Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. "feil", med knekkvåpen trengs kun 3 skudd ????? Trudde treskuddsregelen gjaldt kombi, drilling og dbl rifle, pga lodda løp, varmgang og treffpunktforandring. Med ei enkeltskuddsrifle må du vel skyte fem skudd? Det må i alle fall vere intensjonen med lova? Eller har eg misforstått heilt?
  2. Snømus. Synes synd på trådstarter jeg, her får han kjørt seg! Men får forhåpentligvis med seg kunnskap! Og oter. Enn så lenge...
  3. Den duger nok. Men XXL overdriv kanskje litt når dei omtalar den som "Spansk hagle av høyeste kvalitet..."
  4. Eies, kan unormalt stor rovdyrpredasjon ha påverknad på flokkane, slik at dei trekkjer ut av eit område og inn i eit anna? På mindre enn to år er er det vel teke ut 11 (!) jerv berre i området Årdal-Luster, og framleis viser sporteikn i fjellområda at jervebestanden er høg. Eg har sjølv jakta på Årdal-Lærdal-stamma nokre år, og sett ei negativ utvikling i bestanden. Dei to siste åra har innslaget av kalv i hovudflokken vore skremmande lågt. Jerven har slått mykje sau i området, og han fer vel neppe betre fram mot reinsflokken vinterstid.
  5. frontier

    Pbp

    PBP held til på industrifeltet rett vest om Eikefjord sentrum, vegg i vegg med Norwegian Marine. Det er ca 25 min. køyretur vestover frå Førde på Rv 5, midt mellom Førde og Florø. Du kan prøve å kontakte Tonheim jr. , fornamn Ørjan.
  6. frontier

