Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. P-K, det er vel dumt å skrive at alt fra 222 og oppover "funker", når det kaliberet er høgst ulovleg å skyte sel med???
  2. Det er vel ganske typisk at slike spørsmål dukkar opp akkurat no, fordi det er årsmøtetid for valda. I prinsippet skal det vere nedfelt i valda sine vedtekter, kva valda faktisk kan gjere vedtak om. Heile ideen med storvald er å samordne forvaltninga av viltet, ikkje korleis viltet blir jakta. Difor vil spørsmålet om grunneigaren jaktar sjølv, eller let andre gjere det, falle inn under jaktutøving, ikkje viltforvaltning, og dermed har det ikkje noko på valdsstyret sitt bord å gjere.
  3. Så langt er det eit fleirtal som skriv i tråden som IKKJE har med kikkert på jakt. Det høyrest merkeleg ut...
  4. Leiter etter ladedata til swift scirocco 150 grain i .308 win, utan særleg suksess. Har N140, N150 og Norma 203-B tilgjengeleg. Kan ei startlading på 43 grain N140 vere fornuftig?
  5. Mår nr. 6 Tispe Vekt: 1,1 kg Lengd: 81 cm Agn: rødløk/bacon/eple/honning Felle: CB 120
  6. Takk for svar så langt. Har de passa på å måle på breiaste punkt (f. eks zoom-ringen)? Som de sikkert forstår handlar dette om hevarmsløft og sluttestykkeføring, så ytre breiaste punkt må målast.
  7. Du mener okularet? jeg blir litt forvirret over at du bruker objektivdiameteren sammen med okularet. S&B har 43mm (hvor har du 38mm fra Raudnakke?) http://www.schmidtbender.com/specs1.5_6x42.htm Zeiss Victory er minst av de "vanlige" med 40mm. De andre ligger fra 41-45,5mm Ellers er denne den mest slanke jeg vet om av alle 1,5-6 kikkertsiktene med 36mm okular. Men den har ikke 42mm objektiv: http://www.nickel-ag.com/en/products/scopes/15630.aspx Beklager om eg spør litt klønente, prøver igjen: Eg vil vite kven av sikta med 42 mm objektivdiameter (altså framme) som er "slankast" bakerst.
  8. Treng litt hjelp her til å finne eigna kikkert/montasje til børse med "mannlicher-hevarm". Nokon som veit (eller kan sjekke) kven av kvalitetsmerka som har minst ytre okulardiameter på eit 1,5X42-sikte? Aktuelle merke: Zeiss, Scmidt & Bender, Kahles, Docter, Meopta, Swaro, osb. Trur eg veit at Kahles er "slankare" enn Meopta, men derfrå og ut er det stopp... Nokon som kan bedrive kvalifisert synsing eller har harde målefakta?
  9. Veit at enkelte brukar rødsprit. Er dette ok, eller har også det uheldige bivirkningar?
  10. Eit moment som det ikkje ser ut til at nokon har gitt råd om enno: Om du skal jakte den hjorten din langt nok vest på Vestlandet, bør du alvorleg vurdere å satse på synt-stokk og ikkje treverk. Ein må ha opplevd det sjølv for å fatte korleis det tidvis kan bøtte ned her ute, og eg har sjølv opplevd trestokkar som både har anna utsjånad og fasong etter ei tredagarsøkt under slike forhold. Eit anna alternativ er laminat, men eg ville heilt klart gått for plastic fantastic.
  11. Yhaug, forsking viser at bruk av ironi i skriftleg framstilling i snitt betyr at ca 30 prosent aldri får med seg ironien, uansett kor tydeleg den er for avsendar, og dermed tar dei det du skriv for god fisk. Eg berre nemner det.
  12. http://www.svanoy.com/ny_norsk_hjortese ... /hjem.html" target="_blank Klikk på biletet for å sjå oversikt kommune for kommune i Sogn og Fjordane.
  13. Er nok mår detta ja Er ikkje så sikker på det. Om du tar utgangspunkt i fingerstørrelsen på hanskane, ser du at spora knapt er særleg større enn fingrane. Ein mår har like store - ofte større - poteavtrykk enn ein rev. Avstanden mellom dobbeltspora er heller ikkje større enn at ein røyskatt litt seint ute til jobben kan sette slike spor. Set ein knapp på røyskatt, ikkje mår. Sjekk forskjellen: http://bildr.no/view/784508
  14. frontier

    S&B hylser

    Lader treningsammo på S&B-hylser, cci-hettene går heilt fint inn hos meg med håndholdt tennhetteisetter (Lee).
  15. http://forum.robsoft.nu/viewtopic.php?f=22&t=91513
  16. Elg og hjort beiter i stor grad på ulike planteartar. Mange planter har evne til å utvikle mottrekk mot hard beiting over tid, såkalla beiteresistens. Antistoffa som plantene utviklar, hemmar næringsopptaket hos dyra, med påfølgjande dårlegare vekt- og kondisjonsutvikling. Derfor kan ein hjort (som beiter andre planteartar) spise seg god og rundt i eit typisk elgområde, der elgen over tid har beita lenge og hardt på sine prefererte planter.
  17. http://www.svanoy.com/ny_norsk_hjortese ... /hjem.html
  18. Er i utgangspunktet enig i betraktningane dine, Maribou. Men på visse felt meiner eg du marginaliserer "problemet" vi utgjer, sett frå jakt/våpenmotstandarane sitt synspunkt (forsøksvis). Du skriv at vi bør få utøve den "fredelige hobbyen vår i fred". Sanninga er jo at den slett ikkje er så fredeleg. Vi inntek fjell og skogar, væpna til tennene med utstyr som ved feil bruk kan ta livet av folk på fleire kilometers avstand. Og verst av alt: Dette skjer (nesten) kvart år, og fleire gonger kvart år om vi tar på oss nordiske briller. Vi må erkjenne at sjølv om vi utøver ein lovleg hobby, som attpåtil er viktig sett med viltforvaltnings-auge, så er vi ikkje frimerkesamlarar eller medlem av ein vinklubb. DER snakkar du fredeleg hobby. Vi brukar farleg utstyr, vi "bandlegg" skog og natur for andre brukargrupper i stadig lengre del av året - og vi blir fleire og fleire. Det er realiteteane. Og det er ut frå desse realitetane vi må lage slagkraftige og gode argumentrekker.
  19. http://www.svanoy.com/ny_norsk_hjortese ... /hjem.html
  20. Og kva er den feilen, Kruttrøyk? Opplys oss...!
  21. Den teorien trur eg ingenting på for eit dyr som gladeleg kryp inn i hole tre, tette kråkereir og stupmørke steinrøyser.
  22. http://www.svanoy.com/ny_norsk_hjortese ... /hjem.html
  23. For å gi deg eit innspel på pluss-sida for dempar: Du skriv at du skal treffe små blinkar på lange hald. Eit stort fleirtal hobbyskyttarar vil nok på sikt treffe denne vesle blinken din langt borte LITT oftare, om ein monterer dempar. Rett og slett fordi ein blir mindre rekylredd og dermed presterer jamt over betre samlingar.
×
×
  • Create New...