Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    696
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Som overskrifta seier er eg på jakt etter ein vanntett hatt med brem. Bruker hette og caps når det regner no. Men ser for meg at det hadde vore greit å hatt ein litt vid hatt når eg berre treng beskyttelse mot regnet. 

     

    Nokon som har noko å anbefale?

  2. Vaquero skrev (16 minutter siden):
    stigamundsen skrev (14 timer siden):

     

    I skumringen når lyset er dårlig i en tett granskog blir alt svart. Nå for noen uker siden måtte jeg gi opp mine bøylerifler på enkelte plasser i skogen under marginale lysforhold

    Ja, ser det kan vere eit problem. Har du prøvd med fiberoptisk framkorn? Ikkje orøvd sjølv, men har ein ide om at det skulle kunne hjelpe i dårlig lys. 

  3. Har hatt eit scoutsikte, ein Leupold 2.5på ei boltrifle ein gong i tida. Vart aldri heilt venner med dette kikkertsiktet. Har og hatt dette montert på Marlin 1895 guide gun'en. Dette vart bytta ut med eit rødpunktsikt. Sig Sauer Romeo 5. Sett bort frå navnet var dette berre heilt strålande! Ikkje problemer med å halde seg godt innanfor sirkelen på dyrefiguren og lynkjapt å finne siktebildet. Klarer og å skyte med begge augene opne. Det fekk eg aldri heilt til med scoutsiktet. 

     

    På denne har eg og åpne sikter ala ghost ring. Dei fungerer og forbausande godt. Samling i gamle gode snusboksen på 60-70 meter ståande skyting

  4. Anar eg ein god sleggemekaniker her? :-) Jau, du må til med litt småverktøyr fyrste gongen. Og om du driv og vekslar mellom forskjellige ladningar er det jo ikkje det mest praktiske. Men eg satser på at eg skal finne ein treningsladning og ein jaktladning der eg kan justere mellom ladningane ved hjelp av denne elevatoren på siktet. 

     

    Sikler ellers på ein slik: https://www.turnbullrestoration.com/gun/fastfire-barrel-mount-model-1892-1894/

     

    Men han sender visst ikkje ut av landet. Vurderer om eg skal høyre med Rafdal om kva han skal ha for å snekkre saman eit slikt feste. 

     

    Har egentlig og lyst på eit slikt Williams-sikte, men då eg har den big bore varianten (som har "bola" seg opp på kvar side framme og bak på låskassen) veit eg ikkje kor mykje filing og styr det vert å få tilpasse eit slikt sikte.

  5. Federal86 skrev (4 minutter siden):

    Den der er jo helt konge. 

    Så og si ganske lik min, men jeg skulle fått byttet ut kolben til noe annet en treverk.  

    Er du nøgd med denne løysinga? Enkel å montere/demontere?

  6. Ståle R skrev (2 timer siden):

    Den va horribel 😂Men ikke værre enn 1895 med disse stokkene på🤮

    Midwest-Industries-M-LOK-Forend-for-Marlin-Lever-Action-Rifles-2.jpg

    Veit ikkje eg.. Har sett litt på ein slik stokk til mi børse. Må jo vere praktisk og greit her på pissvåte vestlandet. Bortsett frå at du nok må rense ut litt lauv og barnåler etter kvar tur. 

  7. Du kan jo gå ned litt i kulevekt om du går over til homogene kuler. Eller så beheld du kulevekta, passer på at du har ei litt blaut kule og går ned på hastigheten. 

     

    Eller går over til å skyte heimstøypte "tunge for kaliberet" blykuler :-) Type 300 grain i 358 og 320-350 grain i 375. Med rette legeringa har du nokon som går gjennom det meste med god ekspansjon og svært lite fragmentering. 

    • Like 2
  8. Leste litt om denne Winchesteren. Dei bruker vist samme løpa til 375 H&H, 416 Rigby  og 458 Lott. Noko som gjer at løpet i 375 er tyngre/tjukkare en løpet i 458 Lott. 416 Rigby var visst "sweet spotten". Skal vere original lengde på denne, 24 tommer. Så kanskje me kan offre ein tomme eller to. 

     

    Artig observasjon om børser og løp i 9,3x62. Spanande kaliber. Om ikkje anna så for utvalget i kuler her heime på berget. 

     

    God tips om denne støypeforma til Lee. Så var det berre å oppdrive den... :-)

    • Like 1
  9. Torf skrev (9 timer siden):

    Winchester M70 Express pre64 i 375 til 7500.-. 

    Etter manges mening, min inkludert, er dette den ultimate grovkaliberrifla uansett pris.

