I skapet står mykje forskjellig, alt frå tysk 50-tals enkeltløpar, via russisk side by side til "konfirmasjonspengepris", til ultralett Beretta o/u i kal. 20/76. Samt Sabatti o/u kombi m/ ekstra haglløp og justerbar kolbe.
Både på jakt og på bane skyt eg heilt greit med alle desse våpna, sjølv om dei varierer mykje i vekt, balanse og ikkje minst kolbefasong/lengde.
Men med EI børse skyt eg så mykje, mykje betre, nemleg med ein 25 år gammal kultklassikar, Miroku 3800 SW, med kolbe bygd på mål. Etter at jegertrapkarrieren var over blei japsen bora opp til imp cyl/ 1/2 trangboring, påmontert reimfeste og rigga for jakt. Ville dette funke:
Åjada. Bomskudda med Mirokuen viste seg å vere få, også i skogen, sjølv om børsa er bygd for skyting på stigande duer.
Korleis er den så "i skogen"?: Med vekt på godt over 3,5 kg og 76 cm løp er den sjølvsagt eit "herk" å bære på. Men nettopp i skogen og på fjellet er ei slik børse gull verdt for meg. Og forklaringa er enkel:
Eg er støkkjeger. Med små marginar, alltid overraskande situasjonar og mange skot utført på ryggmargsrefleksen, er det med Mirokuen eg har hatt dei beste jaktopplevingane. Dei fellingane av vilt som heilt klart krevde "det verkeleg gode haglskotet".
Oppsummert: Med alle dei andre haglene kan eg i praksis jakte på kva som helst av skarv, ender, gås, rådyr - og ein god del andre ting, med heilt grei treffprosent. Til støkkjakt på skogsfugl og rype: Alltid Mirokuen.
Kunne eg oppnådd like god treffprosent med ei av dei andre børsene som ikkje er spesialtilpassa meg? Tja. Før ville eg svart ubetinga nei. I dag er eg meir usikker. Eg trur treninga, kveld etter kveld, år etter år (og det kan godt vere tørrtrening, det treng ikkje smelle), langt på veg kan kompensere for filing, liming, vriding og høvling av kolbe. Særleg gjeld dette cast off/cast on.
Men eitt unntak vil allti gjelde: Om kolben din har for mykje fall og du alltid stirrer rett inn i baskylen med kinnkontakt. Den blir du aldri stabilt god med.