Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    696
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Er de nokon som har leika med tunge heimestøypte blykuler i 358 Win? Har leita etter ladedata i området 250 -300 gr. men ikkje funne noko. Lurer på å gå til innkjøp av ei støypeform til ei slik kule, men hadde vore kjekt å ha nokon ladedata å gå etter. 

  2. Nei, ikkje feilskriving, men berre dårlig definert. 9,65 er diameteren på meplat'en. Tenkte det var denne som er viktigst. Skal spesifisere litt kva målet betyr. 

     

    Det er nok den blautaste legeringa som gjer best ekspansjon, men eg trur ikkje eg treng "maks" ekspansjon. Byrjar jo allerede på 11,5. Så er det jo og denne effekten av stor og flat meplat. Har lest ein god del om dette. Er ein del "delvis" truverdige kjelder som hevder at effekten av dette kompanserer for mindre ekspansjon. Men her er eg langt ute i teorien. Har ikkje noko reel erfaring. 

  3. Gode tankar når det gjeld lakkering. Var ikkje heilt nøgd med resultata på desse kulene. Måtte bake to gonger for å få god dekkning, og ein kan sjå på kulene at det er litt "klattete". Fyrste forsøkete dette, så rekner med det vert betre etter kvart. 

     

    96/2/2 kan godt vise seg å vere det beste, ja. Fant ein test inne på det amerikanske kuule-forumet der ein kar hadde testa samme eigenskapane eg leiter etter her, men han hadde laga seg til med ein Charpy-testrigg (slagtest) og han kom fram til at 92/4/4 var det seigaste. Men det vil vise seg etter kvart. 

    • Like 1
  4. Tenkte eg skulle starte ein tråd der eg legg ut resultata frå ei rekke med testar eg har tenkt å gjennomføre for finne den "beste" blylegeringa for bruk i mi 45/70 bøylebørse (Marlin 1895 Guide Gun).

     

    Min definisjon av beste: den legeringen som gir påliteleg ekspansjon i alle relevante hastigheter, frå munning til ca 100m, og som beheld tilnærma 100% restvekt. 

     

    Har tenkt å teste ut ein 3-4 forskjellige legeringer (Bly/Antimon/Tin i prosent): 88/6/6, 92/4/4, 96/2/2 og 16-1 (bly/tin).

    Blylegeringane vert smelta saman av forskjellige legeringar eg har som eg har testa med PMI. Den ferdige blylegeringen vert så testa for nøyaktighet. Desse resultata vert og vedlagt.

    Same kuledesignet vert brukt i alle testane. Vekt vil variere med legering. 

     

    Testoppsettet vert vanndunkar på 10m avstad. Kronografen er plassert på 5m. 

     

    Fyrste blylegering: 88/6/6 (eksakt samansettning: 86,6/6,4/6,3): 

     

    Låghastighetstest:

    Hastigheit:              1228fps/374,3ms

    Kulevekt:                 ca 380 gr (det er ca 2 grains variasjon på desse kulene) 

    Restvekt:                 379,8 gr

    Lengde:                   originalt 24,9mm, etter test 24,1mm

    Meplat-diameter:    originalt 9,65mm, etter test 11mm 

    Penetrasjon:            90-120 cm (kula vart funnen i 4 plastdunk. Desse er 30 cm djupe)

    Krutt:                        Lovex D060, 28 gr

     

    Mine foreløpige kommentarer: 

    Ser ut som om pulverbelegget held nokon lunde stand? Om andre har betraktningar på dette mottas dei med takk. Det ser ut som om meplat'en er konkav, det er den faktisk ikkje.

    For lite ekspansjon. Ingen reduksjon i vekt.

     

    167689468_88-6-6lavestehastighet.jpg.7980c6d48bc233f6437113b97729f01e.jpg

     

     

    Mellomhastighetstest:

    Hastigheit:                 1482fps/451,7ms

    Kulevekt:                    ca 380 gr (det er ca 2 grains variasjon på desse kulene) 

    Restvekt:                    380 gr

    Lengde:                      originalt 24,9mm, etter test 22,6mm

    Meplat-diameter:       originalt 9,65mm, etter test 13mm 

    Penetrasjon:               90-120 cm (kula vart funnen i 4 plastdunk. Desse er 30 cm djupe)

    Krutt:                           Lovex D060, 35 gr

     

    Capture.JPG.654e05926c4b11cf9eb4467ae64b619c.JPG

     

    Foreløpige kommentarer: 

     

    Byrjar å få litt meir ekspansjon her, men framleis litt for lite. Mepla'en er borti mot heilt flat! Artig å sjå slitasjemønsteret, berre slitt på kantane. Kan sjå ut som om pulverlakkeringa byrjar slite litt.

     

     

    Høghastighetstest:

     

    Her må eg skaffe meg noko anna krutt. 35 gr. med D060 er maks. Ser at Lyman oppgir bra resultater med Vihtavouri N130

     

     

    • Like 4
  5. Råtningsprosessen stopper vel omtrent opp om treverket får tørke. Men du tenkjer gjerne på stabilisering av treverket for bruk? Då er det vel plassar du kan levere det inn og få det stabilisert ved hjelp av epoksy. Utan at eg veit kvar dette evt. er. 

  6. Klarer rett over 800m/s med mi Winchester M70 i 308win. 41 cm løp. 150 gr. TSX (gammel type). Dette er heller ikkje maksladning..

  7. Høyres ut som ein god ide å skifte løpet. Husquarna 1600 er jo ein klassiker. Ikkje så mykje å bidra med når det gjeld kva modifikasjoner som trengs, men å skifte frå 6,5x55 til 30-06 skulle vel gå bra. 

