Jump to content

Mauser68

Members
  • Posts

    9,474
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Mauser68

  1. Dei der Enzo bladene er det bra stål i dei, og er dette bladet herda/etterbehandla skikkelig ? Forresten ein bra side det du hadde der. Masse fine prosjekt der...
  2. Har ein kjenning som har jakta i Afrika med bue. Og eg er i grunn av samme oppfattning som Shooter2 og Streken om at det er ei jaktform, eg kunne godt tenke meg. Det første han som eg kjenner, måtte gjere ved ankomst til jaktplassen, var å bevise at han faktisk var i stand til å treffe der han skulle med buen sin. Hadde ikkje han klart kravet der, så hadde han ikkje fått jakte i heile tatt. Og at det skal væra store krav til ein buejeger, det syns eg er rett å rimelig. For utenom god kamuflasje, for å komme seg innpå akseptabelt hold, må ein kunne treffe godt. At pila dreper forholdsvis hurtig, det er iallefall ikkje tvil om. Den sørger for relativ hurtig tømming av blodet i dyret, med riktig treff..
  3. Morten, sidan grunnlaget mitt var at eg ønska ein saklig tråd om test av knivblad, då skjønner ikkje akkurat motforestillinga di på at eg kritiserer på det grunnlaget.. Det er vel det dei fleste ønsker her inne, ikkje sant ? Og greitt nok at du er moderator og vil sjølvsagt holde ro og orden her inne. Men eg hadde heller forstått den kritikken med å kjemme alle over ein kam, hvis den kom frå Omega eller Edward, som har vært ein av dei innblanda i tråden. Men greitt nok, skal nok klare og svelge denne også Morten, og beklagar på det sterkaste om enkelte føler seg støtt av min kritikk... Hadde berre lyst til at tråden ikkje skulle bli ein konkurranse om kven som har lengs pisseunderstell..
  4. Eg hadde egentlig gleda meg til ein saklig fin tråd om test av knivblad, men blir litt pissed off, då eg finn ut at tråden eigentlig er blitt innendørs mesterskap i spytting.... Vær greie å hold praten på eit fagmessig grunnlag og ikkje la tråden skli heilt ut....
  5. Mauser68

    Knivstål FAQ

    Okey, takk for svar Edward. Har alltid trudd at 440 stålet var omtrent det nærmaste du kom vanlig flattjern, og det er muliges det også, men som du påpeker her med herdinga, så er det nøkkelen til sukksess... Hmm etter besøket av Metallurgen her, så har eg lært ein heil del om stål i det siste, og dette også var ein del oppklarande info om stålet...
  6. Ser utruligt spennades ut det smørbrødet der Blacksky !!
  7. Mauser68

    Knivstål FAQ

    Har kjøpt ein del billige kina kniver opp igjennom tida. Desse ser eg har ofte vært i 440 Stainless Steel. Har også deriblandt ein bootknife Smith & Wesson H.R.T i 440C stål. Ser du lista opp det 440 stålet under JA TAKK. Er dette eit greitt stål ? Kva er dei bra eigenskapene med dette stålet ?
  8. Aha, det er det som er klengenavnet til den ja.. Takker Mildot !! Og Sako30-06, beklager på det sterkaste, men denne har eg kun 1 stk av, så den inngår nok i samling mi. Ellers så skulle eg ha sendt eit brev til trøndelagen !! Har forresten ikkje fått svar ennå på den søknaden min, men dei fekk nok litt å tygge på. Dei ville ikkje gje meg lov å samle på generelt grunnlag og ba meg konkretisere samlinga. Så etter litt googling, fant eg vel det meste av ammo som finst i verden og gav beskjed om at eg skulle samle på all ammo frå 2 mm til og med .700 kaliber, både krigs og sivil ammo, så der har dei ein liten problemstilling. Har ikkje tatt med allt men dpg det meste... Har iallefall konkretisert søknaden...
  9. Heisan Har ei patron til 30-06 der det er ei .22 kule innkapsla i ein.30 plastholder. Dette har eg blitt fortalt er ei kule som blir brukt i varminting sammenheng. Men er det et spesielt navn på denne patrona ??
  10. Ja, det er jaggu litt arbeid bak det smykke av ei linse...
  11. Fjortis skreiv : Hmmm, hvis du skyter sikte, kva pokker skal du sikte med etterpå då ??
  12. Mauser68

