Jump to content

oeho

Members
  • Posts

    127
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oeho

  1. Var ute og prøvde Crit'rCall hareskrikfløyta i natt, men den lokka berre hjort.. Lokka først to spissbukkar inn på 20m som aldri skjønte heilt kva som foregjekk. Flytta meg til ein ny plass med mykje skodde, ein serie hareskrik og eit nytt ungdyr kom rennande gjennom skodda og stilte seg opp med breisida til på 40m... Har andre denne erfaringa med slik lokking??
  2. God tur! Kjenner reisesjuka riv i meg no ja... De får kome med rapport når de kjem heim!
  3. Berre for å presisere. Det er heilt greit for meg at sjølve baneanlegga er reservert for medlemmer av laga, det eg ikkje skjønar heilt er problemet med å setje opp ei skive på "myra" der oppe..
  4. No har det seg slik at eg er aktiv medlem i både skyttarlag, pistolklubb og jeger- og fiskarforeining i heimlege trakter, og ingen av forbunda tillet så vidt meg bekjent medlemskap i fleire lokalforeiningar. Eg er kanskje bortskjemt, men slike reglar som det tydelegvis er her trur eg aldri hadde vorte vedteke i mine heimtrakter. Mi meining er og blir at det viktigaste med ei skytebane er at folk skyt;) Men om nødvendig skal eg kontakte skyttarlaget og høyre om det let seg gjere å kome til ei ordning. Men det er rifleskyting. Det hjelp meg ikkje om eg vil tøme nokre tønner i 357 magnumen eller noko slikt, som eg definerer som nødvendige avbrekk i eksamensførebuingane
  5. Er der verkeleg mogeleg at det ikkje skal kunne gå an å skyte utanom fastsette tider i heile Jonsvatn-området??? Dette bylivet er tydelegvis ikkje noko for meg..
  6. Eg er stort sett einig med det som vert skrive her, angåande å skyte nedanifrå og opp osb. Aller først: Ved normal skytetid på om lag 10 sekund, er det ikkje nokon uting å bruke 4 sekund på løft og første skot! Det er gjerne for raske førsteskot som fører til bom... Dette med å starte på ein "stor" blink kan for mange vere eit godt knep. Det som er viktig å hugse er at t.d. ein sirkel på 20cm på 20m er ikkje like vanskeleg som ein sirkel på 10cm på 10m, han er mykje verre! Så dersom du kjem på standplass og konstaterer ein "frimerkeblink" på 8-10m, skal du ikkje rekne denne som noko verre enn ein "låvevegg" på 50m! Sjølv skyt(eller skal eg seie skaut ) eg alltid nedanfrå uansett, og om det er t.d. 3 skiver skyt eg som regel 2 i kvar med ein gong, utan noko "berg- og dalbane". MEN, Har eg 2 små og ein stor hender det nok at at tek meg tida på dei to små først, og så skyt 4 skot på staaaans i den store om det vert nødvendig også...
  7. I går var eg ein liten ekspedisjon oppover til Jonsvatnet for å kartleggje mogelegheitene for å setje seg opp ein blink og skyte nokre skot når det måtte passe. På JFF si bane var det jo reine nazi-opplegget, med store skilt om at skyting var STRENG FORBUDT utanom fastsette tider. Av ein eller anna merkeleg grunn. "Skytebane"... Der var jo rikeleg med feltareal å ta av Det same var tilfellet oppe hjå TPK(pistolklubben). Kikka bortom hjå skyttarlaget også, men der var jo "kulefanget" stort sett oppteke med skyttarlaget sine skiver, så det er jo greit. Så det eg lurar på er: Kvar kan eg køyre og setje meg opp ei skive eller to og skyte når det passar meg, det vere seg med korte og lange våpen, men eller utan rifla løp;) Ikkje det at eg har noko imot organiserte treningskveldar, men eg likar å kunne reise på skytebana når det passar MEG...
  8. Er det nokon som har forslag til leverandørar av fine gevirplater for rådyrbukk? Ser at Winge Våpen fører ein type, men kva anna finst? Er forsåvidt interessert i andre størrelsar også.(hjort, rein etc.)
  9. oeho

    Et flott laderom

    No må vi for all del ikkje gløyme at kaos er den perfekte orden! Hjå meg ligg ting i opptil mange lag rundt i alle hyller, men eg finn ALLTID det eg skal ha tak i
  10. Tja, sjølv tolkar eg vel dei siste innlegga som at det er bestilt bord I DAG? Eller kva Tikka?
  11. Stadig nye oppdateringar, så det er berre å følje med;)
  12. Her var det liten respons, reknar med det ikkje vert noko denne helga då?
  13. Eg har no hive meg på bloggbølgja og lansert ein eigen jaktblogg: http://ohopedal.blogspot.com TIl å begynne med kjem diverse laust samansette jaktforteljingar, ispedd litt om våpen, jaktlitteratur, mat og diverse. Etterkvart som jakta startar att vert det meir jaktforteljingar av nyare dato. Velkomen innom! Øystein
  14. Får ein bord kl. 21 på ein laurdag??
  15. No vert eg flau av å tenkje på noko av mitt eige handverk i denne kategorien Men, dei tåler no vatn stokkane mine òg
  16. oeho

