Jump to content

Knotten

Members
  • Posts

    127
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Knotten

  1. Er enig i at hunder ikkje skal være lause uten at nokon har kontrol på dei. Men det er da mogleg å være uheldig er det ikkje? Har sjølv opplevd at hunden min har fått opp låst dør ved ei anledning, og at folk som ikkje har noko hær å gjere har opna døra. Er klar over at det framleis er mitt ansvar, men skal eg risikere å få hunden min avlivet på grunn av dette?(Er her prat om to episoder over lang tid, er ikkje slik at den er konsekvent laus.) Forutsett at den berre er laus, og ikkje forulemper nokon på noen måte? Knotten
  2. Dette var trist lesing, føler verkeleg med dykk som har mista eit medlem av familien på denne måten. Knotten
  3. Ikke redde for isbjørn desse karene nei. Går mot bjørnen for "å se" om peppersprayen fungerer. Fy flate for noen naturopplevinger.
  4. Gratulerer med frifinnelsen! Dette var ei gledeleg nyheit. Sjølv om det eg sit med litt dårleg smak i munnen når eg tenkjer på kva denne jegeren har vore gjennom. Slike opplevingar fører med seg ein del ting som det tek tid å kome seg utav. Ein får endeleg håpe at denne saka kan være med på å "justere" praksisen ved seinare høver. Utan at eg kjenner til nettopp denne saka vil eg si det var gledeleg å sjå at nattjakt ikkje er det samme som uforsvaleg jakt. Noko eg har fått intrykk av at enkelte meiner. Knotten
  5. Hei. Her har du noe å glede deg til ja! Ville også vurdert dette med hund og ski med stålkanter om eg var deg. Når eg er ute om vinteren bruker eg ull mot heile kroppen, og er nøye med kva plagg eg bruker på beina, hendene og på hodet. Er på desse plassene eg har lettest får å bli våt og kald. På hodet bruker eg ei heimestrikka og tøva lue samman med ei vindtett hette held meg varm på hodet (fryser du på hodet bruker kroppen varme for å holde hodet varmt og ein blir fort kald), på hendene bruker eg heimestrikka votter som er tøva. På desse er det hull til peikefinger så skyting er ikkje noko problem. Desse held meg god og varm sjølv om dei er blaute. Om det blir skikkeleg ruskete har eg vindvotter i sekken som eg tek utanpå desse. På beina har eg minst to par med ullsokker, eit av dei går gjerne godt oppå leggen samt gode skisko av lær og gamasjer. Om du skal vase rundt i snøen uten ski er fotposer ein god ting. Ellers er kokemoglegheiter og god mat og drikke viktig. Sjokolade/ nøtter og rosiner er godt som ekstra energi. Personleg er favoritten til hovudmåltidet midt på dagen steikt flesk, men da må ein passe på å ha tina vatten. . Du bruker energi på å holde deg varm i tilegg til alt det andre så et godt. Ellers er ein god handkikkert fint om ein vil speide etter rype. Vinterfjellet eit fantastisk sted å være, ta deg tid til å nyte det! God tur Knotten
  6. Hei Fyrst ein liten "honør" til trådstarter. Flott at du tek initiativ, og tek opp eit viktig tema. Ser det er teke opp mange viktige elementer her tidlegare. Inkludering, at ein har ei inkluderande haldning meiner eg er viktig. Ein må drive ei verksemd som kan inkludere barn, unge, vaksne kvinner og menn frå alle samfunnslag! Vil du skyte samman med oss, same om det er på blink, jaktfelt, leirduer, med handvåpen, halgle eller rifle ja så er du velkommen. Greit vi har nokre regler som alle må følge, og dei skal vi lære deg. Velkommen. Dette trur eg er fyrste bud for å kome i gang med rekrutering. Så har ein rekruterings arbeide, opplysing gjennom media, reise rundt på skuler, ungdomsklubber osv. Her trur eg organisasjonane har ein jobb i å møte folk og opplyse om kva vi held på med. Mange som heilt sikkert har lyst til å prøve men som treng ein puff for å kome i gang. Å halde på aktive medlemmar er også ei utfordring. Om du skal halde på med noko over tid treng du motivasjon, aktiviteter som motiverer deg til