, som f.eks trafikkskade, eller annet kommunalt søk, så er du faktisk pr. definisjon ut i offentlig oppdrag, og således kommunens representant/ansatte. Bukkebrøl, du blandar korta og difor trekker du heilt feile konklusjonar. Ja, når eg går ut på "offentleg ettersøk" så representerar eg kommunen, MEN - og dette er ei svært viktig presisering - eg er IKKJE tilsett i kommunen, kommunen betalar IKKJE arbeidsgjevaravgift for dei timane eg er ute og eg har IKKJE nokon tilsettingsavtale med kommunen. Konklusjon: kommunen har ikkje arbeidsgjevaransvar for korkje meg eller noko annan ettersøksjeger her hjå oss og slik er det svært mange andre stadar rundt omkring i dette landet. Det at ein representerar nokon, eller opptrer på vegne av nokon, er ikkje det same som at vedkommande har påteke seg eit arbeidsgjevaransvar. Kommunen har til dømes ikkje arbeidsgjevaransvar for advokatar, som måtte representere dei i ulike saker, utan at vedkommande advokat er tilsett i kommunen. Eg veit at det svært mange stadar finnast høgst tvilsame avtalar mellom kommunar og ettersøks ekvipasjar, der kommunen betalar ut ordinær lønn for arbeidet utan at kommunen vedkjenner seg eit fullt arbeidsgjevaransvar. Slike saker bør det ryddast opp i, men saus ikkje alt i lag til ein einaste stor lapskaus. Eg har faktisk meir enn 30 års praksis innanfor dette med arbeidsrett, personalforvaltning og leiing i verksemder - det er dette eg lever av og vil difor hevde at eg veit eit og anna om dette "fagfeltet".
  9. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å verte einige , men det er klart ein styrke å kunne respektere at vi er usamde. Her vil eg berre presisere at ettersøksjegerar rundt om i landet langt frå er nokon homogen masse. Her eg held til er ingen av oss tilsett i kommunen, tilliks med svært mange andre ettersøksjegerar rundt om i landet. Det eg ikkje heilt får klart for meg er kva du, og eventuelt andre, vil at NKK, NJFF og eventuelt NJOS skal foreta seg i denne saka, anna enn å råde Tico til å kontakte ein advokat, som kan representere han ovanfor motparten. Dersom det vert snakk om å støtte Tico økonomisk i høve til å gå til sak - ja, så gjev eg meir enn gjerne eit bidrag.
  10. Denne gangen ble hunden skutt. Neste gang kan det være din hund, som blir påkjørt, eller skutt. Tenkt på det? Jeg har. Bukkebrøl, dette blir ei langt betre ordveksling dersom du tek deg tid til å lese det eg faktisk skriv, framfor å tillegge meg meiningar og synspunkt eg ikkje har. Dette handlar om to saker og det hjelp ikkje Tico at ein sausar dette saman. 1. Det er slik at det saka til Tico reint rettsleg handlar om erstatning for hunden. Den saka er det berre han som kan reise og i den samanheng lyt han take stilling til kven han vil stvne - kommunen eller representanten frå viltnemda. Utfalle av den saka får liten prinsippiell betydning i høve til oss andre. 2. Dette handlar om betre tryggleik for ettersøksjegarar og kva arbeidsgjevaransvar kommunane skal ha i høve til oss, hundane våre og utstyret vi nyttar under ettersøk. Dette er ei sak eg meir enn gjerne vert med og frontar. Her kan ein godt nytte Tico si sak som eksempel på korleis det ikkje skal vere, men å sause dette saman til ei sak har svært lite fører seg.
