Jump to content

oeho

Members
  • Posts

    127
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oeho

  1. Forresten skal eg naturlegvis bruke 7mmRM på bukkejakt i Skottland til våren, og då trur eg eg tek sjansen på ei 140grs kule, ettersom det er fare for å måtte strekke halda litt.. Då blir det nok 140gr Accubond, som er uhyggeleg presis i rifla mi. Har skote dyr av same størrelse som eit rådyr(springbock o.l. i Afrika) og det vart fine slakt det, sjølv med treff i bogen.... Som det er sagt her er jo 7mm-en oppfunnen for å skyte flatt!
  2. Norma har ei fin 150grs heilmantelkule som er nokså butt framme. Den skal iallefall eg bruke på toppjakt i vinter... Norma Jaktmatch er ladd med denne, så går jo an å kjøpe ein pakke med det, så har du tipp topp hylser også! På rådyr verkar nok det meste, men er nok ikkje dumt med ei nokså solid og tung kule for å unngå for stygge slakt.. A-Frame er nemnt, så har du jo Rhino, NorthFork, Accubond, diverse homogene saker.. Det er jo dette som er så fint med 7mmRM, den kan brukast til ALT
  3. Eller revetispe(vixen=revetispe)
  4. Personleg ville eg no tenkt både ein og to gongar på Nosler Accubond til dette bruket.. Blir det korte hald på fuglen kan du jo prøve å plassere kula ein annan plass enn midt i brystfiletane... På store fuglar brukar eg å legge trådkorset i "maskinrommet", dei blir snille då....
  5. Tja, har ein tommelholstokk eg har brukt ein del, og må seie at når det gjeld skytekomfort er det av dei likaste stokkane eg har... Det er sant nok at ladegrepet teoretisk tek meir tid, men du skal vere ein SVÆRT dreven rifleskyttar før du greier å utnytte det. I det skotet går mot vilt trur eg dei fleste av oss brukar såpass med tid på å følje med på skotreaksjon osb. at ladegrepet uansett er teke før det er aktuelt med oppfølgingsskot. Men skal eg på drivjakt etter villsvin++ trur eg eg tek ei rifle utan...
  6. oeho

    Hjemmeside

    Bra initiativ! Må få med eit bilete av "Jerry-Moe" også då!
  7. Har etterkvart sendt riflene mine ein heil del med fly, derimot til Afrika. Kan seie det slik at kofferten såg ut til å ha vore gjennom krigen, overkøyrt av hjullastar, og voldtatt med motorsag. Men børsa gjekk midt i då vi kom fram;) Så slik "smådunking" trur eg har minimalt å seie. Ein gong eg derimot tryna på hjortejakt i ei bratt vestlandsli, sjekka eg treffpunktet etterpå. Då traff eg ikkje reinskiva på 100m, treffpunktet sat 1 meter til sida!! Så min regel er å alltid testskyte jaktrifler etter fall i skogen. Om eg har fall som det på hjortejakt kjem eg til å ta ut skota før eg set meg på post.... Det verste var at eg hadde hjort forbi posten den dagen, og tenkjer med gru på kva som hadde skjedd om eg hadde fått skote på den. Treff i lår hadde vore fasiten om eg hadde trykt av i bogen(og dyret sto rett veg)....
  8. oeho