    hjortestek

    Det er derfor eg aldri har klaga på blodskutt vilt og kuleproblematikk. Den er ferdig skamslått når den kjem ned til bilveg, he, he, he... Men har fått meg et par dårlige opplevelser med Norma Elite siste åra, så det blir stopp med den ganske snart... Men den er fin, hjortejakt er morro det og ikkje minst veldig god mat...
  13. Mauser68

    hjortestek

    He, he, joda har nok traska litt i liene rundtom her ja.. Årets kalv blei skutt i ca 30 - 35 graders helling, så du treng ikkje elgdrag for å få den ned igjen.. Den ruller av seg sjølv nesten... Men voksne menn har godt av å traske litt, det er godt for helsa, og så har ein veldig god samvittigheit når ein sitt på ein Søndag og sluker ei steik eller ein betre biff.... PS! Mosen er limt med lim klasse 0-1. Dvs. klasse 0 på vått føre og klasse 1 på tørt føre. Med andre ord livsfarlig å bevege seg på i helling over 20 grader... Derfor har eg alltid med spaserstokk, type Tysk Mauser, med antiskli såle bak.
  14. Mauser68

    hjortestek

    Hørtes ut som ein vel"lykka" middag det der Aircooled ! Langsteiking og godt mørna steik frå før er jo nok berre det til å få ein vellykka middag. Så då må du nok begynne å traske i bratte vestlands lier til høsten, så du får ordna deg med noko god mat... Og rester finskjært på nista et par dager, duger også godt. Berr knuse litt pepper på og sylteagurk, med et godt lag med majones under... Det gjer susen..
  15. Mauser68

    hjortestek

    C.E.A den oppskrifta som eg skisserte her, bruker eg maks 3,5 time på. Og for å gje deg eit veldig godt tips, så treng du kun å gå i butikken og kjøpa ein pakke med Maizena sausjevner type Brun, så har du resten av saus grunnlaget i krafta di, + litt krydder og det du i tillegg vil ha i, for å få den smaken du vil ha. Denne jevneren drysser du berre i sjyet når dette er kokt opp. Så har du i ein dæsj i slengen til sausen er så tjukk som du vil ha den. Enklare kan det nesten ikje bli. Personlig likar eg best å brune kveitemjøl litt både på grunn av konsistensen på sausen og litt smaken også. Men eg brukar ein heil del Maizena jevner, fordi at det er veldig enkelt. Litt kraft, litt salt og krydder og til slutt jevner. Enkelt og greitt. Og skal du til Bergen med Bil eingong, så kan du berre snakke til, eg tar gjerne mot et par steiker, hvis prisen er grei. Ei god hjorte steik er fin mat... Sjølvsagt er entrecote, indre og ytrefileten på hjorten det beste etter min meining, men ei god steik er snadder..
  16. Keith skreiv : Den er fin, det er saker det der.. Kunne godt ha tenkt meg besten sin slipestein, men den er nok trygt bevart hjå slekta som har overtatt garden.. Men eg skal nok spørra ein dag, kanskje eg kan væra heldig... Det er ikkje drift på den garden lenger. Den er pakta vekk til ein nabo.. Men den historia di med den samler kniven, fekk hårene på ryggen til å reise seg..... Sånt er dritt unødvendig.... Men slik er det, har laga knivar til et par kompiser, og det er med stor forbannelse når du ser kniven igjen etter et par år og den er rusta, skaftet er nesten grått og bladet er så sløvt at du kan knapt skjære i smør med det... Då blir eg litt forbanna, men i dei siste åra har eg lært meg å holde kjeft om slikt for å bevare roen, men av og til tar forbannelsen over....
  17. Jada Keith tørrsliping med båndsliper er ikkje akkurat det første ein prøver til meg, men det går, det går.. Ellers så husker eg gamle slipesteinen til bestefattern, som eg var med å sveiva når han skulle slipe ljåen, den funka som fanden sjøl den og eg trur nok ikkje eg klarer å få så godt bet i Mora kniven min, som besten gjorde på den slipesteinen sin... Den kunne du ta skjegget med og etterpå slakte...
  18. Mauser68

