Jump to content

jedherne

Members
  • Posts

    84
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by jedherne

  1. Eg har ei Brno 602 rifle kamra i .378 som eg har hatt i 15 år. Stokken er ein rett laminatstokk lagd av Rafdal Våpen originalstokken var litt kort til meg. Eg har skote ein god del skot med denne opp gjennom åra med 300grains kuler rundt 900m/s. Rekylen er kjapp og hard med absolutt håndterbar. Har og deltatt på jaktfeltstevner med den fleire gonger og den fungerer heil utmerka. Det er nok ikkje eit vanleg kaliber i Norge og vil nok aldri bli det, litt for sært til det. Fabrikkspatroner er ikkje lett å få tak i. Har og opplevd ettertenning (hang fire) men kun med bruk av CCI hetter. Federal 215 har aldri forårsaka dette. Bur desverre på vestlandet ellers skulle du gjerne fått prøve den. Skal du ha rifle i dette kaliberet blir det lett customvåpen, det er ikkje mange andre enn Weatherby som kamrar denne i sine våpen. Muligens på spesialbestilling hos enkelte. Har ikkje rekylbrems på mi og vil ikkje ha det heller. Er fullt håndterbar utan. Er lysten på ei rifle i 378 tilstades så er det berre å kjøpe. Dersom fornuftige argument skal ligge til grunn finns det stort sett 3 kaliber å velge mellom, 6,5x55, 308 og 30-06. Desse er lett tilgjengelege hos dei aller fleste våpenmerke, masse og variert fabrikksammo. valg mellom dyr og billeg fabrikksammo etc.
  2. Randpatroner er stort sett berekna for bruk i brekkvåpen og er lada til lavare trykk av den grunn. Dette for å gi mindre belastning på våpenet. Skyting med fabrikksammo i 30-06 i ein drilling vil nok påføre våpenet større belastning enn ei randpatron. Med nye våpen som er produsert med vanleg rillepatron så skal det nok ein del til før du får problem med slark. Ein drilling er ikkje eit våpen ein skyt hundrevis av skot med i året. Med 30-06 kontra 7x57R og oppgitte trykk på 4050bar og 3400 bar så er det ein auke på ca 20% og dermed 20% større belastning på baskyle. I praksis trur eg ikkje det betyr allverden pga antal skot som blir løyst med ein drilling i løpet av levetida.
  3. Har ei Merkel 141 dobblerifle i 9,3x74R som skal brukast på hjortejakt i særdeles bratt og ulendt vestlandsterreng. Har desverre ikkje fått brukt den i år pga at den er til rep, skal bytte slagfjærene som er for svake og børsemakaren har ikkje fått desse endå. Satsar på å bruke tida fram til neste haust til å finne ein god ladning som samskyter bra. Utruleg lett og hendig rifle, veg under 3kg utan kikkertsikte. Ser fram til å få brukt denne til hausten. Praktisk og å kunne dele våpenet og stappe det i sekken når dyr skal slepast fram til vei. Då er det ikkje like enkelt å ha ei vanleg rifle slengande over skuldera i tillegg til sekk og dau hjort i tau bak seg.
  4. Sideskudd på skurtreskere var absolutt ein klassiker. Håpa lenge at dette skulle være starten på eit meir eller mindre fast innslag i Våpen (seinare Våpenjournalen) men det kom desverre ikkje fleire slike artige Siste side historiar. Synd.
  5. Eg har det bladet, meget bra historie. I tillegg var det og ein historie med jakt på diverse landbruksredskaper som var i same stil. Den er og absolutt leserverdig. Eg kan skanne begge og sende til deg dersom du er interessert. Mon om ein får kjøpetillatelse for eget våpen for jakt på rosa elefanter??
  6. Det finns mulighet for å kjøpe deler til Marlin frå Midway Norge http://www.midwaynorge.com/apps/ebrowse.exe/browse?BrandID=1800&Brand=Wild%20West%20Guns&categoryid=18002&categorystring=10636%20***%2010560%20***%209216%20***. Dei har Wild West Guns deler med større bøyle, ny utkastar i eit stykke og ny avtrekkar. Sikkert litt andre prisar enn å få dette direkte frå USA men dog ein mulighet dersom det ikkje er muligt å skaffe dette direkte.
