Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fenrir

  1. Nei, det er ikkje nok. Den generelle føresetnaden finnast i Hundelovas §14, andre ledd. Eit inngrep ovanfor ein hund, som elles ville vert ulovleg er lovleg dersom det vert gjort for å hindre at hunden urettmessig jagar eller angriper menneske eller dyr. Inngrepet kan likevel ikkje gå lenger enn det som er naudsynt for å hindre skade. Det kan elles ikkje gå lengre enn det som er forsvarleg med omsyn til angrepets risiko og/eller interessa hjå den som vert angripen. I verste fall vil denne føresegna kunne gje heimel for avliving av hunden, men det kjem ann på dei konkrete tilhøva. Dersom det vil vere mogeleg å fange eller jage hunden vil avliving ikkje vere rettmessig. Direkte sitat frå rundskriv G-17/2003, frå Politi- og Justisdepartementet, vedrørande forståing av Hundelova: "Reglene i kapittel 5 presiserer hva man kan foreta seg når hund volder fare for mennesker eller dyr. Bestemmelsen i § 14 inneholder i første ledd en generell avvergeplikt for hundeholderen, som skal gjøre det han kan for å avverge urettmessig fare når en hund jager eller angriper mennesker eller dyr. § 14 annet til fjerde ledd inneholder nødvergeregler om hvilken adgang det er for andre til å gripe inn mot en hund som jager eller angriper. Annet ledd har en generell nødvergeregel som gir enhver en adgang til å gripe inn mot hunden for å avverge at den urettmessig jager eller angriper mennesker eller dyr. Denne adgangen er begrenset på to måter. Inngrepet må ikke gå lenger enn nødvendig for å avverge at hunden gjør skade. Dessuten må ikke inngrepet mot hunden gå lenger enn det som er forsvarlig, sett i lys av den faren som hundens angrep skaper og hva slags interesse som er truet av hunden. Tredje ledd bokstav a til d presiserer hva som er tillatt i ulike bestemte nødvergesituasjoner. Når en av disse presiseringene kommer til anvendelse, gjelder den foran den generelle regelen i annet ledd. Bokstav a til c omhandler inngrep som kan gjøres for å avverge skade, mens bokstav d forutsetter at hunden alt har forårsaket vesentlig skade og fortsatt utgjør en klar fare. Fjerde ledd angir to tilfeller der den adgangen som nødvergereglene i annet og tredje ledd gir til å gripe inn mot en hund, ikke gjelder. § 15 gir en nærmere bestemt angitt personkrets under gitte forhold rett til å oppta en løs hund som utgjør en klar fare for husdyr eller tamrein. Vedkommende kan i ytterste konsekvens avlive hunden om det ikke lar seg gjøre å få politiet til stede så raskt som situasjonen krever. Politiet må gjøre en selvstendig vurdering av om de har kapasitet til å rykke ut ved slike meldinger. Den som avliver eller skader en hund under henvisning til reglene i §§ 14 og 15, har etter § 16 plikt til å melde fra til politiet og om nødvendig gi hunden hjelp i samsvar med dyrevernloven"
  2. Fint, då er vi samde. Er ein seriøs hundeigar gjer vedkommande alt ein kan for å unngå at hunden forvaldar skade. Vert den seriøse hundeigaren merksam på at slikt likevel har skjedd ordnar ein opp for seg. Den same seriøsiteten forventar eg av den som driv med sau, eller anre krøter. at vedkommande er skikka til å halde dyr og respekterar det rettsvern dyr skal ha. Meistrar ikkje saueigaren å respektere eit slikt rettsvern er vedkommande heller ikkje skikka til å drive med sau. Eg har sett rikeleg av saueigarar som på ingen måte skjøttar si oppgåve i tråd med dyrevernslova, dyr som har svolte til døde i fjøsen, dyr som ha stått i dagesvis utan vatten etc., etc.. Debatten om meiningslause hundedrap er ikkje tjent med å verte tilsølt med ekstreme utslag korkje i den eine eller andre retningen - korkje av useriøse hundeigarar eller av bønde som let dyra sine dø på båsen. Ingen er vel uenig i at ein hund vert tekne av dage, dersom det er einaste utvegen for å unngå tragiske hendingar. Naudrett kan kun forventast å verte respektert når ein slik situvasjon beviseleg er tilstades. Ein freistnad på å tøye grensene for bruk av naurett kan ein ikkje forvente å få forståing for sin åtferd. Verre er det ikkje.
