Jump to content

jedherne

Members
  • Posts

    84
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by jedherne

  1. jedherne

    jedherne avatar

    From the album: Hobby

  2. Fellingsavgift på voksen hjort er kr. 350,- på kalv kr 210,- http://www.dirnat.no/friluftsliv/jakt/storvilt/. Dette er den fellingsavgifta kommunen skal ha. Dersom de betaler meir så er kan det umulig være fellingsavgift til kommunen. Då må det være nokon andre som skal ha pengar for jakta. Sjølv med slaktevekt på 10kg for kalv blir pris per kg liten.
  3. He he, stemmer det med eventyret ja. Men så vart suppa ikkje så verst då. Utgangspunktet mitt var å beholde originalkaliber og løp for å gjøre det rimelegare men ønske om eit anna kaliber var sterkare. Rifla var i .308 og eg valgte nytt løp i 7x64. Hovedgrunnen for ombygginga var å få brukt rifla sidan salg ikkje var så enkelt og banebruk uaktuelt. Kunne valgt å skrota rifla, hadde blitt rimelegare, men eg valgte å bruke den. Fungerer fint og vart lettare enn med berre lett ombygging. Bruker den på jakt og ville ha ei lett rifle å bære, dette oppfyller den. Må nok ha denne sidan eit evt. salg knapt vil innbringe det ein M67 kosta ny då eg kjøpte den.
  4. Eg bygde om min gamle banemauser M67 i fjor. Det vart ein ganske kostbar affære. Bytta løp, nytt kaliber, nytt skjefte, ny hevearm og ny sikring. I tillegg Leupold QR basar. Heile gildet kom på vel 18000,-. Så det er heil klar billegare å kjøpe nytt/brukt jaktvåpen. Eg kunne spart meg litt kostnader med å beholdt originalkaliberet og originalpipa og kun dreid ned/kappa denne men det frista meir med nytt kaliber. Største fordelen med å bygge om er at eg fekk brukt gamle banemauseren. Blir omtrent ikkje kvitt desse og eg såg ikkje noko anna bruk av den. Eg har prøvd å selje den for kr 1200-1500 men responsen har uteblitt. Finns nok eindel av desse rundtom som berre samlar støv.
  5. Vatland våpensmed har og ei Krieghoff Big Five i 500NE liggande på heimesida si http://vapensmed.no/. Tilsalgs for kunde. Den har stått der lenge så eg veit ikkje om den er tilsalgs lenger. Kan være verdt å sjekke.
  6. Det ligg ei dobbelrifle på Finn http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=25876260 tilsalgs i 470NE. Det er ikkje lenge sidan det låg 2 slike tilslags på Finn og under Salg her på kammeret. Ellers kan det være verd å sjekke svenske Blocket http://www.blocket.se/hela_sverige?q=&cg=6140&w=3&st=s&c=6141&ca=10&l=0&md=th. Der er det med jamne mellomrom dobbelrifler tilsalgs. Det finns og fleire svenske butikkar som har eindel dobbelrifler inne med jamne mellomrom bl.a. desse: http://www.jaktia.se/ http://www.torsbohandels.com/ http://interjakt.com/
  7. SVerre M. Fjellstad har gitt ut ei bok om Spor og sportegn. Eg har den og den er OK. Har ikkje brukt den allverdens mykje så eg veit ikkje korleis denne er samanlikna med andre bøker om same emne.
  8. jedherne