    Løp og kjøp:

    https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=238069539

     539_402360936.jpg

    Galleribilde

    Ikkje no lenger :-) Denne er på veg heim i posten til meg :-) Har litt anna forskjellig i grøvre kaliber, men dette er jo " the grand old lady". Skal verte spanande å prøve litt forskjellige ladningar. Hadde tenkt å bestille ei støypeform. Støypekuler til trening og kanskje jakt? 

    • Like 5
  10. Tanken var å ha backupsikter utan å måtte ha hurtigfeste på raudpunkten. 

     

    Trur kanskje ikkje eg ville gått for å frese spor i pipa, men å modifisert eit løpsmontert express baksikte kunne kanskje gått? Frest dette ned til 11mm spor? Hmmm...

     

    Har fått montert eit raudpunktsikte på ei slik scout-skinne på bøylebørsa. Og følelsen av å gå med denne i eine hand utan å måtte ta hensyn til ein kikkert som er i vegen for tommelen er heilt himmel :-)

  11. Går og lurer på om det er praktisk mulig å montere eit rødpunktsikte fremme på løpet (ala scout-rifle) og få montert dette så lågt at det er mogleg å sjå dei åpne sikta i nedre del av rødpunktsiktet? I mange tilfeller går det an å heve dei åpne sikta litt. I mitt hovud høyres dette ut som ein fantastisk ide.

     

    Nokon som har tenkt samme tankane/prøvd det ut? Om det lar seg gjere reint teknisk (er vel eit spørsmål om penger) så det einaste eg kjem på som kan vere fluga i suppa er at siktebildet i rødpunktsiktet vert litt "travelt". 

     

  12. Trur ikkje det at du er "liten og spinkel" er ein uting når det kjem til rekyl. Er du stor og tung med mykje masse i overkroppen, er det vel vanskelegare å "rulle" med rekylen. Er sjølvsagt mykje avhengigf av trening og teknikk, men slik @magnum_mauser fortel, er det mangel lettare karar/kvinner som skyt godt med tung rekyl.

     

    For min del er det å styre frykten for at det gjer vondt. Når eg forsoner meg med at dette kjem eg til å kjenne, så går det betre. Også viktig å gje seg før du er mør. Med ei lett børse i eit hardsparkande magnumkaliber kan det vere nok med 5 eller mindre skot på banen. 

  13. 1 hour ago, Torf said:

    Blaser R8 med 60cm løp er omtrent like lang som en Tikka T3/M98, etc med 52cm løp.

    Noe å tenke på også for std-kaliberne.

    Det er "hele pakka" som teller.

     

    Det kan nok vere sant, men min Winchester kosta meg 5000,- ein gong i tida. Er vel og ein del av heile pakka...

  14. Er enig at ein har nokre utfordringar med dagens blyfrie kuler i kortløpa 308 og 6,5x55.

    For min eigen del har eg ei kortløpa børse i 308 win. Veldig kjekk og grei å ha med seg i dei terrenga eg jaktar i på vestlandet.

    Fekk kjøpt 100 stk 150gr Barnes TSX billig på Finn. Driv og tester litt for å sjå om eg kan bruke dei i det terrenget eg jaktar i no. Her vert ikkje halda lenger en maks 80-100m. Testar så langt tilseier at eg kan bruke denne kula til dette føremålet. Men skulle eg tildømes på reinsjakt, hadde ikkje dette gått. 

     

    Så kva "løysinga" på dette er for den gjengse jeger, kan eg ikkje seie. Men at alle skal over på 7mm rem mag. er i mitt hovud ikkje ei god løysing. Og 60cm løp med demper i tillegg kjem eg aldri til å dra med meg gjennom krattet i bratte vestlandslier. 

  15. 4 hours ago, Torf said:

    Dette ser ut til å være en evigvarende debatt i tråd etter tråd om marginal ytelse i margarinkaliberne 308 og 6,5x55.

    Er man i tvil, gi faen og kjøp noe annet som holder mål uten tvil. Det skylder man viltet og egen samvittighet.

    Meiner du 308 og 6,5x55 er marginale patroner til norsk hjortevilt? Kva seier statistikken? Det er vel felt noko vilt med desse patronene. Også med blyfritt
     

    No er vel mykje av denne typen diskusjonar her inne på forumet desse dagane om kva som vil fungere om det kjem eit blyforbud. Heilt enig i at dyrevelferden skal kome fremst. Men det må no allikevel gå an å diskutere gode løysingar på utfordringa med blyfritt i desse patronene?

     

    Det som kanskje mangler litt er testing. Synsing har me vel nok av..

    • Like 2
×
×
  • Create New...