  3. Ingen ting, så lenge sitatet vert dergen ut av sin kontekst, på same vis som spørsmålet ovanfor vert meiningslaust. Trur nok du kan betre.
  4. Vel, sau og hund er ein heller dårleg kombinasjon. Er sauen våt og tung i ulla er den ikkje så vanskeleg å spernge, det veit alle som har vert med på å sanke sau. Vert den sprengt legg den seg ned og mest nektar å gå, det vert heilt apatisk ... det skal ikkje rare hunden til for å meistre dette. Sauer står nokså langt nede på næringskjeden og er ikkje dei mest intelligente dyra eg har støtt på. Trur ikkje det fører nokon stad henn å stille tvil om at hundar, og av små raser, kan meistre å jage ein sau inn i apatien. Noko heilt anna er om hunden jagar sau, ikkje om hund jagar sau, og om naudrett er ei påkrevd handling.
  5. Gode Jibrag og høggern, ja - det finnast diverre nokre useriøse hundeigarar, som etter min påstand gjer langt større skade enn dei fleste hundar gjer. Det er noko med logikken her eg ikkje heilt fattar ... er det betre å brenne opp bilen til naboen som rasar rundt i 80 - 90km/t i 40 sone enn å melde vedkommande til politiet? Å nytte naudrett er sjølvtekt. Det vil sei at det kunn vert påtaleunnlating i den grad naudretten viser seg heilt påkreva. Opp mot denne naudretten lyt ein sette hundelovas øvrige bestemmelsar. For min eigen del er eg ganske så trøtt av at ikkje hundelovas § 17 "Umiddelbare polititiltak for å vareta sikkerheten og tryggheten til enkeltpersoner, allmennheten og dyr" vert meir handheva ovanfor slike hundeigarar, der det mellom anna heiter: "Politiet kan i samsvar med reglene i politiloven § 6 gripe inn overfor hunder og hundeholdere for å vareta enkeltpersoners eller allmennhetens sikkerhet eller trygghet, eller for å verne andre dyr. etc.." Om nokon freistar seg på å nytte påstått naudrett ovanfor nokre av mine hundar utan å kunne klaske i bordet svært gode bevis på at dette var naudsynt ... ja, så vonar eg dei har ei saltande god rettsforsikring som og dekker sivilt søksmål om erstatning.
  6. Om dette var til meg, Polardego, så har ikkje eg saka, som denne tråden starta med, frå media. Eg er ein av dei som ikkje lenger vil stille med mine hundar til disposisjon for desse tåpane. Fleire av mine ytringar i andre media har tidlegare blitt sitert i denne tråden.
  7. Kan ikkje sei anna enn at eg begynner å bli mektig lei desse som freistar å agere "forsvaradvokatar" for tåpar som skyt hundar ut frå ein påstått naudrett. Å jau, eg er klar over at der finnast naudrettbestemmelsar i hundelova, men den er IKKJE ubetinga! Her stiller eg, og mange med meg, med spesialtrente hundar for å hjelpe sauebønder i høve til dei bestemmelsar som gjeld i høve til rovdyrsforvalting, brukar vekes av året for å ta ut "problem" individ av bjørn, som der er gitt fellingstillatelse på, bistår ved uttat av jerv, gaupe etc.. og denne bedritne arrogansen er takka!?? Stopp opp eit augebling og tenk etter kva seriøse jegarar med hund bidreg til. Om det no handlar om jegerar som har hund for harejakt, fuglejakt, rådyr, hjort og elgjakt eller som meg, med hundar for rovvilt og hjortevilt - ja, så bidreg vi alle til nyrekruttering av kommande ivrige jegerar med hund. Nokre av desse vil avløyse slike som meg ... noko eg har ivra for, men no begynner eg svarten ta meg å lure på kva meining det er ved det. I denne hektiske hjorte- og elgjakt perioden sitt eg i beredskap heile tre veker for at andre hundelause jaktrettshavarar skal få jakte, eller selge jakt til ander jegerar utan hund. Ærleg tala; det er rett før eg vil starte ein aksjon for at alle ettersøksjegarar skal seier nei til å inngå fleire avtalar, så kan desse tåpane sitte heime til dei har skaffa seg hund sjølv. Tru kva dei ville sagt då om naboen, eller nokon annan, skaut hunden deira og så måtte henge børsa på veggen att i nye to år?
×
×
  • Create New...