Jump to content

Et nyttårsmåltid blir til.....


Mauser68

Recommended Posts

Så var nyttårsaften på trappene igjen. Har invitert søstra mi, mannen og guttungen på aftenen, og sammen så har me rota litt i fryserene og funne fram litt godsaker. Hadde eigentlig planer om kalkun i år, men sidan me er 2 familier med jegrer, så fant me ut at litt godt frå fryseren skulle heve nivået betraktelig.

Så eg stilte med ei middels stor hjortesteik, heimelaga flesk, og diverse innkjøpte råvarer. Søstra mi og mannen stilte med 4 rugder til forrett og grytekjøtt av hjort ( hadde håpa på ei steikt til, men det hadde dei ikkje ) og sjølvplukka piggsopp.

 

Var på jobb til klokka 14.30, så når eg kom heim, så bar det rett på kjøkkenet og svinga i gang med desserten. Selfølgelig, sidan både eg og spesielt søstra mi elsker karamell pudding, så blei det det i år også ( .....as every year, James.).

Matnytt1.jpg

 

Her er litt av råvarene som eg hadde for meg på kjøkkenet, hjort, rugde, bacon og piggsopp.... 8)

Matnytt2.jpg

 

Her er filetene av rugda skjært ut, og er klare for steiking. Desverre så blei det 1 filet i manko, på grunn av litt stygg skuddskade...

Matnytt3.jpg

 

Her er skrogene, levra og hjertet av rugda kome i gryta, og har surra litt i smør, før eg tilsatte grønnsaker og vann. Må ha skikkelig kraft på ein god saus til forretten. Sausen til forretten skal være ein sterk og smakfull saus med litt søtt innslag. Derfor valgte eg å bruke ein tranebær gele og ha i sammen. Kombinert med masse pepper og ein nydelig viltkrydder blanding, så blei det ein himmelsk god saus.

Matnytt4.jpg

 

Her er steika, som skal øyeblikkelig i panna, for å sviiest av.

Matnytt5.jpg

 

Grytekjøttet blir skjært i terninger, og frest skikklig i panna, i små doser av gonga. For mykje kjøtt i panna samtidig, og det blir grått og kokt kjøtt, istadenfor stekt kjøtt...

Matnytt6.jpg

 

Her har me silt av piggsoppen, og den skal bli nydelig soppstuing...

Matnytt7.jpg

 

Her har me nettopp helt på fløte på det som skal bli soppstuing. Det er bacon, champignon og piggsopp. Med masse pepper og fløte blir det nydelig sammen salt bacon....

Matnytt8.jpg

 

Her er steika svidd av, og den skal kose seg i sautepanna i ca halv time. Så blir det kjørt på gulerøtter og løk og vann, som skal bli ein fin fløtesky saus av.

Matnytt9.jpg

 

Så skal det lages forrett. Rugdefiletene skal nett fresest i panna, for å få litt steikeskorpe. Så skal dei settes bort og avkjøles til den skal i ovenen sammen med resten av forretten.

Matnytt10.jpg

 

Portebello soppen, har eg skjært stilken heilt av på. Så skal det et lite stykke margarin på soppen, og i smurt panne skal den inn i steikeovene på 200 grader i ca 7-8 minutter.

Matnytt11.jpg

 

Så blir det kjørt ein god slump med saus rett oppi soppen, og rugdefileten blir lagt oppå, så skal den i steikeovenen på nytt i nye 7-8 minutter.

Matnytt12.jpg

 

Og her er forretten. Ikkje så veldig godt komponert med pynt, her er det KUN det som skal i kjeften. Men skulle ha pynta opp tallerken litt med frukt/grønt... Men den tida til planlegging, blei litt knapp, forretten blei i grunn komponert mellom hyllene på den lokale Meny butikken.

Matnytt13.jpg

 

Her står pannene med hovedrettene. Det er kun grønsakene som mangler her, men steik, soppstuing, hjortegryta til barna, og potetene står klare...

Matnytt14.jpg

 

Her er steika servert, det var så vidt at eg fekk knipsa et bildet av den, etter at et par hadde forsynt seg. Det blei så hektisk på slutten at eg fekk desverre ikkje tid til å ta bilder av maten før den blei servert, det blei eg litt forbanna over. Men når mykje godt skal serveres på kort tid, før ting blir tørt og lunka, så går det sånn. Stressnivået er alltid på 95% rett før servering, når alt skal times og klaffe... Så får prøve igjen neste gong...

Matnytt15.jpg

 

Til maten, blei det servert ein god Rioja vin, ein Faustino I frå 1996, ein vin som absolutt var moden til servering. Og etter ein kraftig middag, så kom karamellpuddingen på bordet, å nei, å nei, å nei... Etter nesten 2 timer med bordet, så var det nett så vidt ein klarte å rulle seg frå middagsbordet og bort i sofaen... Og det stod det jaggu meg ei flaske med Martell og Bache X.O og venta, sammen med nytrekt Friele kaffi... Det er rett å slett hardt å leve det gode liv, GODT NYTTÅR !!!!

Link to comment
Share on other sites

Takk for det karer, det måltidet var faktisk ein av dei betre på lenge, så å stå på kjøkkenet og streve 4-5 timer, det er faktisk verdt det, når ein skal kose seg skikkelig. :mrgreen:

 

Og den forretten var nydelig, det var faktisk dagens overraskelse, så den varianten skal testes ut fleire gonger.

Link to comment
Share on other sites

Flott billedtråd Mauser. Mye snadder der ja. Kjenner godt til det selv det du sier at alt skal times og det kan bli både hektisk og varmt i pannebrasken for alt er ferdig og står på bordet. Du gir iallfall oss andre innspirasjon til å kokkelere.

Link to comment
Share on other sites

Pokker Mauser!

Den sausen der HAR JEG LYST Å SMAKE PÅ!

Alt så jo så utrolig godt ut, men så kom den sauskassrollen å svidde seg fast i netthinna mi...

Skulle ofra ei hel gryte med fårikål for ett vinglass med den sausen i....

 

Untitled2.jpg

Link to comment
Share on other sites

Falk skreiv :

Flott billedtråd Mauser. Mye snadder der ja. Kjenner godt til det selv det du sier at alt skal times og det kan bli både hektisk og varmt i pannebrasken for alt er ferdig og står på bordet. Du gir iallfall oss andre innspirasjon til å kokkelere.

Takk for det, det er moro å høyre sånt. Det er så morro og lage god mat, og ikkje minst når du har gjester rundt bordet.

 

Egil skreiv :

Skulle ofra ei hel gryte med fårikål for ett vinglass med den sausen i....

He, he, dette er faktisk hjorteryta til ungene som du har zooma, sausen til steika var ikkje ferdig på det tidspunktet. Men både eg og gjestene var faktisk einig i at hjortegryta var betre saus på enn steika. Eg blanda inn rugde sausen til forretten i den gryta og det gjorde verkjeleg susen over sausen. :D

 

.35Wheelen skreiv :

Når kommer matbok? :wink:

Flott tråd. :D

He, he, det er det fleire som spør om, gjett om eg har blitt mobba fordi eg stort sett alltid tar bilder av mat eg lager. Spesielt kjerringa lurer på kor tid eg skal lage bok... Søstra mi tok bilde av kaffitrakteren når den trakta kaffi, fordi det var det einaste eg ikkje hadde tatt bilde av påsto ho... :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...