Jump to content

jedherne

Members
  • Posts

    84
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by jedherne

  1. No er dobbelrifla i hus med Aimpoint Micro H1 montert. Venter på kuler, hylser og diesett. Det siste har dessverre lang leveringstid. Har og bestilt RCBS sin store hylsefres, denne og kulene kjem i dag. Då er det berre å vente på resten og få prøveskote rifla, gleder meg.
  2. Takk for tipset, eg skal gjøre det. Kanskje han sitt på ladedata til rifla og. Greit å ha eit best mulig utgangspunkt.
  3. Då vert eg snart lykkeleg eigar av ei dobbelrifle i 500/416. Søknad innvilga så no gjenstår det kun å hente den. Sikkert nokon som kjenner til denne, Krieghoff Big Five som står hos Jakt og Friluft på Hvalstad. Gjenstår å skaffe ladeverktøy til rifla, eg ser at diesett er kronglete å få tak i. Er det nokon som har gode tips eller kjenner til om tidlegare eigar/eigarar har hatt slikt? Tomhylser og kuler er ikkje problematisk. Har og bestilt hylsfres som er stor nok til å håndtere hylsene.
  4. Denne som RCBS har http://www.midwayusa.com/product/114864/rcbs-trim-pro-manual-case-trimmer-kit tar hylser opp til og med 460 wby. Eg har versjon 1 der det er T-håndtak i bakkant for å klemme fast hylsa i staden for hendel. Ellers er den heilt lik og har fungert heilt utmerka til 378wby hylser. Dei er heilt like 460wby bortsett frå kulediameter. Det burde være unødvendig å få lagd egen hylsefres til denne hylsa.
  5. Eg har brukt RCBS sin hylsefres til 378wby, samme hylse med mindre kule. Denne burde fungere fint.
  6. jedherne

