Jump to content

Fenrir

Members
  • Posts

    200
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fenrir

  1. Dette er 100% samd med deg i. Tja, vi har ikkje alltid den målsettinga. Det er eg samd med deg i, difor synes eg ikkje noko om at ein (du) feilinnformerar om andre arrangørar sine kurs. Fint det, men kvifor har de då ikkje valt instruktørar som kan medverke til slik utdanning? Når eg, og mange med meg innan NJFF reagerer så er det nettopp fordi kvaliteten på dette kurset dykkar ikkje held mål. Synes du ikkje ein skal stille kvalitetskrav til instruktørens føresetnader til å halde eit slikt kurs, Sjur? Det å tilby eit slikt kurs til ettersøksjegerar, som pr. år har 3 til 4 gonger så mange ettersøk som instruktøren dykkar, er vel å ha litt for høge tankar om seg sjølv og sin eigen fortreffelegheit.
  2. Dette er nok ikkje heilt rett. NJFF Sogn og Fjordane i samarbeid med Jotunfjell Fjordane EHK tilbyr eit slikt kurs i Stryn 4. - 6.juni. Omtalen av kurset finn du her. http://www.njff.no/portal/page/portal/s ... d=59941774 Problemet til Sjur er at han ikkje likar dette og mykje tyer på at han ikkje liker at andre enn han sjølv skal råda denne marknaden, sjølv om han nepper korkje er kvalifisert eller egna til å halde slike kurs. Ettersøk er ikkje noko ein lærer ved teoretisk tilnærming, det handlar om å kunne ta til seg kunnskap frå andres og eigne erfaringar og slik lære. Det er difor "Klokkerengkarane", som nok er dei med mest erfaring vedrørande ettersøk, er hyra inn som instruktørar på kurset i Stryn. I tillegg til desse kjem og Christian Vole. Omtalen av desse instruktørane finn ein ved å klikke på linken eg har limt inn ovanfor. Instruktøren på Sjur Dale sitt kurs har ikkje dei kvalifikasjonar, korkje erfaringsmessigt eller teoretisk, som skal til for å vere instruktør på slike kurs. Det burde fyrst og fremst han sjølv ha innsett.
  3. Gode JørnV, kva er det som får deg til å tru at eg ikkje har fått dette med meg? Eg har berre fortalt deg at eg synes eit slikt standpunkt er noko forskrudd. Eg har då aldri gjeve utrykk for at du ikkje skulle vere for demokratiet ... undrar meg på kvar du tek slikt frå. Når du fortel meg at du ikkje vil legge vekt på mine utsegne i ein debatt, eller klassifisere mine argument som annanrangs, fordi eg bur på feil stad, kva får deg då til å tru at eg skulle gidde å lese dine utsegne, ta omsyn til kva du måtte meine i debatten etterpå? Til din orientering så synes eg faktisk at dine synspunkt etter noko slikt vert nokså uinteressante og bortkasta å forhalde meg til.
  4. Nei, meg evnar du nok ikkje å skuffe ... du har ikkje ein slik posisjon Eg godtek ganske enkelt din rett til å meine dette og samstundes er det mi meining at eit slikt utgangspunkt er nokså forskrudd. Eg synes faktisk det er intererssant å høyre kva folk meinar, har av ulik kunnskap og har av argument, same kvar dei bur, kjem i frå og har av erfaring, i ein debatt om våre fire store rovdyr og anna rovvilt for den saks skyld. Saka er at rovdyrpolitikken er politisk vedteken på stortinget av politikarar frå heile landet og det forekjem meg noko merkeleg at de, som lever innanfor ulvesona, synes det er uinteressant kva slags politikarar vi utanfor vel inn på tinget ... eller korleis vi freistar å påverke representantar frå vår region vedrørande norsk rovdyrpolitikk fordi vi berre har bjørn, gaupe og jerv i våre nærområde og ikkje ulv. Vel, eg skal ikkje freiste å lage støy" på di seriøse oppfatning
  5. Hmm ... eg skal freiste å take deg seriøst, men medgjer at slike ytringar som den eg har sitert deg på ovanfor gjer det ein smule vanskeleg. Det underlege er at dersom ein jattar med ulvemotstandarar så spelar det liten eller ingen rolle kvar ein kjem frå, er busett eller har av kunnskap om emnet ... om det er Færøyane, Sjettland, Island eller for denne saks skyld Bergen; speelar ingen rolle, vedkommande har forstått. Er det verkeleg så lite seriøst du vil at eg skal oppfatte deg, berre fordi eg ikkje delar alle synspunkta og godtek alle påstandane til dykk som bur innanfor denne soma? I så fall; kva slags vilt er det som er unnteken denne regelen for meiningsberetting?