    hjortestek

    Sako30-06 skreiv : He, he, ja som sagt, det der området beveger eg meg ikkje inn på, men eg har ein viss forkjærligheit til Spanske, Chilenske og delvis også ein god Italiener... Men flott liste du laga over alternative viner til type sauser... Flott Sako30-06 !!
  19. Mauser68

    hjortestek

    Jepp, henger meg på det som Sako30-06 skriv her med marinaden.. Det er ein nytelse å kjenne den fine smaken av hjorten som den er.... Eg pleier å gjere som Per-S, smelle steika i steikepose ( Hvis eg har, ellers blir den bruna litt på panna før steiking. Men fine steiker av heil muskel, steiker eg kun i endene... ). Så har eg finhakka 1 stor løk, og 2 - 3 gullerøtter i bunn av posen under steika. Steika krydrer eg med kun salt og pepper, men vær raus med krydder og salt, for det gjer ein flott smak på sjyet. Deretter tar eg steike termometeret i steika og steiker den på ca 175 grader til den blir ca 75 grader ( kjerringa går inn i koma, hvis ho ser for masse rosenrødt kjøtt ) . Tar steika ut og ruller den inn i alufolie og et par håndklær rundt, medan eg lager til sausen. Sausen blir laga av sjyet. Bruner ein god klatt smør i panna, tilsett 3 - 4 ss med kveitemjøl og bruner dette lett. Ikkje brun det for mykje då blir det kjøttkake saus, og det passer best til ?? .... Nettopp kjøttkaker.. Lar panna kjølne ned 5 minutter før du har i sjyet, då blir sausen enklare å lage, uten klumper.. Så sper eg i sjyet og smaker til med salt, pepper og når sausen er passelig tjukk, så har eg i et par ss med rømme og 1 dl med kremfløte...Ta gjerne et par skiver med brunost og litt tyttebær syltetøy i for å lage sausen ekstra god.. Så ruller eg ut steika, tar av netting og skjær denne i fine tynne skiver, og heller all kjøttkrafta frå steika oppi sausen til slutt.... Fersk rosenkål, brokkoli og tja enten fløtegratinerte poteter eller vanlige poteter til. Har du fløtegratinerte poteter, lag kun ein liten skarp sjysaus til. Då er potetene kraftige nok, så du treng ikkje all den gode sausen til.. Og soppstuing av stekt sopp, bacon og ein dæsj kremfløte er snaskens uansett vilt syns eg, men det kan bli vel mykje hvis du har fløtegratinerte poteter... Og ikkje gløm ein kraftig rødvin, eg liker helst kraftige Spanske eller Chilenske til hjorten... Men vintyper til mat er ikkje mi store greie, men ein kraftig rund vin til hjort syns eg er topp..
  20. No skal ikkje eg påberope meg noko ekspertise på knivsliping, men eg har no slipe ein del knivegger oppover tida. Men det er faktisk fullt mulig å slipe ein kniv på båndsliper, berre ein bruker finkorna bånd og hvis ein veit litt om kva som skjer med ein kniv, når du begynner å sjå blåfargen i eggen... ( for ikkje å snakke om rosarødt ! ) Hvis du sliper fint et 0,5 - 1 sekund alt etter tjukkelse på eggen og knive, slepper opp og lar eggen kvile ca 5 mm frå båndet 2 -3 sekund, før du begynner igjen. Dette gjentas til du er fornøyd med grovslipinga. Då vil luftstrømmen frå båndet kjøle ned slipinga heile tida og eggen blir aldri overvarma.. MEN som sagt, du brenn kanskje ein kniv å to i forsøket, for det har med både makt og tid og gjere, så ein skal væra litt forsiktig. Betre å bruke litt tid og få det til, eller å kjøre på for fullt... Men det er fullt mulig, slik at det er sagt. Men det beste som eg har brukt er Tormek eller liknande med finkorna stein og vatn. I tillegg så har eg ein DMT diamant knivstål som eg brukar på kjøkkenet. Det frisker opp finpussen på ein kniv. Og brukar ein stålet ofte nok, så treng ein heller ikkje å slipe eggen så ofte, forutsatt at ein ikkje kjører i for mykje bein eller hardere gjenstander..
