Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    703
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Blandar du litt @Stefan J?? I fyrste posten skriv du maksladning som 84,4 gr med MRP. I den siste posten din refererer du til 74,4 gr med MRP...

     

    Du seier og du fekk 870 m/s med 84,5 gr MRP. Dette er jo i så fall enten 0,1 gr eller 10,1 gr over maks?! Med eit anna krutt en MRP...

     

    60 m/s differanse mellom oppgitt fart og oppnådd fart høyres jo ut som ein del. Ikkje opplevd det sjølv, men har høyrt at det kan vere ganske mykje forskjell frå løp til løp. 

  2. Har stippla trestokken på ei Remington 700. Blei eigentleg gansk nøgd med resulatate. Ikkje sikker på kva ein G17 er fornoko, så kan ikkje uttale meg om det. Plastgrep?? Eg trente på ei treplate før eg byrja på stokken. Prøvde meg fram med litt forskjellige fresehover, hastigheit og vinkel på fresen. Endte opp med å bruke ein 2-3mm freskule og haldt fresen så flatt som eg klarte. Jobba hovedsakeleg med fibrane. 

     

    Fant nokre gode videoar på Youtube:

     

    Han her karen brukar litt forskjellige "hover" på fresen. Eg personlig likte ikkje resultatet, men du kan sjå litt på teknikken her: https://www.youtube.com/watch?v=yb3eQVGw0LU 

     

    Her er vist stippling av plastskjefte: https://www.youtube.com/watch?v=sd8mHw-k1wE

     

     

  3. Heisan. Etter det eg kan sjå har eg omtrent samme krabbekokar som du har. Kjøpt på Mekk for eit par år sidan. Eg har brent av all malinga på min. Har du eksperimentert med trekken? Eg har ei rustfri hylse på denne "stemmen" som går inn til brennaren. Kan snu på denne og variere oksygentilførselen. 

     

    Eg bruker ei gammal jerngryte til å støype i. Om det har noko for seg, veit eg ikkje. Kanskje dumt å seie det, men om du har plashåndtak på panna er ikkje det ein god ide :-) 

     

    Eg lagde meg ein vindskjerm som eg kan pakke rundt gryta og brennaren. Ikkje for tett, men merka god forskjell. Smelter alltid utandørs og prøver å finne ein dag med lite vind. Bruker og lokk. Både for å hindre varmetap og sikkerheten. Eg meiner eg smelter ca 20 kilo bly på 30-40 min. eller nokon slikt. 

     

    Bruker og vernemaske med relevante filter. Den røyken du får når du smelter skittent bly er ikkje nokon eg har lyst til å få i meg. 

    • Like 1
  4. Godt tiltak. Driv sjølv og pussler med å få nokre Sellier og Bellot kuler til å gå i eit løp eg har i ei Remington 700. Kjøpte børsa brukt i fjor. Har vore ein tur nede hjå Rafdal og fått installert muffe. Har også eit løp i 358 Win. 

     

    Har endå ikke fått nokon særlege samlingar. Beste 3-skotssamlingane ligg på ca 35-40mm. Men Rafdal kommenterte at dette løpet hadde mange rare avlange pittinger i løpet. Han hadde aldri sett eit løp med desse problema før. Så det kan vere eg må invester i eit nytt løp for å få greie samlingar. Me får sjå. 

     

    Har akkurat byrja å digitalisere ladedataene min, men ikkje kome til 7mm08'en endå. Skal fylle på når eg har nokon relevant. 

     

    Lee sin siste lademanual har forresten mykje data med blandt anna Vihtavourikrutt. Og Load Data har og ein del info. Om det er nokon spesiell kombinasjon du er ute etter kan eg sjå kva dei har der. 

  5. Heisan. Søk på:

     

    best subsonic hunting bullet 458 socom

     

    Då kom det opp ein del. Men om du får tak i dette i norge veit eg ikkje. Trur du skal slite med å få tunge nok kuler til å klare anslagsenergikravet til storvilt. Rådyr og denslags skulle gå greit. Har ikkje prøvd sjølv!

  6. Tilbake til det originale spørsmålet..

     

    Har ikkje erfaring med Browning sine børser. Men ville sterkt vurdert å kjøpe brukt børse på Finn. Om det er fyrste børsa er du kanskje ikkje heilt sikker på kva du vil ha, og då er det greit å ikkje bruken for mykje på børsa. Om du kjøper noko kurrant, er det heller ikkje vanskeleg å få seld dette igjen. Har stort sett kjøpt alle mine nåverande børser på Finn. Ikkje hatt nokon dårlige erfaringar.

  7. amatør skrev (1 time siden):

    Det virker som om du tror diameteren til mellomøret har noe å si for skumringsegenskapene. Det har det ikke.

    Der ser du. Så feil kan ein ta.

     

    Men det endrer ikkje min oppfattninga av at desse store kikkertane med 56mm lysåpning er tull for flesteparten av norske jegerar. 