  6. Eg kan ha litt forståing for spørsmålet om "den ultimate bjørnebørsa", men berre litt om eg legg godviljen til ... det har eg freista å gjere i to føregåande innlegg i denne tråden. Noko som er vel så viktig, etter at våpenet er på plass, men i god tid før ein begynner å leike med tanken om å nytte det mot bjørn, er å lære seg bjørnens anatomi, fysiologi og åtferd. Dei aller, aller fleste ulykker og farlege situasjonar, som har oppstått i samband med bjørnejakt, skuldast enten manglande kunnskap om dette eller at ein ikkje har meistra å take tilstrekkeleg omsyn til dette. Hjorteviltjegerar, som stiller på bjørnejakt utan å ha lært noko om bjørnens anatomi, meistrar ikkje å plassere treffpunkt mot bjørnens vitale organ. Slikt resulterer i skadeskyting og eit ettersøk som best kan karakteriserast som eit skarpt oppdrag. Ein skada bjørn angrip utan varsel frå 10 - 20 meters hald ... i ein slik situasjon er der lite anna enn ei pumpehagle stappfull med slugs som nyttar ... men til dette treng ein spesialløyve og kanskje er det best, både for bjørnen og vordne bjørnejegerar, at kunnskapen kjem på plass slik at ein får ferrast mogeleg slike tilfelle.
  7. Her finn de data for felte dyr i Sogn og Fjordane 2009 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ ... /1.7041993
  8. Kurset til NJFF er bygd opp etter den svenske modellen og gjev det same grønne kortet, men rett nok med norsk tekst Tida på skytebana er den same, likeeins skyteprøven. Skyteprøve med 4 skudd pr. mål, der alle sitt innanfor treffområdet 1. Presisjon: 100m 30 sekund 2. Løft og omladning: 30m 15 sekund 3. Vending 90 grader 30m 2x2 skudd innan 5 sekund 4 Korthold, hurtigskyting med løft 2x2 skudd innan 4 sekund på 10m 5 Bevegelig bjørn i skytegate: 2 skudd på tur og 2 skudd på tur inn
  9. Freistar nok ein gong Daywalker skriv relevant informasjon i sitt svar til deg. Eg nyttar som sagt boltrifle 3006, andre som eg jaktar saman med nyttar eit litt grovare kaliber 9.3. I Sverige er dette dei mest vanlege kalibra å nytte. Det Daywalker skriv om 3. og 4. skudd er nok mindre aktuelt. I mitt fyrste svar til deg fortalde eg at jakt på bjørn handlar i dei fleste tilfeller om korte hald, dvs. frå 30 til 80 meter. Stundom og kortare enn 30, men eg synes ikkje det er særleg smart dersom du ikkje er 100% sikker på å treffe bjørnen ein stad i sentralnervesystemet. Elles vil eg rå deg til å ta bjørnekurs før du derg. NJFF i Østerdalen arrangerer glimrande slike kurs, der får du og mogelegheit til å skyte opp for bjørnejakt (ikkje påkrevd, men både lærerikt og nyttig erfaring å take med seg). I tillegg får du mogelegheit til å få tilpassa børsa di for hurtigskyting.
  10. Vel, eg har aldri sett at Framstegspartiet har hatt noko særleg å bidra med korkje i rovdyrdebatten eller elles, utan at eg her vil medverke til å dra igang nokon partipolitisk debatt. For meg handlar ikkje dette om å vere rettruande korkje som mørkeraud NKPar frå Hedemarken eller mørkeblå FrPar frå Bygdøy, men om kva eg meinar ville gagna norsk rovdyrforvalting. No har eg kanskje alt trampa så pass i salaten at knapt nokon får forsyne seg att frå bufeen. ... men det bryr meg lite.