  21. 4 mm burde vel holde på ein vanlig bruks kniv ? Blir vel fort både tung og mindre funksjonell med så tjukt blad ??
  22. Når du skal legg ut bilder her, så må du opne bildet, slik at det viser i full størrelse på picasa web. Så høgreklikker du på bildet, velger egenskaper, og der det står URL adresse, merker du heile linken der og limer inn i mellom img klammene. Du har nok høgreklikka på bildet uten at det er i full størrelse.... Prøv det, så går det nok betre.. Her er beviset : Fin bikkje du har !!
  23. rabiat skreiv : He, he, må berre glise litt for meg sjølv her med den kommentaren din og med tanke på navnet ditt her på forumet. Men spøk til sides. Bikkjer skal ikkje vise aggresive trekk så lenge den ikkje blir provosert til det. Og den skal heller ikkje bite og glefse på medlemmer i husstanden. Då skal den ha ein god grunn til det, som nokon posta her tidligere med eit tannproblem eller andre smertefulle plager. Då er det normalt at bikkja blir aggresiv og forandrer sitt åtferds mønster. Men det er som regel er dette små tidsrom til problemet blir oppdaga, og gjort noko med. Eg hadde ein fuglehund, ei skikkelig stri hannbikkje, som var den største jæ... i sitt kull, og som dytta dei 9 andre kvalpene vekk bana sin veg til moras puppestell kvar dag. Problemet var imidertig, den dagen eg henta den, og ville at den skulle gjere som eg ville. Berre du tok tak i bikkja for å vise den vegen, eller den ikkje ville ut å tisse fordi det var regnvær ute, resulterte i at den prøde å bite meg.. Det blei ein hard tørn med mykje underkastelse trening, biting og forbannelse, men den funka bra etter ein tøff periode. Kjerringa mi fekk aldri kustus på den bikkja, fordi toneleie i stemma var av samme tone heile tida og ho var ikkje konsekvent med bikkja heller. Men den viste tydelige aggresive trekk ein periode i oppveksten også ( sikkert pubertet nr. 2 ) og glefsa litt rundt seg. Og det kurerte eg glatt med å svinge bikkja rundt og holde den i fanget, på ryggen. Holdt den i beina og holdt heilt til den roa seg ned og begynte å slikke meg på hendene og logre med halen. Etter ein de gjentatte slike episoder, kutta bikkja ut all aggresiv oppførsel... Men det var aldri problem overfor andre folk, kun meg som skulle bli sjefen til bikkja, som var målet for den aggresive oppførselen. Hadde den begynt på kjerringa eller andre og ikkje blitt kvitt det relativt fort, så hadde eg nok tatt affære med det, så lenge ikkje dyrlegen fant alternative svar på oppførselen.
  24. Ja eg også erfarte at større bilder enn 640 x 480 blir kutta.... Litt iriiterende. Syns godt at ein kunne fylt ut bildestørrelsen litt. Hadde blitt litt flottere hvis bildet kunne vært større. Men kanskje ein i Mods/Adms kunne ha tatt et par tastetrykk og fiksa det ?? Lar seg desverre ikke fikse med det themet som kammeret.no kjører nå.. Ikke før det blir kodet om evt. Og det kan ta tid hvis ingen henvender seg på annonsen jeg har ute om noen som har tid til å ta på seg css koding for oss.
  25. Takk for det Keith. Joda kniven blei ok den syns eg. Og som du poengterer har eg funne ei skaftform eg liker og som ligger godt i labbene mine. Men den første kniven eg laga, den savner eg som f.... Mista den under garntrekking på Tysnes for mange år sidan, når far min hadde ein fin båt ( Moonraker 35" ). Våkna tidlig om morgonen og skulle ut i lettbåten å dra garn, før fatter hadde dratt seg ut av køya. Men det var ein tabbe. Kniven kom aldri til lands igjen, mista den over ripa når eg bløgga ein fin Torsk... Hadde ikkje digital kamera i dei tider heller, så den kniven har eg heller ikkje bilde av...
×
×
  • Create New...