Praktisk skyting i Møre og Romsdal.
Om ein bur i Molde/Kristiansund området er Kristiansund Praktiske Skyttere (har bla. a facebook side) rette plassen å starte.
Bur du på Sunnmøre så er klubben Nordvest Sportsskyttarlag. Denne klubben er frå 1984. Aktiviteten har vore litt varierande, men det vert no jobba for å auke aktiviteten. NVSSL har ikkje eigne nybyrjarkurs, men rekrutterar pistolskyttarar frå pistolklubbane på Sunnmøre. Fram til no i hovudsak frå Ålesund PK, Sykkylven PK, Ørsta/Volda Pk og Hjørungavåg PK.
Klubben har arrangert to Level 1 stemne dei siste åra (pr. år), ellers har aktiviteten vore laber. Det vert no jobba for å auke aktiviteten. Bla. a. har klubben nyleg hatt deltakar på RO kurs og det pågår no godkjenningskurs med 10 deltakarar, og det står nesten like mange på venteliste.
Dette lovar godt, og om det er fleire interesserte på Sunnmøre, så send PM til underteikna om du er interessert.
Men eg understrekar at NVSSL pr. dato kun tek opp nye medlemmar som har gjennomgått nybyrjarkurs i ein NSF pistolklubb og har eigna våpen til praktisk skyting frå før.