Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Eg har ikkje handtert BFR, men tvilar på dei har same toleransane og kvaliteten som FA. BFR er utan tvil robuste våpen, og eg kan tenke meg dei har omtrent same kvalitetsnivå som Ruger, som er noko av det mest robuste ein får i prisklassa. Om nokon i nærleiken (Sogn og Fjordane) kan stille med BFR, å skal eg alltids kunne stille med ein FA for samanlikning. Ikkje noko er meir moro enn å skyte grove SA-revolvarar!
  2. Er ingen offisiell forhandlar av FA i Norge. Snakk med Lars Fullu ved Nore Våpen, han er rekna for å vere ein slags uoffisiell importør, og har importert ein god del tidlegare. BFR er eg ikkje sikker på, men Fullu kan truleg hjelpe deg med den óg. Har du sjekka denne? http://www.finn.no/finn/bap/object?finn ... T.svl=Link
  3. Høyr litt rundt på amerikanske forum, er ofte mykje engangsskotne hylser å oppdrive der. Dei får du sikkert til ein brøkdel av nypris her i landet.
  4. Ja, riflingsdiameter på 45 kaliber rifle er typisk .457 - .459. Ein kan alltids prøve å size ned riflekuler til .452 diameter, men veit ikkje kor ideelt det er. Har ikkje prøvd sjølv.
  5. Tvilar på du finn kuler med .452 diameter som veg 500 grains. Tyngste eg har sett er 440 grains, men dette enten med modifiserte rifletenger eller spesialbygde customtenger. Cast Performance har nokon på 395 grains for salg, Beartooth har vel nokon på 405 grains om eg ikkje hugsar feil. Noko tyngre fabrikkuler enn det skal ein leite ei stund etter trur eg.
  6. Er det ikkje slik at mykje av vitaminane og sporstoffa ligg rett under skalet? Ved skrelling på forhand så tar ein vekk mykje av desse, men ved skrelling etterpå så unngår ein det. Det er iallfall det eg har høyrt, men om det stemmer skal eg ikkje seie sikkert.
  7. Så lenge ein passar på å halde seg til moderate temperaturar når ein smeltar ned hjulvekter, så trur eg ein skal vere rimeleg trygg. Problemet er når ein f.eks. kjøper hjulvektbly som allerede er smelta til barrar, då kan nok sinkforureining vere meir utbredt. Ei lokal bilsjappe smelta ned fleire tonn med hjulvekter til store barrar som dei brukar i redningsbilar, og eg var svært frista å kjøpe mykje av dette. Men etter eg høyrde om korleis dei smelta dei ned, så slo eg det raskt frå meg. Dei brukte eit oljefat som var delt på langs, og fyrte hardt under. Då seier det seg sjølv at dette blei ei salig blanding av mykje rart pga. særs høg temperatur.
  8. Kan dette vere lovleg då? Om det skulle vere snakk om hjulvekter som består av ei blanding av sink og bly, så burde desse vere av nyare dato. Og frå 2005 vart vel bly utfasa som hjulvektmateriale, iallfall på småbilar. Men det er nok kanskje ikkje umogleg at det eksisterar hjulvekter der ute som er ei blanding av desse metalla, eg håpar ikkje dei finn vegen til blygrytene mine!
  9. Shadob, noko nytt ang. jaktvideoen frå Afrika? Er spent på den.
  10. Har høyrt at det einaste som holdt fram- og bakparten isaman på dette dyret var ryggskinnet. Så .505 Gibbs på rådyr er langt fra ideelt, men moro var det sikkert!
  11. Dette kan nok vere sinkforurensing, men ikkje godt å seie sikkert. Ein må bruke rimeleg høg temperatur for å smelte sink, som regel berre flyt dei oppå smelten. Men sidan du har brukt barrar frå tidlegare omsmeltingar kan dette kanskje vere tilfelle? Smelta sink blir ofte liggande som ein graut oppå blyet, og kan av og til få ein blålilla farge. Fjernet unødig sitering Mildot global moderator
  12. Det er vel ikkje berre kaliber det kjem an på, tunge og saktegåande kuler kan fungere utmerka på storvilt. 450 Marlin må vel vere eit bra elgkaliber óg, det fungerar iallfall beire enn mykje anna på hjort. Berre snakk med "korte hold" her på forumet.
  13. Reknar med du allereie har sett denne: viewtopic.php?f=29&t=12959
  14. Ikkje for å fornærme nokon, men dei børsemakarane eg kjenner til ville eg ikkje latt utføre ein slik operasjon. Om nokon kjenner til børsemakarar som dei veit utfører førsteklasse arbeid, så kan eg vurdere det. Men du har rett, om kanskje ikkje billegare, så vil det iallfall vere mykje enklare å få det utført her i landet.
  15. Gjeld dette óg ved det som kan karakteriserast som ein reparasjon?
  16. Mentor, takker for presist og utfyllande svar. Våpenet er kjøpt gjennom importør i Norge, så eg skal gjere eit forsøk på å ta det gjennom han.
  17. Hei! Eg skal returnere ei revolvartønne til fabrikant i USA for modifisering. Nokon som har erfaring med kva papir eg må få på stell før eg kan sende den? Takksam for alle svar
  18. Hehe, blyet ikkje noko problem å få tak i, sending blir det verre med. Har sjølv meir reint bly enn eg klarar å bruke, så om nokon veit en lur måte å sende på, så kan dei få billig bly.
  19. Til alle som vil ha reint bly, sjekk ut den lokale fiskehavna. I nærleiken her er bur tar det et kvarter å oppdrive fleire tonn med blytråd, søkker o.l. som blei brukt i fiskeribransjen. Somme hjulvekter er óg laga av så godt som reint bly.
  20. Det kan nok stemme. Ved mykje innendørsskyting burde ein kanskje vurdere å gå over til blyfrie tennhetter, uansett kapasitet på ventilasjonsanlegget.
  21. Uansett kruttype, 460 har ikkje nok hylsevolum til å få ei 300grs kule opp i nærare 800 m/sek uansett. Bikkar ein 600 m/sek skal ein vere godt nøgd.
  22. Haha, her trur eg det blir tulla godt. No har eg ikkje kronografert 460 sjølv, men i følge Ladebokja nr. 6, så gjev 36grs N110 og 300grs kule 586 m/sek, og det med 15 tomms løp! Greit at det varierar litt frå våpen til våpen, men det får no vere måte på.
  23. På innendørsbaner gjelder det samme, mesteparten av blyet man får i seg er gjennom dårleg hygiene etter handtering av gjenstandar eksponert for blyrestar. Ved kontinuerlig skyting vil det óg sjølvsagt vere bly i lufta.
  24. At fleire av dei største og mest lovprisa blykuleprodusentane (f.eks. Cast Performance, Beartooth) svergar til blokkene til LBT, er ei stadfesting på at Smith veit kva han styrer med. Greit at han har teoriar om det meste innan skyting med blykuler, og kanskje ikkje alt er like enkelt å understøtte teoretisk. Men når ein ser kva presisjon ein oppnår ved metodane hans, så må det vere noko i det. Men nok om det. Grunnen til at eg nemnde Smith var at han samlar fleire av dei største entusiastane i eit land der skyting er ein folkeaktiviet, på forumet http://www.go2gbo.com, og der blyspørsmålet har vore oppe fleire gongar. Då snakkar ein ikkje om folk som støyper etpar tusen kuler i løpet av året, men folk som har dette som levebrød, eller einaste interesse. Mogleg norske blykuleprodusentar frekventerar kammeret.no og kan kaste litt lys over spørsmålet?
×
×
  • Create New...