    Sel

    tailgunner skreiv: Korleis går det an? På Direktoratet for Naturforvaltning sine sider så står det at: Dersom du ikkje har lov å bruke kula til oppskyting så er den etter definisjonen til Direktoratet ikkje godkjent som jaktammunisjon. Og har du lov å bruke den på jakt så er den og lovlig til oppskyting. I folderen til Direktoratet, Veileding til utøvelse av jakt og fangst http://www.dirnat.no/multimedia/566/Veiledning_april_08_2utgave[1].pdf&contentdisposition=attachment står det at "Prosjektil med hullspiss beregnet for baneskyting er ulovlig til jakt og felling" side 18 i folderen. Match King kuler er etter dette ikkje lovlig til jakt og fangst så vidt eg kan forstå.
  9. Omkamre mi Brno 602 til .505 Gibbs evt. 460 Weatherby Marlin 1895XLR i .470 Turnbull.
  10. Eg har ein Lanber halvauto som er eindel år etterkvart. Den er kamra for 12/70 patron og det går 4 skot i magasinet utan plombering, totalt 5 skot med 1 i kammeret. Det fulgte med plombering som reduserer magasinkapasiteten til 2 skot, totalt 3 skot med 1 i kammeret. For å være lovleg til jakt så må plomberinga forlangast slik at magasinkapasiteten blir redusert til 1 skot. Mi hadde problem med å lade om leirdueskot av den gamle sorten med bly. Eg har ikkje prøvd den med stålhagl leirdueammunisjon. Det er lenge sidan eg har skote med hagla. Hagla er lett og grei å bære , vekta er ca 3kg tom. Har brukt den på småviltjakt og villsvinjakt med slug. Fungerer utmerket og det fulgte med 3 utskiftbare chokar til mi.
  11. amatør skreiv: Eg er enig med deg i det men okularet har ein lengde på 86mm på Nickelsiktet, omtrent det same som mange av Leupoldsiktene, Europeean varianten. Dermed så kan ein vinne 12mm ekstra med Leica utan å forlenge monasjen eller forlenge stokken. Utifrå det eg ser idag kunne godt stokken på mi rifle vært 10mm lengre. Eg ser og av bilder og teknisk data at dei fleste europeiske siktene har okularlengde på 95mm og gjerne meir. Det er ikkje berre øyeavstanden som er viktig, ein må og kunne montere siktet langt nok framme.
  12. Leica har og 2 kikkertsikter med stor øyeavstand, ein serie som heiter ER. Det er 2,5-10x42 eller 3,5-14x42 med ulike uttvalg av trådkors http://en.leica-camera.com/sport_optics/rifle_scopes/. Winge Våpen sel desse http://wingevapen.no/index.php?do=product&id=1834. Øyeavstanden er oppgitt til 10cm. Store fordelen med desse er at okularet er kort, kun 74mm. Eg har vurdert dette siktet meget sterkt sjølv pga. dette. Har ei rifle i 378wby der eg tidlegare hadde ein S&B 1,5.6x42 der okularet er 94mm langt. Siktet har vært montert så langt fram i montasjen som muligt men det hadde ikkje skada med litt større klaring. Med Leicasikte aukar denne med 2cm samanlikna med S&B. Så var det dette med pris så, dei er relativt dyre. Får sette på ønskelista.
  13. jaktlykke skreiv: Det stemmer og det er eindel jaktlag/vald som ikkje har avtale med ettersøkslaget eller har eigen hund. Ettersøkslaget sender inn oversikt til viltforvaltar i kommunen kvar haust med oversikt over dei som har inngått avtale med ettersøkslaget. Deretter er det opp til viltforvaltar/kommunen om dei vil gjere noko med dei som ikkje har ettersøksavtale eller eigen hund. Slik det har vært så lang så er ingenting gjort og det er heller aldri blitt utført nokon kontroll under jakt av f. eks. Naturoppsynet eller andre med myndighet til dette. Dermed er det eindel som gjev blanke faen i heile kravet om tilgang til godkjent ettersøkshund.
  14. jaktlykkr skreiv: Det stemme og utav dei 23 som er offentleg godkjent så høyrer 16 hundar til dagens Ettersøkslag. Då er det ikkje mangen igjen dersom 510whisper skal starte nytt lag. Kor mange av dei resterande 7 som evt. vil være med på dette er uvisst. Ingen av desse har kontakta ettersøkslaget for å være med. 2 har vært med tidlegare men har gitt seg, trur ikkje dei ville ofre jakta si for å gå ettersøk for andre. 2 av hundane tilhøyrer ein av innehavarane av Åkrafjorden Jakt , han vil sannsynlegvis ikkje gå ettersøk for andre. Dekker jo heile Kvinnherad pluss områder i Etne med dei to hundane sine. Det er medlemmar som tidlegare har reservert seg mot ettersøk under jakta pga. at dette går ut over eigen jakt. Ikkje alle kan ta fri/får fri frå jobb for å gå ettersøk. Grunnen til at eg drog fram dette med bandhundprøvar er at det er veldig mange elghundar i kommunen, dei fleste i ettersøkslaget har og elghundar. Hordaland Elghundklubb er stor i Kvinnherad. Det er eindel oppdrettarar av svart elghund her og då er dette med bandhundprøvar særdeles aktuelt. Mange vil ha desse jaktprøvepremiert og då er det bandhundprøve som gjeld, ikkje blodspor og ferskspor.