å halde fram. Du treng aktiviteter, det er viktig at det foregår noko, faste treninger, sammlinger og andre ting. Ein må ha konkrete mål og aktiviteter som bygger fram mot t.d. eit stemne. Ein treng folk som kan lære fra seg og som kan hjølpe deg til å bli betre. Og sist men ikkje minst det sosiale, det er svært viktig å føle ei sosial tilhøyrigheit til den gruppa du er ein del av. Når ein ser på strukturen i mange lokale lag i dag så minner dei meg egentleg mest om eit einmannsforetak, det sit ofte ei ildsjel som kanskje har med seg ein kaserer og gjer heile jobben. Organiserer og bruker mesteparten av fritida si på "gratisarbeid". Her er det viktig at vi stiller opp, reiser på stevner, deltek på dugnader ol. Eit lag eller ein klubb er avhengig av at folk vill stille opp å gjere ein innsats, og at dei som sit med tillitsverv let allle som vil få stille opp. Så er det noko som alle klubber og lag slit med i dag, det er så mykje å væra med på. Korleis ein skal få folk til å prioritere nettopp skyting er ei stor utfordring. Det er vi som har ansvaret for å halde eit posetivt fokus på det vi held på med, sammstudes som vi skal verne om hobbyen vår er det viktig at vi ikkje opptrer på ein måte som støyter andre. Om det skulle oppstå konflikt situasjoner så treng vi folk som er rasket til å gå i dialog. Ein er vinn ingen steder ved å være trå og varang, kritisere osv. Knotten
  7. Hei Holder med deg at 6,5x55 er eit godt valg til den bruken du beskriver. Eit fortreffeleg kaliber, og god tilgang på ammo til ein ok pris. Nyskjerig på kva børse du har sett på? Når det gjelder lyddemper kan du få det ettermontert på dei fleste våpen. Demper smellen, munningsglimt og rekylen. Om eg skulle kjøpe meg nytt våpen og opererte med budsjett på omkring 10000 hadde og likevell nedprioritert denmper. Rekylen i ein 6,5 er fint handterbar og ørene kan ein beskytte på andre måter. Hadde heller venta med demper og lakt pengene i ein dyrere kikker. Så hadde eg fått gjenga børsa ved ei seinare annledning. Er apsolutt fan av dempere til forskjellig bruk, men er andre ting eg hadde prioritert fyrst. Knotten
  8. Knotten

    GODT NYTT ÅR

    vil med dette ynskje alle som bidreg til å skape dette flotte forumet eit rigtig godt nytt år. Knotten
  9. Må bare henge meg på her. Tror nok dette kvalifiserer til "årets førjulsgave"! Godt å sjå at nokon strekker ut ei hand på denne måten. God jul! Knotten
  10. Hei Dette med å klage på priser på jakt, ammo og andre ting iriterer meg. Eg mienerat om noko er for dyrt eller om eg rett og slett ikkje har råd, da får eg finne på noko anna. Ein ting er å væra bevist på å ikkje bli utnytta, ein anna ting er at ein faktisk står fri til å avstå frå eit tilbud. Eg meiner at det er viktig å ha respekt for verdiskaping og andre sitt levebrød, dette vær seg gardbrukere, industriarbeidere og folk som jobber innafor turismen (til og med dei som livnerer seg av å selge dyre jaktturer til folk som betaler godt.) Det er ikkje noko sjølvfølge at ein skal få det ein peiker på, om ein ikkje har jobba for det. Det minner meg nesten om unger som griner for å få is. Ser eit par problemer som blir lista opp her, som tilgang på jakt. Der eg bur er ikkje det noko problem når det gjelg småvilt, får kort for mellom 100 og 800 kr for ein sesong. Uendeleg med tereng, med eller utan hund. Rådyr kort får du og til ein grei pris og reinsjakt for innabygdsbuande. Så hær kan du jakte det du orker og meire til. Så var det dette med bustad/heime kommune. Kvifor bur eg der eg bur? Eg har stort sett prioritert ein ting. Jakt og fiske! Og må med dette gje slepp på ander goder som eg ikkje får her eg bur nå. Eg bur billig, kjører billig bil og prioriterer hunder, jakt og fiske difor kan eg betale for å jakte elg i eit privat tereng. Koster meire en det gjer mange andre stader men