    Ekstra løp

    Pakk det korte løpet ned i ein mørk krok og kjøp deg med full lengde i 7mmRM
  17. Ja sett ein dato så fort som mogeleg, så kjem dei som kjem.. Eg kjem om det klaffar.
  18. Om nokon vil kome å setje ut villsvin heime hjå meg på vestlandet er dei hjarteleg velkomne. Eg skal faktisk påta meg å setje poteter og gullrøter over store deler av utmarka her, berre så det er mat til svina. Er jo ferre og ferre som driv med sau og slikt noko, så i treng nye dyr i skauen, i tillegg til hjorten. Og forresten er her glimrande biotopar for all slags villsauar og fjellgeiter også, så dei er i alle fall hjarteleg velkomne Men for å vere heilt seriøs, så er eg rimeleg sikker på at svina, dei kjem. Det har mellom anna å gjere med global oppvarming, som gjer att svina som alle andre sørlege artar trekk nordover. "Sånn er'e bare." Desverre vert villreinen den store taparen, og først og fremst villsvin, hjort, rådyr og elg vinnarane her i landet, trur no eg..
  19. Svein Solli. For meg er det ingen over og ingen på sida av norske forfattarar. Han greide å skrive jaktforteljingar som handlar om meir enn skotet i seg sjølv. Anbefalast!
  20. Eg vil berre få seie med ein einaste gang at eg stiller meg svært kritisk til denne haldninga om at "studentmat/hybelmat" skal vere raskt, billig, enkelt og slik! Studentar, og særleg slike som oss her på Kammeret som driv med tusen andre ting også, er det uhyre viktig med skikkeleg mat, og å leve av denne vasstrekte risen og nudlane som de skriv om her hadde eg aldri orka... Det er ikkje vanskeleg å lage skikkeleg mat som ikkje er for dyr. Kunsten er å lage hovudretten i litt store porsjonar, slik at det er til fleire dagar. Til dømes er lasagne glimrande å lage i store porsjonar(Og då meiner eg sjølvsagt skikkeleg lasagne, ikkje slik "lagagne" dei har i frysedisken på Rema!). Det sma med andre "formrettar"(Moussaka, Fiskeform m/poteter...) Ein god tomat/kjøt-saus kan også nyttast i fleire dagar, med ulikt tilbehør. Ein dag spaghetti, ein dag poteter osb.. Og tilbehør er viktig: Ferske grønsaker(gulrøter, brokkoli, kålrabi..),grøn salat, gode POTETER, POTETER, POTETER! Eg er ikkje asiat, og et difor IKKJE RIS før eg vert tvinga, finst ikkje næring i!! Om de vil ha fleire rettar så er det kjøtkaker(med skikkeleg saus!), karbonader med lauk, seibiff med lauk, fleskepannekaker, skinkegrateng, diverse kjøtgryter(grytekjøt treng ikkje vere dyrt sjølv om du ikkje har vilt liggande, føl med på tilbod og slikt!). Så i ialle fall, et for all del skikkeleg de som studerar, er ingen grunn i verda til å ikkje gle seg til middag!! Øystein Hj. Opedal, STUDENT
  21. Nyleg var vi ein gjeng på toppjakt i Sverige, og var så heldige å få ein fin vaksen tiur heilt på slutten av eine dagen. Faktisk var det svarte natta då det small! Denne tiuren bestemte vi oss for å tilberede heilt blodfersk, som det seg hør og bør for slikt eit fornemt vilt. Her føl då oppskrifta på blodfersk tiur som eg gjorde det (nok mat til tre mann): KRAFT Flå tiuren og skjer ut brystfiletane og låra. Ta vare på hjarte og lever. Skroget og halsen går til kraft. Sidan vi ville kjenne den verkelege smaken av tiuren, laga eg kraft utan grønnsaker. Skroget vart oppdelt, bruna og dekt med vatn. Etter første oppkok skumma eg av, og let krafta koke i vel ein time. Deretter vart kraftbeina teke ut, og krafta fekk koke inn til minst det halve. BRYSTFILETAR Sidan vi berre var tre mann, la vi det eine brystet og låra i kjøleskåpet for seinare bruk. Det andre brystet vart krydra med salt, pepar og litt rosmarin, og bruna i godt smør(viktig!). Deretter vart brystet sett i omnen på 200 grader i ca 25 min. Indrefileten vart steikt kort tid i panna for seg sjølv. Hjarte og lever vart bruna til sausen. Fileten fekk kvile ei god stund i folie før oppskjering i fine skiver. SAUS Den ferdig innkokte krafta vart tilsett ei passande mengd kremfløyte, og smakt til med salt og pepar. Deretter vart sausen jemna, og opphakka hjarte og lever lagt i. Til slutt vart ei spiseskei god svensk prim rørt inn. TILBEHØR Kokte poteter, smørdampa rosenkål, steikt bacon og sopp. Ei flaske god raudvin, vi hadde Cabernet Sauvignon, men akkurat val av vin kan nok mange meir om enn meg! Etter ein lang dag i skogen smakte dette vanvittig godt, sjølvsagt servert framfor peisen i hytta!
  22. 120grs V-Max kan du starte på ca 66-67grs N160 og jobbe deg oppover. Men sjølv foretrekk eg eigentleg MRP til det meste i 7mmRM, om du kan få tak i det..
×
×
  • Create New...