    Pbp

    Tonheim for tida på jobb offshore, så vidt eg veit. Askeskya avgjer vel når han er heime...
  7. Ulemper: Pris!!!!! Fordelar: Ja, sei det...?
  8. Mulig eg er heilt på vidda, og at estetikk er eit hinsides tema for oss som fangstar mår. Men kjem aldri til å dra til skogs for å lage trapline beståande av maltrakterte plastkanner som har husa vindusspylervæske.
  9. Alle sikta du sjølv har funne fram til vil garantert gjere jobben. Personleg ville eg kanskje halde ein knapp på kahlesen. Når det gjeld Zeiss, så kjem dei om få veker med ein ny serie, kalt Duralyt, som etter alt å dømme vil erstatte Classic-serien. Her kan kanskje 1.2-5X36 vere eit godt alternativ. Pris ca 6000. Går du for Meopta, ville eg satsa på Meostar heller enn Artemis. Har du vurdert reine rødpunkt-sikter som f. eks. Aimpoint? Det ligg fleire gode bruktkjøp på slike hos Jakt og Friluft sine nettsider for tida. Lykke til.
  10. Eg kjenner til Schultz and Larsen sin Kipplauf, og vil nemne tre negative faktorar: 1. Han fekk kjøpt den altfor billeg i Sverige. 2. Han skyt irriterande godt med denne "fjærvektaren". 3. Han har så langt nekta å selge den til meg.
  11. Det er ei sanning med visse modifikasjonar, Wadcutter. Blir avstanden stor nok, slik den fort kan bli f. eks. på ein kombi med ein mak-montasje, kan du oppleve at første kryssingspunkt faktisk er ute på normal innskytingsavstand (100 meter). Slik er det på kombien min, med rundt 7 cm avstand mellom rifleløpet og senter i kikkerten.
  12. Dette er vel basisingrediensane i dei fleste engelske matrettar...
  13. Har ved ettertanke akkurat samme erfaring som deg, Bukkebrøl. Skota sit gjerne litt lågare. Nokon som har ein plausibel forklaring?
  14. Eit tungetips: Når du tar opp den kokte tunga for å bruke den som pålegg, bør du ha klar ein saltlake til lagring. Salt / vatn i forholdet 1 til 10 held i massevis. Legg tunga i laken, sett kaldt i kjøleskapet. Dette forlengar ikkje berre holdbarheita, men smaken blir mykje betre.
  15. I skapet står mykje forskjellig, alt frå tysk 50-tals enkeltløpar, via russisk side by side til "konfirmasjonspengepris", til ultralett Beretta o/u i kal. 20/76. Samt Sabatti o/u kombi m/ ekstra haglløp og justerbar kolbe. Både på jakt og på bane skyt eg heilt greit med alle desse våpna, sjølv om dei varierer mykje i vekt, balanse og ikkje minst kolbefasong/lengde. Men med EI børse skyt eg så mykje, mykje betre, nemleg med ein 25 år gammal kultklassikar, Miroku 3800 SW, med kolbe bygd på mål. Etter at jegertrapkarrieren var over blei japsen bora opp til imp cyl/ 1/2 trangboring, påmontert reimfeste og rigga for jakt. Ville dette funke: Åjada. Bomskudda med Mirokuen viste seg å vere få, også i skogen, sjølv om børsa er bygd for skyting på stigande duer. Korleis er den så "i skogen"?: Med vekt på godt over 3,5 kg og 76 cm løp er den sjølvsagt eit "herk" å bære på. Men nettopp i skogen og på fjellet er ei slik børse gull verdt for meg. Og forklaringa er enkel: Eg er støkkjeger. Med små marginar, alltid overraskande situasjonar og mange skot utført på ryggmargsrefleksen, er det med Mirokuen eg har hatt dei beste jaktopplevingane. Dei fellingane av vilt som heilt klart krevde "det verkeleg gode haglskotet". Oppsummert: Med alle dei andre haglene kan eg i praksis jakte på kva som helst av skarv, ender, gås, rådyr - og ein god del andre ting, med heilt grei treffprosent. Til støkkjakt på skogsfugl og rype: Alltid Mirokuen. Kunne eg oppnådd like god treffprosent med ei av dei andre børsene som ikkje er spesialtilpassa meg? Tja. Før ville eg svart ubetinga nei. I dag er eg meir usikker. Eg trur treninga, kveld etter kveld, år etter år (og det kan godt vere tørrtrening, det treng ikkje smelle), langt på veg kan kompensere for filing, liming, vriding og høvling av kolbe. Særleg gjeld dette cast off/cast on. Men eitt unntak vil allti gjelde: Om kolben din har for mykje fall og du alltid stirrer rett inn i baskylen med kinnkontakt. Den blir du aldri stabilt god med.
  16. Las nettopp om ein dansk jeger som var bøtelagt med 17.000 kroner for å ha sett opp viltkamera ved eit åte utan løyve. I notisen (trur det var siste Villmarksliv) blei det også presisert at dette også er ulovleg i Norge, utan å innhente særskilt løyve. Stemmer dette???? I så fall er vi mange lovbrytarar her...
  17. Eies, har du nokon gong tvilt på det? Som øvste høvdingar i nærings- og utviklingskjeda har mennesket alltid bedrive artsfascisme, der utvelginga heilt klart er tufta på andre verdiar enn biologisk mangfald, og der økonomiske motiv blir ein stadig viktigare premiss. Det beste dømet nemner du kanskje ikkje, nemleg dei elvane ein i årevis har behandla med plantegifta (!) Rotenon, som utryddar ABSOLUTT alt av livsformer i det økosystemet ei elv er. Og alt til ære for laksen - fordi den er verdifull som sportsfiskeart, kulturelt og økonomisk.
  18. Er nok heldig der eg fangstar. Ingen store museproblem. Hadde mus ved ei felle i vinter, det var alt. Men går musa like hardt på søtt angn (fiken/honning/maltekstrakt/svisker)?
  19. Åteløysinga er ok, men eg meiner min er bedre: Fest topplokket med ei hengsle (fuglekasseprinsippet), og skru i ein krok på innsida. (NB! husk å fest hengsla på sida, slik at lokket lar seg vippe opp når fella er montert på treet.) Her kan du henge div agn. Fordelen er at du med denne løysinga kan la kassane henge ute heile året, og fôre inn måren i sjølve kassa. Det kan du ikkje dersom du "stenger" agnet med ein netting. Poenget er jo at måren skal få tak i maten.
  20. Duracoat. Sikkert praktisk, men det gir meg ei kjensle av å delta på eit bedriftslag i paintball...
  21. Obs! Robert: Spora i sidene til fjørene på desse kassane er altfor korte! Når den fella klapper, vil den "skyte" nedover og ut av kassa fordi fjørene ikkje har plass til å slå ut oppover. Det fører til at fella vil slå lengre inn på dyret, og du er nesten garantert eit feilslag, f. eks over ryggen. Dette løyser du ved å lage sporet på sidene ca 12-15 cm lange og plassere fjørene sånn cirka midt i sporet, avhengig av kor stor conibear du brukar. Elles ser kassene bra ut.
  22. Til fiske- og vandreturer i fjellet ville eg klart valt ein anatomisk sekk. For min del går vektgrensa ved 20-25 kg, før eg hentar fram Power Frame'n. Og det er vel sjeldan du har så mykje vekt i sekken - viss ikkje du er ein alvorleg god fiskar, då? Ein kompis kjøpte Bergans Rondane (85 L.) i fjor, er svært godt nøgd med den. Uansett må du prøve sekkane, ta deg god tid i butikken. Og kjøp kvalitet. Då grin du berre ein gong...
  23. dbrownie, det er vel ikkje så vanskeleg å forstå kva Glenn meiner? Er enig i at slike handlingar set oss alle i eit dårleg lys. Slik er det berre - dessverre. Forstår godt korleis Glenn tenker.
  24. Vi skal til Mou/Lille Vildmose, øst for Ålborg. Kjenner du til området?
  25. Bruker tofot på kystjakta, både på seljakt og på grågåsa. Støter oftare på jegerar som brukar tofot også i reinsfjellet. Dit har ikkje min fått bli med endå...
×
×
  • Create New...