sammanlikna med kva anna eg kan få for pengane mine synes ikkje EG det er dyrt. Å bære seg for utstyr ein ikkje har rå til meiner eg og er noko stort tull! Skal halde meg tørr og varm for ein brøkdel av den prisen som enkelte legg til grunne som eit minstemål. Så var det dette med nettverk da, eg starta på null for litt over ti år sida. Ingen i familien som jakta og ingen som var grunneigare. Men mange hyggelege og hjølpsamme folk som stilte opp når eg stakk opp og hinta om at eg hadde lyst til å jakte. Kan ikkje si eg har ei einaste dårleg erfaring med verken grunneigere eller lag og organisasjoner som eg har oppsøkt. Nokre saklege avvisingar har det vore men dette har dei sin fulle rett til å gjere. Men eg ser og at det kan væra vanskeleg for ein ungdom som ikkje bur noko særleg strategisk til å kome seg på jakt. Og at ein kan betre dette på mange måtar. Men det er ikkje noko enklare for ein ungdom frå innladet å starte med havfiske. Det blir meire jobb, men det går an å få det til. Ein anna ting som er viktig, støtt opp om lag og foreiningar skap posetiv aktivitet innafor det du vil halde på med. Gjennom eit miljø står ein mykje sterkare en om ein opererer på eigahand. EG meiner rett og slett at vi har det for bra i Norge til å klage over priser på goder som det slett ikkje er noko sjølvfølge at vi skal ha. Knotten
  11. Hei Vil bare takke for ein utruleg fin tråd! Mange flotte bilder, er morro å følge med på hvoran hunder utvikler seg. Og så får dere ha lykke til med kvalpene. m.v.h Knotten
  12. Hei Henta meg kvalp i sommer, han er ca 7 månader nå og har ligget i bur fra natt 1. Fyrste 2 nettene låg eg på madrasse på golvet, så låg han ved siden av senga mi nokre veker og nå ligger han i gangen. Om han starta å pipe eller bjeffe så stakk eg handa ned til han. Dette roa han ned om han ikkje måtte på do. Måtte han på do tok eg på han band og gjekk ut på fast plass, han gjorde/ gjorde ikkje det han måtte, og så var det rett inn i buret. Ingenting anna. Nå går han inn i buret når han får beskjed om det og ligger der heile natta. Eg starta og å trene han på å være i hundegard ganske tidleg. Tok han med meg inn i hundegarden og var der samman med han, tok med meg ei bok eller eit blad og sat der samman med han mens han styra på eller sov. Så leika vi eller gjekk tur til han var kjei, får så å la han få ligge hundegarden å sove. Nå står han ute heile dagen meir eller mindre, det hender nok han bjeffer men er ikkje så ille at det er til genanse for noen. Noe av det samme ser eg med bilen, han har vore mykje med på biltur og føler seg trygg der. Er sikker på at han kan ligge i bilen i timesvis om han får bestemme sjøl. Trur egentleg det handler mykje om å gjere hunden trygg, og at det kan vere noko individuelt kva som skal til før du oppnår dette. Om hunden gjør fra seg i buret så mener EG at du er for bestemt. Eg TRUR at når ein hund gjør fra seg der dei skal ligge har dei ikkje sjanse til å holde seg lengere. Og om dei lærer seg at dei ikkje kjem seg på do når dei er i buret vil dei heller bli utrygge. Dette er barer mine råd og erfaringer, basert utifrå ein hund og det kan godt hende det er feil. Dette er sikkert individuelt frå hund til hund, eiger til eiger og situasjon til situasjon. Har vore mykje prøving og feiling her siste halve året. Mange gode råd frå folk både med og utan erfaring, og ting som har vore framlagte som "sannheiter" har vist seg å ikkje passe heilt inn i vår kvardag. Når ein har hund og har valgt å drive med dette så meiner eg det er viktig at ein held fokus på det positive heile tida og gjennom dette får motivasjon til å jobbe med slike problemer. Jobbe, prøve og feile trur eg er vegen å gå. Lykke til! Knotten
