Jump to content

Fxn

Members
  • Posts

    91
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fxn

  1. Det vart ein fin dag i skogen i dag, sjølv utan fall. Vi reiste ut og var klare for slepp ca klokka 8, akkurat då sola slo mellom grantrea. Rundt 15 min etterpå, fekk drevertispa godlukt i nesa, og små støtingen byrja. Uttaket følgde eitt par minutt seinare og lósen gjekk jamt og tett ei god stund til dyra kom eit stykke føre. Vi avgjorde postering å gjekk roleg kvar vår veg innover. Dyra pleier å følgja ei bestemd rute når hunden tar dei ut i dette området av terrenget, og vi trudde at i dag ikkje var noko unntak. Etter ein god time lós fekk eg sjå 3 dyr som kom hoppande roleg inn mot posten min, men plutseleg smatt dei inn i den tettaste granskogen ved og eg fekk ikkje inn noko forsvarleg skotbilde så eg lét dyra springa vidare. Kallet opp Jon og kopla hunden då ho kom halsande. Ein skikkeleg fin lós. Vi laga oss eit fint bål med svartkjele, kjøttpølser og matpakkar. Dreveren fekk òg litt mat. Reflekterte litt over dagens situasjonar og opplevingar før vi avgjorde eit nytt drev. I dette drevet vart det berre tull, sidan hunden fann godlukt etter ein hare som ho ikkje ville gi seg på. Trur den haren løp i sirkel rundt hunden og berre tulla resten av dagen. Til slutt så måtte vi kopla og seia oss fornøgde sjølv utan kjøtt i gryta. Prøver på nytt neste helg, no blir det ein dram.
  2. Startar ein tråd for oss som jaktar rådyr med drivande hund. Alle godkjente rasar er velkomne, og håper dette kan bli ein fin tråd med jaktopplevingar og gode historier. Fyr laus!
  3. Fxn

    Ei rifle til alt

    Ein rifla til alt Trur eg ville valt ein kort R8 Success i 308W med lyddempar og Swarovski optikk.
  4. Fxn

    Elgjakt 2019

    Heldiggriser ... sjølv har eg ikkje deltatt på elgjakt sidan 2001, manglar tilgang. Lykke til, følgjer tråden ...
  5. Jaktvåpen #1) Europeisk s/s med sidelås i kal. 470 Nitro Express, #2) Europeisk s/s med sidelås i kal. 12/70. #3) Europeisk s/s med sidelås i kal. 9,3x74R. #4) Blaser R8 Success i kal. 308W. #5) Blaser D99 Lux i kal. 20/76-7x57R. #6) Krag Jørgensen i kal. 6,5x55K. Swarovski Optikk. RCBS ladeutstyr. #7) Ruger No.1 i kal. 450/400 Nitro Express. #8) Ruger No.1 i kal. 300 H&H. Våpen til samling Europeiske s/s BPE dobbelrifler i originale koffertar frå før 1890’
  6. Fxn

    Samling?

    Tusen takk @Olesøn, det var det eg trudde. Her er ein liten smakebit på eit aktuelt våpen.
  7. Fxn

    Samling?

    Hei, Eg har lenge hatt lyst på ei lita samling med Black Powder Express (BPE) riflar frå før 1890’ Korleis skal eg kunna få handla slike riflar utan å vera medlem i ei samlarforeining? Er desse eigentleg registreringspliktige?
  8. Eg har over lengre tid sett etter ein kombi som kan følgja med meg under rådyrjakt. Eg har lyst på ein sideliggar med sidelåser! Det har vist seg å vera vanskeleg, eller «umogleg» å finna eit slikt våpen på bruktmarkedet, så no håper eg de kan hjelpa meg litt. Sidan det dukkar opp nokon aktuelle sidelås haglar iblant, så kan kanskje éin slik bli modifisert? Er det mogleg å montera f.eks eit innstikksløp i kaliber 5,6x52R i eit 12/70 hagleløp for så fresa ut til ein dugeleg kikkertmontasje og omregistrera våpenet til kombi?
  9. Eg ville nok heller nytta meg av ettersøksavtalen, og heller fått tatt liv av denne elgen ved fangstskot på kort hold.
  10. Fxn

