Jump to content

Knotten

Members
  • Posts

    127
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Knotten

  1. God kveld. Har fulgt litt med på denne tråden og det er viktige tema som blir diskutert her. Den einaste løysinga eg har klart å finne på alle problem der fleire er på jakt er dialog. Om ein har ein god dialog med folk ein har rundt seg er det ikkje ofte ein opplever problem, og opplever ein problem så lar dei seg lett løyse. Der eg jakter har vi god dialog med nabojegere, turgåere, hytteeigare og grunneigare. Eg jakter sjølv elg med løshund, og for meg er det viktig at det eg driver med ikkje er til last for andre. Samtidig er hund og jakt den store interessa og eg verner om retten til å drive dette som best eg kan. Når det gjeld dette med trussele frå hundeeigare og at dei likestiller hundene med folk, så er det klart det ikkje er bra å bli oppfatta slik. Det er vel kanskje noko ein bruker som forsvars mekanisme, utan at eg er sikker. Eg merkar jo at eg går i forsvar om det blir prat om å avlive hunden min. Men er det så rart? Eg har ein jakt kamerat som altid er der, altid posetiv til å være med, alle opplevingane som vi har delt og ikkje minst han er ein fantastisk hjølpar i skogen ved jakt og ettersøk. Er det rart det sit langt inne å avlive hunden. Eg behandler han som ein hund, og han har sin naturlege fullverdige plass i huset her. Ikkje likestilt med folk men han har likefult ein plass som ikkje andre kan fylle. Om hunden min står i los med elg, du har jaktrett. Så er det bare å skyte for min del. Eg ser det som ei sjølvfølge at hunden får skryt og blir behandla bra, og at eg blir kontakta når det lar seg gjere. (hunden er heile tida merka med mitt teleforn nr.). Ein anna ting ein etter kvart gjerne kan gjere er å binde han Om det er andre hunder i terenget bind han med ein gang. To framande hunder på fall kan fort by på problemer. Min hund er ikkje agresiv mot folk, men på eit fall så kan han beskytte byttet mot "inntrengere". Sjølv så skyter eg ikkje for andre sine hunder utan tilatelse, om eigar ikkje skulle ynskje det så vel EG å respektere det. Eg gjorde det ikkje før eg hadde hund sjølv, men stanpungtet står nok enda sterkare etter annskaffing av eiga hund. Å skyte rådyr for ein langbeit hund bør ungås for ein kvar pris meiner eg. At nokon meiner det er greit når ein har jaktrett synes eg er rart. Eg kan ikkje sjå korleis nokon skulle være tent med ein langbeint hund som jager rådyr. For meg er hund ein viktig hobby som gjev nytt for seg gjennom jakt og eg håper at dei rundt meg ser fordelen meg gode jakthunder og kan få væra med å hauste frukter av det. For at dette skal skje er det dialog som er løysinga! Knotten
  2. Går sjølv med tanken på å skaffe meg ei "hundeførerrifle" låner difor denne tråden litt. Noko som har sett på/prøvd Ruger m77 Hawkey compakt til denne bruken? Knotten
  3. Har ikkje sett denne tråden før nå, og eg må si at dette var trist lesing. Eg håper inderleg dette blir reagert på frå hundeeigar si side, kanskje mest for ungane sin del slik at dette ikkje får utvikle seg. Om ein ikkje gjer noko med dette gjer ein ungane ein bjørneteneste meiner eg. Utifrå mine erfaringar vil ein 8 åring kunne forstå at vold mot dyr er feil. Men det er ofte vanskeleg for dei å sjå rekkevidde og konsekvenser for det dei gjer. Om dei ikkje er vant med dyr og har fått rettleing i omgang med dyr tenkjer dei rett og slett ikkje over konsekvensane. Og når dette skjer MÅ KONSEKVENSANE LÆRAST! Så til reaksjoner overfor barn. Personleg så skal mine tap væra store for eg krev økonomisk kompensasjon for skader utført av barn. Dette må kvar enkelt bestemme utifrå eiga økonomi. Eg meiner at "straffearbeid" som raking, ved bering eller brøyting er betre egna reaksjoner, for da må ungane bruke av tida