  15. Jaktlykke skreiv: Joda, ettersøkslaget har avtale med kommunen om vaktordning for trafikkpåkjørslar heile året. Dei fleste medlemmane er ikkje interessert i å ha vakt for jaktdelen utover ordinær jakttid. Dei som står bak søknaden om utvida jakttid er Hjoretfoten jaktvald og Åkrafjorden Jakt. Ifølge data som er registrert på http://www.hjortevilt.no så har Hjortefoten jaktvald felt 226 av 220 tildelte dyr i perioden 2006 tom 2009. Argumentet om å få utvida jakttida for å klare å fylle kvoten virker då ein smule merkeleg. Åkrafjorden Jakt reklamerer på heimesida si med ein fellingsprosent på 98% (felt 98 av 100 dyr). Då virker og begrunnelsen om at dei har problem med å fylle kvoten litt søkt. Det ser ut til at det ligg heilt andre motiv bak søknaden om å få utvida jakttida enn problem med å fylle kvoten for dei to søkarane. Ordninga med Kvinnherad Ettersøkslag var i utgangspukntet meint som ei overgangsordning/hjelpeordning då kravet om godkjent ettersøkshund kom for dei som ikkje hadde hund då. Målet har vært at flest mulig av jaktlaga/valda skaffar seg eigne godkjente hundar. Dette har ikkje skjedd og då er det lett å angripe Ettersøkslaget og beskulda desse for det meste. Dersom 510whisper er så inni h....te misfornøyd med ettersøkslaget så er det berre å skaffe seg ein hund sjølv, evt. får godkjent katte eller spelsauen. PRoblemet med å trene hund er reelt. Loven seier at bandhundprøvar skal avviklast i perioden 1/7 - 23/12. MEd utvida jakt fram til 23/12 så blir dette vanskeleg, ikkje mange jaktlag som er interessert i ah det går ein haug med bandhundar på prøve i terregnet dei jaktar i. Dårleg tilgang til prøveområde betyr færre godkjente hundar i kommunen og større problem for dei som ikkje har hund sjølv. 510whisper kan sjekke ettersøksregisteret til NKK, det er ikkje mange godkjente hundar i Kvinnherad, mange er og kun godkjent i eige lag. Kankje du tilhøyrer dei som drit i kravet om tilgang til godkjent hund??? Det finns nok av dei jaktlaga i kommunen. Sjølvsagt kan grunneigarane nekte laget å trene/avlegge prøvar på hans utmark, er ikkje sikkert at han får ettersøksavtale då.
  16. Eg har ei rifle i .378wby som eg har brukt eindel og skote mykje med på banen. Eg har brukt denne som einaste rifle på jakt i fleire år utan at eg har skote så mykje vilt med den. Har skote hjort, rådyr og bjørn med den. Fungerer utmerket til dette. Det viktigaste er gode kuler. No har eg brukt Woodleigh 300grain Protected Point og den gav minimalt med ødelagt kjøt på hjorekalven eg skaut. På rådyr brukte eg Sierra 300grain Game king med godt resultat, har kun skote 1 rådyr med rifla. Det er nok ikkje verdens beste kule. Alt har vært knall og fall.Største ulempen med rifla er at den er ganske tung, veg mellom 4,5 og 5kg.
  17. Dei som har søkt om utvida jakttid i Kvinnherad, ref link til artikkel i kvinnheringen, har fellingsprosent på over 100%. Kva agrument dei då har til å søkja om utvida jakt er ei gåte. Det kan umulig være for å klare å fylle kvoten. I 2009 hadde Hjortefoten jaktvald ein fellingprosent på 143,64%. I perioden 2006-2009 har dei fått tildelt tilsaman 220 fellingsløyver. Dei har i same perioden felt 226 dyr, dvs 6 meir enn tildelt. Alt dette ifølgje http://www.hjortevilt.no/Hjort/Jaktstatistikk/TildelteOgFelteDyr. Så står dei fram i avisa og vil ha utvida jakt for å klare å fylle kvoten! Forstå det den som vil. Åkrafjorden Jakt har og søkt om utvida jakttid og fått dette for nokre vald i Åkra. Dei skryt og av ein fellingsprosent på 98% for jaktåret 2009 på si eiga heimeside http://www.hjortejakt.info/nyheter.htm. Kva grunn har så dei for å søkja om utvida jakt? $$$ sansynlegvis. Dette med fritak for krav om tilgang til godkjent ettersøkshund ved sporsnø høyres meget merkeleg ut, er ukjent for meg. Stemmer dette vil eg gjerne sjå kvar dette står. Står ingenting om unntak i *Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst' http://www.lovdata.no/for/sf/md/td-20020322-0313-007.html#23. Det er heller ikkje nemt i 'Viltloven' eller i Dirnat sin Veiledning til Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst frå april 2008 .pdf&contentdisposition=attachment]URL PS. Bukkebrøl kom meg i forkjøpet!