  7. Eg bruker desse ladedata i min Marlin 1895. Har lada med 405grains Woodleigh kuler og N130. Ser at makstrykket er oppgitt til 210MPa for Vhitavuori sine ladedata. Norma oppgir på sine sider 3 ulike trykkgrenser for 45/70: Maks 2000bar for gamle svartkruttvåpen og nyproduserte kopier, maks 3000bar for nye Marlin, Ruger og liknande "falling block" våpen og maks 4000bar kun for Ruger http://www.norma.cc/content.asp?Typ=58&Lang=1&DocumentID=239&Submeny=4&Rubrik=Kaliberhistorik&Title=45-70%20Government. Eg bruker 46grain N130 og har V0 ca 530m/s i eit kort løp som er kappa for bruk med lyddempar. Makstrykker Vhitavuori oppgir er 210MPa og Norma oppgir maks 200MPa for gamle våpen. På Robsoft sine ladedatasider ligg det eindel ladningar til 45/70 med nordiske krutt http://www.robsoft.nu/databaser_se. Gå inn på laddatabasor og søk opp ønska kaliber. Trur nok du kan bruke Vhitavuori sine ladedata med god samvittighet.
  8. Aksel Schjervheim har kull tilsalgs, ligg annonse ute på finn.no http://www.finn.no/finn/bap/object?finnkode=19134909 og her http://www.finn.no/finn/bap/object?finnkode=19133268 Eg har to strihåra dachsar frå han, kjøpte den siste i sommar, og er veldig fornøyd med desse. den eldste er snart 2 år og er godkjent ettersøkshund og ivrig å spore og jage når han har anledning. Jaktlysten til begge er veldig bra og begge fungerer utmerket som familiehundar.
  9. Eg har fått utstoppa ein brunbjørn hos Øyvind Ness i Trøgstad og er veldig fornøyd med resultatet. Trur ikkje han har internettside. Han har vunne fleire prisar for arbeidet sitt på diverse messer og utstillingar.
  10. Eg veit ikkje om det er forskjell på NATO kammermål og .308 kammermål. Eg trudde at patroner skutt i eit våpen ville forme seg etter kammeret og når så hylsene vart heilpressa etterpå så ville problemet være vekke men dengang ei. Det kan muligens ha noko med legering i hylsa å gjøre evt. med glødinga som er gjort. Eg fant aldri ut av det og levde med problemet i større og mindre grad til eg kutta ut militære hylser. Ammoen egna seg dårleg til stangskyting. Har ikkje erfaring med denne problemstillinga i andre våpen enn Sauer 200 og banemauseren.
  11. Ta ein tur inn på Safaripress sine sider. Dei har masse forskjellig litteratur. Det er billegare å kjøpe bøker frå USA enn i Norge, slepp moms og frakta er ikkje så høg dersom du handlar fleire bøker. Eg har handla masse derfrå. http://www.safaripress.com/
  12. Abonnerer på Jakt men vurderer sterkt å kutte det ut. Syns det er lite matnyttigt der etterkvart. Har og lest Jeger Hund og Våpen innimellom. Syns det blir litt mykje Se&Hør over bladet. Jakt og Fiske kjem med medlemsskapet i NJFF, inneheld mykje fiske og lite jakt. Få våpenrelaterte artiklar. Abonnerer på svenske Vapentidningen. Det er det beste alternativet etter at Våpenjournalen forsvant. Koser med med gamle VJ og bøkene som dei utgav i ledige stunder. Litt O.T. Vesper skulle fått gitt ut siste bok i bokserien sin. Leste dei to første med stor interesse og venta i uliiiiidelig spenning på den siste som aldri kom. Hører du herr Braathen!
  13. Prøv med å blande brun saus i maten, fungerer veldig bra. Min dachs har ein tendens til å være veeeeldig treg med å ta maten. Variasjon ser ut til å være beste medisin for han. Eg har og blanda tørrforet med 1 rått egg, pannekaker (heilt gal etter det og vafler), pasta, middagsrestar, frysetørre vom etc.
