Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by bosnes

  1. Er det ikkje enklare å bli verande i den pistolklubben de allereie er medlem i? Og heller ta i eit tak der for å få ting til å fungere betre?
  2. Skal vi først pirke, så heiter importøren Våpen-Søilen AS: http://www.vapen-soilen.no
  3. Julenissen tar alltids imot ønskjer..
  4. Kan no alltids kome med min gamle kjepphest eg: ingen klasser! Kun U, JR og åpen... På alle stemner!
  5. På amerikanske forum ser eg at det er vanleg å skyte moderne 32 s&w long ammo (fabrikk) i gamle norske og svenske (og sveitsiske) Nagant revolvarar. Er dette trygt? Nagant revolvarane var konstruert i overgangsperioden mellom svartkrutt og røyksvakt, men kva trykk genererer fabrikkammo i 32s&w long i forhold til det Nagant revolvaren er konstruert for? Eg har eit par slike Nagantar. Førebels har eg kun skote svartkrutt i dei, men det hadde no vore greitt å brukt litt fabrikkammo av og til for å sleppe pussinga... Nokon som veit? (Er i utgangspunktet litt skeptisk til amerikanske forum..)
  6. Dersom du har mange handvåpen, og dermed behov for å vise ein del aktivitet pr år, så ville eg ha skrive eit brev til våpenkontoret/politiet på førehand for å forklare situasjonen. Det vil ikkje skade, og uansett betre å vere litt på forskudd..
  7. Kjøpte eit skjefte til Sauer STR 200. Synes skjeftet var fint og kvalitet og finish helt topp, men eg kunne ikkje bruke det fordi eg har for små fingrar/pistolgrepet var alt for stort. KKC skjeftet til STR 200 passar meg utmerket. Dette er eit år sidan, så veit ikkje om dei har gjort pistolgrepet mindre, men det burde dei! Har aldri sett eit skjefte før tilpassa til så store hender...
  8. bosnes

    beste 1911 45

    Har for ikkje lenge sidan fått kloa i ein SVI singel stack 6", rett nok i 9 mm, men kva skal eg seie; "what a masterpiece"..
  9. Har handla for ganske mange pengar hos Winge i 2012. To gangar i nettbutikken og ein gong fysisk i butikken. Meget kjapp og god levering og service heile tida. Så dette varierer nok.. Kan sjå ut som om det er telefon og e-post svar som er problemet.
  10. Dei aller fleste som konkurrerer aktivt i Magnum 2 brukar ein S&W 629, gjerne med 8 3/8" løp. Så sånn sett er kanskje den det "trygge valet".
  11. Neida, eg treng absolutt ikkje sette kula på 41,5 mm. Men det er H&N sine offisielle ladedata for denne kula eg snakkar om. Og eg har alltid tidlegare hatt svært gode erfaringar både med kulene og ladedataene frå H&N. Men eg vart litt misstenksom til den lange patronlengda, det var difor eg spurde. Men eg skal no prøve både 41,5/41/40,5.. Her er data frå H&N: Kule: H&N HP .357 HS 180 grain Patronlengde: 41,5 mm Hylse: Starline Hette: CCI500 Krutt: 7,7 grain 3N37 Tapercrimp Testvåpen: S&W 686 Oppgitt hastighet: 318 m/s = faktor 188
  12. Eg har heilt frå første post spurt kun om kor lang tønna i ein .357 s&w 686 er. Dvs kor lang kan patrona vere før den subbar i løpet. Eg har frå anna hold enn kammeret.no fått bekrefta at 41,5 mm ikkje er noko problem. Då satsar eg på å bruke laddedata frå H&N. (41,5mm patronlengde). Etter PPC skyttaren si teikning hadde det ikkje gått, 40,39....
  13. Eg er kun ute etter den patronlengda som gjer at kula ikkje subbar i løpet! H&N opererar med ladedata med patronlengde på 41,5 mm, det eg lurer på er om denne patronlengda gjer at kula stikk ut av sylinderen. Og nei, faksen dette varierer ikkje med kuletype,
  14. Kva er avstanden med skyvelæret ditt da?
  15. Om ein pistolskyttar har vore borte frå sporten i fleire år så bør vel vedkomande uansett for sin eigen del ta kurset på nytt? Har jo tross alt vore ein heil del regelendringar (NSF) dei siste åra.
  16. Vi i Ørsta/Volda PK har i fleire år hatt 1/2 løype i det årlege stemnet vårt i 1S. Begrunnelsen for det er ikkje å tene meir pengar, heller ikkje at vi har liten plass. Men derimot relativt få deltakarar, ca. 15 stk. i år (32 startar totalt). Synes då det er litt "overkill" med heil løype. 1/2 løype kan også gjennomførast med færre funksjonærar (eit stadig problem dette med funksjonærar). Etter kvart som 1S blir meir populært/fleire skaffar seg våpen, vil vi vel arrangere heil løype også i 1S (eller når vi arrangerer KM). Men filosofien så langt har vore at det er betre å arrangere 1/2 løype, enn å IKKJE arrangere. Dette med klassesetting må eg seie eg er langt mindre oppteken av (eg er jo som kjent motstandar av alle desse klassene...).
  17. Eg er ute etter maksimal patronlengde i ein s&w 686 i .357 magnum. Bl.a. skal eg ladde med ei H&N 180 grains kule (ikkje krymperille) der H&N oppgir patronlengda til 41,5 mm, men kva er maks? (H&N oppgir s&w 686 som våpen for denne ladninga) Nokon som kan måle nøyaktig på ein slik revolvar?
  18. Ventar på ein S&W 686 i .357 magnum frå Noren og skal lade opp litt testammo i ventetida. Men kor lang er tønna, dvs kva er maks patronlengd?
  19. Har du hørt med importøren, Safety & Security Service i Oslo ?
  20. Her finn du klubbar tilslutta Hordaland skyttarkrets: http://www.idrett.no/IDRETTSRAD/Sider/f ... mentID=874" target="_blank
  21. Med skytterklubb, meinar du eit DFS skyttarlag? Då er det Sauer STR 200 som gjeld.
  22. Vi har både forbund og klasser for gamle våpen (skikkeleg gamle altså) i Norsk Svartkruttunion! http://www.norsksvartkruttunion.no" target="_blank
  23. Mitt forslag er å bruke same klassene på opne stemner som på NM. Og der er det eigne klasser for kvinner/junior/ungdom, i alle fall i fin/grov.
  24. Dagens system gjer at gode skyttarar får lite premiar medan middelmådige skyttarar får mykje meir i premiar. Spesielt stort er missforholdet i baneskyting. Sjekk denne resultatlista: http://www.folkeweb.no/ftp_ovpk/2012/20 ... alsnes.htm" target="_blank ei typisk resultatliste i baneskyting, svært få i A og mange i D. Vinnaren i klasse D får ganske stor premie, medan stemnevinnaren (og vinnar i klasse A) får nesten ingenting. Er det sånn vi vil ha det? Kvifor kan ikkje voksne skyttarar samanlikne seg med andre på "same alder"? Vi driv vel ein idrett? Dagens system oppfordrar ikkje til å premiere dei beste skyttarane. Eit av problema til pistolskytinga i Norge i dag som idrett er at vi har for få, nesten ingen, av god internasjonal kvalitet. Vi held fram med å premiere dei middelmådige...
×
×
  • Create New...