Jump to content

Knotten

Members
  • Posts

    127
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Knotten

  1. Hei Ser ut til å være ei fin rifle du har der ja. Både m55 og m65 er gode våpen. Om eg skulle ha ei rifle i 308 hadde eg nok set etter nettopp ei M55. Dette er etter mi oppfatting solide våpen som held minst like god kvalitet som nyare tikkarifler. Men det er mykje smak og behag. Lurer på om det kan være ein liten skrivefeil som gjør at det står 550 og ikkje 55.
  2. Hvor skaffer man denslags? fleece i camo altså... Her er eit alternativ: http://www.wadsten.no/subdet19.htm
  3. Eg har denne dressen. Den er relativt ny så eg har ikkje fått testa den skikkeleg. Det er vel med jaktklær som med det meste, du får det du betaler for. Men det inntrykke eg har fått av den hittil er svært godt, den er god å ha på seg saman med at den er god og varm. Det virkar for meg som dette er ein typisk vaddmelsdress til ein svært god pris. Undertøyet og mellomlaget som følgde med i denne pakka var og svært behageleg. Rimelege og gode klede. Kan anbefales. P.s. dressen var ut frå dei klær eg er van med stor i størelse. Knotten
  4. Knotten

    Riflevalg i .223

    Hei Er ikkje av dei med mest erfaring men kan jo prøve meg litt. 1. Det heiter 223rem ja. Ein telefon med forklaring omkring skrivefeilen vil sikkert ordne på dette. 2.Norsk bruk går frå jakt på rype, kråke og skjære og opp til rådyr. Skal du jakte på skadedyr eller matvilt? Er ikkje noko som er den rette stiginga i Norge. Skal du jakte rev og anna skadevilt med lette kuler klarer du deg med 1:12 og lette kuler meiner eg. Skal du bruke dei tyngre kulene så er det rifler med 1:8 eller 1:9 som er tingen. 3. Har sjølv ei Howa i kal 223rem som eg er svært tilfreds med. Billig og ei god nok rifle til mitt bruk. Knotten
  5. Hei Lurte bare på om noen ville forklare meg eller legge ut teikning/bilde av hvordan dere "bygger inn" Conybear feller til mink og mår jakt. Om dere veit om det står noko om detter på nettet så set eg pris på ein link. Knotten
  6. Hei Ville bare si at dette var trist lesing. Håper hunden kommer fra det uten men, og at alt ordner seg for dere. Er surt, når slike ting skjer, mykje ekstra-arbeid, utgjifter og tonge stunder. Når det gjelder uansvarleg hundehold er eg enig med dei som meiner at dette ikkje har noko med raser å gjere. Har du ein hund har eigaren det fulle og heile ansvaret heile tida. Vi lever desverre i ein verden som ikkje er perfekt, difor kan uhell skje. Men når ein hundeeigar ikkje legger seg 100% flat etter ei slek episode, og ikkje tek det fulle og heile økonomiske og praktiske ansvaret ja da blir eg iritert. Eg finner ikkje ord for min frusterasjon overfor slike folk. Eg meiner det er viktig og at vi har plikt til å atvare omverden mot slike folk. Det gleder meg difor å høyre at du kjører løpet med å få stilt den ansvarlege til rette. m.v.h Knotten
  7. Hei Som det har vore nevnt her før så er det nok lurt å sjå seg litt rundt til å byrgje med. Sjøl så får eg min fyrste hund i løpet av sommeren. Eg gjorde det på den måten at eg prata med folk som har hunder, jakt hunder og andre raser. Eg fekk helse på desse hundene og danna meg eit intrykk av rasen. Sida eg jakter så vart det klart at det måtte bli ein jakthund. Eg har vore så heldig at eg i løpet av dei siste åra har fått jakte saman med mange hunder på forskjellig type vilt. Eg har og passa att hunder for å sjå korleis eg og hundene har trives med det. Vil absolutt anbefale å prøve å få passe eller låne ein hund litt. Både for å sjå korleis dette er, og får å få testa problemstillinger som alergi o.l. Og etter kvart har det vorte meir og meir klart for meg kva rase og til og med kjønn eg skal ha på hunden. Ellers er biblioteket kanskje ein fin stad å byrgje, det er skrive mange gode bøker om hunder. Knotten