    LOP på rifle

    Eg hadde ei rifle i 378wby med LOP 370mm (ca. 14 5/8") Eg har og bygd om ein Mauser M67 til 7x64 med HighTech stokk som og har LOP 370mm. Dette passer meg veldig bra, litt avhengig av type kikkert og avstand fram til okkular. Eg har kikka litt på Weatherbyrifler og dei har standard LOP på 13 5/8" til 14" på dei fleste av sine våpen i kaliber opp til og med 460 wby. Dette syns eg er i kortaste laget men eg trur det er ganske vanleg på amerikanske rifler. LOP på 370-380mm betyr at då har eg kolben i armkroken, albuen i 90 grader og peikefingeren ligg mot avtrekkaren med første leddet. Det trur eg er eit fornuftig utgangspunkt for LOP. Vil avhenge av egne ønsker/skytestil og avstand frå kolbe til okkular (spesielt dersom dette ikkje lar seg justere til ønska avstand) og kaliber.
  7. Du kan og ta utgangspunkt i Vihtavuori sine ladedata for 9,3x74R http://www.lapua.com/en/products/reloading/vihtavuori-reloading-data/relodata/5/89. Det finns og nokre ladedata på robsoft for kaliberet http://www.robsoft.nu/databaser_en/laddata/showloads.asp?MainID=4 og på Norma sine heimesider http://norma.cc/sv/Ammunitionsskolan/Laddata/93x74R/. Dei har ikkje for eksakt samme kule men ladedata for Norma sine 15 grams kuler er eit godt utgangspunkt vil eg tippe.
  8. NKK sel ein liten hendig chipleser som ikkje er spesielt dyr, koster kr 1500,- Du finn den her http://web2.nkk.no/nettbutikk/nkks-nettbutikk/
  9. Her er ein prosedyre til innbrekking av løp http://kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=14&t=74139 som heilt sikkert er den beste. Ellers er eg enig med M67, til nokon har ein god statistikk som eintydig viser fordel med innbrekking så lar eg og latskapen rå.
  10. Sannsynlegvis vil du få trøbbel med dette. I skytterboka 6.100 Generelle fellesbestemmelser for våpen står det : Så lenge dette ikkje er nevnt i reglementet er det ulovlig.
  11. Dette har vært diskutert tidlegare i denne tråden http://kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=84&t=20479 Eg har og skote mange tusen Natoskot i både Mauser M67 og Sauer STR200. Eg ladde og Natohylsene i mange år. Problemet med klebing/tregt sluttstykke vart eg aldri kvitt. Det såg og til å auka ved varmt våpen, spesielt på omgangsskyting i DFS. Varmt sommarvær forsterka ofte problemet. Dette er sansynlegvis noko du må leve med dersom du skal skyte med Natoammunisjon.
  12. Det lille tillegget står i rundskriv frå DN http://www.dirnat.no/multimedia/566/Veiledning_april_08_2utgave1.pdf&contentdisposition=attachment Utøvelse av jakt, felling og fangst nederst på side 23 under §23. Krav frå DN om permanent regodkjenning av allerede godkjent hund med ny førar.
  13. G-1000 er stoffet som buksa er lagd av. Dette http://www.fjallraven.se/produkter/byxor/greenland-trousers er den eg har. Det finns ulike modellar i dette stoffet. I tillegg har Fjällreven bukser i andre stoff. Heilt supert med bukse utan membran i fint vær. Bruker regnbukse over i dårleg vær.
  14. Har ei slik bukse som er 12år. Den har eg brukt masse dei siste åra. Behageleg bukse og utruleg slitesterk. Kan anbefalast på det varmaste. Du kan få den delvis vannavstøtande med å bruke Grønlandsvoks på buksa. Eg har aldri brukt dette, har ikkje sett behovet for det.
  15. Kennel Pediculus http://www.pediculus.net/Valper.html har korthårskvalpar. Ho bruker hundane sjølv på jakt og trener mykje hi med dei. Kennel Storskar http://www.storskar.com/?page=8 ser ut til å planlegge kvalpar i 2012. Han og bruker hundane til jakt og ettersøk. På Finn http://www.finn.no/butikk/dachs?previous=27548620 ligg og eindel annonser frå Dachshundforbundet. I tillegg ligg det linkar der til oppdrettarar av dei ulike hårlaga http://www.norskedachshundklubbersforbund.org/oppdr_kort.htm. Fleire av dei kan være verd å sjekke.
  16. Norma har eindel ladningar på sine heimesider for 7x65R http://www.norma.cc/sortimentladd.asp?Kaliber=7x65R&Lang=1 Forskjellen mellom 7x64 og 7x65R er relativt liten. 7x65R er lada til høgt trykk for ei patron berekna for brytvåpen. Står og litt her http://www.norma.cc/content.asp?Typ=58&Lang=1&DocumentID=198&Submeny=4&Rubrik=Kaliberhistorik&Title=7x65R om kaliberet. Maks gasstrykk er 3800bar.