  13. Den vil eg og slenge meg på, hensyn er ein god ting! Er viktig å halde seg på eit nivå som ikkje er til genanse, stor iritasjon eller anna ulenpe for folk rundt seg! Sammstundes som det er viktig med respekt og forståing for det andre held på med, sjølv om ein ikkje har interesse for det. Knotten
  14. Gjennom jakt med laushund har eg fått lære at hunden ikkje bryr seg om grenser som vi mennesker har laga. Dette gjeld ikkje berre for jakthunder men alle hunder, og dei hengjer seg heller ikkje opp i datoer ol. slik som vi mennesker gjer. Dette gjev oss som hundeeigare eit stort ansvar, så vi ikkje bryter lover eller er til belasting for folk rundt oss. Eg har vore så heldig å få jakte elg med ei knakande god lausbikkje dei to siste åra. Har ikkje oppled slik evne til å få dyr til å stå, henge på og stille dei på nytt. Når denne dama får eit minste hint om dyr( kan være alt fra smell til lukt og spor.) ja så er ho på tur dit. Ho er i god form så avstander er ingen bekjymring for ho. Det er ikkje ofte det skjer men det hender ho legg ut på langtur. Tereng som er fysisk store nok til garantere at ho ikkje krysser grenser er det neimen ikkje mange av, å ikkje bruke eit slik prakteksemplar av ein hund ville jo nermest vore tragisk. Så korleis ein kan ein forsikre seg om at ho ikkje tek seg ein tur til naboen utan elg? I dei aller aller fleste tillfella vil ho kome med elg som har vorte støkt. Kan vel hende eg bryt loven ved å bruke ein slik hund,eg ser jo reglane men eg klarer ikkje forstå problemet. Eg forstår ikkje korleis ein i det heile kan prate om jakt med laushund utan å ta med nettopp denne problemstillinga nå ein tillet det. Dette meiner eg vitner om for liten kjenskap til den aktuelle jaktforma! Når det er sagt så har ikkje eg problemer med naboer av noko slag verken i jakta eller ellers. Nabolaget har skutt for bikkja og tekje godt vare på den så det er ingen problemem. Ei framifrå god løysing etter mi meining. At ein hund jager over "grenser" har etter mi meining ingen ting med uvilje å gjera. Knotten
  15. Godt å sjå avklaringa her. Mener denne er viktig. Når vi ser hvoran enkelte tolker lover og rekgler så er det viktig at dette blir presisert. Når eg høyrer om hunder som blir skutt i forbindelse med jakt blir eg mildt sagt forbanna. Eg håper denne presiseringen samt følgene enkeltsaker har fått kan være med på å sikre hunden min. Når det er sagt kan eg strekke meg langt for å få til eit så godt jaktmiljø som mogleg gjennom dialog. Prater jamleg med dei som jakter rundt meg, og vi har ein god dialog. Er viktig at alle får annledning til å nytt naturen og kome seg ut. Om hunden min skulle jage elg over på naboterenget, ja så er det bare å skyte. Knotten
  16. Dette med utstyr og fokus på utstyr gjelder nok ikkje bare innafor jakt og fiske. Samme kva aktivitet ein skal være med på i dag så har eg intrykk av lista for kva som er godt nok er temmeleg høg. Når det gjelder aktiviteter for barn og unge, er det nesten så eg blir litt skremt enkelte gonger. Når ein hører utstyrskrava til enkelte. Som det er nevnt før her så er det utstyret som blir fokuset. Ein gløymer det eg ser på som den den virkeleg gleden. Tida i skog og mark, tid med hunden og gode kammerater. Gleden blir jo den sammem, uansett kva merke du har på kleda. Men så er det og slik at eg ser gleden ved å kunne kjøpe meg noko eg har lyst på, koste på meg litt ekstra etter at eg har sutta på labben over ei periode. Gode sko, eit flott sikte eller noko anna som eg ynskjer meg. Men det må være ein sammanheng mellom bruk/pris nivå. Det ser eg på som ei investering i enda meire trivsel. Så er det mange ting som er bra nok om det er billig. Er så heldig at eg har ei mor som strikker, strikka og tøvde votter og luer held meg varm nok uansett, og det koster ikkje noko om det er heimstrikka. Så vil eg berre få takke trådstarter for noko ein fin tråd. Mange fine tankar og skråblikk på det vi driv med kjem frå den kanten. Knotten