si for å gjer opp. Økonomiske midler kjem uansett frå mor og/eller far. Eit anna pungt over her som eg meiner er svært viktig er trening med hunder. At ungene i tilegg til å gjere opp for seg i form av arbeid må vinne tiliten til hunden dei skada, fore, trene og lære korleis ein skal omgå dyr hadde vore det beste etter mi meining. Om dette hadde vore min hund hadde eg ikkje gjeve meg før desse pungta hadde vore gjennomført. Eg hadde sett meg ned og bestemt at etter så og så mange timer med arbeid slettes dyrlege rekninga, og at ungane måtte møte opp til eit fast klokkeslett ein dag eller to i veka for å ta del i arbeide med hunden for eit halvt år eller liknande. Dette kravet hadde eg gått til foreldra med, lagt fram dette og bevis for mine utgjifter. Om dei hadde ignorert dette hadde eg gjort dei oppmerksome på at eg vil gå til poleti og barnevern for å leggje fram krava der. Det er vi som vaksne som skal oppdra barn, og det er vår plikt å ta tak i slike hendingar. Dette er mi meining. Knotten
  4. Hei Vil også kome med mitt tips, basert på mine erfaringer. Eg har ein gråhund på 16 mnd. Eg vurderte mange raser før eg bestemte meg. Med elgjakt som primær aktivitet (jakter og litt fugel, men det blir med lånt eller uten hund.) så vart valget etterkvart meir og meir klart for meg. Vil på det sterkeste annbefale deg å oppsøke folk som har dei hundene du vurderer og å møte fleire individer av kvar rase slik at du danner deg eit bilde. Eg var og inne på tanken med ein "kombi" hund men grunna at eg ikkje har så mykje erfaring slo eg frå meg det. Minner meg foresten om ein kar eg trefte som hadde ein hund av ubestemmeleg rase. Han sa det var beste hunden han viste om. Tok han rifla så jaget hunden storvilt, to han hagla så jaget hunden fugel og her ein sommer han skulle på fisking hadde han ikkje får fått fiskestanga ned frå veggen før hunden var bak hunset og grov etter mark. Knotten
  5. Gratulere, både til skytter, hundeeigar og hund. Har ikkje sett på tråden før nå, men må si eg er mektig inponert. Her trur eg vi verkeleg får sjå at den jobben som blir gjort med ein hund, kjem med ein fortenes som ganger seg opp nermest i det uendelege. Dette var morro lesing! Knotten
  6. Må si eg håper på gode og utfyllende svar til partienes holdning omkring desse spørsmåla. Og om det kommer så gleder eg meg til å sjå svara. Dette er eit bra initiativ frå Nojs. Knotten
  7. Har bare noen tanker om dette med at vi jegere og skyttere ikkje klarer å stå samlet. Er greit nok at jegere eller skyttere kan drive med aktiviteter som eg ikkje ønskes å bli asosiert med, ikkje det at eg ser kva det skulle værer så lenge ein held seg innafor dei til ein kvar tid gjeldane lover og regler. Det er klart at eg som stapper kjeften full av snus, og rykkjer på skogen med hund og eit våpen som har kulebane omtrent lik ei purke som hopper over eit gjerde. Eg kan riste på hode og yte inpå meir snus når eg høyrer om jakt på over dei 80 metra som eg stort sett skyter på. Hender foresten at det kan bli både 100 og 150 meter og, men det er ikkje ofte. Det som det her blir snakk om er personlege syn, og dei er individuelle. Ofte sett utifrå det miljøet vi er tilknytta. Eg meiner og det er viktig å presisere at det skjer skadeskytinger ved min jaktform kvart einaste år. Eg mener at dette med jaktetikk og jaktmoral er noko vi må sjå på på tvers av jaktformer, ikkje linke det opp mot langehold eller nattjakt for den del. Det må da værer rom for meir en det vi liker å halde på med sjølve? Knotten
  8. Gratulere med seieren! Det var godt å høre. Har trena mye på det samme eg og om dagen, syntes egentleg min(NEG på litt over året) tok det ganske fort med denne metoden. Men det sier seg nesten sjølv, har du på det eit dresurhalsbånd og den som leier deg stadig skifter retning så følger du med på kva han driver med. Knotten
