På meg så kan det se ut som bruksbegrensningen på affeksjonsvåpen er fjernet:
"§ 5-4 Erverv og innehav av skytevåpen på grunnlag av arv eller minneverde Politiet kan gje personar løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar som minne etter arvelatar i rett opp- eller nedstigande linje. Politiet kan berre gje løyve til personar som kan dokumentere å ha tilstrekkeleg våpendugleik, som til dømes gjennomført førstegongsteneste eller aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon. Politiet kan gje løyve etter første ledd for inntil tre komplette rifler eller haglevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena, som er tillatne til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta. Politiet kan gje personar som har våpenløyve for pistol eller revolver løyve for inntil tre pistolar eller revolverar, samt våpendelar til desse skytevåpena. Det samla talet skytevåpen som kan ervervast på grunnlag av arv eller minneverde, kan ikkje overstige tre komplette skytevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena."