Jump to content

Swiftaframe

Members
  • Posts

    15
  • Joined

  • Last visited

Swiftaframe's Achievements

Rookie

Rookie (2/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Utan tvil Zeiss 6-24x72, visst kun det beste er godt nok:-)
  2. Oransje vest osv, kven vil vel ta på seg ein slik for å ta seg ein tur i skogen? Det blir vel nesten som å sette opp eit skilt med JAKT PÅGÅR FERDSEL PÅ EIGE ANSVAR. Nei når jakta vare frå 10 september til 31 januar må ein rekne med at ein også vil kunne treffe andre brukarar av naturen. Dette bør og skal ikkje vere noko stor overraskelse som fører til slike tåpelige reasjonar som vi her har vore vitne til. Vi veit alle at dette slår tilbake på heile jegerstanden, og ikkje berre vedkommande som jaga vekk fylkeslegen i Sogn og Fjordane.
  3. Svært negativ "reklame" for jegerstanden . Ditte er vel eit skuleeksempel på korleis ein ikkje skal opptre som jeger, visst ein ønskjer almenn aksept for det vi ivrer for (jakt)?. Vi må akseptere at her finst andre interessegruppe enn jegerar i samfunnet. Grupper som har mykje større makt og innflytelse på dei styrande organ (Den Norske Stat) enn jegerstanden. Min påstand er at vi må "trå varsomt", iallefall no når jakta er utvida utover "normal" jakttid. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ ... /1.6465547
  4. Såvidt eg veit vert Tikka T3 SS levert ferdig gjenga for lyddempar med løp på 48cm i kaliber 6,5x55. Skulle tru dei veit ka dei gjer
  5. At her i dag verkar for å vere ulik tolking av lovteksten er vel det som er litt av problemet. Hadde vi hatt klokkeslett å forholde oss til hadde nok alt blitt så mykje enklare vil eg tru. Men kjem vi i ein slik situasjon trur eg dei fleste må snu på flisa og jakte om dagen og jobbe om natta for at vi skal klare å ta ut nok dyr av rett kategori. For det er nok nærmare 45% hjortane som vert skotne på ei tid som kanskje kan vere i strid med påtalemakta sitt syn. Elles tykkje eg det er positiv og prisverdig at det er folk i "etaten" som ser seg bryet verdt å ta del i diskusjonen i dette forumet. Ser også ut for at vedkommande får med seg den frustrasjonen som kjem av manglande konkret lovverk. Det står nemlig i dag ingenting om at det er ulovleg å jakte om kvelden eller om natta for den del. Folk vil gjerne tolke lovverket til sin fordel, slik som med alt anna vi menneske gjer. Personleg har eg gitt uttrykk for at vi må sjå på lovverket med kritisker auge, for å finne ut om det er tilpassa dagens jakt med dei utfordringa auka hjortestamme gir oss. Vi må få nok tid til å ta ut nok dyr i rett kategori. Korleis?
  6. Først vil eg sjølvsagt takke for at ”skinner” brukar tid på å informere jegerstanden, slikt er prisverdig i seg sjølv. Det trasige er at det verkar ikkje for å vere likheit for loven, med det meinar eg at lovverket synest å vert praktisert ulikt i forskjellige Politidistrikt. Det kan dessverre virke som om at jegerar som jaktar i område med politibetjentar som legg ”skjela si” i jobben, har større sjans for å kome på kant med lovverket enn andre stadar der politibetjentar ikkje har same ”kjepphestane”. Det kan sågar virke for at ein i enkelte politidistrikt har funne ein ”gyllen middelvei” som alle partar i samfunnet er godt nøgd med, men som ikkje nødvendigvis ligg innanfor alt av lovverk. Men visst det verkeleg er tilfelle det ”skinner” skriv, så er det i dagens moderne verden snart på sin plass å sjå på dagens lovverk med kritiske auge, ikkje minst med tanke på den utfordringa vi har med å stabilisere/redusere dagens hjortebestand. I fjor vart det skote over 32.000 hjortar her i landet, det er truleg berre eit tidsspørsmål før vi skyt meir hjort enn elg. Grunneigarar, fruktdyrkarar og sågar fagfolk er einige om at hjortestammen er i ferd med å verte i overkant stor. Sjukdom, beiteskade og ikkje minst trafikkpåkøyrsler er moment som går igjenn i media. Fylkesmannen har sågar utvida jakta i år, nettopp fordi samfunnet ikkje er tjent med så stor stamme som vi har i dag. Problemet er berre det at fylkesmannen har utvida jakta i ei tid på året der påtalemakta knappast gjev oss lov til å jakte. Korleis skal vi kunne skyte mange dyr av rett kategori når vi berre ”lovlig” (etter påtalemakta sitt syn) kan jakte nokre få timar kvar morgon? I fjor vart truleg 45% av hjortane skotne på ei tid på døgnet påtalemakta ser på som problematisk, altså nærmare 15.000 dyr. Ser de galskapen? Det bør vere allmenn kjent at antal jaktbare timar i løpet av eit døgn har stor betydning for fellingsresultatet. Når vi då oppleve at nærast halve bestanden (etter påtalemakta sitt syn) må skytast på ei anna tid på døgnet enn det som har vore vanleg i dag, skal det vel ikkje store fantasien til å forstå at dette vert problematisk. Etter mitt syn så problematisk at det er urealistisk å tru at vi kan klare dette, dermed vil truleg hjortestammen med god hjelp frå enkelte i påtalemakta fortsette å vekse (visst alle hadde gjort som påtalemakta meinar). Som dei fleste veit er bruk av kunstig lys i jaktøyemed sjølvsagt ulovleg. Det håpar og trur eg at alle jegerar med respekt for seg sjølv er einige i. Men at det ikkje skal kunne nyttast lys på ettersøk etter dyr som har blitt skada av ei kule og ikkje ein bil, er vanskelegare å forstå. Dyra sine lidingar er vel dei same skulle ein tru? Lova om ettersøk vart vel innført nettopp for å hindre at dyr som var påført skade ikkje skulle lide unødig? Eg meinar at det er påtide med ein konstruktiv debatt rundt det å kunne nytte lys på alt som kjem under kategorien ettersøk, også for dei dyra som har blitt skada av ei kule. Kritikarane vil nok hevde at visst dette skulle vorte innført ville jegerane ta større sjansar, i tillegg til at det vert vanskeleg å skille om kunstig lys vert nytta på ettersøk eller ordinær jakt. Det at jegerane ville tatt større sjansar har eg lite tru på, kven er det vel som ønskje å sette seg i ein slik situasjon at ettersøksekvipasje må tilkallast? Har ein då i tillegg trukket strikken så langt at ein må kunne forvente at skuddet vart avfyrt under særdeles sviktande lysforhold er dette i seg sjølv både kritikkverdig, uetisk, umoralsk og høgst truleg straffbart. Ser vi på utfordringa med å skille jakt og ettersøk kan dette imøtekommast med eit forslag som eit ettersøkslag i Hornindal for ei tid tilbake sende til Hornindal kommune og som lokalavisa visstnok i dag skal ha skrive om. Frå postlista til kommuna: Hornindal Kommune Hornindal 03.09.2008 Viltforvaltninga 6763 Hornindal Vedkomande endring av regelverk. Bruk av kunstig lys i ettersøk. Hjorten Ettersøkslag oppmodar Hornindal Kommune om å fremje sak om endring i Viltlova og tilhøyrande regelverk angåande bruk av kunstig lys til ettersøk av vilt. Vårt forslag til endring er: Ettersøksringar/ Ettersøkslag som driv på kommersielt grunnlag og ikkje er ein del av jaktutøvelsen, skal kunne nytte kunstig lys på skotplassen for å vurdere om påskote dyr er skada eller ikkje. Finn ettersøksekvipasjen bevis på skotplassen som tilseier at dyret kan finnast/ fellast raskt ved hjelp av kunstig lys,kan kommunen eller politiet kontaktast for å be om at kunstigt lys vert nytta vidare i ettersøket. Om det i ettertid vert reist tvil om behovet for bruk av kunstig lys var nødvendigt, er det ettersøksekvipasjen sin plikt å dokumentere dette. Vi ser det som naturleg at Hornindal Kommune tek dette opp med dei andre kommunane i Nordfjord og får ei felles uttale om endringa, som vert å sendt vidare til Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning. Med