Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    676
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Heisan. Og velkommen til Kammeret. Har ikkje sjølv vore borti Viking Arms, ei heller Vector riflekikkertar. Så det skal eg ikkje uttale meg for mykje om anna en å påpeke at eg, personleg, ville gått for noko litt meir kjent (når det gjeld rifla). Ville nok og gått for ein litt mindre kikkart. Veldig skjelden du har bruk for 18X forstørrelse Ellers er det ein veldig lur ide å leite på Finn. Det finns mange gode tilbod der.
  2. Tja, skal eg velge mellom vievatn og orming må eg vel seie at orming høyres best ut. No vil eg jo tru at vievatn gjer god drep om ein ser på kristendomens historien, men det kan jo fylgje med andre uønska effekter.. Nei, trur eg får gå for orming! Men så melder jo spørsmålet seg: kva orm? Dette er jo ei ussel 6mm-pipe.. Me nermer jo oss våren og små-hoggormtid, men det kjennes ikkje heilt rett ut det heller..
  3. Takker for gode tankar/innspel. Har søkt ein del rundt på nettet og funne folk som forfektar alle ytterpunkt. Løpet mitt havner nok i billigkategorien din. LW-løp. Men tenkjer eg gjer eit lite rituale med innskyting. Om ikkje anna for å feire mitt fyrste nye løp 1 skudd puss, 2 skudd puss og 3 skudd puss var jo ein overkomeleg affære..
  4. Då vart det eit løp i 6XC. Ikkje fått gjort så mykje meir en å åpne løpskanalen på originalstokken litt, og montere det saman. Så kjem det store spørsmålet.. Innskyting av nye løp. Er det noko einigheit om det er vits? Og i så fall; korleis gjer folk slikt? Aldri vore i denne situasjonen før, så alle innspel vert sett pris på!
  5. Kan det vere noko slikt? https://en.wikipedia.org/wiki/SKS
  6. Om ein velger å sende ammunisjon med posten må ein vere klar over at dersom pakken vert rota vekk, får du ikkje erstatning. Er vel ikkje mange pakkar som vert rota vekk i året, men det skjer!
  7. https://www.accuratemolds.com/bullet_detail.php?bullet=32-100M Har to støypeformer frå accuratemolds. Veldig nøgd med kvaliteten på dei. Han lager støypeformer i aluminium, messing og stål.
  8. Fekk tak i ei støypeform for papirvikla kuler til .358. Denne slepp kuler rett over .350. Har både .350 og .349 NOE collet dies så har den moglegheita og. Men dette vert jo heilt slettvegga kuler. Har du noko erfaring med slettvegga blykuler? Tenkjer jo det skal gå greit, men kanskje ikke vits å byrje på toppen av ladetabellen...
  9. Dei der såg snasne ut. Kvar har du fått tak i dei?
  10. Har handla litt ladekomponenter og ein kikkert hjå dei tidligare. Gjekk greit det. Men har høyrt litt forskjellig.. Får kontakte dei når det vert aktuelt. Om det berre er å slenge inn ein søknad og så bestille avgårde, er jo ikkje det heller heilt uoverkomeleg
  11. Hmmm.. Det må eg kanskje forhøyre meg om. Har du prøvd det?
  12. Supert. Takker for informasjon. Då lar det seg i alle fall gjere.. Om en det vert litt ventetid Kan du søke digitalt? Eller må du sende inn papirsøknad?
  13. Ser ut som om eg har klart å skaffe meg hylser. Har og fått tak i litt kuler. Nok til å kome meg i gang med Støype sjølv er absolutt ein moglegheit. Fekk ei støypeform i sommar til ei papirvikla kule til 358 Winchester/350 Rem mag. Denne slepp kuler på ca .351/350, og 240 gr. Kan kalibrere den ned til .349 med NOE kalibreringsdier. Så denne skulle fungere. Tanken med å bestille frå USA var at Hammer Bullets lager kopparkuler til 348 Winchester. Og det trur eg ikkje eg skal hive meg på å lage... Endå
  14. Har då fått tak i (venter på godkjent søknad, sjølvsagt) ei Browning 71 bøyebørse i 348 Winchester. Kan vel seiast at ladekomponenter ikkje er hyllevare på den lokale våpensjappa. Ser at det er fleire produsentar i USA som lager kuler og lagerfører hylser. Er det nokon som kjenner til prosedyren med å kjøpe ladekomponenter frå USA? Har vore i kontakt med Hammer Bullets, og dei er villige til å sende. Berre usikker på om eg treng noko godkjenning.
  15. Flott kniv og kul slire. Er det du som har laga kniven og slira? Har laga eit par puukko'ar sjølv. Men er ikkje så glad i måten dei sliper knivbladet inn/ned mot skaftet. Vert aldri heilt nøgd med korleis eg får til tilpassinga her. Men det er jo mangel på kunnskap/håndalag frå mi side.
  16. Stemmer. Våpensøylen i Bergen. Dei har ei 1895 Trapper ståande i butikken no… Freistande.
  17. Gratulerer med kniv. Litt slik "grail knife" det der... Korleis er åpninga på den? Har hatt ein Umnumzaan tidligare, men vart aldri vand med åpninga. Driv og og debaterer om eg eventuelt skal gå for den store eller den vetle...
  18. Har du skyvelære? I så fall kva er diameteren på den gamle kikkerten? Og kva er diameteren på den nye? Mykje «tilpassning» ein kan få til med rå makt. Kan jo vere den gamle kikkerten er deformert utan at det har gått nevneverdig utover funksjonen.
  19. Ser ikkje unormalt ut dette her. Kva våpen er dette? Om dette er i øvre sjiktet kronemessig, ville eg kanskje ikkje vore heilt nøgd med at dette ikkje var gjort frå produsenten.
  20. Eg fekk tak i denne frå Turnbull Restauration: https://www.turnbullrestoration.com/gun/dovetail-red-dot-mount-vortex-venom-burris-fastfire-winchester-94-1892-barrel/ Har montert eit Docter rødpunksite på den. Enda til slutt opp med eit dioptersikte i staden. Så montasjen kan vere for salg...
  21. 1: Har montert eit par slike slipbare kolbekapper på rifler eg har måtte forlenga. Eg er vel sånn midt på treet "handy" og har fått til ok resultater. Har tilgang på bandslipar. Har og laga meg ein liten jigg der eg kan kopiere vinklar frå kolben og overføre dei til denne. Vert greit nok til midt bruk. 2: Kor mykje du kan kappe av ein syntetkolbe er vel heilt avhengig av kva materiale kolben er laga i og korleis den er konstruert. Er dette ein mjukplast-kolbe trur eg du slit. Her er vel festa for kolbekappa støypt inn. Sager du av for mykje tenkjer eg du mister desse. Og å lime inn noko nytt i ein plaskolbe trur eg er vanskelig. Om den derimot er i glass/karbonfiber eller noko liknande, kan du nok gjere omtrent kva du vil. Om du er villig til å støype inn nye fester for kolbekappa.
  22. Kan det vere kuler tiltenkt 7,62x36?
  23. Håper at ein telfonsamtale til våpenkontoret skal kunne løyse mykje. Igjen takk for gode tips og råd. Var ein liten kalddusj å sjå den at oversikten over registrert våpen.
  24. Ja, spørs om det ikkje må innførast nokon andre rutiner!
  25. Gode tips og råd. No mangler jo ikkje våpenet, så satser på dette kan løyse seg minneleg med våpenkontoret. Selger og kjøper er einige om hendelsesforløpet.
×
×
  • Create New...