  14. seven skreiv: Det er mykje bedre å spare dei kronene resepten kostar for å risikere at bikkja blir sjuk av flåttbitt. Bruker Exspot og effekten er vel verdt dei få kronene vetrinæren skal ha for å skrive ut resepten. Fått resept for heile sommaren. Prøvde forresten eit slikt luriumhalsbånd mot flått kjøpt i ein dyrebutikk, null effekt. Pengane rett ut av vinduet. Kanskje ein fordel med litt kontroll av diverse legemiddel som selges.
  15. Eg veit ikkje om det har med elastisiteten til hylsene å gjøre, kan være ein medvirkande årsak muligens. Eg fekk aldri bukt med problemet i dei to våpena eg brukte. Eg har skote ganske mange tusen skot med ulike lot nummer som har vært omlada. HAr hatt problem emd alle lotane og alle omladde hylser. Det gjekk stort sett greit men omgangen kunne være strabasiør spesielt i varmt vær. Hylsene kleba meir i varmt våpen enn i kaldt våpen, i tillegg var varmt vær også lite bra. Kan hende det hjelper å brotsje opp kammeret men eg veit ikkje om du då seinare kan få problem med sivile patroner.
  16. Ragnar Hansen har/hadde inne Kynoch rifleammo http://www.magnumhansen.com/Kynochammo.htm. Stive 936,- per skot i kalibel 700 nitro. Trøsta er at med dobbelrifle slepp ein unna med 3 skot på skyteprøven 600 Nitro er ikkje akkurat billeg den heller. Det koster å være kar tydelegvis.
  17. Eg lada om mange av dei militære hylsene eg hadde tidlegare og etter heilpressing så var fremdeles problemet tilstede med klebing i kammeret. Pussa etter alle kunstens reglar utan at det hjelpte. Trur ikkje klebinga har noko med at patronene er hardt ladd. Eg lada med tilsvarande kule i same hastighet med Lapuahylser utan å få problem. I militærhylser så kleba hylsene etter avfyring. Hylsene var frest på lengde utan at dette hadde nokon innvirkning. på klebinga.
  18. Bruk sivil ammo. Eg har hatt same problem med militærammo både i Sauer STR200 og Mauser M67. Med militærammo så har hylsene ein tendens til å klebe i kammeret. Har aldri opplevd dete med sivil ammo. Det er små dimensjonsforskjellar på sivil og militærammo som kan være årsaket til dette. Du får enten leve med problemet eller bruke sivil ammo. På Mauseren opplevde eg og at hylsene hang hardare jo varmare våpenet var, omgangen vart ganske strabasiør pga at eg ofte måtte slå opp sluttstykket for å få lada om spesielt på varme sommardagar.
  19. Mykje nyttig info som har komen her men eg har fått lite svar på det eg spurte om i trådstarten Kontakta SSK Industry angåande 510 Whisper men fekk svar at kun eksportlisensen kosta $250.
  20. Det finnes og egne hetteuttakere for Berdanhetter. Eg hadde ein sjølv som eg har brukt i mange år. Lada fleire tusen skot med Berdanhetter. Den brukte ei tynn nål til å støte ut hetta. Har nok desverre kasta denne.
  21. Har ein strihåra dachs med det velklingende navnet Sofus. Mine to gutar var så snille at dei lot meg få lov til å bestemme at han skulle heite Sofus, dermed vart det Sofus.
  22. Kravet til storviltjakt med kulevekt 10gram elle meir er 2200 Joule på 100m. Kulevekt mellom 9 og 10 gram skal ha anslagsenergi på 2700 Joule på 100m. For å få til subpatron som er lovleg så må kulevekta være høg og kula må ha høg BC. I tillegg trur eg at ein må opp i kaliber 50.
  23. Eg får håpe det. Einaste måten å finne det ut på er å søke. Får sjå kva det blir til. Det som er aktuelt er å bytte løp i eksisterande våpen, ikkje søke om nytt våpen.
  24. Planen var å finne ei patron som klarer hjort/elg subsonisk. Etter det eg har funne her på forumet ser det ut til at 458 SOCOM ikkje klarer dette.
  25. Klarer ein kravet til anslagsenergi for storvilt med 458 SOCOM? I såfall er den og ein aktuell kandidat.
×
×
  • Create New...