Jump to content

Mauser68

Members
  • Posts

    9,474
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Mauser68

  1. Hehe, ja det har nok det @Jegermeistern, litt synd at dei gamle bildene er borte iallefall. Hvis eg leiter på ein gammel harddisk, er det mulig eg har ein del av dei matbildene mine liggende, Ja eg skal ha kjøtthelg til neste helg, då blir det hjortekorv, bacon og lammerull som står for tur. Sylteflesket har eg begynt å lage helga før jul, så eg har den fersk gjennom jula. Kanskje eg må ha ein mattråd her inne etter gammelt.
  2. Godt å sjå det har vore liv i tråden, og bra det smakte Jegermeistern, eg har vore lite innpå her siste åra. Litt synd at bildene er blitt borte, er det skjedd i overføring til ny plattform?
  3. Og bruker du Idun, tar vare på kveiken og bruker denne nokon gonger til, vil gjæren også bli betre tilpassa sitt formål og gjer deg eit betre resultat, blir det sagt iallefall..
  4. Har fortsatt eit par flasker igjen frå juleølet i fjor, skal få litt meir tid før det testes.
  5. Det har med 2 ting å gjere, det eine er at det er slik det har blitt brygga i alle dager, derav grunnen til at me tilfører som regel ein del sukker og kandis, for å få gjærbart søtstoff. Det andre har med bryggeutstyret og muligheita for temperatur kontroll å gjere. Men for å trøyste deg litt, så har eg sidan Mai i fjor brygga 18 batcher med litt moderne vri, og har ikkje brygga tradisjonelt sidan i 2012-13.
  6. Brygga første i September, og brygga det siste for 1 mnd sidan, det skal tappast på flaske til helga.
  7. Har ikkje skutt særlig over ca 170-180 meter, men på 50-100 meter tester med forskjellige patroner, så er det eit par patroner som har har utmerka seg, Eley/Lapua Biathlon og Lapua Master M. Eg bruker ei gammel Brno Mod.2, der går CCI og Remington rævva, enkelte Winchester/Fiocchi går ok, men ikkje bra nok til BR/Langhold, stort sett det meste av Eley/Lapua går også bra til meget bra.
  8. Som andre skriver her, så må det være sirkulasjon av lufta inni røykjehuset. Det må sive ut godt med røyk, spesielt hvis du har ein slags røykgenerator som pumper luft/røyk inn i røykjehuset. Eg ville ha brukt kun or/older til røyking av kjøtt. På fisk ville eg hatt or som basis, men også hatt ca 1/3 med einer, då helst smågreiner med nåler på. Eg har flesket/baconet og laks/ørret liggende på rister over teinene som eg henger kjøtt i. Og alt av pølser/kjøtt lar eg henge. Hos meg så blir også tjæra dryppende på både flesk/fisk, men det er null problem, tørker over med ei fille som er lagt i saltlake, det fjerner mesteparten. Resten som er igjen, driter eg i og har heller ingen betydning, så lenge du skal ha det til eige bruk og ikkje til salg.
  9. Trur ikkje det er så mange som betaler lisens og det er eit veldig lite apparat som opprettholder det også.. Men det er langt viktigere å kjøpe og bruke ein godkjent jaktradio, ikkje billige Svenske/Kina radioer som ikkje er CE godkjent..
  10. Eg hadde tidligare ei .222, som hadde ein feil i kammeret, den blei brotsja opp til .223. Den samla ganske greitt, når ein berre fekk litt trening med avtrekket. Avtrekket er eit rufsete og tungt hagleavtrekk, som i grunn er det som trekker ned med våpenet, i tillegg til dårlig finish og treverk.
  11. Kjekt å høyre at tradisjonane blir holdt vedlike. Eg håpar å få igjen pressa mi, så det blir sylte til neste helg, gledar meg til det.
  12. Blir glad når eg ser nye prosjekttråder frå deg, denne er verdt å følge med på. Og beis på det treverket gjer seg, har brukt samme trikset på ein fleire våpen med lys og veldig dårlig struktur på treverket, etter oljing får den meir eksklusiv og flottere utsjåande.