  8. 1 minute ago, Oskarsand said:

    Hva med treverk?

    Spørs kva du meiner med «gjer noko». Du kan få litt missfarging av treverket, men stokken vert ikkje ødelagt. Så lenge det er snakk om våpenolje. Andre kjemikalier kan vel kanskje vere meir skadelige, både for tre og syntetiske stokkar. 

  9. Her er vel det ein har å forholde seg til:


    https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-03-22-313?q=forskrift utøvelse#KAPITTEL_5

     

    Så til småvilt kan ein bruke alt som har større anslagsenergi en 22lr, og 22lr kan brukes på vilt frå hares størrelse ( men ikkje hare) og nedover. Etter det eg kan lese. 
     

    Når du ikkje lader sjølv er det vel kanskje 223 Rem som er tingen. Om du vil ha minst mogleg lyd kan 22 Hornet og 22WMR vere gode alternativer. Men då med reduser effektiv skyteavstand.
     

    218 Bee var mest nevnt som ein spøk. Supert kaliber, men veldig sært. 

    • Like 1
  10. Lade sjølv eller kjøpe ferdig ammo? Ikkje større dyr en gås? 

     

    223 Rem er vel det greieste om du ikkje lader sjølv. 
     

    Om du lader sjølv, og ikkje skal strekke holda så langt over 100 meter kunne jo ein 22 Hornet passe. Eller 218 Bee  om du vil ha noko ingen (nesten) andre har😎

    • Like 1
  11. 36 minutes ago, Tjukkas said:

    Eller sså har jeg vist en jobb å gjøre da avmantling av løp vistnok er en greie før en skyter bly ble jeg tipset om , og da må jeg pelle fra hverandre Winchestern for å få ut sluttstykket så man kommer til med pussestang fra rett side. Og et er en helvetes jobb med Winchester 94....bittesmå skruer. 
    Man kan si mye pent om John Browning, men det hadde han ikke tenkt på som et problem....men ikke , jeg LIKER å pelementere. 

    Har akkurat hatt i frå kvarande min Winchester 94 Big Bore. Skal vel vere nokonlunde lik di? Har du "rebounding hammer" på di børse? Om eg tenkjer rett, treng du berre å ta ut ei skrue slik at du kjem til den pinnen som held leveren fast i bolten. Då skal du vel kunne droppe denne saman med boltstoppen. Om du då held nede hanen skal du kunne lure bolten ut. Trur eg! Var ikkje så gale å demontere som eg hadde trudd. 

  12. 2 hours ago, t-trim said:

    Har brukt 2komponent epoxy fra biltema til bedding. Funker enda.

    Prøvde meg litt med denne tokomponenten eg og. Blanda inn litt farge frå Acraglas. Farga nesten ingen ting, og herdetida vart mykje lenger


     

    49 minutes ago, bardp said:

    Har prøvd mye forskjellig. Men nå bruker jeg kun Hysol 9462. Helt suveren.

    Kva konsistens er det på dette limet? 

  13. Kva bruker dykk til bedding?
     

    Har kjøpt eit Acraglas-kit frå Brownells. Skulle eigentleg kjøpe dette gel-kittet, men endte opp med det vanlige? Problemet er at denne epoxyen er veldig tynn.

     

    Det fulgte med ein pose med noko glassfiberstøv som eg har brukt for å få ein tjukkare konsistens. Men eg har sett at det finnes produkter som er nesten som peanøttsmør/majones i konsistens. Må vere mykje lettare å jobbe med? 

  14. 5 hours ago, KK said:

    Takk for gode svar. Forskjeftet et knekt på langs midt under. Metallfestet for å klikke fast til løpet er inntakt. Å lime kan jo prøves, så lenge det sitter fast skal d jo holde. 

    Eit forslag: lag deg ein kloss som er like tjukk som løpa pluss litt til. Denne killer du fast på oversida. Då kan du sette på nokre tvinger utan å vere redd for at løpskanalen skal verte for trang.
     

    Heng bitane saman? I så fall kan det vere vanskelig å få lim inn i tynnaste sprekken. Særlig om du bruke litt tjukk tokomponent epoxy. Tynne trefliser kan vere bra å bruke for å få limet på plass. Kan du flekse sprekken litt, kan du bruke dette til å pumpe limet på plass. 

  15. 25 minutes ago, KK said:

    Hei! Jeg presterte i dag, etter endt jakt, å knekke forskjeftet til min Akkar Altay hagle.
     

    Er det noen som vet om det er mulig å skaffe deler eller må jeg belage meg på å kjøpe ny hagle?

     

    Takk for alle svar!

    Kor gale er det? Heilt smadra? Kan fikse mykje med lim og stifter på rett plass. 

  16. 7 minutes ago, Skrueråmuttere said:

     

    Mulig, men jeg synes nå ikke den ser veldig tillitsvekkende ut i 1800 fps:

    ET-30cal-168gr-1800FPS-100WR_525x525.png.13921f43fd7c3dd54b507ff20c5c8cd7.png

    Kan vere enig i det, men det er eit ganske stort sprang frå 1800 fps til 2400 fps.. Om ein set seg ei nedre grense på 2000-2100 så skulle ein vel klare det meste innanfor 200 meter sjølv med ein kortløpa 308?

     

    Nosler oppgir jo sjølv ladedata på over 2900fps med 165 grain kule i 308 win ( maks ladning, sjølvsagt😬)

×
×
  • Create New...