    Skarve jakt

    Ser verkeleg fram til å teste ut lokkeskarvane vi konstruerte i sommar. Får ikkje kome meg heimover før til neste helg, men då skal dei til pers! Ser av innlegg over her at vi må ta med mykje skot
  9. M98-Shultz & Larsen 9,3x62 Anbefalt minstekaliber på sel
  10. Accubond har fungert bra for meg, både 140 og 160grs... Brukte 140grs i Afrika i fjor, og det meste gjekk fint ned etter få meters utras.. Og kulebana med 140grs er jo berre rett og slett nydeleg
  11. No er det vell inga hemmelegheit at eg har eit over snittet lidenskapeleg forhold til omdiskuterte kaliber, og kan som vanleg seie at det er eit kaliber eg ALLTID skal ha tilgjengeleg! Ei rifle i 7mmRM kan du bruke på stort sett ALT vilt på den nordlege halvkule, og det verste er at effekten er god på alt saman;) Skal du jakte elg på korte hald, bruk ei solid og tung(175gr) kule, så funkar det som smør... Skal du til fjells går du ned ei kulevekt eller to, og har våpen du skyt inn ca 4 over på 100 og ikkje tenkjer noko meir på treffpunkt på "norske" skothald! Fugl går også heilt fint, har brukt mi frå kråke/rype og opp til kanadagås og har ete det som etast skall.. Og no skal eg avslutte midlertidig, utan ein gang å STARTE på ladningar til bever, rev og sel og slikt... Og P.S: Er du som meg ikkje så glad i smell og rekyl på jakt, så er ein dempar din beste ven. Då får du den effekten eg har prøvd å skissere her, med smell og rekyl som en 223 eller sånn... Skal du velje mellom "ol`06" og 7mmRM kan eg berre minne om at det er fint å gå "against the grain"!!
  12. Takk takk! Skal ikkje jakte på vidda, men er jo kjekt å følje med fordet!
  13. 5-3 dager føre jakt start tror jeg....... Rettelse....ca 2d. før jaktstart..... Da får vi håpe at bildet ser slik ut når de begynner igjen nå i år. Og til de som lurer på hvor vi jakter.........................sjekk kartet, og se der det står dyr som sild i tønne. Kan noken legge ut link til den kartsida for Hardangervidda kanskje? Veit eg har funne den før, men i dag var det håplaust...
  14. Då er bilen pakka og alt klart for avskjedsmiddag. I morgon kjem eg til Trondheim! Så no synes eg de skal dra i gang eit kammertreff snart, rekn med meg!
  15. Er jo reinsjakt då jo.... Kjem oppover til Trondheim som student i August, så om det klaffar hadde jo dette absolut vore noko eg kunne ha stor interesse av!
  16. Lykke til! De får halde godt i skjeftet alle mann;)
  17. Kva er det som foregør her eigentleg?? Her har vi fått ei forskriftsoppdatering som på mange måtar gjer kvardagen lettare for oss, og så er det berre syting og klaging?? Nokre døme: - Alle løpslengder over 40cm vert tilletne, både hagle og rifle. - Utlån av handvåpen vert tillete. - Ingen vil no verte nekta å kjøpe ei børse fordi ein har same kaliber/bruksområde frå før. OK, er einig i at det var tullete å redusere "garderobepakken" frå 6 til 8 våpen, men eg ser det faktisk ikkje slik som mange tydelegvis gjer, at ein då ikkje får meir. Nei, eg vil heller snu det på hovudet, og seie at det vert ENKLARE å få dei 6 første(som i enkelte politisidtrikt kan vere temmeleg vankeleg, særleg fleire til "samme" bruksområde), og NEPPE mykje verre å få nr 7-8-9, ettersom det finst minst så mange TOTALT FORSKELLIGE bruksområde, som altså gjev GOD NOK GRUNN til å få kjøpe dette. Øystein
  18. 6 jakvåpen er 6 jaktvåpen. Om du har 17 løp til ei rifle er det EIT våpen! Dessutan har du jo jo ein 3-4 hagler til ulike leurduegreiner, og like mange rifler til jaktskyting;)
  19. Litt seint det då Bustern Men eg trur faktisk at eg på det tidspunktet også vil sitte på eigne erfaringar kring bruken av Monarchen.. Om det bli 10x32, 10x36 eller 10x42 har eg ikkje heilt bestemt. Nokon som veit om det er nokon anna "forskjell" på en 10x36 og 42 enn naturlegvis lysstyrke og synsfelt? Monarch 10x36 kostar jo ca 2000, medan 42en ligg på over 3000...
  20. Er litt i marknaden for ein ny handkikkert, som skal veljast etter desse kriteria: - 10x forstørring - Min 40mm lysopning - God "nok" til reinsjakt. - Såpass kompakt at den vert med på "alle" jaktturar. - Prisklasse ca. 2500-3500 Vurderte sterkt ein Nikon Monarch 10x42, men ser også på leupold sine Wild River Cascades, Acadia, Mojave etc i same prisklasse. Nokon som har gode/dårlege erfaringar med nokon av desse, evt. andre forslag innanfor kriteria over?
  21. Det der er mogeleg med dei fleste halvautomatiske våpen, om du skrur for mykje på inngrepet(det som held hanen attende etter kvart skot). Det er ein grunn til at justeringskruar for slikt oftast er forsegla med raud lakk o.l....
  22. Kva trangboringar har du i drillingen din? Ville nok ha halde meg til løp med 1/2 boring eller opnare!
×
×
  • Create New...