  9. Vil bare få tilføye at eg sliter litt med å forså kva desse holdningene skal gagne. Betrer det sammarbeidet mellom hundeeigere og gruneigere, gjer det verden til eit betre sted, eller kva skal slike holdinger tene til? Knotten
  10. Sitter å leser litt her, og lurer på både det ene og det andre. Eg er jeger og eg har hund, og eg har ein hund eg bruker på jakt. Når det gjelder lover og regler er det vel ikkje tvil om ansvar og bandtvang. Men eg har likevell litt lyst til å snu på det, for enkelte stader er det båndtvang heile året så lenge det ikkje foregår regulerte aktiviteter som jakt, prøver og trening i organiserte former. Eg bruker mykje tid, kvar einaste dag med hunden min og eg veit at det er eg slett ikkje einsleg om. Eg ynskjer heller ikkje å væra til noko som heilst form for belasting for folk rundt meg, men eg føler at eg som hundeeiger må vike på alle fronter. Eg føler og at det blir sett så strenge og innskrenkende regler at det er til belasting for meg som hundeeiger. Det dukker stadig opp meininger frå folk som er redde for hunder eller ikkje liker dei. Har sjølv opplevd å bli forsøkt bortvist frå stiger eller skiløyper p.g.a. hund (som har gått i band). Eg veit og om folk som meiner at ein ikkje skal gå med hunder på områder med mykje folk om hunden er i bånd. Men korleis skal ein da få sosiale og stabile hunder? Om ein ikkje skal oppsøke slike plasser for å sosialisere hunden. Ein god, stabil, lydig og sosial hund er ein hund som får utfordringer, får brukt hovudet og som får væra sammen med folk. Ser jo at dette blir litt på sidelingja da det ikkje gjelder brudd på bandtvang, men det blir ein del av samme trenden. Eg slepper aldrig hunden min med vilgje utan at eg har full kontrol, og eg gjer midt beste for å følgje dei lover og regler som finnes. Likevel så får ein negative responser på at ein har hund. Kvifor er det slik? Eg meiner heilt klart at ein skal ha ein fornuftig skepsis til hunder ein ikkje kjenner, ikkje oppsøke dei, eller forta seg noko uten at ein må. Men når du er redd for ein hund som går i bånd eller som går "på fot" der og når det er lov så er det irasjonelt etter mi meining. Og er det riktig at det er irasjonell frykt som skal styre hundehaldet? Eg berre lurer. Knotten
  11. Var borti eit liknande problem med ein gråhund på 4 år, og fekk tre råd. Det fyrste og det eg innbiller meg var det viktigeste for bikkja eg jobba med var å bruke mykje tid i skogen så hunden vart sikker på kvar den hadde meg, det andre var å ta med seg hunden å la den lose på ein hest som ikkje bryr seg om hunden og det siste var å sleppe hunden på losen til ein anna hund. Eg gjorde alle tre, og bikkja starta å lose den. Kva som gjode utslaget veit eg ikkje, men har som sagt tru på den fyrste. Det er heilt sikkert mange som har bedre greie på hund, og betre føresetnader til å vurdere desse råda. Og alle hunder er individuelle, så kva som skal til med din blir mest "synsing" frå mi side. Lykke til, så håper vi på mange fine loser til høstent . m.v.h Knotten
  12. Tikka m695 i 30-06 og ein Zeiss 1,5-6x42 på toppen. Kula er Oryx 11,7.
  13. Hei Ekornet er nok litt av ein røver ja, sjølv om den er søt. Men å kaste mat generelt er ein uting. Må og si at eg reagerer på at folk kaster viltkjøt. Kanskje det har noko med kunskap omkring foredling? Eller mangel på sådan. Enklere å kaste bytte en å setje seg inn i korleis ein skal ta vare på det. Høyrer folk uffer og bærer seg over arbeidet med å lage leverpostei, pølser osv. er da mykje enklere å kjøpe det sier dei. Sier om ikkje anna mykje om kor godt vi har det i dette landet! Eg for min del liker mat som er ordentleg heimelaga! Det set eg pris på, og med fryser så er ikkje holbarheit noko problem i det heile! Knotten