    • Like 2
  8. Nybegynn3r skrev (1 time siden):

    Av optikk så valgte jeg Zeiss V4 3-12x56 (ret. 60).

    Mykje gode råd du har fått, men eg ville ikkje valgt ein så stor kikkert. Sjølvsagt avhengig av kva jakt du skal bedrive. Om du skal jakt effektivt i skumringa, må du vel opp i 30mm mellomrør og 56mm lysåpning samt velge ein "premium" kikkertprodusent.

     

    Men for det meste anna jakt så klarer det seg med mykje mindre kikkertar og billigare kikkertar. Det at alle skal ha ein "termos" på rifla må vere eit resultat av at kikkertprodusentane vil selge dyrare og dyrare kikkertar. Er sjølv fan av litt eldre Leupoldar då desse er moglege å få billig på Finn og er veldig greier og nette påmontert børsa. 

     

    https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=245292817  Kjempekikkert til hjortejakt på dagtid

     

    https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=243875441 Litt dyrare, men framleis ein god kikkert

    • Like 1
  9. Omtrent alle mine hylser i fleire forskjellige patroner ser slik ut etter heilpressing. Det er vel dette som vert kalla "trykkringen". Også her ein typisk får hylseseparasjon. 

     

    Ser du har fått ein liten "dough nut" i overgang mellom skulder og hylsehals. Har du innsnevring på innsida og? Er dette hylser du har skote i eige børse? 

  10. Hjemmelading hadde hylser til 356 Win i haust. Kjøpte meg ei Winchester 94 i dette kaliberet då. Ikkje kome i gang med lading endå. Må støype meg opp nokre kuler fyrst. 

    spindrift skrev (4 timer siden):

     

    Hvis du kan leve med type Browning BLR, kan jo de pipes om til .358 win. De har nok vært levert i .358 orginalt også, men usikker på om de ble importert til Norge.

    Kan du pipe om BLR’en? Bolten låser vel i løpet på denne. Meinte eg leste meg fram til at det er vanskelig/dyrt å pipe om desse børsene. Det skal vist gå i take-down versjonen. Er vel ei fastmontert muffe bolten låser i på denne. 
     

    Er forresten ei «grail» børse, det! Take-down BLR i 358 Win😎😎😎

  11. Berre eit spørsmål.. Du seier du skyt storviltprøven med 12X forstørrelse. Kva jaktar du og kor jaktar du? Einaste gongen eg har brukt 12X forstørrelse var når eg finstuderte pelsen på ei kolle på 5 meters avstand. Hadde skrudd opp forstørrelsen for å kikkre litt tidligare på dagen og gløymt å skru ned forstørrelsen. Vart ikkje kolle på meg den dagen, for å seie det slik. 

     

    Ellers støtte er forslaget til ein lett liten Leupold. Har akurat kjøpt meg ein 2-7x33 til omtrent samme formål

  12. M67 skrev (14 minutter siden):

    Det er nisjebørse, men nisjen avhenger av hvor man jakter. Er det oversiktlig holder ikke 40mm på 100m. Da kan du knapt skyte et rådyr på 200m hold. Noen av oss har jo samme forhold til mm som andre har til kg, og å gå på jakt med ei rifle jeg ikke kan skyte 3-5 skudd i 25mm på 100m, eller kanskje 90mm på 300m - det er ei nødløsning i min bok...

     

    Mykje mulig, men nå har eg fått forståelsen av du nok ikkje er "dei fleste" (meint i positiv forstand). Og eg nevnte og noko om feltposisjonar. Dette kan vel variere frå ståande lang arm til liggande i mosen med to-fot. 

  13. vux skrev (36 minutter siden):

    Pleier legge mine i snøen mens jeg klistrer. Passer på at det ikke kommer snø inn i demper bare..

    Det blir jo ein form for bråkjøling.. Legg du snø rundt heile? Reknar med du ikkje har hatt nokon problemer med dette?

     

    Trur eg ville vore skeptisk til ein slik form for bråkjøling. I alle fall vist det dreier seg om å legge børse ned med berre eine sida av demparen mot snøen.  Kanskje laga seg ein snøball og brukt denne til å kjøle ned heile demparen litt forsiktig?

    • Like 1
  14. Sakoen75 skrev (17 minutter siden):

    Tipper vi enda vil ha utbytte av 1kg+ lettere rifle.

    Heilt enig! Det snakkes mykje om at lettare rifler er vanskeligare å skyte godt med. Men kva er godt? Og kva er godt nok? Det er vel forstått av dei fleste at du ikkje kjøper deg 2,5 kg rifle for å ligge på banene å nitrene. Ei skikkeleg lettvektsbørse er jo ei "nisje-børse". Og om ein då klarere å samle tre skudd innanfor 30-40mm på 100 frå feltposisjonar skulle vel dette vere godt nok for dei fleste. 

    • Like 1
×
×
  • Create New...