Jump to content

Fxn

Members
  • Posts

    91
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fxn

  1. Eg sende Mail til Ragnar Hansen om spiralfluting, men fekk som svar at dei berre gjorde slike jobbar på sine eigne sluttstykker. Han rådde meg til å kontakta børsemaker Knut Hopmo.
  2. Fxn

    Sakoklubben

    Takk for svar @Torf Eg tenkjer ikkje på vektreduksjon, men synest spiralflutet sluttstykke er pent. Lèt det seg ikkje gjennomføra så er det òg heilt greitt.
  3. Fxn

    Sakoklubben

    Eg kunne tenkt meg å få sluttstykket på min M85 stainless flutet! Nokre som har anbefalinger til børsemaker og eventulet pris på noko sånt?
  4. God dag godtfolk! Eg sit no inne i snøværet med kaffikoppen og funderer veldig på om ein dugeleg børsemaker kan laga ein slik muffeløsning på ein TRG22 slik at eg kan byta piper og kaliber enkelt? I utgangspunktet så er kaliber 308 og 260 av størst interesse, men rifla kan kanskje handtera andre kaliber utan å modifisera alt for mykje?
  5. Nei eg trur eg må halda meg vekk frå slike trådar her inne. Dei set alt for mange tankar i sving for ein drøymer som meg. Jaktkrag i .275 Rigby er ein draum. Det er òg fullt mogleg å få laga seg ein slik hos ein dugeleg våpensmed, men det kostar med ny pipe, filing og banning av sluttstykke/utdrager, nytt skjefte og spesialbygd kikkertmontasje.
  6. Eg har veldig lyst på ein dobbeltrifle i kaliber 470 NE og ein i 9,3x74R. Ein pen hagle i kaliber 12/70 med fullgraverte sidelåser og ein kombi i kaliber 12/76-7x57R. Elles så likar eg riflene til Sako veldig godt og kunne tenkt meg slike rifler i kaliber 338 WM, 30.06, 6,5x55 og ein luring i 223 Rem.
  7. Frykteleg synd at du måtte oppleva dette @asterix Nokre andre her inne som jaktar med dette systemet? Les alle røynsler med stor interesse sidan broren min er på jakt etter Ein slik kombi, og eg trur eg må jobba litt for at han skal velja noko anna.
  8. Fxn

    Sakoklubben

    Hei. Kan nokon hjelpa meg? Eg er på jakt etter den beste kikkertmontasjen som kan monterast på ein Sako 85.! Det må vera ein hurtigmontasje. Nokre forslag? Eg brukar Swarovski siktar frå 42 - 56 objektiv.
  9. Fxn

    Kuiu

    No har eg akkurat avslutta 30 min med nerding på nettsida til Kuiu. Der var det jammen mykje fint. Trur eg får senda ein bestilling i god tid før hausten. Byrjar lite med ein bukse, så kan eg jo prøva ut kvaliteten på han før eg eventuelt bestiller fleire produkt.
  10. Fxn

    Kuiu

    Eg brukar stort sett vadmelsklede frå Jagdhund. Etter ein regntung haust under hjortejakta så har eg sett meir på aktuelle jaktklede med pustande membranar. Er kleda til Kuiu støysvake? Som posteringsjeger så har det mykje å seia. Iallfall i hovudet mitt.
  11. Studer bruktmarkedet.! Finn.no er ein framifrå plass for å leita etter billeg optikk av alle sjangrar. Ser mykje sjølv på zeiss 10x45 RF om dagen. Ikkje den nyaste, men den gamle modellen (første utgåva) til halvparten av prisen av den nye. Eg er ingen spesialist innanfor optikk verda, men eg trur ikkje den nye modellen til zeiss er dobbelt så bra som forgjengaren. Mann kan spara mye pengar ved å kjøpa brukt.
  12. Eg kan rå til «Toppjakt på Tjäder» filmen til Ulf Lindroth. Han jaktar tiur med ein Sako i 6,5 ... det følgjer òg med ein eigen sekvens som omtalar skyting til denne litt krevande jaktforma. Sjølv synest eg det er ein av dei betre jaktfilmane eg har sett.!
  13. Gøy å lesa om såpass stor interesse av dobbeltrifler. Skulle eg handla meg eit slik type våpen, så ville eg følgt med på Walterborg, Holt’s eller lignande auksjonar. Det dukkar opp fleire fine dobbeltrifler på begge desse nettsidene, nokre dyre, men òg nokre få ein kan investera i og bruka utan dårleg samvit. Slike våpen er ei investering, og kjøper mann ein «britisk» fabrikat, så vil verdien auka med tida.
  14. https://www.walterborg.se/sv/auktion/auktion/h18/dubbelstudsare/5309_1
×
×
  • Create New...