Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    673
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Sjå der ja.. Må ha låge i lomma ei god stund...

     

    All reduksjon i tverrsnitt vi jo føre til ein reduksjon i styrke. Gravrust/pitting kan ofte vere ganske ille før det medfører store reduksjonar. Det som kan gjere det verre er om du får linjære feil, (tildømes groper på linje på tvers av belastningen). Men no vert vel all kraft overført frå bolten til låskassa via låsklakkane framme på bolten?  Du har ikkje gravrust rundt låsklakkane? 

  2. Det kan jo vere du er klar for eit nytt løp, ja… Avhengig av kva presisjonskrav du har. Om det er «godt no» er det jo berre å dure på. Om ikkje er det på tide med nytt løp. 

  3. Bly skrev (9 timer siden):

    Er det noen som har sett dette brukt på riflestokker? 

    Er det ikkje vanleg å bruke vakumpotte/kammer ved bruk av kaktusjuice? Veit du får kjøpt slike "potter", men du får ikkje ein heil riflestokk ned i ei slik. Kanskje ein todelt ein?

     

    Imponerande tolmodigheit og resultat, forresten!

  4. Har kjøpt kniv frå utlandet ein del gonger. Har handla frå privatpersonar, nettbutikkar og ebay. Ikkje hatt nokon problemer så langt. Og Buck 112 skulle i alle fall vere hodt innanfor alt som finnes av liver og reglar. 

  5. Har hold på med heimeladning av og på i 15 år. Har i den tida hold på med mykje "puttling" med rare kaliber, små kvanta med kuler og mykje skifting av komponenter. 

     

    Liker eigentleg å puttle på med slikt, men ser at det går ut over rein skytetreting. Når nesten alle turane på banen involverer ein eller anna form for testing av ammunisjon, er det ikkje så mykje tid igjen til faktisk skytetrening. 

     

    No er eg i startgropa til å få det nye 6XC-løpet opp og går. I den forbindelsen lurer eg på korleis folk utviklar ladningar for eit nytt kaliber med berre nye komponentar. Har sett litt videoar der ein skyt ein ladestige og noterer hastigheita, for så å fortsette uviklinga frå dei evt. "nodane" ein finn. Har ein gammal Beta-kronograf, men er usikker på om denne er presis nok. 

     

    Alle tankar, idear og prosedyrer mottas med takk. 

  6. Høyres meir ut som om det er noko laust i forbindelsen mellom børsa og kikkerten. Har du sjekka alle skruer? Greit å sjekke at boltane som fester stokken i låskssen og er stramme. Om det er litt slark her, kan det gje ein del utslag

  7. Sjøfugljakt? Gåsejakt? Om du treff noko særlig med den? No har du vel ikkje lov å ha meir ein to skot i hagla, så då dett vel litt av poenget vekk. Men det er jo gratis hagle då...

  8. Om det er tilgjengelig i Norge eller Europa veit eg ikkje. Men eg har tidligare brukt selskap i USA som videresender pakkar. Du får ei adresse hjå dette firmaet i USA, og så sender dei det til deg når dei har motatt pakken. Fungerer fint. Eg har brukt JetCarrier. Har grei erfaring med dei. 

  9. Kva type kniv er du (han) på jakt etter? Med type meiner eg tradisjonell norsk/skandinavisk eller meir "moderne". Gjerne laga av rustfrie høglegerte stål. Slipte knivblad, ikkje smidde. 

  10. Om det er mykje blyavleiringer i løpet klarer du ikkje «skyte» dette ut på banen. Har litt erfaringer ned slike gryteskrubber i kobber. Dra ut ein lang tråd og surr denne på utsida av ein trang pussepropp. 

  11. Slik eg har forstått det kan du bruke våpenet når papirmølla er fullført. Før du får plastlappen.

     

    Eit anna alternativ er jo at kjerasten din kan ordne med ein utlånserklæring. Då er du vel dekke i alle rettninger. Ein kan jo handel ammunisjon med gamle "blålappen". Denne fungerer jo som våpenkort til du har mottatt det endelege kortet

    • Thanks 1
  12. Tenkjer på om eg skulle bestille ei støypeform til 348 Winchester hjå Accurate Molds. Lurte på om det var nokon som ville hive seg med, så kan me dele frakta? Eg har to støypeformer frå han. Støyper fine kuler. Han lagar ikkje holspiss, men du kan bestille fleire design i samme forma. Begge dei eg har er 4-hols former med to design i. Fungerer heilt fint!

     

    Her er nettsida: 

     

    https://www.accuratemolds.com/index.php

  13. Skjer det samme kvar gong? Forandrer det treffpunkt? No går eg på husken her, men trur eg har høyrt snakk om at nokre sikter er laga slik at om kula går for høgt, så skrur du mot Hoch. For å senke treffpunktet. Kjem vel an på perspektiv :-)

  14. Kjenner ikkje til Hertel og Reuss, men på navnet kan det høyre ut som eit tysk sikte? Meiner eg har fått med meg at gamle tyske sikter av og til justeres motsatt av moderne sikter? I tillegg er merkinga litt spesiell? H for opp og T for ned har eg sett på nokre sikter. Ikkje sikkert det er noko gale med siktet. 

    • Like 1
  15. Chiefen.v-2 skrev (12 minutter siden):

    Med mindre en jakter gram er dette med kort og lang kasse bare en teoretisk øvelse for kos med kaffen foran peisen.

    No er vel mykje av det me debaterer her inne på forumet ein teoretisk øvelse :-) Om det no er kos forran peisen eller drøsing på standplass. Ser 260 Rem er nemd lenger oppe. Sikkert eit supert alternativ for heimeladaren, men om ein skal basere seg på kjøpeammo er vel 6,5 CR å foretrekke? 

×
×
  • Create New...