  11. Nei, det er inga framtidig problemstilling. Sanninga er at det knappast finnast to like avtalar, rundt omkring i kommunenoreg, i høve til slike ekvipasjar. Videre er det slik at det er den avtalen ein har inngått som må leggast til grunn i høve til kva ansvar kommunen har ... og dernest er det slik at så godt som ingen av dei avtalar eg har sett seier noko som helst om dette ansvaret. Kven skal erstatte ditt eventuelle inntektstap, dersom du skadar deg slik under ettersøk at du pådrar deg ein uførhetsgrad? Vil du få dette godkjent som yrkesskade? Kven si arbeidsgiverforsikring kjem i få fall til anvendelse? Sanninga er at ein stillingsheimel på så få timar i året, som dette utgjer, ikkje vert dekka av dei arbeidsgjevarforsikringar kommunane har. Difor vert det opp til kvar einskild av oss, lik det eller ikkje, å fremme eit slikt privatrettsleg krav ovanfor kommunen. Hjå oss har vi difor valt å organisere oss i ein ettersøksring og fakturerar kommunen gjennom denne. Delar av inntekta til ringen går til å dekke jegerforsikring, hundeforsikring, avsatte midlar til eigenforsikring av utstyr som til dømes optikk, våpen, radioar, peilarar etc.. Vi fakturerar vi kommunen for kr.350,- per jeger/time i tillegg til godtgjersle for beredskap, køyregodtgjersle etc.. Kommunen held oss og med 5 mobiltelefonar for å dekke beredskapen, som er sirkelkopla. Poengen mitt er at saka til Tico neppe vil endre noko på dette. Vil ein ha ei anna ordning - ja, så lyt ein framforhandle ein betre avtale eller jobbe for at vi får nye føresegne som regulerar dette annsleis og betre.
  12. Vedrørande "hendelig uhell". Ja, det ville det vert dersom dette hadde vert påtalemakta si vurdering av hendelsen. Kva den hjelpelause skribenten hjå forsikringsselskapet meinar er av mindre interesse. Vedrørande kommunen. Vel, eg synes eigentleg ikkje det. Dersom du registrerar deg som sjølvstendig næringsdrivande og tilbyr kommunen slik teneste vert det på lik line med all anna næringsverksemd. Er du medlem av ein ettersøksring kan denne registrere seg frivilligregisteret med eige org.nr. og tilby slik teneste til kommunene. Dersom de inngår anna avtale - ja, så lyt kommunen gjere dette innanfor anna ettablert lov- og regelverk. Ser nok at det ville vere ønskeleg med klarare regelverk i høve til dette, men di sak, slik den her er framstilt, vil neppe endre på dette. Skal vi få til ei betre nasjonal ordning er det ei politisk sak og ser slett ikkje bort frå at den kan vere moden for debatt og utforming.
  13. Eg har stor forståing for tapet du har lidd og vert, på lik line med dei fleste i denne tråden, oppgitt og sint i høve til den arroganse både kommunen og forsikringsselskapet utviser i høve til deg. Når det er sagt så lyt eg nok ærleg innrømme at eg ikkje heilt forstå det du her uttalar, sitat: "skal eg da køyre denne saka aleine på vegne av heile ettersøksnorge". Med min beste vilje kan eg ikkje forstå at du, ved å stemna, forsikringsselskapet og/eller representanten frå den kommunale viltnemna i kommunen, køyrer ei sak på vegne av meg eller andre ettersøks jegerar her i landet. Kanskje opplevast det brutalt å få vite det, men dette er eit privatrettsleg forhold og hunden er ein ting på lik line med anna "lausøyre", i juridisk forstand. Difor handlar dette om erstatning for utøvd skadeverk på dine lausøyre/eigendelar. Dernest handlar det om kven som skal yte denne erstatninga - vedkommande som skaut eller kommunen. Det einaste her som kan nærme seg eit prinsipielt spørsmål er om vedkommande representant frå den kommunale viltnemnda er omfatta forsikringsmessig av kommunens arbeidsgjevaransvar. Personleg synes eg ikkje det er av nokon stor interesse å få avklara. For meg er det slik: dersom nokon skyt hunden min på ein tilsvarande eller liknande måte, medan vi utøvar ettersøk på skada vilt, eller om nokon skulle finne det for godt å skyte hunden min under utøving av ein normal jaktsituasjon - ja, så vil det få eit rettsleg etterspel. Eg beklagar å måtte sei dette Tico, men utfallet av den saka du eventuelt køyrer vil ha liten om nokon betying for utfallet av liknande saker … den er neppe med på å etablere ny rettsforståing kring dei rettslege tilhøva denne saka lyt vurderast i høve til.
  14. 100% samd med deg i dette. Likevel, vi må kunne skilje mellom det ein tåpeleg sakshandsamar, i eit forsikringsselskap, hjelpelaust får seg til å formulere på eit stykke papir, og det som er rettsleg akseptabel åtferd. Det er vel ikkje slik at politiet har kome fram til same tåpelege konklusjon, eller tek eg feil?
×
×
  • Create New...