  17. Kan du være så snill å forlare kvifor?
  18. Hei Ser du allerede har fått mange gode råd, og eg har vell neppe noe nytt å tilføye. Men du kan da få min mening om det. Etter kvart så har det kome både Tikka, Howa, Mauser og Sauer inn i våpenskapet mitt. Alle er gode rifler som fungerer utmerket på alle sett og vis. Dette med kaliber er etter mi meining mykje smak og behag.(så sant det oppfyller kravet til det du skal jakte på.) .Det er og ein økonomisk bit ved det så klart.Når eg kjøfte mi fyrste rifle skulle eg på elgjakt. Det kaliberet eg hadde mest erfaring med frå før var 30-06 så det vart kaliberet. Når ein skal handle med begrensa budsjett så er ofte bruktmarkedet vegen å gå etter mi meining. Ei eldre Tikka eller andre kvalitetsmerker blir aldrig feil. Når det gjelder optikken så ville eg sett meg om etter brukte sikter av god kvalitet her også. Men finn noko du liker, og når du har gjort det skyter du mykje med våpenet. Og når du har skutt mykje skyter du litt til. Kort sagt finn deg ei rifle og eit sikte som du er tilfreds med, og som du stoler på. Så kjem du deg på banen og trener mykje med den. m.v.h Knotten
  19. Klart at eg mener at alle skal følge loven, og det er ikkje tankene som er problemet. Eg tenkjer jo gjennom det eg driver med å prøver å ta høyde for det som kan oppstå. Eg har og stor forståing for at du treng å værne om dine interesser som sauebonde, men den sammenlikninga med sau og slakting var ikkje noko god. Med mindre du kjem frå Kina kanskje. I praksis trur eg ikkje vi er så uenige om dette med hundehald, berre at vi står på kvar vår side av gjerde og tek utgangspungtet der. Hadde nok ikkje kvid meg for å møte deg ute i skog og mark. Knotten
  20. Hei Ein ny tråd om hundehold, med ei anna problem stilling. Sjøl om eg og leser mye av det samme som GreyGhost ut av det du skriver vingmutteren, så må eg si du har mange flotte idealer for hundehald. Eg ser jo heilt klart at det du legg fram er ting som er viktige og naturlege ting/problemstillinger i forhold til hundehald. Men det du legg fram er eit mål! Dei fleste hunder er ikkje husdyreine den dagen dei er fødde, dei fleste hunder er skeptiske til framande i utgangspungtet. Alle desse problemstillingene må ein jobbe med, trening trening trening er stikkorda. Får at hunden min skal bli sauerein må eg sosialisere den med sau. (Har ikkje sau sjøl, så dette er betinga velvilje frå nokon som har det.) For at hunden min skal bli trygg på folk må den sosialiseres. Samme gjelder inkalling, hopping, tigging, tisse inne, sitte, ligg osv. Dette er heilt sikkert ikkje nytt for deg, men det du legg fram oppfattar eg som ei begrensing til å få trena på ein del av desse tinga. Er sikkert mange dårlege hundeeigare, kan ikkje si at eg kjenner så mange men tviler ikkje på at dei er der. Det eg veit er at eg kjenner er mange gode hundeigare! Gjennom jaktlag og div. klubbar er eg så heldig å ha vorte kjent med mange som er oppriktig intresert i hund. Og som gjer ein framifrå jobb med hunden sin. Eg har vore så heldig å få hauste av erfaringer til folk som har levd med hund ein mansalder, og det er verdigfult for ein fersking som meg. Så eg vil lette handa i ein honør til alle som driv seriøst med hund og gjev desse flotte dyra det livet dei fortener! Knotten
  21. Eg er taknemmeleg for kvar dag eg får væra ute i skog og mark eg. Eg gjer midt ytterste for å ungå at eg støyter andre med det eg driv på med. Eg gjer midt ytterste for å averge at midt hundehold er til genanse for andre. Eg bruker mykje tid med hunden min, trener, sosialiserer og oppdaterer meg på kunskap om hunder. Men ein ting veit eg, ingen ting er idiot sikkert. Hunden min kan komme seg laus ved at eg er uopmerksamd/ blir distrahert eller ein anna person gjer noko han ikkje skal. Om eg da skal risikere å få hunden levert i ein svartsekk fordi nokon var redd han, eller at han var på ein stad han ikkje skule være forstår eg ikkje. Om han da ikkje går til åtak på folk eller fe såklart.
  22. Hei Eg har ei Tikka m695 i 30-06, ein ombygd Mauser m67 i 6,5x55, ei Howa 1500 i 223, ein Ruger 22/10 og ein Sauer 200 STR i 6,5 og eit ombyggingsset. Liker veldig godt Tikkaen min, jakter og trener ein del med den ellers blir det nok mest skudd med sauern.
  23. Har ei ruger 10/22, det smeller stort sett uansett hva jeg stpper i den. Har skutt mange tusen CCI std. Kjempe fin rifle om du skal ha halv automat. Om du har jegerprøve og våpenet er godkjent til jakt så vil eg tru du kan fikse mykje med ein telefon til våpenkontoret, om du ikkje får fiksa det så får du vertfall greie på kva du må gjere der. Knotten
×
×
  • Create New...