  13. Det spørs kor langt du er villig til å gå i flisespikking, du som amatør kan gjere det uten problemer, så sant du holder deg innanfor dine parameter. Ein privatperson kan besitte ein "politiscanner" og bruke denne til å lytte. Men er det utstyr som skal brukes til sending, så må du har godkjent utstyr, ha tillatelse til frekvensbruk, til og med små PMR radiosett som kjøpes på leikebutikker er omfatta lovverket.. Modifiseres ein radio, er den ikkje lenger CE godkjent og heller ikkje lovlig.. Sender du ein mail til Post & Teletilsynet, så får du sikkert det du treng av opplysninger..
  14. Jodå, du som lisensiert amatør, har lov å gjere mykje med radioer, men eg vil tru flesteparten i denne tråden her, kan desverre ikkje smykke seg med den tittelen der.. Ein amatør kan modifisere alle typer radioer og sendeutstyr og bruke på sine områder, så sant at ikkje effekt, forstyrrelser/filter/frekvensområde overskrides.. Ein jaktradio skal være ein radio som er kjøpt spesifikt for formålet og være CE merka som jaktradio. Ein amatørradio er CE merka for eit spesifikt område, f.eks 144-148.000 Mhz.. I dette området kan ein radioamatør bruke denne radioen. Hvis det frekvensområdet utvides, er den ikkje lenger CE godkjent, men kan fortsatt brukes av ein radioamatør til frekvenser/sendeeffekt som amatøren kan bruke. Men den kan heller ikkje lovlig brukes av ein radioamatør til bruk som jaktradio.. Ein vanlig privatperson som kjøper ein amatørradio, utvider sendeområdet og programmerer den til jaktradio, har i all beskjedenheit begått opptil fleire generaltabber og det er absolutt ikkje lovlig.. Men det er mange som har gjort dette, det fungerer absolutt fint, så lenge den blir brukt til akkurat det den skal brukes til. Men i ytterste konsekvens, kan radioen ha for dårlig sender og filtrering, som kan også forstyrre sidebånd av jaktradiofrekvenser, og i ytterste konsekvens helsenettet, dette har faktisk skjedd. Det er også skjulte frekvensområder, som brukes til heilt andre ting og som er rimelig kritiske ved forstyrrelser, som kan få følger av dette.. Desverre for radioamatørene har dette også ført til at det har blitt ganske mykje forstyrrelser på andre bånd dei bruker, som følge av at teknologien har gått sin gang, og Hvermannsen kan både kjøpe og programmere sine radioer over ein lav sko.. Men som ved alt annet, normal bruk, kjøp av seriøst utstyr som f.eks Icom, Kenwood, Yaesu, så går dette normalt fint, men lovlig er det ikkje..
  15. Då må eg sei tusen takk for smaksprøven på ølet ditt Halvor. Det var mørkt og fint, flott maltsmak, eg synst kanskje det var ein anelse sterkt humla til å væra eit jolaøl, men den mildnar jo litt med lagring. Alt i alt eit kjempegodt øl, det må eg sei.
  16. Reknar med at eg skal lage sylte om ei god vekes tid, litt mindre i år trur eg, ungane er lite glad i det, så det blir kun eg som et det. Så blir det vel leverpostei i samme slengen, so det er unnagjort før jul Kjekt at mange lagar dette, topp julepålegg dette. Sent from my GT-I9300 using Tapatalk