  17. jmonsen skreiv: Så sant så sant. Men kor mange godkjente ettersøksekvipasjar fortset med trening evt. konkurransar etter at godkjenninga er i boks? Kanskje ligg det eindel her og at mange stort sett aldri trener med hunden og går få eller ingen ettersøk. Då vert det lite erfaring både for hund og førar. Ettersøksekvipasjen er godkjent og etter det vert det aldri trent, kor god er då denne om nokre år? At blodsporprøvane har trekt til seg ein god del folk som ikkje jaktar og ikkje går ettersøk treng vel nødvendigvis ikkje være negativt. Det er vanskeleg å unngå dette trur eg, konkurranseinstinktet er rimeleg stort hos mange. Kor mange aktive ettersøksekvipasjar eller jegerar deltek på desse prøvane etter at ettersøksgodkjenninga er i boks? Lar dei være fordi prøven er dum eller fordi dei er redd for å delta? Det er vel ein god del dommarar rundt om som er både jegerar og driv med praktisk ettersøk slik at dømminga er meir "praktisk" innretta mhp. reell ettersøkssituasjon. Eg er og enig med annei i at det er mange førarar som sviktar. Trening er dumt, hunden sporer jo som bare det. Eg har som sagt opplevd at dommaren under opplesing av kritikk har kommentert at førar tar hunden av rett spor gjentatte gonger. Er det då prøven som er dum/lite realistisk eller er det manglande trening? Ekvipasjen blir ikkje betre enn det svakaste leddet og det er det svakaste leddet som bestemmer preimegraden på ein prøve.
  18. Ole-Johan skreiv: Då er det altså kun elghundrasasne som er brukandes som ettersøkshundar då desse har slik godkjenning. Eg reknar med at drevprøve til drivande hundar ikkje fell inn under denne reelle prøven som blir etterlyst. Då vil det bli dårleg med ettersøkshundar rundt omkring i landet.
  19. Truls skreiv: Ekvipasjen er hund med førar, dvs. det er arbeidet til begge som skal bedømmast på prøven ikkje berre hunden. Går hunden veldig fort er det føraren sin "jobb" å bremse den slik at ein tenkt skyttar kan halde følge og klare å skyte. Gjer ikkje føraren dette så gjer føraren feil og ekvipasjen vert premiert ut frå dette. Det er ikkje hunden som skal premierast/godkjennast, det er ekvipasjen. Det er nok mange hundar som vil og kan holde eit stort tempo på ein sporprøve og då må føraren bremse den. Me arrangerte nettopp ein blodsporprøve i Kvinnherad og ein av dommarane kom med følgjande kritikk av ein ekvipasje: Eg vil gje hunden 1. premie og føraren 3. premie fordi han tok hunden av rett spor fleire gonger. Dei kom i mål tilslutt men fekk låg premiering pga. føraren. Har og vært på sporprøve i Hedmark der ein ekvipasje fekk 0. premie pga at førar tok hunden av rett spor 5 gonger, dei kom ikkje i mål til tross for at hunden spora rett. For reelle ettersøk gjeld og det same, det er både hund og førar som skal kunna samarbeida. Førar skal kunne bruka erfaring og fornuft dersom han meiner hunden er på feil spor.
  20. Kvinnherad Jeger og Sportsfiskarlag bruker å arrangere saueavvenningskurs kvart år i mai eingong. Vert arrangert i Rosendal på Avlsgarden. Står infor her http://kjsfl.no/no/ når dette kjem opp.
  21. Dersom eg ikkje husker heilt feil var det vel fleire artiklar i VJ angåande den 404. Svein skreiv fleire artiklar om heile byggeprosessen og minst ein artikkel om første Afrikajakta med rifla, dersom ikkje husken er hilt feil. Eg kan sjå kva eg finn i gamle nummer derom nokon er interessert i dette. Det var eit flott våpen etter det eg huskar frå VJ.
  22. Du kan risikere at ei tispe får løpetid midt i jakta og då trur eg det er litt så som så med jaktinga. Bortsett frå det veit eg ikkje om det er store forskjellen. Har ingen erfaring med tisper men vart råda av opdrettar til å kjøpe hann nettopp pga. løpetid under jakt. Så lenge eg i utgangspunktet kun hadde 1 hund og ikkje skal drive med oppdrett anbefalte han dette.
  23. Eg har 3 hannar, hatt dette i nesten 1 år no. Eg fekk den siste hannen i fjor sommar. Dei går veldig godt overens. Det har ikkje vært problem med dette så langt. Har hatt 2 hannar i nesten 2 år før eg fekk siste. Dei kranglar av og til om godbitar men er ellers svært gode bussar. Eg ville heilt klart gått for ein hann til.
  24. Eg bruker DC30 og DC40 halsband på mine dachsar og ser ingen grunn til å bruke vest. Eg er enig med Baktus, dachsen åler seg innunder og gjennom mykje kratt og kjerr der andre hundar går over og eg ser heilt klart at vesten med GPS på toppen vil være eit hinder for hunden. Det er nok med hansbåndet som kan hekte seg fast om ikkje ein vest. Eg har og kappa halsbåndet så det passar til dachsen. I så måte er den nye DC40 bedre enn den gamle DC30.
  25. Eg har ei Merkel 141 dobbelrifle i 9,3x74R som er regulert for 16g Kegelspitz. Lader denne med 250grains Accubond og har brukt den på jakt i haust. Eg har særdeles dårelg erfaring med å lade om Norma sine hylse. Eg fekk hylseseparasjon på ei hylse ved 1. omlading. Har kutta ut å bruke Norma og bruker kun RWS hylser. Dei er tjukkare og holder bedre. Rifla er kort og lett (ca 3kg utan sikte), har ein Leupold 1,5-5x20 i hakemontasje på den. Fungerer utmerket på hjortejakt i bratte vestlandslier, lett og hendig å bære med seg. Litt kvass rekyl på banen men under jakt er det ikkje merkbart.
×
×
  • Create New...