  11. Orsak! Feilen er no retta. Når det er sagt så kan det no vere skit det same kven som flyr!
  12. Du kunne ikkje tenkt deg å vere med på nokre færre? Du ser vi har ein inn i h..... mengde med havørn, ein veksande populasjon kongørn. Fine og kjekke fuglar det, som heilt klart skal ha sin plass, men det begynner å bli i meste laget. For ei veke sidan måtte eg jage bort ei kongørn frå hundegarden til min PBGV ... utan at det nytta stort. Til slutt såg eg ikkje anna råd enn å take hunden inn. Vel, frå spøk til alvor; eg meinar at desse sonene er noko stort tøv og etter mi meining fører det ikkje til nokon god forvalting av rovdyra våre, heller det stikk motsatte; det aukar berre motsetnadsforholda mellon ulike interessegrupper.
  13. OK. Sidan det er slik skal eg ikkje be deg om å legge den fram heller. MEN, det er ikkje særleg lurt å vise til dokumentasjon ein ikkje kan vise føre seg; slikt vert fort oppfatta noko i nærleiken av "brønnpissing". Ynskjer deg lykke til på vegen viare.
  14. Eg var nok nokså upresis i dette svaret til deg: "Ingen av delane; saka er henlagt. Kort og godt lagt til sides. Dersom nye opplysningar kjem til, eller nokon høgare opp i systemet, som til dømes statsadvokaten, krev det kan/blir den teken opp att. Det er skilnaden." Ein kvar er uskuldig inntil det motsatte er bevist. Det er heilt rett. Difor ville eg ha stevna deg, dersom der var noko å hente. Orsak mitt noko slørvete fyrste svar til deg her. Var det svar?
  15. Nei, då ville eg, og med rette, blitt steik forbanna på deg Kanskje ville eg vurdert å dra deg for retten for ærekrenking. (Har du bra med peng?)
  16. Ingen av delane; saka er henlagt. Kort og godt lagt til sides. Dersom nye opplysningar kjem til, eller nokon høgare opp i systemet, som til dømes statsadvokaten, krev det kan/blir den teken opp att. Det er skilnaden.
  17. Gjer nett kva du vil. Dersom du opplev det som krangel at eg tek tak i fakta frå ditt eige startinnlegg - ja, så er det ditt problem og ikkje mitt. Vil minne deg om fyljande: Det er DU Sjur som omtalar andre kursleverandørar sine kurs som "skremmande og uforsvarlege", ikkje eg. Samstundes har du sjølv annonsert i dette forumet ditt eige kurs, som du påstår er eit godkjent trinn II ettersøkskurs". Så eg spør nok ein gong: Kven har godkjent dette kurset for deg?
  18. Fint om du sender meg den som PM så skal eg syte føre å få den videreformidla på RS i NEHKF. Har du det likevel ikkje - ja, så synes eg du skal seie ifrå.
  19. Ikkje vanskeleg å vere einig i det, likevel veit vi lite om kva som gjev slike "gode egenskaper". Eg veit mange har synspunkt på kva det er, men faktabasen er svært liten. Pr i dag er det nok slik at det er genetikarane på Ås som veit mest om genetisk korrelasjon og kovarians, men deira data gjeld ikkje hundar. Likevel trur eg at ein kan lære ein del av den forsking desse folka driv med og verte litt meir audmjuke i høve til kva vi meinar å vite om denne problematikken.
