Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Skal debutere på bukkejakt i Danmark i mai, og trenger litt råd ang. ammovalg. Lader ikkje sjølv, og her er det eg fann i skapet: Sierra Game King 11,7 g Norma Forbedret Elite 11,7 Norma Elite Express 11.7 PMC m Barnes X 10.7 Norma Oryx 11.7 g Kaliberet er .308 win Kva tar eg med - og bør eg evt kjøpe noko heilt anna?
  2. Dette er sikkert å banne solid i kyrkja, men uansett: Eg har no sett filmen for andre gong og må seie eg syns alle hyllingstalane er overdrivne. Javisst, "teknisk" er skytescenene flotte og vel gjennomarbeidde - og ikkje lett å kopiere. Men eg saknar miljøbeskrivelsar, stemningar, litt historiefortelling. Alt han snakkar om er kor vanskelig det er å filme seg sjølv! Dermed endar filmen med å handle om å filme seg sjølv på jakt - og ikkje sjølve jakta! Er det berre eg som reagerer på denne måten? Eg har stor respekt for Clausen og prosjektet hans. Og eg har sjølv jakta på Frønningen. Og eg er overbevist om at det vil kome filmar av langt høgare kvalitet frå mannens opphald ved Sognefjorden når han sjølv får sjansen å sitte i redigeringsrommet med alt råmaterialet frå eit år under open himmel. Men akkurat DENNE filmen syns eg faktisk er oppskrytt...
  3. Har rundflådd nokre mår og lagt i salt (finsalt og grovsalt til dekking). Nokon som veit kor lenge dei skal ligge? Skinna skal ikkje tanast men sendast til beredning. Om nokon har tips til folk som syr kule (og gode) luer, så sleng gjerne på det også
  4. Trur vel aquavitsmaken i stor grad dunstar bort med alkoholen. Vil du ha aquavitsmak kan du kanskje heller prøve litt knust karve iblanda brunsukker. Det gir truleg meir effekt og meir av den smaken du er ute etter.
  5. Du bur GARANTERT ikkje i Ytre Sunnfjord, for der er det historiske snørekordar. Det gjeld store hjortekommunar som Bremanger, Flora, Askvoll og vidare sør for Førdefjorden også. Og det er vel mot kysten dyra ofte trekker vinterstid..?
  6. Mår nr. 3 endeleg i boks. Etter ein februar med null fangst, sat denne vesla i fella søndag. CB 120 Agn: Rugde/torsk/fiken/honning Vekt: 1030 g Lengd: 77 cm
  7. Hm. Betyr dette at f. eks Trijicon-sikta berre har "halv" lyseffekt etter rundt 10 år? I så fall legg eg bort planane om å investere. Nokon som veit?
  8. Så eies meiner vi skal skru av kameralyset, dra camoen over hovudet og rusle inn i mørke natta med hobbyen vår? Det er i alle fall oppskrifta på å gjere jegerstanden om til ei sekt eller ein luguber losje som ikkje ønsker innsyn, men vil styre på med vårt i det stille. Då tar eg mykje heller debatten i ope rom og argumenterer for jakt som ansvarleg forvaltningsform. Så får vi heller innrømme feil dei gongene det skjer. Å dra ned rullegardina løyser i alle fall ingen problem.
  9. Ser mange tilrår å kjøpe kjøtt som nærmar seg datoutgang, for så å mørne vidare heime til utover datostempling. Det KUNNE vere ei grei løysing, viss ikkje vi hadde følgjande tilleggsproblem å slite med frå daglegvarebransjen: Kjede etter kjede er avslørt i å selge kjøtt som "ferskt", som likevel har vore frose inn tidlegare. http://www.dagligvarehandelen.com/xp/pub/venstre2/tidligere_utg/11093 Denne saka gjeld Tyskland, men det er også avslørt tilfelle her til lands. Då har ein effektivt tatt knekken på "dei ønskte" prosessane i kjøttet, og legg du slikt kjøtt til vidare "mørning" i kjøleskapet heime, så kan det fort vente eit langvarig opphald på ramma...
  10. Her er ein øvelse mange kan prøve: 1. Ta fram ei tilfeldig valgt børse fra skapet ditt (samme kva, i dei aller fleste tilfelle). 2. Still deg framfor spegelen i gangen 3. Konsentrer deg, som om du er på hogget i skogen. 4. Kast opp børsa med begge auge igjen. 5. Opne augene ... og der ser du kva som er det styggaste på børsa di...
  11. Slit med ein gammalmår som har vore under to av fellene no tre-fire gonger. Virkar interessert, men går ikkje opp treet. Har lagt opp stokk, bytta åte, prøvd clam oil, honning, fiken, trost, fisk - det meste. Gode tips?
  12. Tja, det spørs korleis du ser det. Om du reknar jakta som ein hobby på lik linje med andre ting, vil eg påstå at jakt ligg sånn midt på treet prismessig. Eit sesongkort for heistrekka i Hemsedal i år kosta kr. 4.695,-. For det kan du greit kjøpe deg eit fellingsløyve på rein eller hjort i mitt fylke....
  13. frontier