  8. Kanskje litt off topic, er ikkje heimelada men ferdig ammo frå S&B. Ammoen er i kaliber 223rem. Ekelte hylser vil ikkje vera med ut av kammeret. Siter ikkje fast men må yte dei ut. Anna ammo går heit greit. Nokon som har vore borti dette? Knotten
  9. Hadde vel egentleg ikkje tekt å skrive noko, siden tråden omhandlar import av ammo blir det litt off topic. Men eg satser på at dere vil bære over med meg og at det går bra. Ville bare si at eg er hjartans enig med Jørgen. Klart eg handlar jo litt på nettet, ikkje bere på grun av pris men på grun av det uslåelege utvalget. Eg kan og importere ting sjøl om det er den lettaste måten å få tak i det eg har lyst på. Eg kan og finne på å ta med meg ei ekstra pakke med "billige skudd" om den sjansa byr seg. Men eg legg heilt klart att det største beløpet i kroner sjå den lokale forhandlaren. Det er han som kan ordne våpenet mitt raskast om det er "krise", det er han som dukker opp på skytebana for å gje råd og tips, det er han som har interesse for å bevare min hobby i lokalmiljøet og kunne tilby eit utvallg i lokalmiljøet og sist men ikkje minst er det einaste butikken eg går i som har kaffe og "tullprat" på programmet. Det blir eit samlingspungt for likesinnede på ein måte. (Eit mini Kammeret.no om dykk missforstår meg rett.) Eg ønskjer heilt klart å ha den lokale våpenbutikken, og at den skal kunne la seg drive. Samstundes som det er morro å sitte på nette for å studere det så uendeleg mykje større utvalget som finst i inn og utland. Blir vel litt som Ole Brum, ja takk til internett, store butiiker og små lokale forhandlere. Takk til alle store og små i inn og utland som gjer jakt og skyting til ein intresan hobby! Ha ein fin kveld. Knotten
  10. Hei Som det tidlegare er nemt her: Bestem deg for kaliber, søk og følg med på brukt markedet. Her kan det væra mogleg å skaffe seg ei brukt tikka, sako, sauer o.s.v. til ein god pris. Ellers så har eg ei Howa med "modifisert" avtrekk som eg er tilfreds med til sitt bruk.
  11. Takk for svar alle sammen. Må nok tenkje litt til på dette, er mye bra å velge i! (bare ein klarer å bestemme seg.) Er eit pungt eg har gløymt, montasjer. Rifla er ei howa, og det ser ut til å bli ein kikkert med 30mm rør. I dag sitter det Waver baser på våpenet, og eg brukker eit set med 1" ringer som eg hadde frå før. Kva baser og ringer bruker dere til dene type våpen, var enkelt å velge til Tikkaen men her er det hav av moglegheiter. Funderer og på kva retikettel eg skal velge. Er 4 eit ok val til småvilt? Er svært takknemmelg for alle erfaringer og meiningar. Knotten
  12. Kjem ein E6 frå sør paserer ein ikkje dette raset, Kjem ein frå nord er det omkjøring på baksida ser det ut til. Ellers er det gode moglegheiter for å kome seg rundt raset på andre veger.
  13. Må bare si meg enig i Fulmen sit innlegg. Med mosjon og stimuli i egnet miljø så er dette trofaste og fine hunder. Det er også godt å høyre at folk tek ansvar når dei ser at eiger ikkje gjer det. På grunn av dyrenes velferd og sikkerheita til lokalmiljøet er dette det eineste riktige å gjere. Knotten
  14. Hei Er ikkje praktisk skytter, men tenkt eg kunne legge ut eit lite råd til dere som skal til Vinstra. Var på banen dere skal bruke i dag for å skyte inn ny rifla mi. Her var det VÅTT! Mellom stanplass og blinker datt eg gjennom og fylte gummiskoene med vatten. Får håpe det kan tørke opp litt til helga, men hadde ville satse på gode(høge og vanntette) sko og annledning til å få på seg noko tørt etter ein har "vore i ilden". Om det er nokon som skal "annvise" så er truleg vadebukse det sikreste valget! Ønsker dere ei fin helg! Knotten