  17. Ganske sikker på at det er ikkje til våpen, men kun til Hilti boltpisol ja..
  18. Neidå, det blir lite med melonhode av brygging på den temperaturen. Frå gamalt av, skulle kveik tilsetjast på mellom 35-39 grader, aldri over 40 grader, hvis eg ikkje husker feil.. Eg har prøvd å bryggje med mesketemperatur på tett oppmot 70 grader og brukt Whitelabs og ein annan gjær, har brukt fleire typar malt meeeen falt i grunn tilbake på standard brygging. Men i fjor brukte me ca 70 grader på mesken, kanskje me gjer det i år også. Ja kveik er ofte gjær som går i generasjonar, at ølet blir prega av gjær er det ingen tvil om, eg brukar å lukte og smake på ølet som er i lag med kveika, er eg ikkje fornøyd med den, so går telefonen til neste mann med kveik.. Sent from my GT-I9300 using Tapatalk
  19. Har bestilt 40 kg pilsnermalt og 10 kg munchenermalt og skal bryggja til helga. Blir tradisjonelt vossaøl som med mesking på omtrent kokepunkt og kveik frå ein kompis, som utgangspunkt, blir øl av det også, sjølv om eg veit godt at det aldri blir optimalt. Sent from my GT-I9300 using Tapatalk
  20. Ser bra ut det der, håpar du får dreisen på det. Ellers så kunne du brukt kompostkverna di og lagt ut kvisthugget på striesekker og fått tørka det i den tørre delen av året, då kunne du i grunn ha sløyfa heile røykjeovns opplegget. Då kunne du bygd røykjehuset direkte på ein ringmur på ei lita støypt plate, men med ein liten ventil i døra som slapp inn litt luft. Då kunne du fyrt opp eit lite bål med bjørkepinner direkte på ei jernplate i gulvet og strødd kvisthugget oppå, så etterfylt med jevne mellomrom. Men det er mange måter å komme i mål på, det ser ut til å kunne fungere det der då. Sent from my GT-I9300 using Tapatalk
  21. Nei til pølser ville eg nok ha brukt orr/older eller bøk, einer passer i grunn best til fisk synst eg iallefall.. Om du mikser inn litt einer so bør det gå bra, men ikkje bruk kun einer, det er mitt tips iallefall..
  22. Ååå satan det såg godt ut Tailgunner.
  23. Svært få år me har hatt muligheit til å ha dyret hengjande i over 13 grader.. Men me har alltid saga til ein trepinne som me har spent opp mellom den oppsaga buken og hatt vifte som står å bles på dyret. Har det vore kaldt nok, brukar me ikkje viltnett, for då er ikkje fluger noko problem normalt. Bruker mellom 80 og 110 døgngrader, så sant det er mulig, men av og til har det vore nødvendig med å ta det før pga temperatur. Skaut eit år første dagen i jakta og det var tropenatt 2 dager etterpå, så då blei det kun 3 døgn på dyret, før det blei partert, men alikevel hadde det nok fått 40-50 døgngrader.. Det med vatn, det er det mykje diskusjonar rundt, eg kan berre sei for min del, at eg er aldri i tvil om bruk av vatn, so lengje me veit at vifta tørker dyret og det får hinne allerede etter første døgnet.. Men eg veit at bruk av vatn ikkje er optimalt, men har aldri vore borti at noko har gått galt, med bruk av vatn.. Elllers so har eg fått sagt frå andre, at det kjøtet som du skal bruke til kjøttdeig, bør du ikkje modne, hvis du ikkje liker viltsmaken særlig. Hvis du skjærer det umiddelbart, so blir det ein mild og fersk smak på kjøttdeigen. Problemet er det at då har du blottlagt anna kjøt og du MÅ bruke vifte for å få hinne på det som skal hengje til møyrning, ellers so vil det gå gale..
  24. I overgangen på låsekassen, der utsparringa til patronutkastet er, det er kva eg har høyrd er det svakaste punktet på ein Krag. Det som var betre på Steyr låsekassene i forhold til Kongsberg sine, var at det var avrunda kant på låsekassen på Steyr, mens Konsgberg hadde rett vinkel, dette gjorde at det blei svakere på Kongsberg sine låsekasser.. Dette er meg fortalt, så ikkje heng meg om ikkje det skulle være 100% rett..
  25. Vel min kjære Ruger, ikkje la augene la bestemme kva du synst er bra og ikkje...
×
×
  • Create New...