  14. Er vel ein svart med svarte striper det der da? Såg du om han var stripete?
  15. Her var det mange gode innspill og historier frå eigen barndom. Foreldra mine har vore der for meg heile tida men ingen av dei jakter, men bestefar jakta og fiska. Dette vart fort mine to hovedinteresser. Han passa på så guten fekk prøvd seg, som han sa når nokon komenterte kva vi dreiv med. Og dette med opplæring i sikkerheit og ettersyn var han høgst påpasseleg med. Om ein liten regel skulle bli brutt hadde eg stadig eit bilde i hode av "hår og øyrer som flaksa" og ei børse som kom så langt opp på veggen at den sansynleg aldrig hadde kommet ned igjen. Dette skjedde aldrig, og guten fekk prøvd seg samtidig som han fekke lære sikkerheit omkring våpen. Og rutinane som bestefar prenta inn sit der den dag i dag. Når eg ser nokon oppfører uvørent med våpen i dag "høyrer" eg bestefar: STOPP! Har du kontrolert at det ikkje er skot i børsa, få sjå! Han skapte rett og slett tryggheit rundt meg, og støtta opp om det eg intreserte meg for! Det er eg evig taknemmeleg for! Så støtt opp om det ungane liker å drive med, det meiner eg er viktig. Når eg skriv dei to siste linene her tekjer eg litt på den 9 åringen i Harstad. Greit nok, ein kan heilt sikkert sjå både på oppbevaring og opplæring med våpen. Men tenk på 9 åringen da, om dette er ein "vanleg" 9 åring. Kor ille må samfunnet ha behandlet ein 9 åring før han går inn i skolegarden og skyter med ei hagle? Trur aldrig ein trygg 9 åring som føler han blir sett kunne finne på noko slekt. Kven hadde han å prate med? Kva skjer med han vidare i livet? Eg veit eg har vore heldig, eg hadde bestefar. Han delte mine interesser, han hadde tid til meg gjennom heile oppveksten. Dit kunne eg gå når det butta mot som værst. Om det var mamma som var sint på 5 åringen, og det var 8 åringen som vart erta på skulen eller jenta som ikkje ville ha noko med 16 åringen så viste han altid korleis han skulle få mot i meg at. Ein "framveksting" skal gjennom mykje både på godt og vondt, så at barn og unge er trygge og har nokon å støtte seg til er viktig. Så støtt opp om barna, gjev dei grenser og lat dei væra trygge! Knotten
  16. Kvar står det at det ikkje er lovleg med pistolgrep?
  17. Min mening om problemet er at dette absolutt er ei reklamasjonsak! Tviler vel at noen skulle protestere på det. Skal ikkje måtte leve med ei børse som ein ikkje kan stole på, kan jo ikkje jakte med eit gevær der du ikkje har moglegheit for oppfølgingsskudd. Nei ring til forhandler du, og finn ei løysing. Kan sikkert ta litt tid ( med sending osv.) , men det er bedre en ei børse som fjusker. Knotten
  18. Spørst nok om det ikkje må til ei pakke eller to med skruver her ja. Er rått å sjå på korleis hunden løser problemer.
  19. Før og etter elgjakt ja... Er harde tider det, gleder meg som ein unge på juleaften kvart år. Blir som juleaften, nyttårsaften, gjebursdag og konfirmation på ein gong når jakta starter i år. Sitter her med min relativt ny hund, ein grå hanne på 10 månader. Må si eg er spendt på kva hausten vil bringe. Nå er det alt for mykje snø til å spore elg, så det blir med dresur, mosjonering og ringtrening om dagen. Ellers så skal det gås blodspor og ferskspor utover våren og sommeren. Vi må få prøvd oss i utstillingsringen, og om vi føler oss klare for det er det mogleg vi freister ei jaktprøve utpå hausten. Men det er heilt klart jakta som er det største. Vi får "slå i hjel" tida med trening, lading og skyting så kjem vel hausten i år også. Knotten
  20. Hei Der var tråden kommet ja, har nok tengt tanken men ikkje fått ut fingeren. Det har nok hendt at grå hundene hadde disse talgkjertlene før også. Men eg har ikkje sett eller høyrt om dei i så stor grad som hunden til Hyperjinta. Sjøl har eg ein grå hanne på 10 måneder. Ein snill og god hund med sterke meininger og energi til tusen. Nå holder han på med eit større graveprojekt nederst i hagen her, tror han skal legge om vegen og bygge ut grova som renn over tomta her. Ser vertfall slik ut, så eg ser sikkert ikkje så mykje til han framover Det er mye energi som skal ut ja. Ellers er planene frammover å halde fram med å gå blodspor og ferskspor, og forhåpentleg vis så har eg godkjent ettersøkshund i løpet av sommeren. Og så må vi prøve oss som laushund utover hausten. Ellers så var han med på jakt i haust, men eg hadde han i band. Sporer elg så det griner. Etter mi meining er dette ei herleg hunderase. Sjølv om eg har fått eit individ som er ekstremt sjølsikker, energi som overskrider det meste eg har sett og sterk vilje så har eg ein herleg tur og jaktkamerat. Han er intlegent og lærenem, så vi ender stort sett opp med at det er eg som er begrensinga. Når eg er på jobb står han i hundegard, lagrer energi og er klar til å gje meg ein gjarteleg velkomst kvar dag. Med påfølgende runde rundt nabolaget for å undersøke omgjivelsene. Når eg har fri er han med overalt, elsker å være på farten. Er morro å ha hund som er i framveksten, utfordringer til meg som eiger, opp og nedturer, og ein hund som lærer nye ting kvar dag. Vart mykje skryt av hunden dette, men eg meiner han fortener det! Knotten
  21. Som nevnt over her så skal lensmannen på det våpenkontoret der du er bostedsregistrert uttale seg om søknaden. Nytter ikkje å levere den på eit anna kontor. Om dei tviler på behovet for to salonger til jakt, så kan du i tilleg vise til medlemskap i skytterlag og moglegheit for trening på lengere hold en det den du har i dag er egna til. Om du har eit behov å legge fram er det ikkje noko problem å få registrert ei salongrifle til. Når eg ser kva du har tengt å bruke rifla til må eg si eg støtter han som fåreslår eit "større" kaliber. Har ikkje noko fasit, men om eg skal over 100 meter får salongen stå heime. Har ein Sauer 200 i 22Lr dette er eit stort tongt våpen med langt løp til salong å være, men det er ikkje store vindpusten som skal til før det kreves ein del av skyttern for å treffe ei rype på 100 meter. Sjøl så bruker eg 6,5x55 og 223rem til denne type jakt, men det er eit hav av kaliber som er egna så her blir det behov og smak som blir gjeldene. Brno i både 22wmr og 17hmr eller kva kalibrene heiter. Mogleg du kan få nokon med meire erfaring til å si noko om desse kalibra. Lykke til med søknad og handel.