  15. Her kjem det enda eit par ting eg lurer litt på ja. Den fyrste er: har lese ein del om desse conquest kikkertene, enkelte er posetive til desse mens andre er på den kommer aldrig på min børse nivået. Kunne tenke meg nokre konkrete erfaringer kring desse siktene. Gjerne opp mot tilbudet på classik siktene sjå XXl. Det andre er: kulebanekomp. har dette noko betyding på praktisk jakt? Har skutt litt med ein Sauer, på den sat det ein Zeiss 3-12x50 mener eg.På den var det kompansator, og vi skaut på kjente avstander. Det var jo fint det. Er litt i tvil om det er tingen til jakt, men på kjente avstander var det jo kjekt å "klikke" seg opp og ned da. Ellers er det nokon som har meininger kring dette med opplyst retikettel? Knotten
  16. Neimen om dette er lett. Har testa den kikkerten eg har nå i fullmåne, og det var ikkje noko problem å sjå det ein sikta på. Men da var det snø og ein klar og stor fullmåne, idielle forhold for gluggjakt med andre ord. Må få sett neregare på dette med lys egenskaper med egne auger. Kanskje ein x42 er tingen. Sukk, den som hadde haft ein velasortert jakt og våpenbutikk innafor rimeleg kjøyre avstand. Men men det er jo ein fordel å bu avsies til når våpen og kikkert er i hus da, og så får ein seg ein biltur i ny og ne. Takk til alle som tek seg tid til å dele erfaringar og synspungt.
  17. Annbefaler ein titt her: http://home.online.no/~irlangse/
  18. Var dette tilbudet frå XXL eller Winge (500 dyrere) eg holdt på å slå til på da taken om lys kom sigende. Dette med vekt er og noko eg har fundert litt på, så 8x56 skal eg nok tenkje litt på. Til jakt i opne tereng er nok dette tingen, men korleis blir det i skogen? Nei eg må nok sparke på meg tøfflen og gjere meg ein tur til "byen" for å glytte litt, sjølv om eg har ein tendens til å ende opp blakk som ei kyrkjerotte da. Takk for svar sålangt. Knotten
  19. Hei Eg har gått til innkjøp av ei småviltrifle i kaliber 223rem. Pr. i dag sitt det ein Zeiss Diatal 6x42 på rifla i ei Waver montasje. Har skutt 100 skudd med rifla på 100 og 150 meter og er godt tilfreds med både rifle og kikkert. Sist eg var på bana tenkte eg at det hadde vore morrosamt å prøvd seg på nokre mindre felt blinker på omkring 100 meter. Etter dette har eg kome fram til at 6x er ei fin max forstørring i skogen og på større dyr. Gjek heilt greit å skyte med, men kunne nok teke meg å vore eit hakk eller to nermare om det hadde vore ei rype eller noko av liknande størelse på den same avstanden. Har tidlegare berre jakt storvilt med rifle og småvilt med hagle, så dette med rifle og småe mål blir eit nytt kapittel for meg. Har brukt helga på å sjå meg rundt på nettet. Ser det er eit godt tilbud på ein Zeiss 2,5-10 x50, så eg holdt på å bestille denne. Men hugsa eg på at eg har planer om ligge på glugg i framtida, og tankar om eit sikte med opplyst retikettel kom surrande. Har som sagt lite med erfaringer og mange sp. mål kring dette valget og håper nokon kan hjelpe meg å få klara opp i dette. Noko av det eg lurer på er. Kva er fornuftig forstørring? Er usikker på dette for om ein skal jakte i skogen så vil det vel være ein fordel om ikkje min. forstøring er alt for høg? Kva objektiv diameter bør eg gå for? Kva retikettel egner seg til denne bruken? Her kjem eg fram til eit kompromi som eg er litt usikker på. Det må ikkje være så stort at rypa blir borte bak korset, men væra godt synleg i svakt lys. Og er dette med lys noko eg bør gå for? Eg er ikkje så nøye med med merker, men eg liker dei zeiss siktene og kikkerten som eg har. Kvaliteten på siktet skal ikkje væra dårlegare en det som sit på i dag. Og angående pris så får ein vel det ein betaler for, og det blir vel prisen som avgjer kor lenge eg må spare. Håper det eg har posta er ok, og at nokon kan kome med erfaringar, råd og tips. Ha ein fin kveld. m.v.h Knotten