  20. Dette vert vel omlag som å lese heile tråden på nytt ... dersom de held fram denne drøftinga.
  21. Gode IvoRei, i 1981 kjøpte eg min fyrste Gordon Setter, den var x registrert fordi ein på den tida hadde sett seg tvungen til å avla inn Engelsk Setter i rasen. Årsaken til dette var ganske enkelt at innavlkopiensen var blitt for høg i rasen og mange av individa var blitt små og pinglete. Eigaren til den hannhunden som blei nytta var Johan B. Steens, som du har omtala ein annan stad. Som ansvarleg framtidig hundeigar er det fint om du og bryr deg litt om kva slags helse rasen din skal ha i framtida. Skal ein lykkast med å halde fram med ei god helse for ei rase er det viktig å ha eit vist mangfald å velge frå når ein skal drive avl. Innavl gjev dårlege hundar på sikt og ingen er tente med slikt og det vert vanskeleg om det berre er vi jegerar som skal syte føre dette ... rett nok kan det vere fint å ha mange hundar, men der er då grenser for det meste. Tenk litt over dette og arbeid for rasen din sitt beste.
  22. Nå ja, skulle ein få status som mistenkt i ei sak står ein fritt til å lyge mest det ein orkar utan at ein kan tiltalast for slikt.
  23. Kanskje kan det vere noko å ta med seg i denne debatten at fleire av våre forfedre tok med seg vår nasjonalhund, norsk elghund grå, over til USA og då som familiehund. Sidan det ikkje er lov å jakte med gråhund der, slik vi har hatt tradisjon for å gjere, vart den ikkje nytta til jakt. I dag er der faktisk ein større populasjon av gråhund i USA enn her heime og i tillegg med svært god helse. Hunden vert for det meste nytta til agilyti og viser seg å vere godt egna til dette. I dag importerar nokre oppdrettarar hundar frå USA for nettopp å kunne få både betre gemytt og helse inn i vår popularitet av rasen. I dag har vi ein sunn og frisk gråhundrase mellom anna på grunn av dette. Ei stund vart denne rasen meir eller mindre vannskjøtta fordi ein ikkje var flinke nok med omsyn til å vere bevisst på kriteriar for avl. I det siste har ein freista å få til eit godt samarbeid med Finnland for å utvikle avlsarbeide endå betre. Dersom vi berre skulle ha jakthundar innanfor eit lite eksklusivt jaktmiljø er eg redd ein på sikt gjer seg ein STOR bjørneteneste. Dette handlar mellom anna om å ha nok tilgjengeleg genetisk materiale å ta av i avlsamanheng. Kanskje skulle ein tenke litt lenger enn nasen rekk.
  24. Stundom vanskeleg å få gjort noko med dette, likevel freistar fleire og fleire seriøse oppdrettarar av jakthundar å selektere hundekjøparar ut frå kva hunden skal nyttast til. Likevel, ein har liten eller ikkje nokon kontroll med avl utanfor dette miljøet. Ei stund syntes eg det var ille å sjå alle dei små og spinkle Gordon Setterane som gjekk rundt med eigarar som nok ikkje hadde denne hunden til anna enn eit misforstått smykke. Vel, det kan vere lurt å velge sine frustrasjonar med noko større omhug; plagar seg sjølv mindre då med slikt ein likevel får gjort lite med.
  25. Slik generalisering har lite føre seg. Det stillast ei lang rekke andre kriterium og til jakthundar som skal brukast i avl, som mellom anna handlar om eksteriør, gemytt, helse etc.. Dei aller, aller fleste hundar, som vert nytta under jakt, lever som familiehundar det meste av året og lyt difor og kunne fungere godt slik. Sjølv om eg har jakthundar, som eg nyttar til jakt heile året, er mitt overordna krav til hunden at den er trygg ovanfor andre menneske. Barneborna mine skal trygt kunne gå inn i hundegarde og leike med dei og hundane skal vise vennleg og fortruleg åtferd. Vert eg usikker i så måte kvittar eg meg med ein slik hund, då kan den vere så god jakthund den berre vil; der finnast likevel ikkje plass for den. Kva du legg i ”en hyperaktive jakthund” veit eg ikkje, men min definisjon på ein slik er "jaktidiot" og slike gjev heller dårlege jaktopplevingar og ikkje mykje å satse på. Du vil vel ha ein hund som jaktar saman og for deg … jaktidiotar jaktar mest kva det skulle vere, berre det rørar på seg; slikt er lite hyggeleg. Elles er eg samd i at ein jakthund skal ha mykje mosjon og leve eit liv der den får bruke og nytte sine ferdigheiter som jakthund.
×
×
  • Create New...