    Gaupejakt i Sogn

    Det blei teke ut 11 jerv i Sogn sist sesong. Når det gjeld scooterbruk på gaupe: Viss det er for bratt til å gå/jakte/ringe så må det vel vere for bratt til å køyre scooter og..? Eg trur det går meir på manglande tradisjonar, kunnskap og interesse for predatorjakt i Sogn og Fjordane. Her er det berre matviltet som gjeld.
  14. frontier

    Gaupejakt i Sogn

    Dette er gale! Som sogning og jeger blir eg direkte flau. Det er ikkje meir enn eit halvt år sidan Sogn Avis også hadde ein heil artikkelserie om ein rev (!) som hadde spesialisert seg på å ta lam på innmarksbeite på våren/forsommaren. Også her stod fortvilte bønder fram og bad om hjelp! Kan dei ikkje for p... legge ut åte og kome seg ut i gluggen sjølve, om ikkje dei får jegerhjelp? Eller er all anna jakt enn på hjorten uinteressant, og noko staten skal besørge. Blir heilt matt...
  15. frontier

    Hodelykter

    Etter det eg veit kjem det ein svært omfattande test av hovudlykter i neste nummer av Jakt & Fiske. Der blir det testa lykter i absolutt alle prisklassar.
  16. Eg har jakta der dei siste fem åra. Send ein PM om du vil ha info/tips.
  17. Eller du kan gjere som eg gjorde med min 3800 SW: Bore opp fra halv-full til forbedra - halv. Da har du i realiteten boring som dekkar det meste av praktisk jakt m hagle. Og det er billegare. Uansett har du ei kultbørse av dimensjonar. Ta godt vare på den!
  18. Kva med hjort som oppheld seg permanent i terreng der dei ikkje har høve til å beite på kratt/busker/lauvskog? Bør terskelen for å fore vere lågare på slike plassar når vi har så mykje snø på kysten av Vestlandet som no?
  19. I 300 win mag trur eg alt av ekspanderande vil gjere jobben. Og vel så det. Tenk heller på kuleplasseringa, lett å hamne litt for langt bak på dyret.
  20. Tailgunner; svaret ditt bekreftar heile poenget mitt. Etter mitt syn er verken robåt eller sjark eigna utstyr for å sikre fangsten når kobbe eller havert er påskoten i sjøen.
  21. Eg skal vakte meg vel for å kritisere andre jegerar sin måte å legge opp/organisere jakta si på. Men eg undrar meg likevel når eg les historiane til tailgunner og Sofus. Eg ville ALDRI lagt meg til å skyte på ein kobbe i sjøen når båten min låg eit kvarters spasertur unna. At denne fangsten blei berga er berre råflaks. Sofus beskriv ei jakthistorie der han er på jakt åleine, og skyt på sel som ligg (ut frå bildet) på ein svært liten stein ute i sjøen. Heller ikkje han har tilgang på raskt transportmiddel (motorbåten ligg på land) - med det utfall at selen er tapt. Å bli stoppa av uver på sjøen kan alle oppleve. Men å skrive at "telefonen ringer" og at ein må gjere ærend???? Ein viktig del av jakta er å ta vare på viltet. På meg virkar det ikkje som det har stått i høgsetet i desse to situasjonane. Ville de gjort det same på elg- eller reinsjakt, karar...?
  22. Tre revebesøk, ein hønsehauk og no ei gaupe. Kanskje på tide at kalkunbonden utbedrar sikringstiltaka ein smule...?
  23. Tja, beartooth sine enkle løysingar i neopren med div. ulike innlegg funkar heilt greit - om du ikkje er så opptatt av estetikken. http://www.wingevapen.no/index.php
  24. Enig med Karo i at du med fordel kan la vere å krydre når du kokar krafta. Smaksett gjerne med div. grønsaker, men ved å vente med krydringa, har du større mulegheiter til å variere kryddersmaken når krafta ein gong skal bli til saus. Eksempelvis er det slett ikkje alle typar viltrettar/viltsaus som bør smakssettast med einebær. Kryddervariasjonar: Timian, Kjørvel, einebær/skudd, krekling. Tips: Prøv også Salvie, brukbart til langt meir enn svin/kylling.
  25. Har satt ein Mak hurtigmontasje på min. Funker greit, men du bør samtidig vurdere å få bygd justerbar kolbe, for du kjem for høgt med hovudet -til å skyte raske, gode skudd. Fleire ulike variantar her: http://www.sabatti.it/eng/framesetattacchifucili.htm
×
×
  • Create New...