  20. Hei Treng nokre råd og tips kring dette med jakt og fangst av predatorer. Har tidlegare jakta å kråker, ravn og rev der eg kjem frå,men på grun av arbeid har eg måtte fløtte på meg. I området der eg bur no har eg oppservert meir rev en eg har sett nokon gong. Eg er og ein ivrig fiskar, og det var ikkje mange turar ned til elva utan at eg såg ein mink eller fleir i fjord sommar. Det er og store flokker med skjære og kråke i området. Så her måtte det gjerast noko tenkte eg, så eg gjekk til innkjøp av mink feller. Har hagle og rifle frå før så her skulle det bli utrygt å være mink til sommern. Fiske stanga i handa, feller i røysene og salongen på ryggen. Såg eg for meg. Har nokre faste fiskeplasser i gåavstand frå heime, så eg hadde mest lyst til å halde meg i dette området. Ringte til grunneiger og la fram ærendet mitt, sa kva eg hadde oppservert og prata litt om følgene dette hadde for andre viltarter. Men han var ikkje intresert i å ha feller på sin eigendom, og han selde heller ikkje jaktkort sa han. Klart at eg må respektere at det er ein avgjørelse det er opp til han å ta. Men korleis skal eg gå fram for å få denne tilatelsen av andre, eller klare å gjere folk oppmerksamme på at her bør noko gjerast? Er viktig for meg det eg gjer foregår på ein lovleg og human måte. Det er og viktig at andre ikkje føler seg "støytt" av det eg foretek meg, og her i området verkar det som om feller langs elva og folk med våpen på ryggen ikkje blir noko godt motteke. Som ny på ein plass utan den heilt store kontaktflata kan ein kvie seg litt for å spørgje folk etter denne typen løyver, når det er så mange som ikkje likar det. Har prøvd meg på kontakt med lokal Jeger og Fisker foreining utan at det førte med seg noko. Så her står eg med feller, tilgang på åte, rifle, hagle og jaktlyst. Slik det ser ut nå blir fellene i uthuset, åta får andre, våpnene blir i skapet og jaktlysta får eg ha i fatle til rype og elgjakta starter. Er det nokon her som har eit tips til noko eg kan fåreta meg, nokon eg kan kontakte eller liknande? m.v.h Knotten
  21. Har ikke Howa 1-12 "twist rate" i 223 da? Mulig det er jeg som tuller.
  22. Hei Dette var posetiv lesing for ein jakt og skyte interesert. Dette er etter mi meining det mest posetive initiativet eg har hørt om på lenge innafor dette interesse feltet. Samstundes som det er mange som gjer ein god jobb den dag i dag. I mitt nærområde er det meste av organisert jakt og skyte aktiviteter basert på den store innsatsen til enkelt personer, og utan desse ville dei tilboda som er truleg vore borte.(måttte berre nemne, og skryte litt av desse ildsjelene). Det er som nemt tidlegare ei stor og krevjande oppgåve, og ein må berre bøye seg i støvet for eit slik initiativ. Måtte jakt og skytenorge "flomme" over av posetive, rekruterande og kunnskapsgjevande aktivitetar. Eg venter med stor spenning på å sjå kva form dette tek, og blir det som sjisert her er det berre å sende meg eit medlemmskort i posten. Stå på Knotten
  23. Knotten

    Nytt medlem

    Hei Får helse pent eg og da. Intresant for ein jakt og skyte intresert bygdeorginal å sjå kva som beverger på denne fronten rundt om i landet. Mykje godt lesestoff her. Ynskjer å takke dei som tek jobben med å opprette og drifte slike møteplasser på nette. Dei som sit på stor kunnskap om tema omkring jakt og skyting, og deler dette med omverdenen på ein engasjerande og innformativ måte gjennom desse fora. Sist men ikkje minst vil eg takke alle som bidre som frivillige på stevner, i skytterlag og ellers alle foreiningar som fremmer jakt og skyting som dei nødvendinge og positive aktivitetane dette er. Stå på gutter og jenter, dykk gjer ein god jobb! m.v.h Knotten
×
×
  • Create New...