  22. Hei Ser at Clakz siterer midt innlegg frå debatten, så eg skriver litt her også (får liksom ikkje sukka frå meg). Når eg får tenkt meg om er vel kanskje "like fortvila kvar gong" meire dekkende en sjokert. Er jo klar over at det finnes ein del slike holdninger, og at ein del stiller opp i media for å generalisere og til og med "sverte" ei gruppe på denne måten. Der vi jakter elg er det mange som jakter fugel, eit par tre karer som jakter hare og mange hytter som huser ivrige turgåere. For at det skal være mogleg å jakte i store deler av terenget i helger ol. må vi ha ein dialog med dei andre gruppene. Vi har ein kvileplass som ligger sentralt i forhold til all bruk av terenget. Her stopper folk når vi er der, vi byr på kaffe og tullprat i store mengder, vi opplyser om hvor vi ser småvilt og vi får tips om nokon oppserverer elg. Når dialogen er god blir det ikkje noko problem å tilpasse seg til kvarandre, og ha like mye nytte som ulempe av kvarandre. Ein eldre kar hadde eit uhell her ein haust og ramla ein stubb frå hytta. Følge hans paserte ein av oss på tur etter hjølp, vi kunne stille med bergingingsmannskap og egnet transport(han meinte at han måtte henge lenge for å bli mør. ). Folk er nyskjerrige av natur, og hytteeigere dukkar fram for å sjå kva som foregår når vi har skutt. Hadde minikurs i slakting, og ellers utforsking av kva som finnes under skinnet på ein elg sammen med ein familie på 6 her eit året. Ingen av dei hadde vore på jakt nokon gong, og ingen hadde slakta. Dagen etter når vi skulle samles midt på dagen var det fyra opp på kvileplassen og familien stilte med steikt flesk og kake til kaffen, mens dei prata i veg om gårdagens opplevinger. Trur vi svarte på over 1000 sp. mål til sammen den kvilden. Trur ikkje denne familien automatisk vi sjå på ein jeger med våpen som "eutoritær" etter dette. Det må da gå an å sammeksistere utan å måtte ha konflikter på tvers av interesse område! Om nokon ikkje viser omsyn med tanke på det eg held på med er det klart at eg blir frustrert. Og om nokon ikkje har vilje til å sammarbeide så sier eg jo fra om mine retter og krav. MEN, og detter meiner eg er eit stort men: Eg meiner det er midt annsvar å være med på å skape gode haldninger og forståing av kva det er eg held på med. Andre folks oppfatting av det eg held på med er ofte ei spegling av min måte å utføre aktivitet på meiner eg. Og så til slutt god tur, og nyt friluftslivet. Knotten
  23. Hei Har nytta meg av flere børsmakere, og for den del andre typer handtverkere også( til jobber som ikkje har med våpen.). Og ein erfarer jo det at oppfatinga av kva som skal gjeres er forskjellig. Difor er eg nøye på å fortelje korleis eg vil had det. At skrifta kommer der den skal og at inngrep gjøres så små og usynlege som mogleg er ei sjølvfølge for meg. Men mange er tilfredse berre ting fungerer, og ikkje så nøye med det estetiske. Så eg spesifiserer kva eg vil ha, og betaler kanskeje litt ekstra for å være 100% tilfreds. Knotten
×
×
  • Create New...