  18. Det er eit firma i Oslo, Liroma http://www.liroma.se/norway/index.php som leverer rister og perforerte plater i ulike dimensjonar og kvalitetar. Når du er ferdig med buret ditt og ser på timeforbruket så blir nok Trønderburet billeg. Blir artigt å sjå korleis dette går. Problemet med å berre skulle lage 1stk er at det blir kostbart, du må ofte kjøpe meir material enn det du treng pga. at levering ofte skjer i store kvanta. Skal du bestille mindre så blir det ofte kostbart eller du må bruke tid på å leite etter restar.
  19. Det er ikkje berre lønninga i reine kroner som koster i Norge. Alle velferdsgodene som me tar for gitt på ein arbeidplass idag koster også ganske mykje, 5 veker ferie, sjukedagar for seg sjølv og barn/barenpassar, korte velferdspermisjonar, forsikringar, overtidsbetaling etc. Trur ein sum på ca. kr120/time i sosiale utgifter er "normalt" for ein norsk arbeidgjevar i tillegg til den faktiske lønna. Går du til USA som det er referert til så har ikkje vanlege folk krav på ferie slik me er vant til, trur og mange kan sjå langt etter betalt sjukemelding, korte velferdspermisjonar, overtidsbetalt etc. Dermed blir kostnadsnivået på lønningane vesentleg mindre enn i Norge. I tillegg er markedet i USA ca 60 gonger større enn i NorgeSverige er og faktisk rekna som eit lavkostland når det gjeld lønnsnivået i ein del yrke!
  20. Eg er på jakt etter same type informasjon som deg. Det viser seg at medlemmane av vårt ettersøkslag heller ikkje har forsikring slik at eg er svært interessert i om andre ettersøkslag/ringar har forsikring og kva type forsikring dei har. Det er og nyttigt å vete kva selskap som er benytta.
  21. Eg har både DC30 og DC40 som blir brukt på dachs. Dei er fysiskt like store men DC40 er bedre i bruk på hunden. GPS antenna er flytta vekk frå toppen av halsbandet og sjølve halsbandet er mjukare og smidigare. Den eine dachsen min er ganske tynn omkring halsen og DC40 passer bedre på han, lettare å stramme og sit bedre rundt halsen. DC30 hadde ein tendens til å bli ein smule firkanta pga GPS antenna og sjølve enheten når halsbandet blir stramma inn til minimum. Har ikkje aning på om det er forskjell i rekkevidde på desse, har ikkje prøvd dette i praksis.
  22. Slik det ser ut så er det kun 1 hund som er komen med til MN blodspor med loddtrekning. http://www.hunden.no/artikkel.html?news.nid=6231&temasider.tid=38. 29 av 30 ekvipasjar har 3x1. premie m/HP og kom med direkte. Hund nr. 30 er trekt ut blandt dei med 2x HP. Så i år er det ikkje berre rein loddtrekning.
  23. Kjempebra Har begge dei to første bøkene så eg får laste ned revidert utgave og lese den. Venter i spenning på resten, spesielt siste bok.
  24. Shultz og Larsen skreiv: Børselars har RWS kuler og ammo. Han kan og skaffe tomhylser, eg spurte etter 9,3x74R RWS og det kunne dei skaffe. Ser av Norma sine oppgitte verdiar for ferdiglada ammo at det er ikkje allverden forskjell på7x57R og 7x65R. Med 150grain FMJ er 7x57R oppgitt med 805m/s utgangshastighet og 7x65R med 840m/s utgangshastighet Med 156grains Oryx kule er 7x57R oppgitt med 795m/s og 7x65R med 830m/s http://www.norma.cc/sortimentjakt.asp?Kaliber=14&Lang=1&Kalibernamn=7x57R og http://www.norma.cc/sortimentjakt.asp?Kaliber=15&Lang=1&Kalibernamn=7x65R Lader du sjølv så kan du lade litt mildare. Eg hadde ikkje vært betenkt, trur ikkje den praktiske forskjellen er allverden. 7x65R takler nok tyngre kuler bedre enn 7x57R.
  25. Eg har som sagt ein 378wby utan brems som du kan få prøve når som helst. Bur på vestlandet så det er kanskje langt vekke?
×
×
  • Create New...