    Jaktdress

    Konsentrer deg om å finna jaktklede med god passform. Når du har funne dei, har du komme eit gått steg nærare handel. Først då kan du vurdera om du treng membran-klede til jakta di. Eit tips er å kjøpa fleire bukser enn jakker sidan buksene får mest juling. Eg har Norrøna Kvinnherad med 2 bukser og ei jakke som eg bruker å ha med meg på hjortejakt då eg ligg borte ei veke på jakt. Ser for meg at han kan vera topp òg til fugljakt, utan at eg har prøvd! Til rådyrjakta bruker eg klede frå Jagdhund som eg kjøpte hos Brunst.no. Disse har fungert over all forventning i tørt/kaldt vêr. Hugs god passform ... då har du komme langt. Alt anna avheng av krava dine til tekniske løysingar og pris.
  11. Det dukkar nokre få gonger opp slike flotte haglar, fin pris òg om han blir endeleg seld for utroppris ... https://auktion.walterborg.se/sv/auktion/h19/hagelgevar/5746_1
  12. Eit lite spørsmål,- Smett .350 Rigby ned i ein standard M98 låskasse eller må mann opp til magnum? Edit:: Eg tok ein prat med Vågsland på FB og fann det ut ...
  13. Ny Sauer 303 https://www.landro.no/våre-merkevarer/sauer/sauer-303
  14. Mykje skriveri om Sauer 200 og 202 i denne tråden. Eg lurer meir på om dykk er fornøgde med Sauer 404? Lever den opp til forventningane eller bør eg heller skrota Saueren til fordel for ein R8 frå Blaser? Skal eg gå for stål eller lettmetall låskasse på Saueren? Mvh ein som verkeleg står i tenkeboksen.
  15. Sat på ønskelista i garderoben. Sidan fleire har hatt uheldige erfaringar med lettmetall kasser, så vel eg stål.
  16. Gratulerer med nytt og fint våpen. Korleis løyste «du» forstokken med dette oppsettet? Kan du demontera på lik linje som den originale stokken?
  17. Beveren er 100% vegetarianar, og eit utsøkt matvilt. Ein annan ting som eg ikkje var klar over ... beverskallar kan målast og blir bedømt på lik linje som gevir frå hjortevilt. (Bronse,sølv,gull) Hadde jo vore gøy med ein gull-bever sjølv om det forvaltningsmessig ikkje er det mest heldige for vidare jakt i denne kolonien. Hugs at enkelte grunneigarar rett og slett vil ha vekk alle beverane som herjar i skogen dems, og nokon tyr til ekstreme tiltak (dynamitt) for å hindra utbreiing. (Fysj) Mykje betre om engasjerte beverjegerar her får prøvd jaktlykka. https://www.njff.no/jakt/Sider/Måling-av-skaller-og-kranier-.aspx
  18. Eg sit på liknande erfaringar som @Castor. I snart 10 år har eg hatt med meg eitt par danske grunneigarar på beverjakt, så det blir nokre intense veker med jakt på våren. Mor/far er dei første som søker seg vekk frå hytta i denne perioden. Mat og territorie markeringar er nok drivkrafta vil eg tru!? Dei er også dei første som dukkar opp i vannskorpa kvar einaste kveld/morgon. Dei yngre beverane held seg stort sett ved og rundt hytta etter mor/far har byrja vårstresset.
  19. Heisann.! Kva for tankar har de gjort dykk om den nye modellen til Swarovski? Det var då eit frykteleg stort tårn på han Holder kanskje lik kvalitet på skarpleik som jakt modellane? https://www.swarovskioptik.com/hunting/x5i-c200507
  20. Å kunne måla svigermors sinnstilstand er jo såpass flott at siktet er verd kvar einaste krone ... Sorry - OT
  21. Fxn

    Sakoklubben

    Heisann. Eg har ein Sako 85 med kkc stokk. Kva for ein tofot rår dykk til dette oppsettet ? Det kjem heilt sikkert fleire Sako's i garderoben med kkc stokk i framtida, og difor så må tofot'n kunna raskt monterast og vert flytt frå stokk til stokk.
  22. Fxn

    Riflesekk

    Eg sit i same situasjon som trådstartar. Har vore på magasinet i Drammen og sett/prøvd Vorn sekkene. No gjenstår det å få kjent litt på sekkene til Eberlestock. Synst denne Gunrunner sekken er fin. Heilt topp til dagsturar. Eg er typen som pakkar med meg mykje i sekken, sikkert mykje unaudsynt òg. Har tidlegare ein Norrøna Hjerkin som no er utslite.
  23. Dette var ein lett rifle med magasin. https://www.landro.no/barrett/101293/barrett-fieldcraft-jakt-carbon-stokk
  24. Kva med eit prosjekt frå f.eks Rafdal? Ein 700- clone, hightec skjefte og f.eks carbonløp? Har lest på nettsida til Rafdal om eit bygg basert på ein Rem700 til underkant av 3kg (2,8), utan kikkertsikte og diverse gadgets.
×
×
  • Create New...