Helsing Hjorten Ettersøkslag Idar Nygård Leiar. Som vi her kan lese er dei opptatt av at det kun skal vere eksterne komersielle ettersøkslag som skal ha denne muligheita. Dette for å unngå at jegerar med eigen ettersøkshund kan påberope seg bruk av kunstig lys på ettersøk når dei eigentleg var i ein ordinær jaktsituasjon (med litt for dårleg lys). Hadde vi fått dette til å fungere kunne jegerane konsentrere seg om å skyte i godt lys utan å vere redd for at ettersøkslaget kan bidra til å gjere handlinga ulovleg med at dei ikkje kan kome før det vert mørkt. Hugs at lovene skal vere til for storsamfunnets beste, når då lovene i følge "enkelte i" påtalemakta grip inn å reduserar muligheita jegerane har til å redusere ein bestand som truleg er i ferd med å verte i overkant stor (bærekraftig utvikling), kan ikkje eg forstå anna enn at det er til samfunnets beste å ta opp diskusjonen rundt bruk av kunstig lys på ettersøk.
  7. Som de alle ser er det rimeleg klart at ved ei slik jakt, vil nok hjortestammen fortsette å vekse med god hjelp frå påtalemakta. Kven går vel rundt å trur at jegerstanden klarer å ta ut nok dyr i rett kategori, når det litt ut i jakta (i følge skinner) kun kan jaktast nokre få timar på morgonkvisten? Kva føre b.l.a veksande hjortestamme til?, jau utan tvil fleire trafikkpåkøyrsler med dei konsekvensane det kan få for den uheldige førar/passasjer. Ønskjer verkeleg storsamfunnet dette?
  8. Det hadde vært veldig interessant å vite hvor det står at nattjakt etter hjort (og andre viltarter for den del) er forbudt?. Som politimann bør skinner kanskje vite at vi har noe som blir kallet legalitetsprinsippet i Norge. I enkelhet betyr dette at man ikke kan bli dømt uten at man har brutt et tilstrekkelig klart straffebud, og i viltloven § 19 står det ingenting om nattjakt. Men om man nå følger Nords tankegang - når skal det egentlig jaktes? Fra påskutt dyr til hund skal være på plass heter det seg at det bør gå maksimalt fire timer. Et ettersøk kan fort vare to til tre timer - (For kravet er vel faktisk at man gjennomfører ettersøket, og ikke bare møter opp og sier at det er lyst nok?) Da er vi altså kommet opp i syv timer. I november er det mørkt mellom klokken 16 og 17, så dette skulle tilsi at dyr skal være påskutt senest klokken 10 om morgenen. Om man legger skinner sine utsagn til grunn, bør man altså jakte fra ca 01:00 og utover natten - skadeskyter man da, har man hele dagen å gå ettersøk på. Men var det ikke nettopp nattjakt som var "ulovlig" i skinners verden?? hmmmm -vanskelige greier..
  9. Du "skinner" som er ein del av Politietaten i Sogn og Fjordane, burde no kunne stilt på i Førde for å ta del i ein forhåpentlegvis konstruktiv dialog med resten av jegerstanden. Er betenkelig at De ikkje kan (vil) stille med representantar på eit slikt seminar. Er det overtidsnekten som gjer seg gjeldande kanskje? Beklagelig er det iallefall uansett kva god grunn De no ein gong måtte ha.
  10. Jau skal du sjå dei ikkje veit kva dei meina. Ser at dei ulike politidistrikta vurderar kvelds-, nattjakt og ettersøk svært så ulikt. Likheit for loven er det vel noko som heite
  11. Er nok dessverre mange som ikkje er overraska over det då. Etter mitt syn opptrer dei litt vel arrogant!!
  12. Sjå her: http://www.njff.no/portal/page/portal/n ... ypage=TRUE
  13. No har det dessverre skjedd det som vi alle frykta. Onkel politi har ikkje "anledning" å møte på seminaret i Førde. Tykkje det er meget betenkjeleg at ingen i Sogn og Fjordane Politidistrikt kan prioritere å møte for å avklare mange spørsmål rundt påtalemakta sitt syn på jakt i måneskin, kveldsjakt ettersøk mm. Straffe jegerane vil dei, men møte jegerstanden til avklarande diskusjon vil dei ikkje. Arrogant!!!
×
×
  • Create New...